Statsbudsjettet 2026:
Utgiftene til folketrygda aukar
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Dei samla utgiftene til folketrygda under Arbeids- og inkluderingsdepartementet sitt budsjett er anslått til å vere 665 milliardar kroner neste år. Det er ein auke på 38 milliardar kroner.
– Velferda vår er ikkje sjølvsagt. Den utgjer eit spleiselag. Vi skal sikre den også for kommande generasjonar. Det er særleg bekymringsfullt at så mange unge står utanfor utdanning eller jobb. Derfor må fleire i arbeid. Samstundes må dei som vil og kan, stå lenger i jobb enn før, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Mykje av auken i folketrygda kjem av lønsvekst og verknader av trygdeoppgjeret, men det er òg andre endringar som påverkar anslaget for utgifter under den enkelte ytinga.
Det er venta at utgiftene til arbeidsavklaringspengane (AAP) vil bli 55,9 milliardar kroner. Det inneber ein auke på 5,8 milliardar kroner. Det er hovudsakleg forventa auke i talet på mottakarar som bidreg til auken.
Det er venta at utgiftene til uføretrygd vil bli 140,6 milliardar kroner. Dette inneber ein auke på 8 milliardar kroner. Hovudforklaringa på dette er at grunnbeløpet i folketrygda aukar.
Utgiftene til sjukepengar er venta å bli 66,7 milliardar kroner
I tillegg er det venta at utgiftene til sjukepengar vil auke med 2,5 milliardar kroner til 66,7 milliardar kroner. Auken skuldast hovudsakleg lønnsvekst, men utgiftene blir òg påverka av utviklinga i sysselsetting og sjukefråvær.
Auken i sjukefråværet ser ut til å ha stoppa opp. Det var nedgang i sjukefråværet i 2. kvartal i år. Det er i budsjettet lagt til grunn at fråværet blant arbeidstakarar ikkje kjem til å endre seg frå 2025 til 2026.
– Vi må redusere bruken av helserelaterte ytingar – gjennom aktive tiltak for å få fleire i jobb og færre på trygd. Arbeiderparti-regjeringa er garantisten for ein velferdsstat som gir tryggleik både i kvardagen og når vi møter ekstra utfordringar i livet, seier Stenseng.
Utgiftene til alderspensjon vil vere 352,1 milliardar kroner
Det er venta at utgiftene til alderspensjon frå folketrygda i 2026 vil vere 352,1 milliardar kroner. Dette er ein auke på 16 milliardar kroner, eller rundt 5 prosent. Nordmenn blir stadig eldre. Fram mot 2060 vil veksten i befolkninga i stor grad komme blant personar over 75 år. Pensjonsreforma dempar veksten i utgifter til alderspensjon og er helt avgjerande for berekrafta i velferdsstaten og for å gi tryggleik for pensjonane i framtida.
Utgiftene til dagpengar ved arbeidsløyse er venta å auke med om lag 2,5 milliardar kroner til 16,9 milliardar kroner. Det er forventa fleire dagpengemottakarar i 2026 enn i 2025. I tillegg er gjennomsnittleg yting per mottakar justert opp.
Samtidig viser tala for 2026 at veksten held fram, og ifølge analyser gjort av Nav og Helsedirektoratet vil veksten helde fram i åra som kjem.
Arbeidarparti-regjeringa er nå i gang med en rekke tiltak for å få fleire i jobb, færre uføre og få ned sjukefråværet.
– Veksten må vere berekraftig for å sikre velferda i framtida, spesielt når det gjeld uføretrygd og AAP. Vi treng fleire i arbeid og færre på trygd. Så er det positivt at auken i sjukefråværet ser ut til å ha stoppa opp, med ein nedgang i andre kvartal i år. Nivået er likevel framleis altfor høgt, og sjukefråværet må ned, seier Stenseng.