– Regjeringa meiner det er på tide med endringar i dei rettleiande satsane for sosialhjelp, slik at satsane i større grad byggjer på oppdatert kunnskap. Endringa i dei rettleiande satsar for barn vil vere i tråd med nivået Forbruksforskningsinstituttet SIFO meiner er nødvendig for å sikre eit forsvarleg livsopphald, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

Samstundes blir det foreslått at barnetrygda igjen skal reknast som inntekt når ein vurderer behovet for sosialhjelp. Forslaget legg opp til at pengane som blir spart ved å ta med barnetrygda, skal brukast til å auke dei rettleiande satsane.

Endringa inneber at dei rettleiande satsane for barn aukar med mellom 7 og 38 prosent, og at satsane for vaksne aukar med mellom 2 og 4 prosent. Dette kjem i tillegg til ordinær prisjustering.  

Sosialhjelp er ei behovsprøvd ordning, og dei fleste får sosialhjelp i ein kort periode.

Regjeringa meiner at alle relevante inntekter, inkludert barnetrygd, bør takast med i vurderinga av behovet for sosialhjelp. Ordninga gir mellombels støtte til dei som ikkje sjølv kan dekkje nødvendige utgifter, men ein skal først ha nytta alle eigne inntekter.

Aukar satsane, særleg for barn

Arbeids- og inkluderingsdepartementet fastset rettleiande satsar for berekning av sosialhjelp. Kvar kommune kan behandle dei enkelte sakene med utgangspunkt i desse satsane. Regjeringa sitt forslag om å auke dei rettleiande satsane, særleg for barn, er basert på ei fagleg vurdering frå Forbruksforskningsinstituttet SIFO.

Alle som søkjer om sosialhjelp har krav på ei individuell og skjønsmessig vurdering av behovet for hjelp. Det skal takast særleg omsyn til behova til barna i vurderingane.

– Den mellombelse sosialhjelpa er samfunnet sitt siste sikkerheitsnett, og barn skal takast spesielt omsyn til når kommunane vurderer hjelpebehovet. Det skal gi ei forsvarleg inntektssikring når ein treng det, samstundes må vi sikre at det ikkje blir ei fattigdomsfelle, seier Stenseng.

Frå 2022 har det vore lovbestemt at barnetrygd ikkje skal reknast som inntekt ved utrekning av sosialhjelp. Når dei rettleiande satsane for barn no blir auka betydeleg, er det nødvendig at barnetrygda igjen skal reknast som inntekt når sosialhjelp blir utrekna. Regjeringa foreslår også at satsane for vaksne aukar noko, men til eit litt lågare nivå enn det SIFO vurderer. For kommunane er omlegginga anslått å gi om lag uendra kostnader totalt sett.

 

Dagens rettleiande satsar –

KPI-justert til 2026

Nye rettleiande satsar 

Einslege

8300

8500

Ektepar/
sambuarar

13800

14300

Persar i bufellesskap

6950

7200

Barn 0-5 år

4050

4550

Barn 6-10 år

4150

4800

Barn 11-14 år

5400

5750

Barn 15-17 år

5400

7450