Statsbudsjettet 2027
To milliardar kroner til samiske saker
Pressemelding | Dato: 07.10.2026 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Totalt foreslår regjeringa å løyve om lag to milliardar kroner til ulike samiske føremål i 2027. Løyvinga til Sametinget er foreslått til 807 millionar kroner.
– Regjeringa ønskjer å legge til rette for at samiske språk og samisk kultur har gode vilkår, og vidarefører ein aktiv kultur-, nærings- og språkpolitikk i 2027. Det er viktig for samane, og for å bevare det rike mangfaldet i Noreg, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran.
Regjeringa er i gang med å følgje opp fleire av Stortingets oppmodningsvedtak om sannheit og forsoning.
– Noko av det viktigaste vi gjer er arbeidet med den første meldinga om forsoningspolitikken som regjeringa skal leggje fram for Stortinget hausten 2027. Forsoning er eit langsiktig arbeid som krev brei involvering av gruppene som vart utsette for fornorsking. Regjeringa arbeider difor med å finne gode tiltak som på sikt kan bidra til forsoning, seier Skjæran.
Samstundes som regjeringa jobbar for meldinga om forsoningspolitikken, vil regjeringa våren 2027 leggje fram den årlege meldinga om samisk språk, kultur og samfunnsliv.