Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2026 å fase ut overgangsstønaden, stønad til barnetilsyn, tilleggsstønader og stønad til skolepengar for nye tilfelle frå 1. juli 2026.

Regjeringa foreslår å behalde stønadene for dei som treng det aller mest. Dette gjeld einslege med aleineomsorg for barn under 14 månader og einslege med aleineomsorg for særleg tilsynskrevjande barn.

– Å vere i jobb er viktig for den økonomiske tryggleiken og sjølvstenda til folk. Derfor må vi heile tida  vurdere innretninga på velferdsordningane våre kritisk. Slik ordninga er i dag, kan den føre til at dei som får stønad, blir ståande utanfor arbeidslivet, eller at dei jobbar mindre enn dei ellers ville gjort. Dette gjeld særleg innvandrarkvinner, som vi treng i arbeidslivet. Derfor vil vi fase ut desse stønadene for dei aller fleste tilfelle, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

  • Regjeringa foreslår å avvikle stønadene for hovudgruppa av mottakarar med verknad frå 1. juli 2026. Det vil seie at einslege med aleineomsorg for særleg tilsynskrevjande barn og einslege med aleineomsorg for barn under 14 månader fortsett vil kunne få stønader.
  • Det er foreslått at utfasinga skal gjelde for nye tilfelle. Det betyr at dei som allereie mottar stønader før 1. juli, eller som før 1. juli har søkt og fyller vilkåra for rett til stønader, ikkje vil miste desse.
  • Endringane vil kunne gjere at fleire trenge andre korttidsstønader i ei periode. Derfor foreslår regjeringa å styrke rammetilskotet til kommunane med 9 millionar kroner i 2026, for å kompensere for økte utgifter til økonomisk sosialhjelp.
  • Regjeringa foreslår samtidig regjeringa å auke satsen for barnestipend i Lånekassen for første barn, auke tilskotet til Jobbsjansen og å styrke arbeidsmarknadstiltak

Blei innlemma på 60-talet

Overgangsstønaden er ei yting til livsopphald til einsleg mor eller far som på grunn av aleineomsorg for barn, er midlertidig ute av stand til å forsørge seg sjølv gjennom arbeid, eller som først etter ei tid med omstilling eller utdanning kan få arbeid. 

– Vi har eit godt utbygd tilbod om barnehage og SFO, lav makspris og ei rekkje andre gode ordningar for foreldre i dag. Dette gjer at einslege med aleineomsorg har langt betre føresetnader for å kunne vere i jobb og forsørge seg sjølve, enn då desse stønadene blei etablert, seier Stenseng.

Stønaden blei innlemma i folketrygda på 1960-tallet. Sidan det har det vore ei betydeleg utvikling i andre ordningar som støtter barnefamiliar generelt, og særleg dei siste åra. Rett til barnehageplass, redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO og auka barnetrygd har gitt einslege med barn betre føresetnader.

95 prosent er kvinner

Sidan 2014 har også talet på mottakarar av overgangsstønaden blitt meir enn halvert, frå om lag 19 500 mottakarar i 2014 til rundt 9 100 mottakarar ved utgangen av 2024. Om lag 40 prosent av mottakarane av overgangsstønad er innvandrarar, og 95 prosent er kvinner.

– Overgangsstønaden er utdatert og blei laga i ei anna tid. Barnefamilieutvalet peikte på at ordninga også kan virke konfliktskapande og bryte med målet om delt foreldreskap ved samlivsbrot. Utvalet rådde oss til å avvikle desse stønadene. Vi vel no å lytte til dette rådet, og foreslår å fase ut stønadene for dei aller fleste tilfelle, seier Stenseng.

Regjeringa foreslår samtidig å auke satsen for barnestipend i Lånekassen for første barn og å styrke arbeidsmarknadstiltakaRegjeringa foreslår også å styrke Jobbsjansen, som gir innvandrarkvinner hjelp til å komme i jobb. Desse tiltaka kommer målgruppa for overgangsstønaden til gode og skal styrke jobbmoglegheitene deira.

  • Ordninga kan føre til at einslege foreldre blir ståande utanfor arbeidslivet eller jobbar mindre enn dei kan. 40 prosent av mottakarane har innvandrarbakgrunn og ordninga kan derfor motvirke integrering.
  • Stønadene retta mot einslege foreldre har ei historie tilbake til 1920-tallet, og dei blei innlemma i folketrygda i 1967. Sidan det har det vore ei betydeleg utvikling i andre ordningar som støtter barnefamiliar generelt, og særleg dei siste 20 åra. Rett til barnehageplass, og redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO har gitt einslege med barn betre føresetnader for å kunne vere i jobb og forsørge seg sjølve.
  • Barnefamilieutvalet peika på en rekke utfordringar knytta til målet om delt foreldreskap, og anbefalte derfor å avvikle stønadene.