Vil inkludere fleire i det digitale samfunnet

– Digitalisering gir nye moglegheiter, men viss vi ikkje legg til rette for at flest mogleg kan delta, risikerer vi å bidra til digitalt utanforskap. No legg vi fram ein handlingsplan som skal bidra til at fleire blir inkludert i det digitale samfunnet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Målet med den nye handlingsplanen er å sikre at ale innbyggjarar skal få likeverdige offentlege tenester – uavhengig av bakgrunn, språkkunnskapar eller alder.

– Digitalisering er eit middel til å inkludere fleire i samfunnet, ikkje eit mål i seg sjølv.Vi har ansvar for å levere offentlege tenester til alle, også til dei som ikkje kan eller ønsker å bruke digitale verktøy og tenester, seier Gjelsvik.

Tilgang til likeverdige offentlege tenester handlar om å ha like sjansar til å delta i og bidra i samfunnet. I praksis handlar det om at alle offentlege myndigheiter på alle forvaltningsnivå må ta inn over seg at befolkninga er mangfaldig, med ulike ressursar og behov.

– Digitalt utanforskap har store konsekvensar for den enkelte, men også for samfunnet. Blir for mange ståande utanfor den digitale utviklinga, er det fare for at eksisterande skilje i samfunnet blir forsterka, seier Gjelsvik.

Handlingsplanen består at 32 tiltak som dekker fem ulike innsatsområde. Her er nokre:

  • Regjeringa vil etablere eit samarbeidsforum for offentlege, frivillige organisasjonar og næringslivet for å koordinere ein felles innsats retta mot hovudutfordringane i handlingsplanen. Samarbeidsforumet skal også jobba for å leggje til rette for tenester for ikkje-digitale brukarar.
  • Regjeringa vil utgreie etablering av ei ordning for at brukarar som kan ha behov for grunnleggande IT-støtte får tilbod om enkel hjelp med installasjon av appar, digitale tenester og sosiale medium – kalla «IT-fiksarar». Det skal settast i verk ei prøveordning i utvalde kommunar.
  • Regjeringa ønskjer å teste ut ei nasjonal hjelpetelefon for eldre som treng bistand til enkle tips og rettleiing i bruk av offentlege digitale tenester.
  • Regjeringa vil sørge for at offentleg sektor tilbyr rettleiing i bruk av digitale løysingar til brukarar med ingen eller svake digitale ferdigheiter. Offentleg sektor har eit ansvar for å levere offentlege tenester til alle, også til dei som ikkje er digitale.