9 Administrative og økonomiske konsekvensar

9.1 FORVALTINGA

Departementet legg ikkje opp til formelle endringar i ansvars- og avgjerdstilhøva mellom forvaltingsorgana. Som det er gjort greie for i kap. 8, vil det likevel bli lagt auka vekt på samarbeid og medverknad frå lokale styresmakter, organisasjonar og brukarar. Føresetnaden er at kostnadene med desse tiltaka, under dette drift av det sentrale og dei regionale rådgjevande utval, blir dekka innanfor dei årlege budsjettrammene.

Som det er gjort greie for i kap. 7, vil det vere naudsynt å styrke arbeidet med bestandsregistrering og bestandsovervaking i fylka. Dette arbeidet vil måtte utførast i regi av fylkesmannen, medan Direktoratet for naturforvaltning og sentrale FoU- institusjonar må medverke med metodeutvikling og samanstilling av regelbundne nasjonale oversyn. Sjølv om det blir lagt opp til at styresmaktene sitt arbeid med skadedokumentasjon kan trappast ned etter kvart som ein får betre kunnskap om samanhengen mellom rovviltbestand og skadeomfang i dei enkelte område, vil det inntil vidare vere naudsynt å halde oppe denne innsatsen i mange av rovviltfylka. I høve til skadedokumentasjon på rein vil det i ein periode vere naudsynt med vidare opplæring og etablering av ordninga med rovviltansvarlege innanfor næringa, jfr kap. 7.2.2.2.

9.2 FORSKINGA

Departementet sitt framlegg til forsking og utgreiing framgår av kap. 7.3, medan ein meir detaljert omtale av forskingsbehov for dei enkelte artar står i vedlegg 1. Resultata frå ei målretta oppfølging av framlegga i St.meld.nr.27(1991-92) syner at det er eit stort behov for å føre vidare ei langsiktig forsking på biologien og økologien til dei store rovdyra under skandinaviske tilhøve, og på forvaltingstiltak innanfor både miljøsektoren og landbrukssektoren. Regjeringa føreset difor at miljøvern- og landbruksstyresmaktene samarbeider om slik forsking.

9.3 ERSTATNING OG SKADEFØREBYGGANDE TILTAK

Utbetalingane av erstatning for rovviltskadar både på bufe og rein har dei seinare åra auka sterkt. Årsakene til dette er mange og samansette, og omfattar m a at gaupeskadar er blitt inkluderte i erstatningsordninga, aukande bestandar av fleire av rovviltartane, auka tal beitedyr, auka erstatningssatsar pr dyr, betre skadedokumentasjon og betre kunnskap om tapsårsaker. Samstundes har det ikkje vore mogeleg å få iverksett effektive tapsførebyggande tiltak i så stor skala at det har hatt særleg stor innverknad på det totale tapsomfanget. Dersom ein lukkast med å gjennomføre dei tiltak det er lagt opp til i denne meldinga, med m a ei sterkare differensiert forvalting av rovdyra, ei langt sterkare satsing på effektive førebyggande tiltak, under dette driftsomleggingar innanfor kjerneområda, og ei betre samordning av verkemiddelbruken frå landbruks- og miljøvernstyresmaktene, meiner departementet at tap og erstatning etter kvart vil bli redusert. Likevel må ein rekne med at vi dei aller næraste åra framleis kan få ein viss auke i tapa før tiltaka får den tilsikta effekten.

Føresetnaden for å oppnå den tilsikta tapsreduksjonen er at det blir gjennomført ei auka satsing på førebyggande tiltak. Som det er gjort greie for i kap. 7.2, blir det lagt opp til at finansiering av tiltaka i hovudsak skal skje gjennom dei særskilt avsette midlane til førebyggande tiltak over jordbruksavtala og over budsjettet til Miljøverndepartementet, og ved bruk av ordninga med bygdeutviklingsmidlar frå Landbrukets Utviklingsfond (BU-midlar). Løyvingane til førebyggande tiltak bør delast mellom budsjettet til Miljøverndepartementet og jordbruksavtala, slik at det samla blir sett av like store løyvingar over kvar av desse budsjettpostane. Regjeringa føreset vidare at styra for bygdeutviklingsmidlar (BU-styra) i dei aktuelle rovdyrfylka i ein periode gjennomfører ei særskilt prioritering av investeringskostnader knytt til driftsomleggingar og førebyggande tiltak i kjerneområda.

Miljøverndepartementet

tilrår:

Tilråding frå Miljøverndepartementet av 11. april 1997 om rovviltforvalting blir sendt Stortinget.

Lagt inn 16 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen