Inviterer til folkemøte om villrein i Setesdalen
Nyheit | Dato: 24.09.2025 | Klima- og miljødepartementet
Statssekretær Kristoffer Hansen i Klima- og miljødepartementet inviterer alle lokale innbyggjarar, organisasjonar og andre interesserte til folkemøte om tiltaksplan for villrein i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde.
– Mange gode krefter må dra i same retning dersom vi skal redde villreinen. Vi foreslår no ei rekkje tiltak for å snu utviklinga. Det handlar mellom anna om å leggje om stiar, stengje eller flytte enkelte turisthytter, oppdatere arealplanar, kanalisere ferdsel og trafikk, og sikre viktige leveområde, seier statssekretær Kristoffer Hansen.
Det har gjennom fleire tiår blitt gjennomført betydelege tiltak for å betre situasjonen for villreinen i Noreg. Likevel har desse tiltaka ikkje vore nok til å snu den negative utviklinga. No er tida inne for å ta nye og forsterka grep. Stortingsmeldinga «Ein forbetra tilstand for villrein» og Stortinget si handsaming av denne har vore eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med tiltaksplanane.
Forslag på tiltaksplanar for villrein i Hardangervidda og Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområder blei sende på høyring 2. juli med høyringsfrist 31. oktober. Målet er at tiltaksplanane har brei oppslutning og lokal forankring. Dette er for å sikre at tiltaka står seg over tid. I løpet av høyringsperioden for planane vil Klima- og miljødepartementet difor gjennomføre eit ope folkemøte i begge villreinområda for å sikre at alle relevante innspel blir høyrde.
– Det er avgjerande at tiltaka har lokal støtte. Innsatsen for villreinen er eit felles prosjekt der alle må bidra litt, men ingen skal bere heile børa åleine. Eg ser fram til gode innspel og til eit breitt samarbeid for å betre tilstanden for villreinen, seier statssekretær Kristoffer Hansen.
Møtet om villreinen i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde vil finne stad i Sirdal kulturhus, kinosalen, Sirdalsvegen 3938, 4440 Tonstad, onsdag 8. oktober kl. 18.00–19.30.
Vi oppmodar kommunar og andre inviterte til å vidareformidle invitasjonen til aktuelle personar og organisasjonar. Det blir enkel servering.