Justis- og beredskapsdepartementet si historie

I 2014 var det 200 år sidan departementet for justis- og politisaker vart oppretta. Her finn du ei kortfatta historie om opphavet og seinare endringar.

2. og 3. Departement 

Det første justisdepartementet vart oppretta med namnet 3. Departement. Dette skjedde 2. mars 1814. Seinare same år, den 30. november, skifta departementet namn til 2. Departement. Ansvarsområda var det som gjaldt å overhalde lovverket, oppsyn med rettspleia, søknader om ettergiving av straff, spørsmål om oppreising og andre juridiske saker, som etter at Høgsterett var høyrd, venta på avgjersla til kongen.

Samstundes med namneendringa 30. november 1814, vart det oppretta eit nytt 3. Departement som hadde ansvar for politisaker. Under dette låg  mellom anna politiet, skyss-, veg- og postvesenet, fengsel og straffeanstaltar og medisinalvesenet.

Justissaker og politisaker vart altså fordelte på to departement. Dei to departementa vart vekselvis leia av ministrane Matthias Otto Leth Sommerhielm og Christian Adolph Diriks.

Noregs justisministre

Tre av våre tidligste justisministre: Mathias Sommerhielm, Christian Krohg og Poul Christian Holst.
Tre av våre tidligste justisministre: Mathias Sommerhielm, Christian Krohg og Poul Christian Holst.

Tre av våre fyrste justisministrar: Mathias Sommerhielm, Christian Krohg og Poul Christian Holst.

Sidan 1814 har over 80 ulike personar hatt stillinga som justisminister i Noreg. Nokre har vore justisminister fleire gonger, medan andre så vidt har vore innom posten før dei forlét han.

Kven var desse personane, når var dei justisminister og kva saker var dei opptekne av?

I ein serie portrett kan du lesa om Noregs justisministrar frå 1814 til i dag.

Justis- og politidepartementet

2. og 3. Departement vart seinare slått saman til eitt departement – Justis- og politidepartementet. Dette skjedde med verknad frå 1. januar 1818. Bakgrunnen for samanslåinga var ei kongeleg kunngjering av 17. november 1818, der talet på departement vart reduserte frå sju til fem. Det skjedde ved at 2. og 3. Departement (justissaker og politisaker) vart slått saman, og 4. Departements saker (innanrikssaker m.m.) i stor grad vart lagt til 5. Departement (finansvesenet m.m.).

Den første leiaren av Justis- og politidepartementet var Christian Adolph Diriks, som var statsråd heilt til han vart avløyst av Poul Christian Holst i 1825.

To bygg som huset Justisdepartementet i perioden 1883–2011: I forgrunnen en del av arkitekt Grosch' Empirekvartal i Grubbegata, der departementet holdt til fra 1883 til 1958. Bakenfor reiser Høyblokka i Regjeringskvartalet seg. I dette bygget var JD fram til terrorangrepene 22. juli 2011.

To bygg som husa Justisdepartementet i perioden 1883–2011: I forgrunnen ein del av arkitekt Grosch' Empirekvartal i Grubbegata, der departementet heldt til frå 1883 til 1958. Bakanfor reiser Høgblokka i Regjeringskvartalet seg. I dette bygget var departementet frå 1958 fram til terrorangrepa 22. juli 2011. Biletet er teke seint i 1958. (Foto: Teigens Fotoatelier / DEXTRA Photo)

Justis- og beredskapsdepartementet 

Departementet beheldt namnet Justis- og politidepartementet heilt fram til 31. desember 2011. Sidan 1. januar 2012 har departementet hatt namnet som vi kjenner i dag, Justis- og beredskapsdepartementet.

Denne namneendringa kom som ein direkte konsekvens av terrorangrepa mot Regjeringskvartalet og Utøya 22. juli 2011, og er eit uttrykk for at regjeringa Stoltenberg II ønskte å styrkje og tydeleggjere rolla til departementet som samordningsdepartement for samfunnstryggleik og beredskap.

Les meir om departementet si historie

Festskrift om departementet si historie

200-årsjubileet for departementet vart mellom anna markert med festskriftet For rettssikkerhet og trygghet i 200 år. I festskriftet kastar ulike forfattarar lys over viktige hendingar i departementet si historie.