Vernar viktig skog i elleve fylker
Nyheit | Dato: 12.12.2025 | Klima- og miljødepartementet
Regjeringa vernar i dag 32 nye skogområde i elleve fylke. Områda er viktige leveområde for mange truga artar. Vernet er viktig for å ta vare på desse artane i framtida.
– Skogvern er nødvendig for å sikre det rike mangfaldet i norske skogar. I skogen finst det 1330 truga artar. Dagens vernevedtak bidreg til å sikre desse artane i norsk natur også i framtida. Eg vil gi stor honnør til alle skogeigarar som har tilbydd viktig skog til frivillig vern, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Dagens vernevedtak omfattar 41 km² nytt verneareal, der 26 km² er produktiv skog. Områda inngår i samarbeidet om frivillig skogvern. Områda har svært ulike naturverdiar og er leveområde for eit stort tal truga artar.
Historisk høg løyving til skogvern
Stortingsforliket om 2026-budsjettet som nyleg er inngått, auka løyvinga til skogvern med ein milliard kroner i nysalderinga for 2025. Midlane vil bli overførte til bruk til skogvern i 2026.
| 2023 | 730 mill. kroner (inkludert 100 mill. kr i forlik om RNB 2023 og 200 mill. kr i forlik om nysalderinga 2023). |
| 2024 | 800 mill. kroner (eigentleg 1,07 milliardar kr i endeleg løyving, men av dette 270 mill. kr løyvd i nysalderinga rett før jul som del av Stortingsforliket om 2025-budsjettet, som ble overført til 2025). |
| 2025 | 826 mill. kroner (eigentleg 1,556 milliardar kr i endeleg løyving, men av dette 1 milliard kr løyvd i nysalderinga rett før jul som del av Stortingsforliket om 2026-budsjettet, og som må overførast til 2026. Omfattar 270 mill. kr overført frå nysalderinga 2024 som ein del av forliket om 2025-budsjettet). |
| 2026 | 1,356 milliardar kr (inkludert 1 milliard kr frå nysalderinga 2025 som ein del av Stortingsforliket om 2026-budsjettet, og desse midlane må overførast til 2026). |
Vernet bidreg til nasjonale mål for naturmangfald
Vernevedtaket bidreg til å nå dei nasjonale måla for naturmangfald:
- Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.
- Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga for truga og nær truga artar og naturtypar skal bli betre.
- Eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar.
Vernevedtaket er også eit steg mot Stortingets vedtekne mål om vern av 10 prosent av skogen.
Det er no verna nær 5,5 prosent av skogen, og noko over 4,2 prosent av den produktive skogen.
Ei rekkje område skal vernast framover
Samarbeidet mellom miljøstyresmaktene og skogeigarorganisasjonane om frivillig vern av privateigd skog starta i 2003, og dei første områda vart verna hausten 2005. Hittil er det verna 1038 skogområde i dette samarbeidet.
Interessa for frivillig vern av privateigd skog er stor, og arbeid med ei rekkje nye skogområde er i gong. Det er planlagt vern av fleire område hausten 2025.
– Med dette vedtaket har vi verna heile 332 skogområde sidan hausten 2021. Vi har i fleire år hatt historisk høge løyvingar til skogvern, med meir enn 3,7 milliardar kroner på fire år. Med budsjettavtalen som no ligg føre, planlegg vi vern av ei rekkje viktige skogområde også neste år, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Stor variasjon mellom skogområda som blir verna
Skogområda som er verna, har mange ulike skogtypar og verneverdiar. Nokre døme:
- Fløystaddalen naturreservat i Tingvoll kommune i Møre og Romsdal er eit stort område på meir enn 6 km². Området er austvendt og strekkjer seg frå fjorden og opp til snaufjell ca. 600 meter over havet, og omfattar ei rekkje små og store dalar. Området har viktige verneverdiar knytte til boreal lauvskog, gammal furuskog, høgstaude-edellauvskog og innslag av alm-lindeskog og boreonemoral regnskog. Skogen nordvest i området har stor variasjon, med kalkrik mosaikk. Totalt er det registrert over 20 raudlista artar i området.
- Steinsfjell naturreservat i Lyngdal kommune i Agder ligg i ein bratt austvend skråning på vestsida av elva Lygna, og strekkjer seg frå ca. 40–310 meter over havet. Området har viktige verneverdiar i form av gammal rik edellauvskog, gammal furuskog og ospedominerte skog. Viktig edellauvskog er mellom anna eik-lindeskog og alm-lindeskog. Edellauvskog finst særleg i lågareliggjande parti, høgare i terrenget er det betydelege areal med storvaksen furuskog. Det er god førekomst av storvaksen eik, lind og furu i området. Området vil saman med andre nærliggande naturreservat danne grunnlag for eit økologisk nettverk i denne delen av fylket.
- Portåsen naturreservat i Sigdal kommune i Buskerud har svært variert skog, med viktige førekomstar av gammal og rik barskog, edellauvskog og blandingsskog. Ei rekkje viktige naturtypar er knytte til kalkrik grunn, slik som kalk- og lågurtfuruskog, kalkgranskog, høgstaudegranskog, frisk rik edellauvskog, lågurtedellauvskog, kjelde-edellauvskog, høgstaude-edellauvskog, rik gransumpskog og rik open sørleg jordvassmyr. Med områdets store variasjon, i kombinasjon med gammal skog av dei fleste skogtypane, er også artsmangfaldet svært rikt og spesielt. Meir enn 50 raudlisteartar er registrert.
Frivillig vern av skog inneber at miljøstyresmaktene definerer kva skogtypar og naturkvalitetar som bør vernast. Ut frå dette tilbyr skogeigar areal for vern. Miljøstyresmaktene vurderer om området har naturfaglege kvalitetar som tilseier at det bør vernast, og i så fall blir det forhandla med sikte på å inngå avtale om frivillig vern mellom skogeigar og staten.
Verneforslag med forslag til verneføresegner og vernegrenser blir sende på offentleg høyring slik at ein kan hente inn synspunkt og avklare forhold til andre interesser. Vernevedtak skjer ved kongeleg resolusjon i statsråd.
Skogeigar gir frå seg retten til å drive skogbruk i naturreservatet, og får derfor erstatning for tap av framtidig inntekt frå skogbruk i området. Dersom skogeigar ikkje er nøgd med utfallet, kan han/ho trekkje seg undervegs i prosessen.
Normalt er jakt, fiske og hausting av bær og sopp tillate. Skogeigar behaldar eigedomsretten, samt jakt-, fiske- og beiterettar i området. Eventuelle hytter eller setrer kan brukast og vedlikehaldas som før.
Følgjande 32 område er verna som naturreservat etter naturmangfaldlova:
- Brattset naturreservat i Aure kommune, Møre og Romsdal
- Slettbakken naturreservat i Aure kommune, Møre og Romsdal
- Håhammaren naturreservat i Molde kommune, Møre og Romsdal
- Viromdalen naturreservat i Sunndal kommune, Møre og Romsdal
- Fløystaddalen naturreservat i Tingvoll kommune, Møre og Romsdal
- Høgefloget naturreservat i Volda kommune, Møre og Romsdal
- Kvitingsmorki naturreservat (utviding) i Årdal kommune, Vestland
- Ragstjørna naturreservat (utviding) i Gjesdal kommune, Rogaland
- Asbjørnstøyl og Strondi naturreservat i Bygland kommune, Agder
- Bjørnaråfjellet naturreservat i Bykle kommune, Agder
- Einfasura naturreservat (utviding) i Hægebostad kommune, Agder
- Steinsfjell naturreservat i Lyngdal kommune, Agder
- Tronstadvannet naturreservat (utviding) i Kristiansand kommune, Agder
- Håmyrliene og Toksåsen naturreservat i Tvedestrand kommune, Agder
- Homsli naturreservat i Valle kommune, Agder
- Svarthommen naturreservat i Åseral kommune, Agder
- Slettebergskarvene naturreservat i Larvik kommune, Vestfold
- Korpen og Sagkollen naturreservat (utviding) i Larvik kommune, Vestfold
- Sprena naturreservat i Larvik kommune, Vestfold
- Fjella og Burumtjern naturreservat (utviding) i Marker og Rakkestad kommunar, Østfold
- Haverstingen naturreservat (utviding) i Ringerike, Flå og Krødsherad kommunar, Buskerud
- Brekkeåsen naturreservat i Rollag kommune, Buskerud
- Portåsen naturreservat i Sigdal kommune, Buskerud
- Veset og Holter naturreservat i Nes kommune, Akershus
- Eine naturreservat (utviding) i Bærum kommune, Akershus
- Skøyenåsen naturreservat i Lunner kommune, Akershus
- Jutulhogget (endring av verneform) i Alvdal og Rendalen kommunar, Innlandet
- Høghaugen naturreservat i Ålesund kommune, Møre og Romsdal
- Ørnakken naturreservat (utviding) i Ålesund kommune, Møre og Romsdal
- Vasstveitåsan naturreservat i Tinn kommune, Telemark
- Bakke naturreservat i Larvik kommune, Vestfold
- Østmarka friluftslivsområde (utviding) Oslo og Nordre Follo kommunar, Oslo og Akershus