Tek imot rapport om nytt inntektssystem for fylkeskommunane

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Fredag 2. desember overleverer ekspertutvalet som har gått gjennom inntektssystemet for fylkeskommunane sin rapport.

I mars sette regjeringa ned eit ekspertutval som fekk som mandat å gå gjennom

inntektssystemet for fylkeskommunane med særleg vekt på utgiftsutjamninga. Dei har samstundes hatt i oppdrag å kome med forslag til endringar.

Seniorforskar Trond Erik Lunder i Telemarksforsking har leia utvalet. Han kjem til departementet og presenterer rapporten fredag 2. desember klokka 13.00. Det er statssekretær Ole Gustav Narud som tek imot rapporten.

Media som ønskjer å vere til stades under overleveringa kan melde seg på ved å sende e-post til ke@kdd.dep.no.

  • Tid: Fredag 2. desember klokka 13.00
  • Stad: Akersgata 59, Oslo

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no