For pressa

Her finn du kontaktinformasjon og annan informasjon for pressa.

Alle førespurnader frå pressa til politisk leiing og departementet går via kommunikasjonseininga.

Telefon: 97 55 37 45 (ikkje send tekstmelding, nummeret blir vidarekopla)
E-post: jdinfo@jd.dep.no  

Ved hastesaker utanfor normal arbeidstid ber me journalistar alltid ringje pressetelefonen, i tillegg til å sende e-post. På kveldstid, helgar og i feriar vil det ta noko lengre tid å få svar.

Kommunikasjonseininga tek ikkje imot førespurnader frå privatpersonar. Slike førespurnader sendes til postmottak@jd.dep.no.

Kommunikasjonseining tek heller ikkje imot førespurnader om innsyn. Du kan søke i vår postjournal på nettstaden eInnsyn.no. Innsyn søker du via e-post til innsyn@jd.dep.no.

 

Presse med avtalar i departementet eller som deltar på pressetreff må følgje dei same reglane for ID og bagasjesjekk som andre besøkande. 

Du må ha med gyldig legitimasjon (ikke bankkort). Dette er:

  • Norsk pass
  • Norsk nasjonalt ID-kort
  • Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID)
  • Utenlandske pass
  • Norsk gyldig førerkort (ikke elektronisk)
  • Europeiske identitetskort (Identity card)
  • Diplomatkort skrive ut av UD

 Bagasjereglar:

  • Du kan ta med veske, PC-veske og mindre ryggsekk utan sikkerheitskontroll
  • Alt av større presseutstyr inkludert fotobager må gjennom sikkerheitskontroll
  • Ved behov for sikkerheitskontroll, må pressa møte opp i god tid  

Bilete frå regjeringen.no og Flickr-kontoen vår kan nyttast fritt, dersom du hugsar å kreditere fotograf viss ikkje anna er oppgitt.

Departementet handsamar personopplysningar til alle journalistar som tek kontakt med oss. Desse personopplysningane er namn, kontaktinformasjon, tilknyting til redaksjon og innhald i spørsmål og svar som blir utveksla på e-post og telefon.

Du har rett til å be om at personopplysningane dine ikkje skal handsamast av departementet. Dette kan du presisera når du tek kontakt.

Pressekontaktar: