Revidert nasjonalbudsjett

Styrkar den digitale grunnmuren i Troms

I samband med innsatsen for å styrke den digitale grunnmuren i Noreg, forsterkar regjeringa no satsinga ytterlegare og foreslår ei løyving på 25 millionar kroner for å styrke tryggleiken og beredskapen i den digitale infrastrukturen i Troms.

 - Ein god og trygg digital grunnmur er viktig for busetnad, sysselsetting og deltaking i det digitale samfunnet, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Norske nett er gode og solide i internasjonal målestokk. Enkelte distriktsområde opplever likevel fleire og meir langvarige utfall i mobil- og breibandsnetta enn andre stader i landet. Årsaker kan mellom anna vere hyppigare ekstremvêr, lange avstandar og krevjande rettearbeid.

Fleire regionar seinare

Satsinga bygger på erfaring frå sårbarheitsanalyse og tiltak for 45 millionar kroner for å styrke den digitale grunnmuren i Finnmark. Dei neste åra vil Nkom gjennomføre denne typen analysar i minst fem nye regionar for å identifisere moglege tiltak.

Tiltaka i Troms blir bestemt etter sårbarheitsanalysen, men kan mellom anna inkludere fleire føringsvegar i transportnetta slik at utfall ein stad ikkje nødvendigvis vil føre til utfall av tenester for innbyggarar og verksemder, og styrking av viktige enkeltpunkt i netta.

- Tryggleik i den digitale grunnmuren er viktig fordi mobil- og breibandsnetta ber stadig viktigare kommunikasjonstenester for samfunnet. Dette har blitt spesielt tydeleg under pandemien. Denne regjeringa har auka satsinga på tryggleik og beredskap i mobil- og breibandsnetta dei siste åra, seier Helleland.

Nasjonal strategi for sikker infrastruktur

I 2014 innførte regjeringa minstekrav for reservestraumkapasitet i mobilnetta i heile landet, med spesielt høge krav i spreiddbygde strøk. Dette har kosta mobilnettilbydarane omlag ein milliard kroner.

I tillegg har regjeringa bidratt med omlag 500 millionar kroner til forsterka mobilberedskap i 64 kommunar sidan oppstart av "Program for Forsterket ekom" i 2014 og fram til 2020. Kommunane får oppretta minst tre døgns reserverstraum i mobilnetta i utvalde område. Nye kommunar står for tur i 2021.

- Regjeringa sitt mål er sikre og stabile mobil- og breibandsnett i heile landet. Nyleg la vi fram ei stortingsmelding om mobil-, breibands- og internettenester som inneheld ein nasjonal strategi for sikker og robust infrastruktur. Saman med telebransjen vil vi halde fram med arbeidet for auka tryggleik og beredskap i den digitale grunnmuren dei kommande åra, seier Helleland.

Kommunal- og moderniseringsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00