Statsbudsjettet 2026
To milliardar kroner til samiske føremål i 2026
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa følgjer opp Stortinget si handsaming av rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen, og styrkjer arbeidet med samisk språk, kultur og næringsliv. Totalt foreslår regjeringa å løyve nærare 2 milliardar kroner til ulike samiske føremål i 2026.
− Samiske språk og institusjonar er viktige for å sikre og utvikle samisk kultur og samfunnsliv. Regjeringa har ein aktiv kultur-, nærings- og språkpolitikk som vi vidarefører og styrker i 2026, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran, som foreslår 22,8 millionar kroner til samiske føremål i 2026..
Nytt samisk næringsfond
Liten tilgang på investeringskapital blir peika på som eit vesentleg hinder for næringsutvikling i samiske område.
Regjeringa ønskjer å leggje til rette for auka verdiskaping blant samiske næringsaktørar, og foreslår å setje av sju millionar kroner i oppstartskapital til eit nytt samisk næringsfond i statsbudsjettet for 2026.
Styrking av samisk språk og kultur
Som ein del av oppfølginga av forsoningsarbeidet prioriterer regjeringa å styrkje samiske kulturnæringar, kunstnarar og internasjonalt samarbeid. Tildelinga til Internasjonalt samisk filminstitutt er foreslått auka med tre millionar kroner.
Vidare er det foreslått å auke løyvinga til kunstnarkollektivet Dáiddádallu med 1,2 millionar kroner og løyve 2,3 millionar kroner til Sametinget til vidareføring av prosjektet Dávvirat Duiskkas – «Gjenstandar i Tyskland».
Regjeringa vil også løyve sju millionar kroner til ei utgreiing av eit nasjonalt kompetansesenter for fornorsking og urett.
Det er eit mål å stimulere til samiskopplæring på alle nivå i grunnopplæringa. I Hamarøy har det over fleire år vore lagt ned eit betydeleg arbeid for å få på plass samisk profilskule. Regjeringa følgjer opp dette arbeidet og foreslår eit tilskot på til saman éin million kroner, som skal gå til Nordland fylkeskommune (Nord-Salten vidaregåande skule) og Hamarøy kommune (Drag skule). Midla skal bidra til vidareutvikling av lulesamiske profilskular og ressurskular.
Regjeringa har òg foreslått å auke løyvinga til Sametinget med 2,6 millionar kroner for å innlemme Saltdal kommune i forvaltningsområdet for samiske språk. Saltdal vart den første «språkstimuleringskommunen» i forvaltningsområdet, og skal dermed sørgje for eit samisk språk- og kulturtilbod til barn, unge og eldre.