Vil gjere det enklare å skaffe bustadar til ukrainske flyktningar

Regjeringa legg fram eit forslag om er å innføre beredskapsheimel i plan- og bygningsloven, slik at kommunane raskt og effektivt kan ta imot og busette flyktningane frå Ukraina.

Ukrainske flyktningar har allereie kome til Noreg, og vi må vere førebudd på at det kan kome mange tusen fleire. Det er viktig at ukrainarane som kjem hit, så raskt som mogleg får ein plass å bu.

–Ein viktig føresetnad for å lykkast med dette, er at det er nok tilgang på bustadar i kommunane. Det er viktig at kommunane får meir handlingsrom, slik at dei raskt og effektivt kan skaffe nok bustadar til flyktningane. Derfor føreslår regjeringa å innføre ein mellombels beredskapsheimel i plan- og bygningsloven, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Forslag til beredskapsheimel har vore på høyring, og det er gjort justeringar som tek omsyn til dei mange gode innspela departementet fekk.

Beredskapsheimelen betyr at kommunane kan gi unntak frå arealformål eller planavgjerder. Til dømes kan kommunane utvide arealet på ein skule utan å søke. Det opnar også opp for at hytter enkelt kan gjerast om til bustadar. Dette er viktig for å sikre rask etablering av flyktningmottak, omsorgssenter, barnehagar og skular.

–Så langt det er mogleg vil vi at dei ordinære saksbehandlingsprosessane etter plan- og bygningsloven skal følgast. Samstundes er situasjonen vi står i heilt ekstraordinær og då krevst det ekstraordinære tiltak. Det er viktig at kommunane har dei verktøya som trengs for å kunne busette flyktningane på kort tid.

Utifrå omsyn til beredskap, opnar forslaget også for at kommunane kan gi unntak for oppføring av nye, permanente bustadar. Eksisterande bygningsmasse bør så langt det er mogleg, og forsvarleg, brukast til busetting. Unntaket for nye, permanente bustadar er derfor først og fremst aktuelt dersom det ikkje finst andre alternativ for å skaffe nok bustadar.

Kommunal- og distriktsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00