Statsbudsjettet 2026
Vil starte ombygging av Hamar stasjon i 2026
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Samferdselsdepartementet
Budsjettforslaget for 2026 legg til rette for å starte ombygginga av Hamar stasjon. Utgiftene til prosjektet er anslått til 200 millionar kroner i 2026.
– Hamar stasjon er gamal og må byggjast om for å møte framtidige behov. Stasjonen skal bli eit attraktivt knutepunkt der byutvikling og ein enklare reisekvardag går hand i hand. Å starte ombygginga av stasjonen i 2026 gjer det mogleg å samkøyre dette med utbygginga av dobbeltspor gjennom Stange kommune og fram til Hamar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Positivt for både person- og godstogtrafikken
Ombygginga skal gjere Hamar stasjon meir funksjonell, ved at det blir betre plass til å stanse og snu tog, og til å køyre person- og godstog gjennom stasjonen. I tillegg vil tiltaket frigjere areal til ein ny bydel i Hamar.
På lenger sikt vil ombygginga leggje til rette for å frakte meir gods på Dovrebanen og for å utvikle persontogtilbodet nordover til Lillehammer og Trondheim.
Ein oppgradert Hamar stasjon skal etter planen vere ferdig i 2030.
Må leggje fram forslag til investeringsvedtak og kostnadsramme
Før ombyggingsarbeidet kan starte opp, må forslag til investeringsvedtak og kostnadsramme for ny Hamar stasjon fremjast for Stortinget. Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget med framlegg om kostnadsramme.
Kostnadene for moderniseringa av Hamar stasjon er anslått til 3,5 milliardar kroner. Anslaget kan bli endra etter at den eksterne kvalitetssikringa av prosjektet er ferdig.