– Det er mangel på kompetanse over heile landet, og mangelen merkast mest i distrikta og i Nord-Noreg. Derfor vil vi slette 25 000 kroner av studielånet årleg i inntil tre år for dei som bur i dei 88 minst sentrale kommunane i Noreg. På same tid doblar vi satsen for gjeldsslette for dei som bur i innsatssona i Finnmark og Nord-Troms, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Prioriterer dei minst sentrale kommunane og innsatssona

Regjeringa vil bruke ordninga til å snu den negative utviklinga med fråflytting og aukande aldring i dei minst sentrale distriktskommunane, og få fleire med rett kompetanse til å busetje seg der.

– Med ordninga kan eit ungt nyutdanna par som bur i dei 88 minst sentrale  distriktskommunane få sletta opp mot 150 000 kroner av studiegjelda over tre år, seier Aasland.

– Vi held òg fram satsinga i innsatsona i Finnmark og Nord-Troms. Der doblar vi satsen for gjeldsslette, frå 30 000 kroner til 60 000 kroner. På tre år kan eit par få 360 000 kroner i samla gjeldsslette, seier Aasland.  

Justering sidan 2025-budsjettet

Ordninga for distriktskommunane har vore på høyring. Regjeringa har målretta ho slik at dei som bur i dei minste kommunane i sentralitetssone 6 kan få sletta studielån i opptil tre år. Ordninga gjeld ikkje for kommunar i sentralitetssone 5, slik det tidlegare har vorte føreslått.

Eit nytt vilkår gjeld i distriktsordninga og i innsatssona: Berre gjeld frå fullførte studiepoeng i høgare utdanning eller høgare yrkesfagleg opplæring kan bli sletta.

– Det er krevjande økonomiske tider, og regjeringa har måtte gjere prioriteringar. Vi meiner den nye ordninga framleis er med på å styrke distrikta. No gjer vi det lettare for kvar fjerde kommune og store deler av distrikts-Noreg å trekke til seg folk med rett kompetanse, seier Aasland.

Kor mykje kan ein spare?

Dei som nyttar seg av ordninga vil ikkje berre tene på å få sletta delar av gjelda årleg. Dei vil også få lågare renteopptening når gjelda blir sletta. Tabellen viser kor mykje personar med ulik gjeldsmengde kan tene på ordninga, samla sett over heile nedbetalingsperioden. Ei fast rente på 5 pst. er lagt til grunn i utrekninga.

Lånebeløp

Ordinær kostnad, inkl. renter ved normal nedbetalingsplan

Samla reduksjon distriktskommunar

Samla reduksjon Finnmark og Nord-Troms

200 000 kr

276 810 kr

109 058 kr

252 810 kr

400 000 kr

644 356 kr

151 808 kr

560 356 kr

600 000 kr

966 534 kr

153 024 kr

785 034 kr

Kommunar i den nye ordninga

Sone 6  

Andøy, Askvoll, Aure, Aurland, Balsfjord, Beiarn, Bindal, Bremanger, Bygland, Bykle, Bø, Dovre, Dyrøy, Dønna, Eidfjord, Engerdal, Evenes - Evenássi, Fedje, Fjaler, Fjord, Flakstad, Flatanger, Folldal, Frøya, Fyresdal, Gildeskål, Grane, Gratangen, Gulen, Hamarøy, Hattfjelldal, Herøy (Nordland), Hitra, Holtålen, Hyllestad, Høyanger, Høylandet, Ibestad, Kvitsøy, Leirfjord, Leka, Lesja, Lierne, Loabák - Lavangen, Lom, Lurøy, Lødingen, Masfjorden, Meløy, Modalen, Moskenes, Namsskogan, Nesna, Nissedal, Nore og Uvdal, Os, Osen, Rendalen, Rødøy, Røst, Raarvihke - Røyrvik, Salangen, Sande, Skjåk, Smøla, Snåase - Snåsa, Solund, Steigen, Stor-Elvdal, Suldal, Sømna, Sørfold, Tjeldsund, Tokke, Træna, Tydal, Ulvik, Utsira, Valle, Vang, Vanylven, Vega, Vevelstad, Vik, Vinje, Værøy, Åfjord, Åseral

Kommunar i Finnmark og Nord-Troms

Karlsøy, Lyngen, Storfjord - Omasvuotna - Omasvuono, Gáivuotna - Kåfjord - Kaivuono, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen, Alta, Hammerfest, Sør-Varanger, Vadsø, Kárásjohka - Karasjok, Guovdageaidnu - Kautokeino, Loppa, Hasvik, Måsøy, Nordkapp, Porsanger - Porsángu - Porsanki , Lebesby, Gamvik, Deatnu - Tana, Berlevåg, Båtsfjord, Vardø, Unjárga - Nesseby