12 Økonomiske og administrative...

Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

12 Økonomiske og administrative konsekvensar

Innleiing

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet oppnemnte eit utval til å gjennomgå og vurdere ulike sider ved norsk lærarutdanning og foreslå tiltak som skal bringe dei ulike utdanningane i samsvar med reformene i opplæringssystemet. Departementet har funne det nødvendig med ei innhaldsmessig og organisatorisk omforming av dagens lærarutdanning. M a er det føresett at det offentlege utgreiingsarbeidet til utvalet, NOU 1996:22, saman med læreplanverket for grunnskole og vidaregåande opplæring, skal vere eit viktig grunnlag for å utarbeide eit nytt planverk for norsk lærarutdanning. Arbeidet med nye rammeplanar og iverksetjing av desse er planlagt å skulle gjennomførast i hovudsak innafor avsette ressursrammer.

Dei aktuelle tiltaka innafor dei enkelte lærarutdanningane er omtalte nærmare i dette kapitlet. Andre tiltak av mindre omfang som departementet vil iverksetje, men som ikkje er nemnde her, meiner departementet vil kunne løysast innafor eksisterande rammer, anten ved omdisponering eller effektivisering.

Allmennlærarutdanning

I kapittel 6 foreslår departementet at allmennlærarutdanninga blir omorganisert slik at det blir ein felles nasjonal studiemodell der dei ulike studieeiningane kjem i same rekkefølgd ved alle høgskolane. På sikt vil dette vere ei studieadministrativ forenkling som vil kunne medføre innsparing. I ein overgangsperiode vil det kunne gi meirutgifter for nokre høgskolar. Vidare foreslår departementet at den obligatoriske delen av allmennlærarutdanninga blir utvida frå 50 til 60 vektal ved at engelsk blir obligatorisk fag med eit omfang på 5 vekttal og at omfanget i obligatorisk matematikk blir auka fra 5 til 10 vekttal. Alle høgskolane med unntak av Samisk høgskole tilbyr engelsk opp til 10 vekttal i dag. Desse høgskolane tilbyr og matematikk utover den obligatoriske 5 vektals-eininga. Sjølv om utvida obligatorisk del kan krevje endringar i lærarstaben, vil det truleg ikkje medføre nokon vesentleg auke i kostnadene i allmennlærarutdanninga.

Praktisk-pedagogisk utdanning

Forslag i kapittel 7 om ny, felles rammeplan for praktisk-pedaogisk utdanning for allmennfaglærarar og yrkesfaglærarar vil ikkje medføre endringar som har vesentlege administrative og økonomiske konsekvensar. Nokre institusjonar tilbyr praktisk-pedagogisk utdanning til begge desse lærargruppene i dag. Det er elles universiteta som utdannar dei fleste allmennfaglærarane og visse høgskolar som i hovudsak har ansvar for den pedagogiske utdanninga for yrkesfaglærarane. Departementet reknar ikkje med endringar i den institusjonelle arbeidsdelinga, men det er ein føresetnad at dei ansvarlege lærestadane går inn i eit tettare fagleg samarbeid.

Faglærarutdanning

I kapittel 8 foreslår departementet å nedleggje fire av dei seks faglærarutdanningane som det er nasjonale rammeplanar for i dag, sjå og under yrkesfaglærarutdanning nedanfor. Departementet foreslår å vidareføre og delvis utvide faglærarutdanning i musikk, dans og drama og i formgiving, kunst og handverk. Dei nye faglærarutdanningane vil framleis finnast ved institusjonar som har tilbod og fagmiljø på desse områda i dag.

Yrkesfaglærarutdanning

I kapittel 9 foreslår departementet innført ein ny type yrkesfaglærarutdanning, etter tilråding frå lærarutdanningsutvalet. Utvalet konsentrerte seg om dei grunnleggjande prinsippa for den nye lærarutdanninga, og føreset at modellen må utgreiiast vidare før han kan nedfellast i rammeplanar og utdanninga kan etablerast. Det vidare utgreiingsarbeidet vil starte straks vedtak i Stortinget om ny yrkesfaglærarutdanning ligg føre.

Departementet tilrår ei gradvis innføring av ny yrkesfaglærarutdanning og tar sikte på å etablere dei fem første studietilboda frå hausten 2000. Dette er det tidspunktet då dei første Reform 94-elevane vil kunne ha kvalifisert seg for opptak. Ei gradvis innføring inneber ei omgjering av faglærarutdanning i ernæring, helse- og miljøfag og omdisponering av delar av utdanningskapasiteten i andre faglærarutdanningar som blir foreslått omforma til yrkesfaglærarutdanning, jf kapittel 8. Ei gradvis nedtrapping av den praktisk-pedagogisk utdanninga for yrkesfag, i takt med utbygging av ny modell, vil også fristille studieplassar til ny yrkesfaglærarutdanning. På denne måten vil ein kunne frigjere 150-200 studieplassar innafor eksisterande budsjettrammer til utbygging av dei første fem yrkesfaglege studieretningane.

Den vidare utbygging av dei neste seks studieretningane til ein utdanningskapasitet på omlag 600 studieplassar må ein kome tilbake til i samband med dei årlege budsjettframlegga. Det vil også vere mogleg å frigjere ein del kapasitet gjennom omdisponering av studieplassar. Ei rekkje av dei studieretningane som må skipast, må etablerast i ingeniørutdanningsmiljøa, som også i dag står for utdanning av ein stor del av yrkesfaglærarane, jf kapittel 9. Det vil derfor vere naturleg å vurdere denne utbygginga også i forhold til utviklinga når det gjeld kapasitet og behov i ingeniørutdanninga.

I kapittel 3 uttaler departementet at ein vil setje i gang eit arbeid med å få fram nærmare overslag over behovet for lærarar i åra framover. Forslaget i kapittel 4 om utvida undervisningskompetanse for og meir fleksibel bruk i dei ulike skoleslaga av faglærarar, yrkesfaglærarar og universitetsutdanna allmennfaglærarar vil kunne ha konsekvensar for lærarbehovet. Når det gjeld dimensjoneringa av den nye yrkesfaglærarutdanninga vil departementet vurdere situasjonen nøye, og vil komme nærmare tilbake til dette spørsmålet i dei årlege budsjettframlegga.

Den demografiske utviklinga viser at ungdomskulla i ein periode framover vil vere på sitt lågaste, medan dei vil ta til å auke att frå år 2002. Samtidig er fråfallet av eldre yrkesfaglærarar aukande i dei næraste åra. Frå dette perspektivet er tidspunktet no gunstig for å innføre ny modell for yrkesfaglærarutdanning.

Dersom dagens nivå på etter- og vidareutdanning blir oppretthalde, vil dette kunne dekkje ei vidare målretta satsing på dette området.

Kandidatår

Departementet går i kapittel 11.2 ikkje inn for eit kandidatår slik lærarutdanningsutvalet har tilrådd. I utgangspunktetet er det arbeidsgivars ansvar å følge opp nytilsette lærarar. Departementet vil likevel ta initiativ til eit prøveprosjekt med rettleiing av nye kandidatar basert på eit samarbeid mellom barnehage-/skoleeigar og utdanningsinstitusjon. Frå utdanningsinstitusjonens side vil det kunne organiserast som fjernrettleiing basert på IT-basert kommunikasjon. Omfanget av prøveprosjektet vil bli avgrensa til to høgskolar og om lag 20 kandidatar pr år i ein tre års-periode. Departementet føreset at prosjektet kan gjennomførast innafor dagens budsjettrammer.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

t i l r å r :

Tilråding frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet av 2. mai 1997 om lærarutdanning blir sendt Stortinget.

Lagt inn 2 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen