– Det er krevande å rekruttere nye barnehagelærarar, og søkartala til den ordinære barnehagelærarutdanninga har gått ned. Derfor er det og viktig å satse på dei som allereie jobbar i barnehagane, men som ikkje har ei formell utdanning som barnehagelærar. Dei har erfaringa, motivasjonen og engasjementet – då må vi gi dei høve til å ta barnehagelærarutdanning, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning rettar seg mot erfarne assistentar og barne- og ungdomsarbeidarar som arbeidar i barnehagen, og som ønsker å utdanne seg til barnehagelærar. ABLU er ei deltidsutdanning over fire år med eit omfang på 180 studiepoeng (tilsvarande ordinær barnehagelærar­utdanning). Det er ein føresetnad at studentane arbeider i ein barnehage under studiet.

I 2024 auka regjeringa  ABLU-satsinga på med 100 nye plassar og i 2025 med ytterlegare 165 nye plassar. I statsbudsjettet 2026 foreslår regjeringa ei ytterlegare auking i midla til universiteta og høgskulane, som aukar totalen til 490 plassar.

– Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning er eit populært tilbod. Det har vore stor etterspurnad etter fleire ABLU-plassar både frå lærarutdanningsinstitusjonane og frå barnehagesektoren. Vi veit at dei som går på ABLU-studiet  har høg fullføringsprosent, og at barnehagelærarar som har teke dette studiet,  blir verande i yrket, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.

Dei nye plassane frå hausten 2026 fordeler seg slik:

  • OsloMet – storbyuniversitetet: 60
  • Universitetet i Søraust-Noreg: 60
  • NLA Høgskolen: 40
  • Universitetet i Stavanger: 30
  • Universitetet i Innlandet: 15
  • Nord universitet: 15
  • Universitetet i Agder: 5

ABLU har tidlegare vore finansiert gjennom oppdrag frå Utdanningsdirektoratet, der det siste kullet med  ABLU-studentar blei teke opp denne hausten, og vil vere ferdig i 2029. Frå 2024 er dei auka midlane tildelte direkte til universiteta og høgskulane. Det gjer finansieringa meir føreseieleg. Når midlane er fullt opptrappa i 2029,er rammeløyvinga til universiteta og høgskulane totalt auka med over 100 millionar kroner retta mot ABLU.

Fleire tiltak for å auke rekrutteringa

Medan søkartalet for grunnskulelærarutdanninga i år gjekk opp, var det ein nedgang i talet på søkarar til barnehagelærarutdanninga.

– Vi har vore tydelege på at vi skal sørge for å løfte barnehagelæraryrket. Vi veit at det er mogleg å snu ein nedgang, for vi har gjort det før. Søkartala til grunnskulelærarutdanninga steig i år etter fleire år med nedgang, fordi vi sette inn tiltak langs fleire spor – i samarbeid med partane i utdanningssektoren. No er tida komen for barnehagelærarane, seier Nordtun.

I tillegg til å styrke ABLU foreslår regjeringa fleire andre tiltak:

  • Føre vidare tilskotsordninga til auka pedagogtettleik og auka grunnbemanning i barnehagar i levekårsutsette område med 216,6 millionar kroner.
  • Føre vidare tilskotet på 200 millionar kroner til ei ordning med toppa bemanning, som anten skal bidra til å styrke eller avlaste grunnbemanninga.
  • Eit nytt system for kompetanse- og karriereutvikling for tilsette i barnehage og skule, som gir dei tilsette gode høve til kompetanseutvikling gjennom arbeidslivet.
  • Regjeringa foreslår å løyve 15 millionar kroner for å rekruttere unge personar utanfor arbeidslivet til arbeid i barnehagesektoren, og vil ha dialog med partane om dette tiltaket.

– Skal vi rekruttere fleire til barnehagane, må vi både ta vare på dei som allereie står i jobben, og samtidig gjere yrket meir attraktivt for nye. Det handlar om gode arbeidsvilkår, gode profesjonelle læringsfellesskap med moglegheit for kompetanse- og karriereutvikling og trygge rammer for både barn og tilsette, seier Nordtun.