Tale til Kyrkjemøtet 2024

Sjekkes mot fremføring

Kjære Kyrkjemøte, 

Velkommen til Trondheim!

Og velkommen som nytt Kyrkjemøte! Takk for at de har valt å bruke av tida dykkar for å tenestegjere for folkekyrkja vår!

Vi veit at det i dagens samfunn ikkje alltid er like lett å engasjere folk til å ta på seg frivillige verv. Særleg gjeld dette administrative verv og oppgåver som tek tid og forpliktar over år. Slik som å vere valt medlem av bispedømmeråda og Kyrkjemøtet. Eller det å sitte i eit sokneråd eller eit fellesråd.

At de gjer ein viktig jobb ved å stille dykk til disposisjon, veit de forhåpentlegvis. Men eg har lyst til å seie takk på vegner av meg sjølv, og på vegner av regjeringa. Utan de som sit her, utan dei som lokalt melder seg til teneste for sokne- og fellesråd, så vil ikkje folkekyrkja bestå. Dei folkevalde er grunnpilaren i folkekyrkja. De tek no fatt på fire år til å drive denne vidare. Takk for det.

Sjølv er eg inne i mitt tredje år som statsråd, der eg kan arbeide for det eg trur på. Eit inkluderande samfunn med små forskjellar, sterke fellesskap og trygge oppvekstvilkår for barn og unge. Og eit samfunn der tru og religion har ein plass i det offentlege rom

På mine mange reiser rundt om i landet har eg sett  kor mykje kyrkja betyr. Særleg i ei tid etter pandemi, med krig i Europa og Midt -Østen, sosial ulikheit og utanforskap, med polarisering mellom grupper, demokratisk forvitring og einsemd som eit folkehelseproblem.

Det viktigaste folkekyrkja gjer er at folk kan praktisere trua si og delta i kyrkjelege handlingar der dei bur. Men folkekyrkja er så mykje meir i tillegg. Folkekyrkja representerer noko som er trygt, som gir håp, der vi bur, i ei verd som blir meir og meir uroleg. Som gir beskyttelse når det bles.

Den norske kyrkja er gudstenester, gravferder, bryllaup og dåp, konfirmasjonar og samlingar. Den norske kyrkja er møteplassar, fellesskap, beredskapsarbeid, sorgarbeid, sosialt arbeid for utsette grupper og særleg viktig barne- og ungdomsarbeid.

Den norske kyrkja er konsertar, song, musikk, kultur og mange, mange frivillige. Den norske kyrkja er småbarnstreff, eldretreff, flyktningtreff og ungdomstreff. Den er Enebakkmodellen og andre modellar og ein stor ressurs i lokalsamfunna.

I tillegg er kyrkjene noko av dei aller nydelegaste kulturhistoriske bygningane vi har. Der andre land har sine slott, har vi våre kyrkjar. Og dei står gjerne plassert på bygdas aller finaste tomter. Kan det bli meir vakkert.

Eg meiner det er heilt sant som de seier:  at folkekyrkja bidreg til skape himmel på jord, som vi treng og som betyr meir enn mykje for mange, og for langt fleire enn dei som sit i kyrkjebenkane kvar søndag.

Dette må de vite at er så viktig. De må vite at eg og vi set enormt pris på det arbeidet det gjer for folkekyrkja . Ei landsdekkande folkekyrkje vi arbeide for å ta vare på og utvikle. Fordi den er ein del av Norge.

Eg vil love at eg skal arbeide hardt for å sikre gode rammer til den Den norske kyrkja. Det er ei politisk prioritering, og nokon prioriterer annleis. Men for meg og regjeringa  er det viktig  både no og i framtida at vi kan ha ei landsdekkande folkekyrkje i Norge. I heile Norge. Fordi vi treng den.

Kjære kyrkjemøte.

Eg oppfordrar – som i fjor - de som er her på Kyrkjemøtet til å ha fokus på kva kyrkja kan gjere spesielt for å inkludere barn og unge.

Og med stor fare for å slå inn opne dører og gjenta det openberre: Planar for å inkludere barn og unge, bør ikkje lagast av oss vaksne åleine. Ein bør lytte til dei unge stemmene, om det er Ungdommens kyrkjemøte eller andre. Og så bør ein lytte til breidda av ungdom lokalt.  Kyrkja kan også søke på den statlege tilskotsordning for inkludering av barn og unge, til ulike tilbod.

Kjære kyrkjemøte.

Religion er viktig i livet til svært mange menneske. I Hurdalsplattforma er regjeringa tydeleg på at  vi ønskjer eit livssynsopent samfunn, der alle har respekt for og kunnskap om livssynet til andre.

Dette handlar om at trus- og livssynssamfunna er viktige både for enkeltmenneske og for storsamfunnet. Men det handlar òg om at vi trur samfunnet blir betre av at religion og religiøse uttrykk er synlege og normaliserte i eit samfunn. Dessverre ser vi at vi framleis har ein veg å gå. 

Det gjer veldig inntrykk på meg å møte ungdom som er redde i Norge for å vise sin religiøse identitet, og som opplever hatefulle ytringar og føler seg utrygge. Slik skal ingen kjenne på i Norge, og spesielt ikkje dei unge.  Det er nitrist, rett og slett.

Her har vi alle eit ansvar.

Tru – og livssyn er ein fellesverdi for samfunnet, ikkje særinteresser for enkeltgrupper. Ved å velje openheit – og ved å velje å aktivt støtte trus- og livssynssamfunna – trur eg at vi har betre føresetnader for å sikre eit livsynsope samfunn., ein god dialog, demokratisk utvikling og eit mangfald av  trus- og livssynssamfunn.

Regjeringa har sendt på  høyring eit forslag om endring i  trussamfunnslova, blant anna  om at trus- og livssynssamfunn som mottek støtte frå staten skal arbeide aktivt for å sikre likestilling mellom kjønna. Departementet jobbar no med å følje opp høyringa. Målet er at vi skal få sendt over ein proposisjon til Stortinget før sommaren. Eg trur den blir bra.

*

Ein annan ting vi har jobba mykje med den siste tida, er kyrkjebygga og deling av  verdiane i Opplysningsvesenets fond. Startskotet for dette arbeidet gjekk for mange år sidan, med skiljet mellom kyrkje og stat og meldinga til Stortinget om Opplysningsvesenets fond.

Etter vårt syn, har prosessane landa godt. Det har tatt tid. Men eg trur det har vore klokt at vi har tatt oss den tida.

Vi har fått på plass ei historisk satsing på kyrkjebygg. I 20-30 år skal staten løyve inntil 500 millionar kroner årleg til å setje i stand, sikre og konservere våre kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg og inventaret i desse. Altså det vi kallar kyrkjebevaring.

Og etter at staten sin del av verdiane i Opplysningsvesenets fond er brukt opp, har vi sikra ein ordning med at utbytter frå fondet skal komme formålet til gode «til all evigheit». Eller som eit generasjonsfond, som vi seier i ikkje-kyrkjelege kretsar. Aldri før har ein innanfor kulturmiljøforvaltninga fått på plass ordningar av ein slik dimensjon!

Satsinga har vi òg omtalt som eit historisk samarbeid. Det at kulturmiljøstyresmaktene og kyrkja samarbeider, er ikkje noko nytt i norsk kontekst. Det er snart 25 år sidan det som den gongen heitte Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Miljøverndepartementet ga ut eit felles rundskriv – T-3/2000 – om korleis ein skulle forvalte verdiane i og kring kyrkjene. Og før dette har det også vore samarbeid. Men det er historisk at vi no formaliserer dette samarbeidet.

Forvaltninga av desse 500 millionar kronene som årleg skal gå til kyrkjebevaring, skal  skje gjennom eit sekretariat og eit styre som består av partane Riksantikvaren, Kyrkjerådet og Hovudorganisasjonen KA. Det er preses i Den norske kyrkja som skal leie arbeidet. Og det er Riksantikvaren som vil ha det formelle forvaltningsansvaret ved at sekretariatet organisatorisk blir ei eining i Kulturminneavdelinga hjå Riksantikvaren. Ei eining som vil vere lokalisert her i Trondheim.

På denne måten kan vi trekkje på kunnskap og kompetanse hjå både antikvariske styresmakter og kyrkja. I tillegg gir vi styret i oppdrag å etablere eit nasjonalt fagråd, slik at vi sikrar brei brukarmedverknad og kunnskap frå ulike kompetansemiljø inn i arbeidet. Det er i tråd med dei faglege tilrådingane vi fekk, og eg trur dette blir bra!

Tilskotsforskrifta har de alt hatt på høyring, og eg håpar de har nytta høvet til å gje oss innspel. No skal vi  summere opp høyringa, gjere naudsynte justeringar og legge fram hovudelementa for Stortinget i samband med revidert nasjonalbudsjett. Det er Stortingets løyvingsvedtak som vil vere heimelsgrunnlag for forskrifta. Går alt etter planen kan forskrifta tre i kraft 1. juli og midlar lysast ut. Eg veit at programstyret alt er på ballen og har starta førebuingar. Det er flott.

Vi har i mange samanhengar snakka om kor viktig det er at både Den norske kyrkja og dei andre trus- og livssynssamfunna har god kontakt med kommunen. Det kan medverke til gjensidig informasjonsutveksling og kunnskapsutvikling. Det kan medverke til samskaping, og til betre forståing for lokale utfordringar og problemstillingar, som for eksempel beredskap.

Eg trur og håpar at bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg kan medverke til å fremje dette samarbeidet. I bevaringsstrategien stiller vi heilt klare krav til kommunane og den lokale kyrkja om å samarbeide. Ikkje berre om finansiering og forvaltning, drift og vedlikehald. Men også om å lage planar for formidling og bruk av bygget etter at det er ferdig set i stand.

Poenget med å stille slike krav, er at vi veit at eit felles engasjement og ei felles forståing er viktig for å sikre eit varig vern av kyrkjebygget. Her vil eg ved høve oppfordre kommunane om å sjå på kva som er kyrkja sine behov.

Men her i dag vil eg særleg oppfordre kyrkja til å vere open for kva ein frå kommunalt hald meiner er lokalsamfunnet sine behov. Desse bygga får tilskot til istandsetting frå staten fordi dei er av nasjonal verdi, med ein kulturarv som skal gjerast tilgjengeleg. Det krev at ein vågar å tenkje litt nytt. Og så krev det at ein lyttar og at ein i fellesskap lagar ein plan for korleis istandsettinga kan vere med på å skape ein meirverdi for kyrkjelyden og lokalsamfunnet rundt kyrkja. Når  vi skal bruke om lag 10 milliardar  ekstra kroner på kyrkjebygga, så er det for at kyrkjene skal brukast.

Eg skal snart forlate temaet kyrkjebygg. Men fyrst må eg seie noko heilt kort om denne «delingsprosessen». Altså prosessen med å dele verdiane i Opplysningsvesenets fond mellom kyrkja og staten.

Etter mykje arbeid for både Kyrkjerådet, Opplysningsvesenets fond og departementa, er vi no einige om kva for eigedommar kyrkja skal ha og midlar som skal fylgje med til istandsetting, vedlikehald og drift. Eg synes det har vore krevjande, men meiner dette har landa nokon lunde greitt og at føresetnadene for ei god forvaltning av prestebustadar og viktige kultureigedommar som kyrkja skal drive videre, er til stades.

Og så kan eg ikkje stå her, som trusminister og folkevald frå Hordaland, på ei kyrkjemøte i 2024 utan å namne Kristenretten. 1000 år sidan på Moster var det dette skjedde, og det skal vi feire i år. Då Noreg gjekk frå eit maktsamfunn til eit rettssamfunn, og Kristenretten blei innført.  At noko var rett og galt, heilt uavhengig av maktforhold i samfunnet. At samfunnet skulle ta ansvar for dei svakaste. Viktige verdiar blei knesett, som vi den dag i dag nyt godt av.  Håpar at eg treff mange av dykk på feiringa på Moster i vår og at kyrkja brukar dette året godt til å markere dette jubileet..

*

På årets Kyrkjemøte er det ikkje berre eit nytt Kyrkjemøte som kjem saman for fyrste gong. Det er også eit møte der det skal veljast ny Kyrkjerådsleiar, og nytt Kyrkjeråd. Dessutan er det no offentleg kjent at også kyrkjerådsdirektøren går av (med pensjon), så dermed er det heilt nye krefter som skal ta over i nær sagt alle posisjonar.

Eg vil difor nytte høve til å takke kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum og kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen for godt samarbeid gjennom mine år som barne- og familieminister. Den norske kyrkje har vore heldige.

De er begge drivande dyktige kvinner, ( gasta kvinnfolk). som på kvar sin måte har flytta fjell og leia kyrkja på ein trygg og god måte i overgangen mellom statskyrkje og sjølvstendig trussamfunn. Det trur eg også mine forgjengarar vil skrive under på. No står andre oppgåver for tur. Men før det: statens takk, for lang og godt gjennomført teneste.

*

At nokon går av, betyr også at nye krefter kjem til. Det blir spennande å følgje valet på ny leiar. De har to dyktige kandidatar, som begge har alle forutsetningar for å leie Kyrkjerådet inn i neste periode. Mi oppfordring er at de saman med det nyvalde Kyrkjerådet og Kyrkjemøtet, grip sjansen til byggje eit nytt lag som skal ta folkekyrkja vidare inn i framtida.

*

Eg vil før eg avsluttar gje kyrkja honnør for å tenkje nytt om dåp og vigslar. Drop-in dåp og drop-in vigslar kan fort høyrast litt enkelt ut. Men i så fall er det kanskje nettopp det mange treng i dagens samfunn: det meir enkle.

 Her har kyrkja vore god, meiner eg. Til å plukke opp trendar og gjere kyrkja tilgjengeleg og bygge ned barrierar. Eg har høyrt om  kyrkjelydar som til og med har kjøpt inn dåpskjole som alle kan låne. Slike initiativ heier eg på.

Og med dei orda, seier eg takk for meg. Eg har møtt så mykje godt arbeid gjennom mine besøk i ulike kyrkjelydar rundt om i landet. Eg heier på alt det gode arbeidet de gjer der ute lokalt, og eg heier på alle dykk som sit her i dag og tar til på ei fireårig teneste for denne folkekyrkja.

Godt kyrkjemøte!