Statsbudsjettet 2026
Styrkjer og justerer klimatiltaka i Grøn bok
Nyheit | Dato: 15.10.2025 | Klima- og miljødepartementet
I dag legg regjeringa fram Klimastatus og -plan for fjerde gong, også kalla Grøn bok. Regjeringa vil gjere det dyrare å forureine, men foreslår at auka inntekter frå klimaavgiftene skal kome folk til gode gjennom skattelette.
– Noreg har sett seg ambisiøse klimamål under Parisavtalen. I Grøn bok viser vi korleis vi arbeider for å nå desse måla gjennom å forsterke klimapolitikken, støtte opp under ny teknologi og et konkurransekraftig næringsliv, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Regjeringa vil jobbe langs fleire spor for å oppfylle Noregs forpliktingar under Parisavtalen.
– Vi forsterkar klimaplanen frå i fjor på fleire område. Samstundes justerer vi planen på enkelte område av omsyn til effekten på globale utslepp, kraftsystemet og konkurransekrafta i næringslivet. Dette er krevjande avvegingar, og resultatet er mindre kutt i utsleppa enn vi planla for i fjor på nokre område, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Bunnplanken i norsk klimapolitikk er at det skal koste å forureine. I Klimastatus og -plan varslar regjeringa å trappe opp den generelle satsen på klimaavgiftene etter 2030 for å sikre ein føreseieleg omstilling for folk og næringsliv.
– Regjeringa legg vekt på at omstillinga skal vere føreseieleg og rettferdig. Difor vil regjeringa føre statens auka inntekter frå CO₂-avgifta tilbake til folk gjennom breie lettar i skattar og avgifter, seier Bjelland Eriksen.
Fleire styrkingar
Regjeringa foreslår mellom anna å styrkje insentiva for elektriske varebilar, greie ut krav om landstraum i hamner, med sikte på krav innan 2027. Regjeringa vil òg så raskt som mogleg sende på høyring eit forslag om å gi kommunane heimel til å opprette nullutsleppssoner. Dette er soner som er reserverte for køyretøy som ikkje slepp ut klimagassar.
Regjeringa vil òg auke vegbruksavgifta på mineralolje og biodiesel med 25 øre per liter. Vegbruksavgiftene har til hensikt å stille brukaren overfor de kostnadane som køyring på veg påfører samfunnet i form av ulykker, kø, støy, vegslitasje og helse- og miljøskadelege utslepp. Dette er i tråd med prinsippet om at forureinar skal betale og fører til redusert omfang av dei uønskte effektane som bruk av køyretøy medfører.
For å nå målet under Parisavtalen vil regjeringa framover jobbe langs fleire spor. Regjeringa skal fortsette arbeidet med å styrkje klimapolitikken i Norge, og den vil arbeide for å kjøpe klimakvotar frå EU-land.
For å redusere risikoen for at vi ikkje oppfyller Parisavtalen gjennom EU-samarbeidet åleine, vil regjeringa også kjøpe klimakvotar utanfor EU. Arbeidet med å skaffe kvotene er krevjande og tar lang tid å forberede. Tilgang og pris er usikker.
Stortinget har allereie gitt ei fullmakt til å kjøpe slike kvotar utanfor EU. I statsbudsjettet for 2026 ber regjeringa om at ramma for dette arbeidet aukar til 15 milliardar kroner.
FAKTA
Nokre av tiltaka i Klimastatus og -plan for å styrkje klimapolitikken
- Trappe opp CO₂-avgifta vidare etter 2030, til 3 400 kroner i 2035.
- Auke vegbruksavgifta med 0,25 kroner per liter for diesel.
- Styrkje insentiva til å kjøpe elektrisk varebil, samt nytt måltal for nullutsleppsvarebilar.
- Sende på høyring heimel til å opprette nullutsleppssoner i kommunane.
- Utvide forbodet mot fossil indirekte fyring til også å gjelde kvotepliktig industri.
- Reie ut krav om landstraum i hamner, med sikte på krav i løpet av 2027.
- Utkast til forskrift om å innføre klima- og miljøavgift på mineralgjødsel blir sendt på høyring.
- Vidareføre tilskotsordninga «Klimasats» til 2030.
- Forslag til forbod mot nedbygging av myr er sendt på offentleg høyring.
FAKTA
Nokre årsaker til at det anslåtte utsleppsgapet under innsatsfordelinga fram mot 2030 har auka sidan i fjor
Utslepp under innsatsfordelinga er utslepp frå transport, jordbruk, bygg og avfallssektoren, men også deler av industrien og petroleumsnæringa.
- Regjeringa har vedteke ei saktare opptrapping for omsetningskrava for biodrivstoff i 2026 og 2027 på grunn av risiko for svindel og avskoging.
- Effekten av ny matsvinnlovgiving blir anslått til å vere lågare enn tidlegare berekna.
- Avgift på avfallsforbrenning blir ikkje auka av omsyn til kraftsystemet.
- CO₂-avgifta på fiske og fangst i fjerne farvatn blir trappa opp mindre enn tidlegare varsla, av omsyn til risiko for karbonlekkasje.
- Forsinkingar i nokre planlagde klimakrav, mellom anna til offshore- og havbruksfartøy, samt til bygge- og anleggsplassar i offentlege anskaffingar.
- Det er berekna at det blir selt færre nye lastebilar framover enn tidlegare antatt, slik at det tek lengre tid å skifte ut bilparken.