Statsbudsjettet:

Vidare satsing på talentutvikling

Regjeringa held fram med arbeidet med talentutvikling og foreslår ei løyving på 30,6 millionar kroner for 2016 til Talent Norge.

Etableringa av Talent Norge AS i januar har tilført private pengar til talentsatsing i norsk kulturliv. Talent Norge har i løpet av 2015 sett i gang sju samarbeidsprosjekt med private aktørar innan musikk, scenekunst og litteratur.

- Gjennom Talent Norge AS oppfyller vi fleire av intensjonane i Sundvolden-erklæringa.

Her får talent betre høve til utvikling. I tillegg gjev meir privat kapital ei breiare finansiering av kulturlivet. Til no har ei krone frå Talent Norge utløyst to kroner frå private. Dette fører til maktspreiing ved at talenta vert mindre avhengig av offentlege tilskot, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Talent Norge AS 

Talent Norge AS skal vere drivkraft for ei målretta satsing på talentutvikling og internasjonal profesjonalisering av unge talent innan ulike kunstfelt. Målgruppa for satsinga er enkeltpersonar og grupper med anlegg for ei langsiktig karriere innan kunst og kultur på høgt internasjonalt nivå.

Talent Norge AS vart etablert 21. januar 2015 med tre eigarar; staten v/Kulturdepartementet, Sparebankstiftelsen DNB og Kristiansand kommunes energiverksstiftelse.