Svar på skriftleg spørsmål om krafprisane

Landbruks- og matminister Sandra Borch har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Birgit Oline Kjerstad (SV) om kva landbruksministeren gjer for å fylgje med på situasjonen for landbruket med dei høge kraftprisane.

Svar på spørsmål nr. 597 til skriftlig besvarelse fra stortingsrepresentant Birgit Oline Kjerstad

Det vises til spørsmål nr. 597 til skriftlig besvarelse fra stortingsrepresentant Birgit Oline Kjerstad. Representanten Kjerstad stiller følgende spørsmål:

"Kva gjer landbruksministeren for å fylgje med på situasjonen for landbruket med dei høge kraftprisane, og førebur minsteren ekstrordinære tiltak overfor landbruket for å bøte på skaden av dei ekstremt høge energiprisane og alt det fører med seg av kostnadsvekst for bonden?

Eg og regjeringa følgjer med på utviklinga i prisane på energi, og det er lansert fleire tiltak både i samband med proposisjonen om tillegg til statsbudsjettet, budsjettavtalen med SV og for hushald no i helga.

Staten blei 28. oktober 2021 einig med jordbruket om ein førebels kompensasjon på 754 mill. kroner som følgje av den ekstraordinær auke i kostnadane på gjødsel og bygningsmaterialar. Jordbruket tok i forhandlingane og opp auka i kostnadane på kraftfôr og elektrisk kraft. Staten og jordbruket kom til einigheit om følgjande protokoll: "Partene vil vurdere særskilt hvor stor kostnadsveksten ble for gjødsel, bygningsmaterialer og elektrisk kraft i 2021/2022 og håndtere dette som en del av helheten, både på inntekts- og kostnadssiden, med utgangspunkt i et nytt fullstendig grunnlagsmateriale til forhandlingene i 2022."

Regjeringa la 11. desember fram ei ordning for hushald der 50 pst. av kostnadene til elektrisk kraft over 70 øre/kWh i perioden desember 2021 til og med mars 2022 vert dekka av staten, opp til ei grense på 5000 kWh per månad. Gardsbruk skil seg frå ordinære hushald fordi ein bur på same plass som ein driv næring. Ordninga vil omfatte støtte til hushaldsforbruk i landbruket.

Jordbruket hentar om lag 2/3 av inntektene sine frå marknaden. Eg forventar at heile verdikjeda er med og tar ansvar i den situasjonen vi er i no med sterk auke i råvareprisar for bonden. Over tid må auka kostnadar i produksjonen speglast i inntening og prisar i heile verdikjeda. Eg vil vere tydeleg i å kommunisere dette.

Med helsing

Sandra Borch