Skriftleg spørsmål nr. 982 (2023-2024)
Datert 22.01.2024

Frå representanten Erlend Wiborg (FrP) til utanriksministeren:

Jobber Norge aktivt med å hente personer som har vervet seg for terrororganisasjoner tilbake til Norge på det nåværende tidspunkt?

Utanriksministerens svar:

Alle norske statsborgarar i utlandet kan be om konsulær hjelp frå utanrikstenesta. Konsulær hjelp blir gitt på individuelt grunnlag og etter individuelle vurderingar i kvar enkelt sak. Det er frivillig både å be om, og å ta imot eventuelle tilbod om konsulær hjelp.

Dersom det skulle bli aktuelt å hjelpe nokre av dei norske borgarane som er i særleg utsette område med å reise til Noreg vil eg av omsyn til tryggleiken til personellet i utanrikstenesta og dei involverte ikkje kommentere dette offentleg.

Eg viser elles til svar på spørsmåla 1490 (2022-2023), 1104 (2022-2023) og 2837 (2021-2022).