9 Yrkesfaglærarutdanning

9 Yrkesfaglærarutdanning

9.1 Innleiing

Utdanningskrav til yrkesfaglærarane framgår av:

  • lov av 8. juni 1973 nr 49 om lærarutdanning
  • forskrift om lærar-, adjunkt- og lektorutdanning av 9. juni 1987 med tillegg og endringar av 26. juni 1991 og seinast 8. april 1997 (kompetanseforskrifta).

Etter lov om lærarutdanning §20 nr 1 kan ein høgskole etter departementets vedtak gi tilbod om:

"Praktisk-pedagogisk utdanning for lærarar i yrkesfag og for studentar som har fagleg utdanning frå universitet eller andre institusjonar."


Dei lovfesta utdanningskrava til yrkesfaglærarens pedagogiske utdanning er dei same som krava til allmennfaglærarane, jf. §21 nr 5:

"Praktisk pedagogisk utdanning skal femne om pedagogisk teori, fagmetodikk, didaktikk og praksis, som til saman svarar til minst •1/•2 års studietid."


Yrkesfaglærarar i vidaregåande opplæring har ulik utdannings- og fagbakgrunn. Hovudtyngda av yrkesfaglærarane har fagbrev, sveinebrev o l som fagbakgrunn og underviser innafor ulike handverks- og industrifag. Etter kompetanseforskrifta skal ein yrkesfaglærar med eitt fag- eller sveinebrev som grunnutdanning i tillegg ha:

  • fire års relevant arbeidslivspraksis
  • to års yrkesteoretisk utdanning (fagutdanning)
  • godkjend pedagogisk utdanning.

Når det gjeld yrkesteoretisk utdanning, er verken mål, innhald, struktur eller utdanningsnivå fastsette i lov eller forskrift. Dei utdanningane som er godkjende som yrkesteoretiske utdanningar, er heller ikkje primært innsikta mot læraryrket. Desse utdanningane er ma formannskole, teknisk fagskole, maritim høgskoleutdanning, ingeniørutdanning m fl.

Det har vist seg vanskeleg å få søkjarar som oppfyller kravet i forskrifta til 2-årig yrkesteoretisk utdanning. Som ei overgangsordning er dette utdanningskravet derfor redusert til eitt år.

I tillegg til å fastsetje krav til lærarkompetanse, legg forskrift av 9. juni 1987 ansvar hos tilsetjande instans for at yrkesfaglærarar har ei godkjend utdanning som er relevant for dei faga dei skal undervise i. Yrkesfaglærar som manglar praktisk-pedagogisk utdanning eller som ikkje har fullført yrkesteoretisk utdanning, kan tilsetjast i oppseieleg stilling på vilkår av at utdanninga blir fullført innan tre år.

I samband med behandling av St meld nr 40 (1990-91) Fra visjon til virke. Om høgre utdanning vedtok Stortinget at praktisk-pedagogisk utdanning for både yrkesfag og allmennfag skulle utvidast frå eit halvt til eitt år. Stortinget vurderte her ikkje spørsmål knytte til den faglege grunnutdanninga til yrkesfaglærarane, men i meldinga understrekar departementet at det var nødvendig å styrkje den yrkesteoretiske utdanninga for yrkesfaglærarar.

Spørsmålet om grunnutdanninga til yrkesfaglærarane vart seinare reist av kyrkje- og undervisningskomiteen i samband med Reform 94 og St meld nr 33 (1991-92) Kunnskap og kyndighet. Om visse sider ved videregående opplæring. I Innst S nr 200 (1991-92) uttalte komiteen (s. 25):

"Komiteen vil understreke at reformen i videregående opplæring ytterligere understreker behovet for en faglig styrking av grunnutdanningen for faglærere."


Yrkesfaglærarar er truleg den lærarkategorien som jamt over har den lågaste formelle utdanninga. For yrkesfaglærarar i handverks- og industrifag er det under 60 prosent som fyller kravet i forskrifta om 2 års yrkesteoretisk utdanning. Under 1/3 av handverks- og industrifaglærarane har fagleg utdanning på høgskolenivå. Teknisk fagskole er den mest vanlege utdanningsvegen for dei som har yrkesteoretisk utdanning. I tillegg er det fleire yrkesfag utan tilbod om yrkesteoretisk utdanning. Lærarane i desse faga underviser då med fag- eller sveinebrev som sin einaste faglege utdanningsbakgrunn.

Svært få yrkesfaglærarar har godkjend pedagogisk utdanning når dei blir tilsette som lærarar. Med heimel i forskrifta blir dei tilsette på vilkår av at slik utdanning blir fullførd innan 3 år. Studentane i praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag er i gjennomsnitt vesentleg eldre enn i anna lærarutdanning.

Praktiseringa av dagens modell for yrkesfaglærarutdanning med dispensasjon frå utdanningskrava som normalordning, gir truleg verknader som ikkje er tilsikta og som pregar oppfatningar og haldningar til yrkesfaglæraryrket og til denne lærarutdanningsvegen.

Reform 94 har ført til store endringar i fag- og yrkesopplæringa. Dette kjem særleg til uttrykk i tilbodsstrukturen, som no omfattar 11 breie yrkesfaglege grunnkurs, mot tidlegare over 100. I tillegg fører mellom anna det nye læreplanverket, nye arbeids- og vurderingsformer, auka innslag av allmennfag og teori, m m til nye og andre krav i opplæringa. Konsekvensen for mange av yrkesfaglærarane som byggjer sin kompetanse på eitt fag-/sveinebrev, blir at dei får ein kompetanse som på fleire område må vurderast som mangelfull.

På denne bakgrunn er det nødvendig med ei omlegging av dagens yrkesfaglærarutdanning med sikte på ei utdanning som er tilpassa dei krav som Reform 94 stiller til lærarkompetanse, nye arbeidsmåtar, auka samarbeid mellom lærargrupper m v.

9.2 Lærarutdanningsutvalets innstilling

9.2.1 Lærarutdanningsutvalets vurderingar

Lærarutdanningsutvalet har vurdert yrkesfaglærarane sin kompetanse og utdanning i hovudsak sett i forhold til:

  • Reform 94
  • innføring av generell del av læreplan for grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring
  • dagens modell for grunnutdanning av yrkesfaglærarar.

Reforma har medført strukturelle, innhaldsmessige og metodiske endringar i fag- og yrkesopplæringa. Den såkalla 2+ modellen har gitt eit samordna og forenkla system for fag- og yrkesopplæring. I tillegg har fagopplæringa blitt utvida til å gjelde fleire nye fag og fagområde og alle fag- og yrkesopplæringsløp inneheld ein felles stamme av allmenne fag. Opplæringa skal gi både ein brei yrkesfagleg og spissfagleg kompetanse. Felles generell del av læreplanen markerer måla og samanhengen i opplæringssystemet og grunnleggjande prinsipp for innhald, arbeidsmåtar og nye elev- og lærarroller.

Etter utvalets vurdering er dagens modell uoversiktleg, mangelfull og med ein til dels inkonsekvent struktur. Han er ulik og i for svak grad tilpassa ny struktur og nytt innhald i fag- og yrkesopplæringa etter Reform 94. Det fører mellom anna til at ein etter dagens modell for yrkesfaglærarutdanning berre i liten grad utdannar kvalifiserte lærarar til dei ulike yrkesfaga i vidaregåande opplæring. I tillegg til at yrkesteori er mangelfullt definert, er han primært ikkje innsikta mot læraryrket. På fleire område er det heller ikkje tilbod om yrkesteori. På bakgrunn av ma den uoversiktlege strukturen meiner utvalet at dagens modell for utdanning av yrkesfaglærarar skaper problem med omsyn til rekruttering.

Etter utvalets vurdering har dei nemnde momenta til saman så store konsekvensar for kompetanseutviklinga for yrkesfaglærarane at det er nødvendig med ei sentral satsing.

9.2.2 Lærarutdanningsutvalets tilråding

Som eit ledd i den sentrale satsinga tilrår utvalet at det blir etablert ein ny hovudmodell for utdanning av yrkesfaglærarar på universitets-/høgskolenivå der den yrkesteoretiske og pedagogiske utdanninga er integrerte. Det skal etablerast 11 fagretningar tilsvarande studieretningsstrukturen i yrkesfag i vidaregåande opplæring. Modellen skal mellom anna byggje på følgjande:

Undervisningskompetanse:

  • utdanninga skal gi kompetanse for undervisning i heile grunnkurset og for vidaregåande kurs I og II/bedriftsopplæring i det fagområdet som kandidaten har yrkeskompetanse i. I tillegg kan utdanninga kvalifisere for undervisning i enkeltfag på mellom- og ungdomssteget i grunnskolen
  • det bør vurderast om yrkesfaglærarar utdanna etter modellen med praktisk-pedagogisk utdanning skal ha avgrensa undervisningskompetanse eller tilleggskrav om utdanning.

Opptakskrav skal vere:

  • fag-/sveinebrev etter 2+ modellen eller anna 3-årig fullført yrkesutdanning
  • to års relevant arbeidslivspraksis. Arbeidslivspraksisen skal vere på yrkesområdet til vedkomande søkjar
  • generell studiekompetanse.

Utdanninga:

  • skal samla ha eit omfang på 60 vekttall, og skal omfatte strukturkomponentane:
    • basis (10 vekttal): skal vere felles for alle studentane og i hovudsak omfatte pedagogikk, didaktikk, yrkesetikk og verdispørsmål
    • breidde (30 vekttal): skal innrettast mot dei enkelte grunnkursa og gi yrkesfagleg breidde og yrkesdidaktisk innsikt
    • fordjuping (20 vekttal): skal innrettast mot vidaregåande kurs og gi fordjuping i eige fagområde, ny teknologi, yrkesdidaktikk
  • skal innehalde pedagogisk praksis i eit omfang på minst 12-14 veker
  • skal forankrast i dei fire prinsippa:
    • "det doble praksisfeltet ", dvs lærarkompetansen og yrkesfagkompetansen
    • den yrkesfaglege opplæringstradisjonen og metoden
    • heilskap og samanheng
    • likeverd med anna lærarutdanning og profesjonsretta universitets- og høgskoleutdanningar.

Organisering:

  • utdanninga skal organiserast som fulltids- og deltidsstudium, og som desentralisert utdanning. Utdanninga kan strukturerast i modular og vere tilbod også til andre målgrupper, til dømes instruktørar i bedrift, som vaksenopplæring og arbeidsmarknadsopplæring
  • ansvaret for utdanninga bør leggjast til nokre få høgskolar med knutepunktfunksjon og nasjonalt ansvar for denne typen lærarutdanning
  • det blir etablert overgangsordningar for fagarbeidarar/studentar som har tatt fag-/sveinebrev før Reform 94.

Lærarutdanningsutvalet grunngir denne satsinga med behovet for å heve kvaliteten i fag- og yrkesopplæringa. I tillegg til forslaget om ny hovudmodell for grunnutdanning av yrkesfaglærarar, går utvalet inn for

  • ei styrking av etter- og vidareutdanningstilboda for lærarar i yrkesfag
  • at det blir initiert eit forskingsprogram innafor allmenn didaktikk, fag- og yrkesdidaktikk, der programmet særleg skal rettast inn mot dei yrkesfaglege studieretningane.

Utvalet peikar på dei spesielle behov ein yrkesfaglærar har for etterutdanning, mellom anna som følgje av raske faglege og teknologiske endringar. Når det gjeld vidareutdanning meiner utvalet at det manglar mykje på at yrkesfaglærarane har tilfredsstillande tilbod. Utvalet tilrår at dette blir prioritert, og at det bli lagt til rette for at alle lærarkategoriar kan fullføre relevant vidareutdanning til adjunkt- og lektornivå.

Utvalet grunngir forslag om satsing på eit forskingsprogram med at det er stort behov for forsking og kompetanseutvikling innan enkeltfag og studieretningar i yrkesfag. Etter utvalets vurdering utgjer allmenn didaktikk, fag- og yrkesdidaktikk sentrale element i all lærarutdanning. Utvalet tilrår at forskingsprogrammet omfattar 10-15 stipendiatstillingar og går over 5 år.

9.3 Høyringsfråsegner

9.3.1 Utdanning av yrkesfaglærarar

Forslaget om ny hovudmodell for utdanning av yrkesfaglærarar har særleg fått merksemd frå brukargrupper, næringslivsorganisasjonar, statlege rådsorgan og lærar- og elevorganisasjonar. Dei fleste høyringsinstansane støttar forslaget om å etablere ei ny 3-årig høgskolebasert yrkesfaglærarutdanning. Fleire legg vekt på behovet for å styrkje denne utdanninga i opplæringssystemet, mellom anna for å møte krava i reformene. Det er likevel ulike synspunkt når det gjeld opptakskrav, innhald, søkjargrunnlag etc.

Av dei statlege utdanningskontora uttrykkjer 14 av 16 at dei går inn for ei 3-årig utdanning på høgskolenivå med det innhaldet som utvalet foreslår. 12 av kontora støtter forslaget til opptakskrav, og det er ingen som går imot desse sidene av tilrådinga. Dei statlege utdanningskontora har også komme med ei felles høyringsfråsegn med støtte til modellen.

Saman med KS sluttar 13 av 18 fylkeskommunar seg til forslaget om 3-årig utdanning på høgskolenivå. 13 støttar forslaget til opptakskrav og 11 går inn for utvalets forslag til innhald. Ingen høyringsinstansar er direkte negative til desse sidene av forslaget. Som særlege utfordringar blir det mellom anna peika på rekruttering og behov for overgangsordningar.

Næringslivsorganisasjonane LO, NHO og YS ser svært positivt på utvalets sterke vektlegging av yrkesfaglærarutdanning og sluttar seg til at det blir etablert ei ny 3-årig høgskolebasert yrkesfaglærarutdanning. Desse organisasjonane meiner at generell studiekompetanse bør leggjast inn som ein del av utdanninga og ikkje som eitt av krava til opptak. Vidare tilrår LO og NHO at dagens krav om fire års arbeidslivspraksis blir oppretthalde som opptakskrav for heiltidsstudentar, medan to år blir tilrådd for studentar som studerer på deltid, dersom relevant praksis blir gjennomført i bedrift samstundes med studia.

NHO skisserer eit alternativt forslag til delar av innhaldet. For LO er kravet om arbeidslivspraksis ufråvikeleg. YS-forbundet Norsk Helse og Sosialforbund ser positivt på forslaget og uttrykkjer glede over at det blir lagt til rette for at arbeidstakarar i deira gruppe kan utdanne seg vidare til lærar. Det er ingen næringslivsorganisasjonar som eksplisitt uttrykkjer at dei går imot ei ny 3-årig yrkesfaglærarutdanning.

Blant lærar- og elevorganisasjonar støtter 7 eksplisitt forslaget om at det blir etablert ei ny 3-årig yrkesfaglærarutdanning på høgskolenivå og 6 går inn for innhaldet i forslaget. Ingen høyringsinstansar er direkte negative til desse delane av forslaget. Lærarorganisasjonane som støtter desse delane av forslaget er Lærerlaget, Skolenes landsforbund og Lærerforbundet. Lærernes yrkesforbund uttaler på sin side at de er "betenkt til forslaget om generell yrkesfaglærerutdanning". 5 støttar eksplisitt opptakskravet, og 3 støttar det ikkje. Enkelte av organisasjonane meiner det bør vere alternative utdanningsvegar til yrkesfaglæraryrket.

Blant universiteta, dei vitskaplege høgskolane og dei statlege høgskolane er det stor forskjell i høyringsfråsegnene når det gjeld omfang og innhald. Enkelte høyringsinstansar uttalar seg relativt fyldig, medan andre uttrykkjer få eller ingen synspunkt. Det er 8 institusjonar som støttar tilrådinga om å etablere ei ny 3-årig yrkesfaglærarutdanning på høgskolenivå. Ingen går imot. Universitetet i Bergen og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) er samde i tilrådinga. NTNU er spørjande til korleis rekrutteringa vil bli og universitetet tilrår ein lang periode med overgangsordningar, noko også andre høyringsinstansar meiner er nødvendig. To av høyringsinstansane uttrykkjer eksplisitt at dei ikkje støttar opptakskravet. Berre Høgskolen i Nord-Trøndelag er usamd i strukturen og innhaldet i forslaget. Denne høgskolen foreslår ei vidareutvikling av dagens modell med to års yrkesteori og eitt års praktisk-pedagogisk utdanning og klargjer sitt standpunkt slik: "Høgskolen vil etter vårt syn ikke ha kapasitet til å tilby PPU og yrkesfaglærerutdanning parallelt. Dette begrunnes både i økonomiske vilkår og i den fortsatte generelle mangelen på høyt kvalifisert yrkespedagogisk kompetanse."

Blant statlege rådsorgan går 9 inn for at det blir etablert ei 3-årig yrkesfaglærarutdanning på høgskolenivå. Det er ingen som uttrykkjer at dei ikkje støttar utvalets forslag. Opplæringsråda for byggtekniske fag foreslår ein alternativ 3-årig høgskolemodell der ingeniørutdanning og yrkesfaglærarutdanning blir kombinerte. Opplæringsrådet for kjemi- og prosessfag trur det kan bli vanskar med rekruttering, og ønskjer av den grunn "to eller flere sidestilte modeller for yrkesfaglærere", medan Opplæringsrådet for næringsmiddelfag gir sin fulle støtte til forslaget. Ei rekkje instansar uttalar seg når det gjeld søkjargrunnlag og opptakskrav. Det er berre to statlege rådsorgan som eksplisitt går imot forslaget til opptakskrav.

9.4 Departementets vurderingar og framlegg

9.4.1 Prinsipp for yrkesfaglærarutdanninga

Departementet har i sine vurderingar lagt vekt på at utdanninga skal:

  • vere på universitets- og høgskolenivå og likeverdig med anna lærarutdanning
  • dekkje behov som opplæringssystemet, arbeidslivet og samfunnet har for kompetanse, og kvalifisere for undervisningsoppgåver i vidaregåande opplæring som yrkesfaglege grunnkurs, vidaregåande kurs og bedriftsopplæring. Sekundært skal utdanninga kvalifisere for undervisning på grunnskolens mellom- og ungdomssteg, i arbeidsmarknadsopplæring og vaksenopplæring
  • innehalde ein yrkesteoretisk og ein integrert pedagogisk del
  • formidle yrkesfagleg og pedagogisk kompetanse med høg kvalitet og relevans for alle yrkesfaglege studieretningar og yrkesfag i tråd med reformene i opplæringssystemet generelt og endringane i fag- og yrkesopplæringa spesielt
  • forankrast i fag- og yrkesopplæring og i den yrkesfaglege opplæringstradisjonen og -metoden gjennom eit tett samspel med arbeidsliv og fagopplæring
  • ha god innhaldsmessig, organisatorisk og strukturell samanheng og heilskap
    • i grunnutdanninga
    • mellom grunnutdanninga, læraryrket og opplæringssystemet
    • mellom grunnutdanninga og etter- og vidareutdanning i eit livslangt læringsperspektiv
  • ha ein struktur som gir god oversikt, bidrar til effektiv gjennomstrøyming, god ressursutnytting og stabil rekruttering
  • vere fleksibel i organisering og gjennomføring
    • i forhold til nasjonale behov innafor dei enkelte yrkesfagretningane
    • for den enkelte lærarutdanningsinstitusjonen, med tanke på ekstern kompetanse
    • i forhold til den enkelte students erfarings- og fagbakgrunn, alder og livssituasjon.

9.4.2 Vurdering av dagens yrkesfaglærarutdanning

I innleiinga til dette kapittelet blir det peikt på at hovudtyngda av lærarar som underviser i yrkesfaglege studieretningar har fag- eller sveinebrev og arbeidslivspraksis som bakgrunn. Det er vidare gjort greie for oppbygging og struktur for denne lærarutdanninga. Med bakgrunn i prinsippa skisserte ovafor har dagens yrkesfaglærarutdanning mellom anna følgjande sterke sider:

  • rekrutterer søkjarar med fagarbeidarbakgrunn og lang arbeidslivspraksis. Yrkesfaglærarane har derfor god kjennskap til det yrket elevane blir utdanna til
  • fleksibel utdanningsveg for kandidatar som har godkjend yrkesteoretisk utdanning. Fagpersonar med ulik fagleg utdannings- og erfaringsbakgrunn kan bli yrkesfaglærar ved å gjennomføre ei eittårig praktisk-pedagogisk utdanning
  • rom for relativ stor fagleg fordjuping ut over fag-/sveinebrevnivå på område der det eksisterer relevante tilbod om yrkesteori
  • tett kopling mellom teori og praksis ved at kandidatane får prøve seg som lærarar før - og er tilsette som lærarar når - dei gjennomfører praktisk-pedagogisk utdanning
  • dagens parallelle organisering av pedagogisk utdanning for allmennfaglærarane og yrkesfaglærarane i vidaregåande opplæring legg til rette for ein felles modell og rammeplan for denne utdanninga.

I innleiinga til dette kapittelet er det og peikt på ei rekkje svake sider ved dagens yrkesfaglærarutdanning og praktiseringa av denne. Dei viktigaste er:

  • den yrkesteoretiske utdanninga er dårleg tilpassa og fagleg smal sett i forhold til dei breie grunnkursa i vidaregåande opplæring
  • kravet om to års yrkesteori er problematisk på fleire måtar:
    • det manglar studietilbod som kan karakteriserast som yrkesteori, særleg for handverks- og industrifaga
    • dei tilbod som finst, er ikkje innsikta mot lærarutdanning og er derfor dårleg tilpassa dei krava som Reform 94 set
    • yrkesteori er mangelfullt definert og eit mangfald av utdanningar er aksepterte som yrkesteori, med ulikt omfang og nivå. Tilboda er derfor uoversiktlege for brukarar og potensielle studentar, utdanningsvegen til yrkesfaglæraryrket er lite synleg. Dette fører truleg til svak rekruttering
  • den praktisk-pedagogiske utdanninga fungerer dårleg på fleire måtar:
    • lite reell nyrekruttering. Over 90 prosent av yrkesfaglærane er mellombels tilsette ("på vilkår") i vidaregåande opplæring før dei tar til på den praktisk-pedagogiske utdanninga si
  • for yrkesfaglærarar som er tilsette på vilkår, må utdanninga gjennomførast innan 3 år for å få fast stilling. Ein kan stille spørsmål ved motivasjonen for og effekten av å gjennomføre den pedagogiske opplæringa etter at ein er tilsett
  • mangelfullt og svakt utbygd innhald i fag-/yrkesdidaktikk
    • dårleg samanheng mellom den faglege og den pedagogiske utdanninga som følgje av at desse blir gjennomførte separat og i hovudsak ved ulike utdanningsinstitusjonar. Ingen av desse har eit samla fagleg og pedagogisk ansvar for yrkesfaglærarutdanninga
    • yrkesfaglærarar utdanna etter dagens grunnutdanningsmodell har i ulik grad allmennfaglege kunnskapar tilpassa endringane i fag- og yrkesopplæringa etter Reform 94
    • få relevante tilbod om etter- og vidareutdanning for yrkesfaglærarar.

Konklusjon

I forhold til dei prinsippa som departementet meiner bør liggje til grunn for ei yrkesfaglærarutdanning som er tilpassa opplæringsreformene, har dagens yrkesfaglærarutdanning såpass mange svake sider at ein del grunnleggjande endringar er nødvendige:

  • Det er behov for radikal endring av struktur og innhald i grunnutdanninga til yrkesfaglærarar dersom ho skal kunne gi kompetanse for undervisning både i dei breie grunnkursa og i vidaregåande kurs i yrkesfaglege studieretningar, dessutan på grunnskolens mellom- og ungdomssteg, i arbeidsmarknadsopplæring og vaksenopplæring.
  • Det må utviklast tilbod i yrkesfaglærerutdanninga som er tilpassa tilbodsstrukturen i fag- og yrkesopplæringa etter Reform 94. Breidda i fagutdanningar som er godkjende som yrkesteori er på den eine sida alt for stor. Dei er også overlappande og i ulik grad tilpassa behova i fag- og yrkesopplæringa etter Reform 94. På den andre sida er det fleire yrkesfag der det ikkje er yrkesteoretiske tilbod.
  • Skal yrkesfaglærarutdanninga gi større fagleg, pedagogisk og organisatorisk samanheng og heilskap, er det behov for ei vesentleg endring av utdanningsmodellen.
  • Skal grunnutdanninga for yrkesfaglærarar både fagleg og pedagogisk bli gitt ei forankring i høgre utdanning og samstundes behalde ei sterk kobling til yrkeslivet, vil det i det vidare arbeidet vere behov for samarbeid mellom høgre utdanningsinstitusjonar og partane i arbeidslivet, fagopplæringssystemet, brukarar og andre.
  • Det er behov for forenkling og samordning dersom strukturen i yrkesfaglærarutdanninga skal vere oversiktleg, gi effektiv gjennomstrøyming, føre til nyrekruttering og at ungdom i større grad siktar seg inn mot yrkesfaglæraryrket.
  • Det fag-/yrkesdidaktiske kunnskapsområdet er i liten grad utvikla. Skal kunnskap bli utvikla på dette fagområdet, er det behov for ei nasjonal satsning.
  • Endringar av grunnutdanninga gir først og fremst verknad på lang sikt. For å realisere Reform 94 og for å møte faglege og teknologiske endringar i yrkesfaga er det nødvendig med ei vidare statleg og fylkeskommunal oppfølging med systematisk etter- og vidareutdanning for yrkesfaglærarar.

9.4.3 Alternative løysingar

I dette kapittelet vil ulike løysingsalternativ for grunnutdanninga bli drøfta. Sterke og svake sider ved alternativa blir vurderte i forhold til dei prinsippa som er skissert i kap 9.4.1. Andre former for kompetanseheving vil òg bli vurdert. Departementets framlegg til løysing er skissert i punkt 9.4.4.

Grunnutdanning for yrkesfaglærarar

Yrkesfaglærarutdanninga er eit viktig virkemiddel for å oppnå god kvalitet i fag- og yrkesopplæringa. For departementet er det viktig å leggje til rette for ei yrkesfaglærarutdanning som sikrar at alle yrkesfaga kan rekruttere lærarar som har praktiske og teoretiske kunnskapar og dugleik av høg kvalitet og relevans. Dette inneber konkret yrkesfagleg kompetanse når det gjeld både breidde- og djupne, yrkesdidaktisk og pedagogisk kompetanse og allmennteoretisk kunnskap. Vidare ser departementet det som viktig at denne utdanninga er likeverdig med anna lærarutdanning, med like vilkår for kunnskapsutvikling og etter- og vidareutdanning.

Det er tre handlingsalternativ:

1. Dagens ordning

2. Vidareutvikling av dagens ordning

3. Ny modell for yrkesfaglærarutdanning

1. Dagens ordning.

I punkt 9.4.2 ovafor er sterke og svake sider ved dagens ordning vurderte. Konklusjonen er at modellen ivaretar behovet for yrkesfagleg forankring i delar av yrkesfaget på grunnkurset. Dei kandidatane som har yrkesteori, har relativ stor fagleg fordjuping. Det er likevel så mange svake sider ved dagens ordning at det er behov for ei forbetring dersom dette skal vere einaste utdanningsvegen til yrkesfaglæraryrket.

2. Vidareutvikling av dagens ordning

Dette alternativet vil krevje opprusting og vidareutvikling av dagens ordning og innskjerping av utdanningskrava. Det vil særleg vere behov for omfattande endringar av den yrkesteoretiske delen av utdanninga og tettare kopling mellom denne og den praktisk-pedagogiske delen av yrkesfaglærarutdanninga.

Fordelar ved dette alternativet er:

  • Dette er ein utdanningsmodell som brukarar, fagopplæringssystemet og andre interessegrupper har god kjennskap til.
  • Den pedagogiske utdanninga for yrkesfag er institusjonelt forankra på høgskolenivå. Utdanninga er etablert innanfor Noregsnettet med knutepunkt og linjer i eit nettverk, mellom samarbeidande utdanningsinstitusjonar. Nettverket kan eventuelt byggjast ut vidare. Denne delen av yrkesfaglærarutdanninga tilsvarar den praktisk-pedagogiske utdanninga for allmennfaglærarar i vidaregåeande opplæring. Med lik struktur i den pedagogiske utdanninga for yrkesfaglærarar og allmennfaglærar, kan delar av utdanninga samordnast om ønskjeleg for dei to lærarkategoriane.
  • Den faglege utdanninga (yrkesteori) siktar ikkje primært på yrkesfaglæraryrket. Ei vidareutvikling av den yrkesteoretiske delen kan i endå større grad enn i dagens fagutdanning tilpassast kompetansebehovet til bedriftene. For studentane vil dette gi fleire moglege yrkesval.

Ulempene ved dette alternativet er:

  • Det vil vere behov for ei omfattende tilpassing av dei ulike yrkesteoretiske utdanningane til behova for fagkompetanse utløyst av Reform 94, særleg breiddekompetanse. Dette er problematisk og lite ønskjeleg fordi dei eksisterande yrkesteoriutdanningane primært siktar inn mot andre yrke i arbeidslivet, ikke læraryrket. Dei skal framleis gjere det.
  • Det er uvisst om ei vidareutvikling av dagens modell vil føre til god oversikt, meir effektiv gjennomstrøyming og betre rekruttering, ma ved at ungdom i større grad siktar seg inn mot yrkesfaglæraryrket.
  • Fordi den fagutdanninga som utgjer den yrkesteoretiske delen av yrkesfaglærarutdanninga er mangfaldig og lite samordna, og fordi fagutdanninga og den pedagogiske utdanninga blir gjennomførde separat, vil dagens modell i liten grad føre til heilskap og samanheng.
  • Gjennom ei vidareutvikling av dagens utdanning vil tradisjonar og oppfatningar bli vidareført. Dette gjeld òg tradisjonar og oppfatningar som er utilsikta og lite ønskjelege og som kan ha uheldig innverknad på kvaliteten i yrkesopplæringa og status for yrkesfaga og yrkesfaglærarane.

Konklusjon

Gjennom ei vidareutvikling av noverande yrkesfaglærarutdanning kan fleire av dei svake sidene truleg minimaliserast eller fjernast. Men dette vil innebere relativt omfattande utviklingsarbeid og nyetableringar og krevje omfattande organisatoriske, faglege og økonomiske tiltak for å ruste opp dagens yrkesfaglærarutdanning. Dersom alle yrkesfaga skal sikrast yrkesfaglærarar med relevant utdanning, vil det vere nødvendig å utvikle eigne to årige tilbod i yrkesteori innretta mot læraryrket og dei 11 yrkesfaglege studieretningane.

3.Lærarutdanningsutvalets framlegg - ny modell for yrkesfaglærarutdanning

I punkt 9.2 er lærarutdanningsutvalets framlegg til ny yrkesfaglærarutdanning referert.

Fordelane med dette alternativet er:

  • Modellen vil bidra til at fag- og yrkesopplæringa blir tilført yrkesfaglærarar med yrkesrelevant kompetanse tilpassa GK, VKI og VKII/bedrift. Modellen legg til rette for at alle som gjennomfører utdanninga, oppfyller krava til 3-årig lærarutdanning, jf forskrifta.
  • Modellen tar vare på og vidarefører det beste frå noverande modell, ma forankring i arbeidslivet, arbeidslivspraksis og opplæringstradisjonane frå fag- og yrkesopplæringa.
  • Yrkesfaglærarutdanning blir gitt institusjonell forankring på høgskolenivå. Dette medverkar ma til:
    • heilskapleg fagleg og pedagogisk kompetanseutvikling for yrkesfaglærarane
    • likeverd i høve til anna lærarutdanning og profesjonsretta høgskoleutdanning.
  • Ein kan i større grad oppnå heilskap og samanheng i utdanninga fordi den pedagogiske og den yrkesteoretiske utdanninga blir integrerte.
  • Modellen bidrar til forenkling og samordning. Det kan virke positivt for:
    • rekrutteringa til yrket. Utdanningsvegen fram til yrkesfaglæraryrket blir meir synleg for ungdom slik at dei kan motiverast til å starte lærarutdanninga tidlegare. Gjennomsnittleg yrkesaktiv periode som lærar blir dermed lengre
    • sentrale styresmakter, skoleeigarar og andre brukargrupper. Modellen blir meir rasjonell, noko som ma kan gi faglege, administrative og ressursmessige gevinstar.
  • Innføring av ny modell er eit organisatorisk tiltak som kan bryte uheldige haldningar og tradisjonar som gjeld dagens yrkesfaglærarutdanning.

Svake sider ved innføring av ny modell:

  • Det er usikkert korleis rekrutteringa vil bli til ny yrkesfaglærerutdanning. Modellen føreset at elevar som går ut av vidaregåande opplæring med fagbrev og yrkeskompetanse vil i tillegg skaffe seg praksis og generell studiekompetanse og ta ei treårig høgskoleutdanning for å bli lærar.
  • Ei treårig høgskoleutdanning etter ei yrkesfagutdanning kan skape avstand til arbeidslivet og minske kontakten med utviklinga i yrkesfaget.
  • Det er tvilsamt om det finst relevante fagmiljø innan utdanningssystemet i dag som kan gi fagleg utdanning innretta mot alle dei 11 yrkesfaglege studieretningane etter dei prinsippa, det innhaldet og den strukturen som gjeld for ny modell.
  • Innføring av ei ny yrkesfaglærarutdanning i full breidde vil vere kostnadskrevjande.

Andre tiltak for å styrkje yrkesfaglærarkompetansen

Etterutdanning er hovudsakleg skoleeigars ansvar, men staten skal òg leggje til rette for at lærarar får ta etterutdanning, jf lærarutdanningslova §4 nr 2.

I tråd med St meld nr 37 (1990-91) Om organisering og styring i utdanningssektoren meiner departementet at staten har strategisk ansvar for etterutdanning ma gjennom målutforming, kartlegging av behov, FoU-arbeid, prioritering av satsingsområde og evalueringsarbeid. Departementet ser det som eit viktig statleg ansvar å leggje til rette for at alle lærargrupper får høve til etter- og vidareutdanning. Ei særleg utfordring er dei yrkesfaga der det kan vere relativt få lærarar på landsbasis, og der det er nødvendig med tiltak på tvers av fylkesgrenser.

Vidareutdanning er eit individuelt ansvar. Departementets ansvar vil vere å syte for at det eksisterer relevante tilbod og at dei er organiserte slik at dei òg kan gjennomførast i tillegg til ordinær stilling, eventuelt i samband med redusert stilling. Dette målet er ikkje uproblematisk, ma fordi det manglar kompetansemiljø innan yrkesfag i universitets- og høgskolesystemet. Det har berre i liten grad vore tilbod om relevant vidareutdanning for yrkesfaglærarar.

For å møte den faglege og teknologiske utviklinga i yrkesfaga og for at intensjonane i Reform 94 skal realiserast, meiner departementet at det vil vere behov for å halde fram med etter- og vidareutdanning for denne lærargruppa over tid. Dette kjem ma av at:

  • nyrekruttering av yrkesfaglærarar representerer ei årleg utskifting av lærarstaben på under 5 prosent, ma o blir ikkje skolen tilført særleg mykje ny kompetanse pr år gjennom dei som er nyutdanna.
  • Reform 94 fører til at yrkesfaglæraranes kompetanse blir vurdert som mangelfull på fleire område, ma i høve til dei breie grunnkursa.

Konklusjon

Yrkesfaglærarutdanninga står framfor store utfordringar. Det vil krevje ei omfattande fagleg, organisatorisk og økonomisk satsing, både å vidareutvikle eksisterande yrkesfaglærarutdanning, slik at svake sider ved denne blir minimalisert, og å etablere ein ny modell. Etter departementets syn vil innføring av ny hovudmodell for yrkesfaglærarutdanning, med struktur og innhald som foreslått av lærarutdanningsutvalet, vere den beste løysinga. Det vil framleis vere ein alternativ utdanningsveg til yrkesfaglærarkompetanse gjennom praktisk-pedagogisk utdanning for dei som har ei yrkesretta grunnutdanning på høgskole- eller universitetsnivå, jf kapittel 7.

Samstundes er det viktig å minne om at endringar i grunnutdanning for lærarane framfor alt gir verknader på lang sikt. Reform 94, saman med faglege endringar og ny teknologi i fag- og yrkesopplæring, føreset raskare kompetanseutvikling enn det grunnutdanninga kan gi. Departementet ser derfor etter- og vidareutdanning som heilt sentrale virkemiddel for å møte behov for kompetanse hos yrkesfaglærarene.

9.4.4 Departementets framlegg

Med bakgrunn i prinsippa i kapittel 9.4.1 og alternativa som er drøfta i kapittel 9.4.3 foreslår departementet følgjande 4 hovudtiltak for å styrkje kompetansen til yrkesfaglærarane:

1. Det blir innført ein ny modell for yrkesfaglærarutdanning med hovudprinsipp, struktur og innhald som foreslått av lærarutdanningsutvalet

Den nye modellen skal omfatte yrkesfaglærarutdanning for alle yrkesfaglege studieretningar. Utdanninga skal byggjast opp med utgangspunkt i aktuelle utdanningsinstitusjonar innan Noregsnettet. Dette vil innebere eit stort nybrottsarbeid i universitets- og høgskolesystemet, ma vil det vere behov for personell som kombinerer yrkesfag- og pedagogkompetanse til å undervise i den nye lærarutdanninga. Søkjargrunnlag og rekruttering er faktorar som må takast omsyn til ved utbygging av den nye utdanninga.

Departementet vil innføre den nye modellen i to fasar og foreslår at det i første omgang blir innført ny yrkesfaglærarutdanning for fem yrkesfaglege studieretningar frå år 2000, som er det tidspunktet då dei første Reform 94-elevane vil kunne ha kvalifisert seg for opptak. Dei fem studieretningane kan etablerast ved at:

  • faglærarutdanning i ernæring, helse- og miljøfag blir gjort om til yrkesfaglærarutdanning i helse- og sosialfag og hotell- og næringsmiddelfag, jf kapittel 8.4.2.
  • delar av faglærarutdanning i forming og formingsfag blir gjort om til yrkesfaglærarutdanning i formgivingsfag
  • noko av den ledige kapasiteten i ingeniørutdanningane blir nytta til yrkesfaglærarutdanning i mekaniske fag og i elektrofag.

Til grunn for val av dei fem studieretningane ligg eksisterande kompetanse i universitets- og høgskolesystemet, ma knytt til dei nemnde faglærarutdanningane som blir avvikla og til relevante fagmiljø innan ingeniørutdanning. Det er også desse studieretningane som har det største årlege behovet for nye lærarar.

Departementet vil dessutan vurdere å opprette i første fase yrkesfaglærarutdanning i resepsjons- , butikk- og kontorfag med utgangspunkt i delar av noverande faglærarutdanning i økonomisk-administrative fag, som blir avvikla som faglærarutdanning, jf kapittel 8.4.2.

Departementet legg følgjande framdriftsplan til grunn for innføring av ny modell for yrkesfaglærarutdanning:

  • Dei fem (eventuelt seks) første studietilboda blir innførte frå hausten år 2000.
  • Fullt utbygd modell, med dei utdanningstilbod og den utdanningskapasitet som opplæringssystemet har behov for, er i drift frå hausten 2006.

Departementet har basert framdriftsplanen på desse momenta:

  • Ny modell for yrkesfaglærarutdanning føreset søkjarar som har gjennomført fag- og yrkesopplæring etter Reform 94 og minst 2 års relevant praksis. Det er først i år 2000 at det vil vere potensielle søkjarar med denne bakgrunnen. Det blir etablert overgangsordningar for søkjarar som har tatt fag-/sveinebrev før Reform 94.
  • Det tar tid å byggje opp kompetanse og omdisponere ressursar ved dei institusjonane som skal drive denne utdanninga. På den andre sida vil ansvaret for å utvikle yrkesfaglege studieretningar innan yrkesfaglærarutdanninga kunne tilføre dei aktuelle miljøa nye perspektiv på verksemda og kontaktflater til arbeidslivet.
  • I dei fem eller seks studietilboda, helse- og sosialfag, hotell- og næringsmiddelfag, formgivingsfag, mekaniske fag og elektrofag og evt resepsjons-, butikk- og kontorfag, som vil bli bygde ut i første fase, vil det vere kompetanse i relevante fagmiljø.
  • Ved ei gradvis innføring av ny modell for yrkesfaglærarutdanning kan kostnadene fordelast over fleire år.

Utdanninga skal organiserast som fulltids- og deltidsstudium, og som desentralisert utdanning. Utdanninga kan strukturerast i modular og vere tilbod også til andre målgrupper, t d instruktørar i bedrift, som vaksenopplæring, arbeidsmarknadsopplæring og etter- og vidareutanningstilbod.

2. Innhald og struktur i praktisk-pedagogisk utdanning blir justert.

Departementet går i kapittel 7 inn for at praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag skal vidareførast, organisert etter ein felles rammeplan for allmennfag og yrkesfag. I den samanheng tar departementet sikte på å justere innhaldet og strukturen i den praktisk-pedagogiske utdanninga der det er nødvendig å styrkje den yrkesteoretiske delen.

For yrkesfaga vil justeringa innebere ei kompetanseutvikling på det yrkesdidaktiske området. Dette tiltaket vil ha stor relevans også for utvikling av den nye modellen for yrkesfaglærarutdanning.

Departementet vil foreta ein gradvis reduksjon i utdanningskapasiteten i praktisk-pedagogisk utdanning etter kvart som studietilbod etter ny modell for yrkesfaglærarutdanning blir etablerte.

3. Det blir lagt til rette for vidare målretta satsing på etter- og vidareutdanning av yrkesfaglærarar.

Endringar av grunnutdanninga gir først og fremst verknad på lang sikt. Omforming av grunnutdanninga kan ikkje erstatte tiltak innan etter- og vidareutdanning. Departementet tar derfor sikte på ei vidare målretta satsing på etter- og vidareutdanning for yrkesfaglærarar for å realisere Reform 94 og for å møte faglege og teknologiske endringar i yrkesfaga. Departementet vil i den samanheng ta initiativ til å utvikle ein handlingsplan der både etter- og vidareutdanning og FoU inngår. Dette arbeidet må skje i samarbeid og samfinansiering med fylkeskommunane. For yrkesfag med relativt få lærarar på landsbasis vil departementet ta eit særleg ansvar slik at også desse gruppene blir sikra tilbod om relevant etter- og vidareutdanning.

4. Det blir lagt til rette for yrkesfagleg forsking og kompetanseheving.

Yrkesdidaktikk står sentralt både i samband med innføring av ny modell for yrkesfaglærarutdanning og revidering av praktisk-pedagogisk utdanning. Departementet har registrert at dette er eit udekt kunnskapsfelt innafor yrkesfaglærarutdanninga i dag. Departementet vil vurdere å strykje yrkesdidaktisk forsking som er relevant for fag- og yrkesopplæringa og yrkesfaglærarutdanninga.

9.4.5 Oppsummering

Departementet foreslår:

  • at det blir innført ei ny 3-årig yrkesfaglærarutdanning etter hovudprinsipp og med struktur og innhald som foreslått av lærarutdanningsutvalet, jf kapittel 9.2
  • at ny yrkesfaglærarutdanning blir innført delvis ved å gjere om eksisterande faglærarutdanningar, delvis ved å nytte kompetanse og kapasitet i relevante fagmiljø innan ingeniørutdanning
  • at innføringa skjer i to fasar:
    • oppretting av fem (ev seks) yrkesfagretningar frå år 2000, som er første året Reform 94-elevar vil kunne vere kvalifiserte for opptak
    • vidare utbygging av dei neste studieretningane til full utdanningskapasitet innan år 2006
  • at den nye yrkesfaglærarutdanningsmodellen kan organiserast som fulltids- og deltidsstudium, og som desentralisert utdanning
  • å leggje til rette for yrkesfagleg forsking og etter- og vidareutdanning av yrkesfaglærarar
  • yrkesfaglærarar utdanna etter ny modell vil kunne tilsetjast på mellom- og ungdomssteget for undervisning i fag dei har relevant kompetanse i og som har eit omfang på minimum 10 vekttal inkludert fagdidaktikk, jf kapittel 4.

10Samisk lærarutdanning

10.1 Innleiing

Samisk lærarutdanning er tidlegare omtalt og gjort greie for mellom anna i St meld nr 40 (1990-91) Frå visjon til virke. Om høgre utdanning, i NOU 1996: 22 Lærerutdanning. Mellom krav og ideal og seinast i ei stortingsmelding om norsk samepolitikk som ligg føre våren 1997.

10.2 Lærarutdanningsutvalets innstilling

Lærarutdanningsutvalet legg vekt på at samisk lærarutdanning må førebu for ei heilskapleg samisk opplæring med sterk forankring i samisk språk og kultur. Utvalet framhevar at vanskar med å rekruttere studentar til samisk lærarutdanning gir grunn til uro og foreslår derfor at det blir oppretta utdanningsstipend for å dekkje lærarbehovet i område der det har vore vanskeleg med rekruttering av lærarar. Det blir dessutan foreslått ei studentrekrutteringsordning i form av forkurs for høgre utdanning og det blir understreka at lærarar som ikkje er samiskspråklege og som skal undervise i samiske område, også treng kunnskap i samisk.

Utvalet tilrår på denne bakgrunn at:

  • det blir utvikla nye studieplanar for samisk allmennlærarutdanning
  • det blir oppretta eit 1-årig intensivstudium i samisk for ikkje-samisktalande
  • duodji som fag i yrkesfaglærarutdanninga blir vurdert
  • "tradisjonskunnskap" blir oppretta som nytt fag på 10 vekttal i samisk lærarutdanning
  • Samisk høgskole blir styrka fagleg ved ein auka FoU-aktivitet.

10.3 Høyringsfråsegner

Sametinget støttar utvalet i at alle allmennlærarstudentar må få innføring i samisk kultur, og at dette blir innarbeidd i rammeplanane for faga i allmennlærarutdanninga. Sametinget er derimot ikkje nøgd med utvalets arbeid når det gjeld samisk lærarutdanning, og meiner mellom anna at utgreiinga manglar eit historisk oversyn og ein analyse av dagens samiske lærarutdanning. Sametinget ber derfor departementet om å gjennomføre ei eiga utgreiing om samisk lærarutdanning, og tinget ser det som naturleg å bli rådspurt om fastsetjing av mandat og oppnemning av medlemmer til eit utval.

Samisk høgskole sluttar seg ikkje til lærarutdanningsutvalets tilrådingar om samisk lærarutdanning. På same måte som Sametinget, ønskjer høgskolen ei eiga utgreiing der samisk lærarutdanning blir sett inn i og forklart ut frå eit historisk og samfunnsmessig perspektiv og der forskjellane mellom samisk lærarutdanning og anna lærarutdanning i Noreg kjem fram. Samisk høgskole meiner i tillegg at dei oppgåvene Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen i Bodø har i samisk lærarutdanning må klargjerast. Også Høgskolen i Bodø og Høgskolen i Nord-Trøndelag og dei statlege utdaningskontora i Finnmark og Nordland ønskjer ei eiga utgreiing om samisk lærarutdanning.

Samisk høgskole er positiv til at det er foreslått spesielle rekrutteringstiltak til samisk lærarutdanning og ønskjer at dette vert utdjupa ved ei kartlegging av potensielle rekruttar. Samisk utdanningsråd saknar og ein betre analyse av rekrutteringsproblematikken, og foreslår mellom anna at høgskolen tilbyr desentraliserte undervisningsopplegg i dei ulike samiske regionar. Utdanningsrådet etterlyser dessutan ein breiare omtale av utdanning lærarar i lule- og sørsamiske språk.

Samisk høgskole problematiserer om faget tradisjonskunnskap bør integrerast i alle fag i samisk lærarutdanning eller om kunnskapen best kan bli ivaretatt og utvikla gjennom eit eige fag. Etablering av faget blir dessutan sett i forhold til valfridomen til studentane.

Universitetet i Tromsø understrekar at det må utdannast lærarar som kan undervise i samisk, då dagens situasjon er at for få elvar har grunnlag i språket til å kunne studere samisk ved høgskolen i Kautokeino.

Fylkeskommunane i Finnmark og Troms framhevar behov for lærarar med kompetanse i samisk, og støttar utvalets framlegg om eittårig intensivstudium for ikkje-samisktalande.

Norsk Lærerlag, Lærerforbundet og Landslaget for Norges Lærerstudenter støttar utvalets tilråding om å vurdere å opprette duodji som fag i ei yrkesfaglærarutdanning.

Statens utdanningskontor i Finnmark drøftar på same måte som Samisk høgskole faget tradisjonskunnskap. Utdanningskontoret stiller òg spørsmål til om det teoretiske "kunnskaps"-omgrepet er riktig brukt i forhold til samisk kultur. Statens utdanningskontor i Troms meiner at utvalet ikkje har drøfta godt nok behovet for ei lærarutdanning som er tilpassa dei samiske distrikta der vaksne og barn kan lite samisk. Utdanningskontoret tilrår at samiske fag ved dei nordnorske høgskolane vert styrkt både for å kunne inngå som del av grunnutdanninga og som vidareutdanning for lærarar. Vidare foreslår utdanningskontoret ein desentralisert utdanningsmodell for samisk lærarutdanning der 40 vekttal blir tatt ved Samisk høgskole og 40 vekttal blir tatt desentralisert ved andre høgskolar. Statens utdanningskontor i Nordland ser det som eit viktig rekrutteringstiltak å motivere blant samar frå distrikt der dagens ungdom tilhøyrer første eller andre generasjon samar med norsk som morsmål.

Lærarutdanningsrådet (LR) vurderer utvalets behandling av samisk lærarutdanning som kortfatta, summarisk og mangelfull. Rådet meiner at utvalet ikkje har gitt ein analyse av svake sider og behov ved dagens samiske lærarutdanning tilsvarande den som er gitt av norsk lærarutdanning. LR ser derfor på konklusjonane i kapittel 6.2.11 som til dels generelle og til dels svakt underbygde, noko som gir eit dårleg grunnlag for nye tilrådingar. Det blir vidare sett på som ein mangel at utvalet ved behandling av samisk lærarutdanning stort sett overser andre moglege løysingar enn dei som kjem frå Samisk høgskole.

Opplæringsrådet for duodji foreslår at samisk lærarutdanning blir organisert i modular på bakgrunn av samisk kultur og språk, og meiner at dette også kan vere med på å styrkje duodji. Rådet støttar utvalets syn på ei yrkesfaglærarutdanning i duodji og tilrår at ei slik utdanning blir bygd på ulike modellar.

10.4 Departementets vurderingar og framlegg

10.4.1 Samisk høgskole

I 1989 vart Samisk høgskole etablert som utdannings- og forskingsinstitusjon med hovudvekt på samisk lærarutdanning og med nordsamisk som undervisnings- og administrasjonsspråk. Det er føresett at høgskolen skal ha eit ansvar i forhold til alle samiske språkområde når det gjeld dei ulike samiske språkgruppene i Noreg og samisk befolkning i andre land. Samisk høgskole er såleis open for søkjarar frå Finland, Sverige og Russland. Dette nordiske samarbeidet er ei særleg administrativ og fagleg utfordring for Samisk høgskole, til dømes når det gjeld undervisning i svensk og finsk og tilbod om praksisplassar i Sverige og Finland.

Samisk lærarutdanning er særskilt tilrettelagt for det samiske samfunnets behov. Utdanninga er det sentrale verkemiddelet for å sikre dei samiske områda godt kvalifisert personell til barnehagar og skoleverk, og er såleis ein del av den kulturelle oppbygginga som skal bidra til å styrkje og vidareutvikle samhaldet mellom samar. Oppgåva til samiske lærarar er mellom anna å føre tradisjonell samisk kunnskap vidare til komande generasjonar, samstundes som dei er med på å utvikle kunnskap. Alle faga i samisk lærarutdanning tar omsyn til dei oppgåvene samiske lærarar har, og særleg faga samisk språk, samfunnsfag og pedagogikk blir brukt som reiskap i denne samanheng. Samisk lærarutdanning gir spesiell kompetanse som lærar i det samiske samfunnet, og er samstundes eit likeverdig utdanningstilbod på linje med anna lærarutdanning. Lærarstudentane får på denne måten ein dobbelkvalifikasjon.

Fagpersonalet ved Samisk høgskole skal drive med forsking og utviklingsarbeid og på dette grunnlaget heve kvaliteten på utdanninga, vere fagleg basis for undervisning og byggje opp og vidareutvikle kompetanse. Fagpersonalet skal i samarbeid med andre drive FoU-arbeid, formidle forskingsresultat til samfunnet, og innhente ny kunnskap og idear frå andre kjelder.

Ei særleg utfordring på FoU-området framover, er oppfølginga av skolereformene og dei nye samiske læreplanane (L 97 Samisk).

Ved Samisk høgskole er det for tida tre stipendiatstillingar i respektive samisk språk, "samisk kunnskap og forståing" og naturfag. Kyrkje,- utdannings- og forskingsdepartementet vil til ei kvar tid vurdere tildeling av stipendiatstilingar på det samiske området.

Det auka omfanget av obligatoriske fag i allmennlærarutdanninga vil medføre at studentar ved Samisk høgskole, der også samisk er obligatorisk, får ein avgrensa valfridom. Høgskolen har i dag ikkje gitt tilbod i engelsk, men må etter den nye modellen som er foreslått i meldinga organisere eit slikt studium. På grunn av storleiken på høgskolen ser departementet at det kan vere vanskeleg med ei organisering av faga som er knytt opp til det enkelte studentkullet slik det er foreslått for andre høgskolar. Med eit særleg utgangspunkt i dei nye samiske læreplanane (L-97 Samisk), grunnskolereforma (Gr 97), Reform 94 og Lærarutdanningsreforma (Lu 98), må det derfor utviklast ein ny samisk studieplan for allmennlærarutdanninga. Samisk høgskole vil ha eit særleg ansvar for utforminga av den framtidige samiske lærarutdanninga, men det vil samstundes vere viktig å opprette eit samarbeid med andre høgskolar i dette arbeidet.

10.4.2 Høgskolen i Bodø og Høgskolen i Nord-Trøndelag

Samisk høgskole er den einaste høgskolen som tilbyr ei fullstendig samisk lærarutdanning. I tillegg har ein ved Høgskolen i Bodø undervisning i lulesamisk språk og kultur og ved Høgskolen i Nord-Trøndelag tilbod i sørsamisk språk og kultur. Studia blir tilbydt som del av grunnutdanninga for lærarstudentar eller som vidareutdanning for lærarar og andre som har behov for faga i sine yrke. Det er ei særleg utfordring for desse høgskolane å byggje opp eit tilbod overfor små samiske språkgrupper som bor spreidd over eit stort område og i ulike regionar. Det er derfor viktig med eit godt samarbeid mellom institusjonar som tilbyr studium innanfor samisk lærarutdanning.

Det er for tida ei stipendiatstilling i lulesamisk ved Høgskolen i Bodø og ei stipendiatstilling i sørsamisk ved Høgskolen i Nord-Trøndelag. Kyrkje,- utdannings- og forskingsdepartementet vil også på desse samiske områda til ei kvar tid vurdere tildeling av stipendiatstillingar.

10.4.3 Rekruttering

Stortingets endring av samelova i 1990 jamstelte samisk språk med norsk. Samstundes vart grunnskolelova endra for å styrkje opplæringa i og på samisk. Dette har ført til at talet på elevar som får opplæring i samiske språk aukar. Samisk utdanningsråd har rekna ut at det er behov for ca 200 samiske lærarar på norsk side. Det er såleis ein stadig mangel på lærarar som kan undervise i nord-, sør- og lulesamisk.

Etablering av Samisk høgskole har vore eit sentralt virkemiddel for å styrkje samisk lærarutdanning. Høgskolen kan ta opp 35 allmennlærarstudentar og 10 førskolelærarstudentar kvart år. Studieåret 1996/1997 er det totalt 51allmennlærarstudentar og 18 førskolelærarstudentar ved høgskolen. Dette viser at dagens utdanningskapasitet ved Samisk høgskole ikkje er fullt utnytta og at det er vanskar med rekrutteringa til samisk lærarutdanning.

Ei av årsakene til dette kan vere at det tidlegare har vore liten tradisjon blant samar for å skaffe seg studiekompetanse. Departementet har derfor lagt vekt på særskilde tiltak for å betre rekrutteringa av samiske søkjarar til høgre utdanning, ma gjennom vaksenopplæringstiltak som forkurs ved dei to samiske vidaregåande skolane i Kautokeino og Karasjok. Det kan vere grunn til å tru at Reform 94 vil føre til at ein større del av den samiske ungdomen skaffar seg studiekompetanse.

10.4.4 Utgreiing om samisk lærarutdanning

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil ta initiativet til ei eiga utgreiing der samisk lærarutdanning blir sett inn i og forklart ut frå historisk og samfunnsmessig samanheng, og der skilnadane mellom samisk lærarutdanning og anna lærarutdanning i Noreg kjem tydeleg fram. Det vil og vere naturleg å gjennomføre ei kartlegging som viser utdanningsbakgrunnen til og utdanningsbehovet for samiske lærarar. Dette er viktig bakgrunnsdokumentasjon for vidare analysar av manglar og behov ved dagens samiske lærarutdanning, ma for å vurdere behovet for etter- og vidareutdanning i samiskspråklege område.

Det vil òg vere ønskjeleg å kartleggje rekrutteringsgrunnlaget når det gjeld samiske søkjarar til høgre utdanning generelt og lærarutdanning spesielt. Ei slik kartlegging vil mellom anna vere formålstenleg for å vurdere tiltak for å betre rekrutteringa til lærarutdanninga av samiske studentar i ulike aldersgrupper, språkgrupper og regionar, til dømes når det gjeld bruk av forkurs til høgre utdanning, særlege stipendiatordningar eller desentralisert utdanning. Kartlegginga og utgreiinga må rettast mot dei tre samiske språkgruppene. Sametinget vil få en sentral rolle i dette arbeidet.

10.4.5 Etablering av nye studietilbod

Departementet har merka seg utvalets tilråding om oppretting av nye studium i tradisjonskunnskap og 1-årig intensivstudium i samisk for ikkje-samisktalande. Før departementet kan ta stilling til eventuelle søknader frå Samisk høgskole, må behovet og rekrutteringsunderlaget for nye studium utgreiiast av høgskolen.

Innafor vidaregåande opplæring er det i dag mogleg å ta fagbrev i duodji og reindrift, og det er derfor behov for yrkesfaglærarar som har fagleg og pedagogisk bakgrunn i dei to faga. Departementet vil vurdere situasjonen for dei to faga i samband med utviklinga av ny modell for yrkesfaglærarutdanning.

10.4.6 Oppsummering

Departementet:

  • ser det som viktig å styrkje rekrutteringa til samisk lærarutdanning og få ei betre dekning av samisktalande personell innan opplæringssystemet og førskolesektoren
  • vil ta initiativ til å utvikle ein eigen studieplan for samisk lærarutdanning som mellom anna tar omsyn til samisk læreplanverk (L-97 Samisk)
  • vil ta initiativ til ei eiga utgreiing om samisk lærarutdanning som inkluderer alle dei tre samiske språkgruppene.
Lagt inn 2 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen