Rovviltartane si utbreiing, bestandsutvikling og biologi

1 GAUPE

Gaupebestanden vart i St.meld.nr.27(1991-92) omtala som ein art der ein mangla både oversyn over storleiken på bestanden og viktige biologiske grunnlagsdata. Etter 1992 er datagrunnlaget monaleg forbetra. Dessutan har dei iverksette tiltak og verkemiddel gitt meir kunnskap om gaupebestanden.

Historisk utvikling og utbreiing

Gaupa har vid utbreiing i Nord-Europa. Tyngdepunktet for gaupebestanden er likevel Skandinavia og Finland, slik at arten må karakteriserast som ansvarsart for både Noreg, Sverige og Finland. Utbreiinga var også vid i førre hundreåret, men på dette tidspunktet var det lite gaupe i nordområda både i Sverige og Noreg. Utbreiinga av gaupe vart monaleg redusert utover på 1800-talet, og rundt 1920-1930 var det berre restbestandar att i dei to landa. Utviklinga i Noreg er vist i figur 1.1. Ei tilsvarande utvikling skjedde også i Sverige, og svenskane freda gaupa allereie i 1927. På 1950- og 60-talet auka gaupebestanden monaleg igjen, og arten ekspanderte til delar av dei områda der den før hadde vore utbreidd. I tillegg fekk vi ein markant ekspansjon nordover både i Sverige og Noreg. Gaupa inntok difor også område der den tidlegare ikkje hadde funnest, og etablering av reproduserande gaupe i Finnmark skjedde truleg så seint som i 1980. Fram til 1996 har bestanden auka vidare, og det er i dag berre Vestfold, Hordaland og Sogn og Fjordane som ikkje har kjende førekomstar av reproduserande gaupe.

Bestandsstorleik

Det har alltid vore hefta monaleg uvisse til bestandsestimata for gaupe. Dette skuldast at mangel på gode utrekningsmåtar og biologisk grunnlagsmateriale har ført til tolkingsproblem, og vidtfemnande bestandsregistreringar er svært dyre og personellkrevjande. På oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning har Norsk institutt for naturforsking (NINA) rekna ut gaupebestanden i januar 1996 basert på observasjonar av familiegrupper, dvs hodyr med ungar. Desse utrekningane kan gjennomførast takka vere etableringa av eit lokalt kontaktnett i fylka og rovviltkonsulentar hos fylkesmennene. Samla har desse hatt gode føresetnader for å ivareta materiale og verifisere opplysningane med kontrollar i felten. I tillegg er det på bakgrunn av materiale frå skotne gauper etablert betre kunnskap om samansettinga av bestanden. Materialet viser at det var minimum 92 ynglegrupper i Noreg i januar 1996 (kap. 5, figur 5.1). Utrekninga av bestanden er skjedd med bruk av svært strenge verdiar for gaupene si vandringslengd, for å skilje dei ulike familiegruppene. Ei forsiktig vurdering er at den norske gaupebestanden var på minimum 500 dyr i januar 1996. Legg ein normalverdiar for vandringslengdene til grunn er truleg bestanden minst 600 dyr. Det nøyaktige talet er nær umogeleg å måle utan monaleg ressursinnsats.

Biologi

I høve til t d bjørn har gaupa eit monaleg høgare reproduksjonspotensial, både gjennom kortare kullintervall og lågare alder ved første reproduksjon. Gaupehoa får normalt sitt første kull ved 2 års alder. Fødselen skjer i månadsskiftet mai-juni. Kullstorleiken varierer mellom 1 og 4 ungar, men 2-3 er det vanlegaste. Overlevingsraten for ungane er truleg ein vesentleg faktor for utviklinga av bestanden, sjølv om overlevinga hos vaksne dyr generelt er viktigare.

Kjønnsfordelinga i ein stabil bestand er nær 50:50. Men i ekspansjonsområda er det klår overvekt av hannar blant skotne dyr. Om dette er representativt for den ståande bestanden er likevel ukjent, men det kan skuldast at det er hannane som først vandrar ut til nye område.

Produksjonen i gaupebestanden varierer truleg med tilgangen på byttedyr om vinteren. Ved låg tilgang på byttedyr vil talet på hoer som reproduserer kunne gå ned, og talet på ungar bli lågare. Truleg vil også unge gauper utsette første brunst (ungekull) om tilgangen på mat er dårleg. I praksis inneber dette at område med god samansetting av byttedyr gjennom året vil vere viktige og stabile leveområde for gaupa. Ekspansjonen i rådyrbestanden har på denne måten gitt betre levekår for gaupene, utvida areala med gode leveområde og gitt grunnlag for auka reproduksjon og overleving. I tillegg har ekspansjonen av gaupe inn i område med mykje rein gitt høve til etablering av nye gaupeområde med stabil og lett tilgang på mat.

Områdebruk og vandringar

Når gaupehoa ynglar om våren rører ho seg over eit lite område dei første vekene, men allereie når ungane er 4-5 veker brukar ho eit monaleg større område. Studiar av radiomerka gauper i Noreg viser at leveområda er store i høve til kva som er funne med tilsvarande studiar m a i Sveits og Sverige. I Hedmark var sommar- og vinterområda av omlag same storleik (400- 500 km2), men det er registrert eldre hanngauper med monaleg større leveområde. Førebelse data frå Sverige i reinområde viser at sommarområdet til hoene er omlag 160 km2. Vinterstid aukar arealbruken til rundt 450 km2. For hannane er sommarområda størst og tilsvarer hoene sine vinterområde. Vinterstid har hannane eit leveområde på omlag 250 km2. Men det ligg føre indikasjonar på at storleiken på leveområda kan variere monaleg i høve til kva slag byttedyr som er tilgjengelege. Utprega «småviltspesialistar» ser ut til å ha klårt mindre leveområde enn gaupeindivid som føretrekker større byttedyr.

Gaupa kan ha relativt lange døgnvandringar. Til dømes kan familiegrupper legge bak seg 30 km i løpet av eit døgn, men normal vandringsavstand pr døgn er omlag 10-12 km. I motsetnad til bjørn kan både unge hannar og hoer utvandre over lange distansar, og dette er truleg ei viktig årsak til at gauper relativt raskt kan rekolonisere store areal.

Figur 1.1 Utbreiinga av gaupe i perioden 1850 - 1996. Kjelde: NINA

Venta utvikling i bestanden

På bakgrunn av gaupa sine høge reproduksjonsratar vil bestanden snøgt kunne auke i tal og utbreiing. Samstundes vil ein svikt i tilgangen på byttedyr truleg kunne føre til redusert overleving for ungar og nedgang i bestanden. Eit samanbrot i rådyrbestanden eller småviltbestanden i eit område vil difor truleg kunne gi monaleg reduksjon i ein lokal gaupebestand på kort tid. Ein annan faktor er at gaupa er utsett for å bli smitta av reveskabb, utan at det er klårlagt om dette kan få slikt omfang at det kan få konsekvensar for bestanden. Det er i dagens situasjon vanskeleg å spå om endringar i bestanden på kort sikt, men det vil også i framtida vere naudsynt å halde kontroll med jaktomfanget.

Avskyting

Gaupebestanden blir i dag forvalta gjennom kvotejakt i dei fylke der fylkesmannen har opna for dette. Innføring av kvoteregulert jakt synest å ha medført auka interesse for denne jaktforma, samstundes som gaupebestanden har auka dei seinare år. Det er difor viktig at dei forvaltande styresmaktene gjennom tilfredsstillande overvaking av bestanden til eikvar tid har gode data for bestanden, slik at dei årlege fellingskvotar kan fastsettast på ein biologisk forsvarleg måte. Figur 1.2 viser felling av gaupe i perioden 1931-1997.

Genetikk

Der er i 1996 gjennomført ei undersøking der genetisk materiale (mitokondrie-DNA) frå norske, svenske og franske gauper er samanlikna. Resultata viser at den genetiske variasjon som kan påvisast med denne metoden er svært liten. Dette stemmer overeins med det som er å vente i ein bestand som er blitt reetablert etter ein kraftig bestandsnedgang som har medført ein såkalla genetisk flaskehals. Resultata kan også forklarast med at bestanden er blitt reetablert frå ein einskild liten «founder»- bestand, og/eller med at det har gått føre seg fri vandring av gaupeindivid over heile utbreiingsområdet. Mangelen på genetisk variasjon gjer at ein ikkje kan nytte denne metoden til å rekne ut ein genetisk effektiv storleik på bestanden eller spreiingsratar (omfanget av inn- og utvandring).

Figur 1.2 Fellingsstatistikk for gaupe i Noreg 1931 - 1997.

Gaupe som skadegjerar

Gaupa si rolle som skadegjerar på sau og rein har auka i takt med utviklinga i bestanden og ekspansjon til nye område. Talet på sau som det er søkt erstatning for som gaupedrepne har auka frå omlag 6.600 i 1993 til 11.500 i 1994 og omlag 16.000 i 1995. Samla er det funne og dokumentert 1.825 sauekadaver drepne av gaupe i perioden 1993-1995. Gaupe er påvist som skadegjerar i alle fylke. I 1995 sto gaupeskadane for omlag 42 % av erstatningane.

Gaupeskadane skjer i hovudsak på lam, og relativt jamnt over heile beiteperioden for sau. Overskotsdreping som ved jerv- og bjørneskadar er mindre vanleg i situasjonar der gaupe drep sau. I sum blir den einskilde brukar dermed ikkje så sterkt råka som i situasjonar der t d bjørn gjer konsentrerte skadar.

Det skjer også monalege gaupeskadar på rein. Men det er lite gaupe i dei områda i Finnmark som har tettast med rein. Ekspansjon i gaupebestanden i Finnmark vil kunne gi ein auke i skadeomfanget.

Registrering av bestanden

I motsetnad til jerv følgjer årsungane gaupemora fram til neste paringssesong, dvs i mars/april året etter at dei er fødde. Denne ulikskapen i artane sin biologi gir høve til å nytte andre metodar for bestandsregistrering, då familiegruppene kan registrerast på sporsnø. Med den vide utbreiing og det relativt sett store tal gauper i Noreg, er det korkje praktisk eller økonomisk mogeleg å drive individretta bestandsregistrering over store areal. Estimatet som føreligg for storleiken på bestanden er difor rekna ut på grunnlag av meldingar om hodyr i følgje med ein eller fleire ungar. Desse gruppene kan skiljast frå kvarandre både under større registreringsopplegg og ved tilfeldige meldingar frå næringsutøvarar, jegerar og andre brukarar av utmark. På bakgrunn av registreringa av ulike familiegrupper kan det reknast ut eit minimumsestimat for talet på gauper. Dette føreset at samansetting og struktur i bestanden er kjent, og at ein stor del av familiegruppene blir registrert. Meir FoU omkring gaupebestanden vil gi sikrare bestandsdata. I tillegg vil ein slik metode kunne gi grunnlag for årlege eller hyppige registreringar. Dette er avgjerande dersom eit høgt jakttrykk skal kunne halde fram.

FoU

Gaupe er i dag den viktigaste skadegjeraren på bufe og rein, den einaste arten som kan jaktast på vanleg måte, og den som har størst utbreiing i landet. Men arten har tidlegare vore nesten utrydda. Målsettingane for forvaltinga inneber at arten framleis skal ha vid utbreiing, men at tettleiken i bestanden skal vegast mot gaupa sin rolle som skadegjerar i det einskilde område. Dette stiller store krav til presisjon i forvaltinga, og det må difor leggast vekt på å styrke forsking om gaupa sin biologi og åtferd. I tillegg vil det vere avgjerande at det blir opparbeidd kunnskap om kva faktorar som styrer utviklinga av bestanden, slik at bestanden ikkje igjen blir redusert til eit minimum. Dette inneber også at det må leggast vekt på å skaffe informasjon om den innverknad jakt har på bestanden, samt at dei felte gaupene må nyttast til å skaffe oversyn over eventuell alders- eller kjønnsseleksjon.

I 1995 vart det starta eit samarbeid med Sverige om gaupeforsking, og frå og med 1996 er det etablert eit todelt forskingsprosjekt i Noreg med studieområde i Hedmark og Nord-Trøndelag.

2 JERV

Historisk utvikling og utbreiing

Jerven har tidlegare hatt vid utbreiing i Noreg. Men fellingsstatistikken som framgår av St.meld.nr.27(1991-92) viser at bestanden har gått attende totalt sett. Denne attendegangen skuldast lokal utrydding i einskilde viktige område. Vinteren 1964-65 vart ti jervar avliva i Jotunheimen som følgje av skadar på bufe. Dermed var truleg den siste rest av regelbunde ynglande jerv i Sør-Noreg utrydda. Fram til at jerv igjen etablerte seg i Rondane-Snøhettaområdet i 1976-1979 var det ein svært avgrensa førekomst av jerv i Sør-Noreg. Etableringa i Rondane-Snøhetta var truleg ein direkte effekt av at jerven vart freda i Sverige i 1968, og i Sør-Noreg i 1973. Fredinga ga dermed jerven høve til å reetablere seg i eit område der den ikkje hadde hatt fast bestand på meir enn 50 år. Ut frå dette området har ynglande tisper seinare etablert seg også i nærliggande fjellområde.

I Nord-Noreg har det vore ein kontinuerleg samanhengande bestand. Det er indikasjonar på at jerven i dette området har auka i tal og utvida utbreiinga si noko. Det samanhengande fjellområdet i nordlege delar av Skandinavia representerer i dag det viktigaste området for jervbestanden. Utbreiinga av ynglande tisper er vist i kap. 5, figur 5.2.

Storleik på bestanden

Det finst i dag ingen eigna metode for å fastslå eksakt storleik på jervbestanden. Ulike metodar har vore nytta i fleire fylke i Noreg og i fleire svenske län. Først i dei seinare år er det gjort forsøk på å samordne metodikken over landegrensene, og å nytte sams metodikk over store område. I 1996 vart nye estimat rekna ut for den samla skandinaviske jervbestanden.

Metoden har ein del svake sider, men bygger i prinsippet på å rekne ut minimumsbestanden ut frå talet på kjende vaksne reproduserande tisper, samt ei gitt samansetting i bestanden. Førebelse utrekningar som i hovudsak er basert på registreringar frå vinteren 1995 viser at den skandinaviske jervbestanden er på minimum 330 jervar, av dette minimum om lag 130-190 i Noreg. Av desse igjen er bestanden i det sørnorske jerveområdet estimert til 25-34 individ.

Biologi

Jerven har eit relativt høgt reproduksjonspotensial. Hoa blir kjønnsmogen allereie som eittåring, og kan ha sitt første kull som toåring. Storleiken på kulla varierer mellom 1 og 4 ungar. Jerven ynglar i siste halvdel av februar og mars, og ungane forlet ynglehiet dei første dagane i mai. Allereie i august/september er ungane fullvaksne, og kan forlate mora. Produksjonen det einskilde år varierer med tilgangen på næring, og i Noreg er det påvist at ungeproduksjonen varierer med tilgangen på smågnagarar. Jerven er ein typisk åtseletar, og er ein dårleg jeger om ikkje spesielle tilhøve gjer seg gjeldande. Det er påvist ein nokså høg dødsrate for ungar i det første leveåret. Trass høgt potensial viser det seg difor at reproduksjonen i bestanden er relativt låg.

Kjønnsfordelinga i ein stabil bestand er omlag 50:50. Analysar av dei skotne jervane i Noreg og data frå forsking viser at bestanden normalt er samansett av 42 % vaksne og 58 % eitt- og toåringar. Dette materialet tyder også på relativt rask omsetnad i jervbestanden.

Ved dårleg tilgang på mat vil talet på tisper som ynglar bli redusert, og dødsraten for ungar vil vere høg. Jamn tilgang på åtsel vil difor vere bra for jerven, og dette kan vere ei viktig årsak til den nære koplinga mellom jerv og rein.

Områdebruk og vandringar

Dagleg vandringslengd for ein jerv er gjerne 30-40 km, og i einskilde tilfelle monaleg lenger. Det er også store skilnader i områdebruken for hannar og ikkje-reproduserande tisper i høve til tisper med ungar. Tisper med ungar nyttar eit avgrensa leveområde som til vanleg er under 100 km2. Stadbundne hannar kan ha leveområde på over 900 km2 gjennom eit år, medan stadbundne tisper som ikkje har ungar har omlag halvparten så stor områdebruk gjennom året. Stadbundne jervar kan av og til vandre langt ut av leveområdet for så å vende attende. Det er og store skilnader på sommar- og vinterområde. Hannane kan vandre ut frå leveområdet til mora allereie før dei er eitt år, medan tispene oftare etablerer seg nær inntil eller innan mora sitt leveområde. Jerv kan difor opptre som einskildindivid vinterstid langt unna område med fast bestand, men dette er oftast unge hannar. Reetablering av ynglande bestandar krev at også unge tisper vandrar ut, og dette er meir sjeldan. Ekspansjon av ein jervbestand og særleg rekolonisering av område der den er utrydda skjer sakte.

Venta utvikling i bestanden

Veksten i jervbestanden i Nord-Noreg og i Nord-Sverige vil bli redusert ved at det igjen er opna for ei viss avskyting. I Sør- Noreg vil truleg utviklinga i bestanden avhenge av levekåra for dei reproduserande tispene. Det er ingen grunn til å tru at jervbestanden igjen vil nå opp til det nivå og den utbreiing vi hadde først på 1800-talet. Både fragmentering av leveområde og eit monaleg større konfliktpotensial med bufe vil hindre ei slik utvikling.

Avskyting

Jervbestanden blir i dag forvalta ved lisensjakt i Nordland og Troms, og ved eventuelle skadefellingsløyve som blir gitt på særskilde individ. Med den lisensjakta vi har i dag er talet på dyr som kan fellast under den utrekna reproduksjonen. Analysar av 624 skotne og innleverte jervar i både Sverige og Noreg i perioden 1845-1996 viser ei svak overvekt av hannar i avskytingsmaterialet. Dette kan ha samanheng med at hannar oftare vandrar ut og at dei har større leveområde enn tispene, og på denne måten eksponerer seg meir for jegerane. Talet på felte jervar i dei seinare år framgår av kap.4.1.3 (tabell 4.1).

Genetikk

Det er i 1996-97 gjennomført ei genetisk undersøking der prøver av jerv frå Sør-Noreg og Nord-Noreg er samanlikna. Førebelse resultat tyder på at den jervstamma som er i Sør-Noreg i dag er grunnlagt av individ frå nord. Det vart heller ikkje funne vesentlege skilnader i den genetiske samansetting av individ frå dei ulike områda.

Jerv som skadegjerar

Jerven si rolle som skadegjerar er svært ulik for rein og for sau. Rein finst som byttedyr heile året, og under visse tilhøve kan jerv vere ein effektiv reinjeger. Også vinterstid er rein den viktigaste matkjelda for jerv, men truleg mest i form av åtsel. Jerven kan gjere monaleg skade på sau, men fordi sauen berre er i jerven sitt leveområde om sommaren når mattilgangen er stor, er det uvisst om sauen generelt kan seiast å vere ei viktig matkjelde for jerven. Materiale på funn av kadaver viser at jerven særleg opptrer som skadegjerar på sau i siste del av beitesesongen. Dette inneber at jerv og sau i store delar av beitesesongen kan opptre i same område utan at skade oppstår. Samstundes kan jerv vise eit skademønster i einskilde saueområde som kan sjåast på som overskotsdreping. Det tyder at svært mange dyr blir drepne på kort tid, og at desse ikkje blir etne. Jerven skil seg frå dei andre store rovdyrartane ved at den hamstrar mat. Byttet, som ofte blir partert, kan bli flytta og grave ned i ur, myr e. l. Overskotsdrepinga og at den særleg gjer skade i siste del av beitesesongen for sau kan difor synast å ha samanheng med hamstring for vinteren og tider med dårleg tilgang på mat.

Talet på sau som det er søkt erstatning for som jervdrepne har auka frå omlag 4.550 i 1993 til 6.600 i 1994 og omlag 8.100 i 1995. Samla er det funne og dokumentert 1.316 sauekadaver drepne av jerv i perioden 1993-1995. Jerv er påvist som skadegjerar i Hedmark, Oppland og Buskerud, og i alle fylke frå og med Møre og Romsdal og nordover. Jervskadane skjer i hovudsak på lam. Jervskadar på rein har også eit monaleg omfang i einskilde område. Men generelt vil jerven si rolle som skadegjerar på rein henge saman med mange faktorar. M a vil den auka bestanden av gaupe i ein del reinbeiteområde føre til auke i talet på rein drepen av gaupe. Desse kadavera vil jerven utnytte, og dermed «snylte» på gaupa, som er ein meir effektiv jeger.

Registrering av bestanden

Jerven er ein solitær langtvandrande art som i dag har si hovudutbreiing i Skandinavia på Nordkalotten. I dette området har det sidan 1975 vore prøvd ulike metodar for å registrere storleik på og utvikling i bestanden. I 1992 vart det etablert eit samarbeid mellom fylka i Nord-Noreg og tilgrensande område i Sverige og Finland. Dette arbeidet har m a resultert i ei samordna overvaking med sams inventeringsmetodikk for reproduserande jervtisper i området. Metoden er sidan utprøvd ved samanstilling av data for både Noreg og Sverige, og ligg i dag til grunn for bestandsestimata.

Presisjonen i metodikken er i dag avgrensa, særleg fordi ein manglar ein del grunnleggande informasjon om reproduksjonsmønster hos tispene og om samansetting og omsetting i bestanden. Men slike data vil bli prioritert i FoU- samanheng, og vil dermed på sikt gi eit monaleg sikrare estimat for minimumstalet på reproduserande tisper. Slike tal kan deretter nyttast til å rekne ut samla storleik på bestanden når samansettinga av bestanden er kjent. Metoden vil kunne gjennomførast med ei desentralisert datainnsamling, og i tillegg bygge på lokale verifiserte meldingar om ynglehi. Samanstillinga av data på bestandsnivå bør utførast av ein forskingsinstitusjon.

Metoden er eigna for jerv fordi tispene i perioden mars-mai er knytt til ynglehiet og dermed har avgrensa aksjonsradius. Slike individ kan difor med visse skiljast frå kvarandre på denne tida. I tillegg vil fleire opplysningar kunne framkome ved tilfeldige observasjonar sommarstid. På grunn av at ungane blir skilde frå mora i august-september same år dei blir fødde, kan ikkje vintersporingar nyttast til å finne familiegrupper av jerv.

FoU

Forskingsaktiviteten på jerv i Skandinavia vil bli styrka. Både i Sverige og i Noreg har det i fleire år vore gjennomført forskingsprosjekt på jerv. Desse har fram til dei siste åra vore lite samkøyrde, og har arbeidd med svært ulike problemstillingar. Frå og med 1996 er det etablert eit skandinavisk jervprosjekt etter mønster av bjørneprosjektet. Dette sams prosjektet er lokalisert til Troms og Norrbotten, og samarbeider om både innsamling og analysar av data. Prosjektet er basert på bruk av radiotelemetri, og ein har merka eit monaleg tal dyr. Jerven har høgare reproduksjonsrate og kortare levetid enn bjørn. Føresetnadene for ei målretta forsking som gir viktig biologisk kunnskap er difor gode, og tidsperspektivet på å framskaffe denne kunnskapen er langt kortare enn for bjørn. Det er av sentral verdi å få data om jerven si rolle som skadegjerar på sau og rein. Analysar i skadeområde for sau viser at jervskadane opptrer konsentrert i tid. For å kunne utvikle gode førebyggande tiltak er det difor avgjerande å klarlegge kva jervar som opptrer som skadegjerarar, og kva slags faktorar som styrer skadeutviklinga. Prosjektet vil også i monaleg grad medverke til å vidareutvikle bestandsregistreringar og metodikk omkring dette.

3 BJØRN

Det skandinaviske bjørneprosjektet har i løpet av dei siste åra gitt vesentleg ny kunnskap om bjørnen sin status og historiske utvikling i Skandinavia. Ein meiner no at bjørnane i Noreg høyrer til to ulike bestandar; ein norsk/finsk/russisk som femner bjørn i Finnmark og ein skandinavisk som femner bjørn i andre delar av landet.

Historisk utvikling og utbreiing

Utrekningar viser at det rundt 1850 var omlag 4.000-5.000 bjørnar i Skandinavia, og at omlag 65 % av dei var i Noreg. Bjørnetettleiken var størst i Telemark/Agder og på Nord-Vestlandet. Hard jakt både i Noreg og Sverige førte til at bjørnebestanden allereie tidleg i dette hundreåret var funksjonelt utrydda frå storparten av arealet, men som følgje av svenske vernetiltak overlevde bjørnen i fire mindre område i Sverige. Utviklinga i utryddinga av bjørnen i Noreg og Sverige framgår av figur 1.3. Ein reknar med at det på 1930-talet berre var omlag 130 bjørnar igjen i dei delstammene som har overlevd til i dag. På grunn av fredinga i Sverige tok delbestandane som var igjen til å vekse, og det vart i 1994 rekna ut at auken i den samla skandinaviske bjørnebestanden har vore i gjennomsnitt 1,5 % årleg etter krigen. Dette har ført til at bjørnen på nytt har utvida sitt utbreiingsområde. Dei unge binnene etablerer seg likevel som hovudregel nokså nær mora sitt heimeområde. Basert på data frå skotne bjørnar finn ein framleis det meste av binnene innanfor fire skilte reproduksjonsområde i Sverige. 96 % av binnene som er felt i Sverige er felt innanfor desse reproduksjonsområda. Tre av områda strekker seg inn mot dei norske kjerneområda i Hedmark, Nord-Trøndelag og Troms, og det eine når såvidt inn i den austlege delen av Lierne kommune (kap. 5, figur 5.3).

Storleik på bestanden

I St.meld.nr.27(1991-92) framgår at det skandinaviske bjørneprosjektet gjennom radiomerking av bjørn hadde gitt ny kunnskap om m a arealbruk som tyda på at tidlegare bestandsestimat hadde vore for høge, og at bestanden kunne reknast til omlag 100 dyr. Det vart likevel understreka at det var knytt stor uvisse til estimatet, då ein m a hadde mangelfull dokumentasjon av reproduksjonar i bestandane.

Det totale talet på bjørnar i Noreg varierer fordi dei fleste «norske» bjørnar lever i grensetraktene til våre granneland og held seg på begge sider av riksgrensene. Talet vil difor variere både innan einskilde år og år imellom. Ein må difor operere med gjennomsnittstal for kor mange bjørnar som til eikvar tid oppheld seg i Noreg.

I 1996 er det i regi av det skandinaviske bjørneprosjektet gjennomført ei ny bestandsutrekning for den skandinaviske bjørnebestanden, og ei separat utrekning for bestanden i Finnmark. Utrekningane er basert på kjende tettleikar av bjørn i dei studieområda som prosjektet femner. Sidan det også er store variasjonar i tettleiken innan dei undersøkte områda, må resultata oppgjevast som eit intervall mellom eit høgt og eit lågt estimat. Det er også gjort ei framrekning av førre bestandsestimat som vart gjort for 3-6 år sidan i dei ulike delområda, ved hjelp av observerte tilvekstratar i studieområda. Tilvekstraten syner seg høgare enn ein trudde før, og er den høgaste som er observert for brunbjørn i verda i område som det finst tilsvarande data for.

Resultata viser at den samla bestand i Noreg og Sverige ligg mellom 800 og 1300 bjørnar, og forskarane trur at det rette talet ligg noko nærare det låge estimatet enn det høge. Men det er berre i gjennomsnitt 26-55 av desse bjørnane som finst i Noreg, fordelt med 9-13 på Austlandet, 8-12 i Midt-Noreg, 1-9 i Troms og 8-21 i Finnmark. Med unntak av Finnmark meiner forskarane også her at det rette talet ligg nærast det låge estimatet.

Det må understrekast at dei kraftig nedjusterte bestandsestimata for bjørn skuldast store metodiske feil ved tidlegare bestandsoverslag frå 1980-åra, og dei er ikkje uttrykk for attendegang i bestandane. Det er tvert om grunnlag for å hevde at det har vore ein viss auke i talet på bjørn som nyttar område på Austlandet og i Midt-Noreg som følgje av auka innvandring frå Sverige.

Figur 1.3 Geografisk mønster for funksjonell utrydding av bjørn i Skandinavia, 1860-1930. Kjelde: NINA

Biologi

Bjørnen har ein langsam reproduksjonsrate samanlikna med dei fleste andre pattedyr på våre breiddegrader. I Sør- Skandinavia føder binnene normalt sitt første kull når dei er 4 eller 5 år gamle, i Nord-Skandinavia når dei er 5 eller 6 år. Kullstorleiken varierer mellom 1 og 4, men 2-3 ungar er det vanlegaste. I sør er det færre ungar som lever opp hos førstegongsfødande binner, men dette synest ikkje å vere tilfelle i nord. Overlevingsraten for årsungar i alle kull som er undersøkt er høgare i nord (98 %) enn i sør (72 %). Vidare var det i sør 97 % av eittåringane som forlet mora om våren, medan berre 39 % gjorde dette i nord. Normalt føder binnene eit nytt kull vinteren etter at dei eitt eller to år gamle ungane har forlete henne. Det går difor minst to år mellom kvart kull i sør og noko lengre i nord, men det hender også at ei binne «hoppar over» eit år.

I undersøkingsperioden vart det felt vaksne hannbjørnar i sør, men ikkje i nord. 15 av 20 årsungar som forsvann vart borte i brunstperioden i mai-juni. Det er også vist at overlevinga hos årsungar gjekk drastisk ned 1,5 år etter at det var felt vaksen hannbjørn i området. Den låge overlevingsraten i sør skuldast truleg at yngre hannbjørnar kjem inn i området og drep ungar som ikkje er deira eige avkom, før dei etablerer seg i den vaksne hannbjørnen sin stad. Det er rekna ut at felling av ein vaksen hannbjørn på denne måten kan føre til 42 % høgare ungetap. Tilvekstraten kan på denne måten bli vesentleg redusert. Felling av vaksne hannbjørnar og påfølgjande etablering av yngre hannbjørnar kan difor sterkt seinke spreiing og etablering av binner inn i dei norske kjerneområda. Felling av binner vil sjølvsagt ha endå større seinkande effekt for slik etablering. Etter ønskje frå norske styresmakter har ein i Sverige difor lete vere å opne for bjørnejakt i ei sone som grensar opp til kjerneområdet i Hedmark. Men i områda som støyter opp til kjerneområda i Nord-Trøndelag og Troms er det opna for jakt heilt inn til grensa.

Områdebruk og vandringar

Innanfor reproduksjonsområda er kjønnsfordelinga mellom hannbjørnar og binner nær 50:50, og ein kan rekne med at totalbestanden gjennomsnittleg er 4-4,5 gonger større enn talet på vaksne binner. Tettleiken av bjørn aukar kraftig frå ytterkanten av reproduksjonsområdet og inn mot sentrum. Utanfor reproduksjonsområda er tettleiken av bjørn låg, og kjønnsfordelinga er svært skeiv med berre omlag 15 % binner (figur 1.4). Når ein kjem meir enn 50 km unna reproduksjonsområda vil dei få bjørnane som opptrer nesten utan unntak vere hannbjørnar. Men det finst døme på at også einskilde unge binner kan flytte seg over lengre avstandar.

Figur 1.4 Kjønnsfordeling og tettleik for skotne bjørnar innanfor og utanfor reproduksjonsområde. Kjelde: NINA

Ein har førebels lite data på ungbjørnar av kjend herkomst som har etablert seg i den reproduserande delen av bestanden, dvs i sine vaksne leveområde. Det er særleg vanskeleg å skaffe slike data for hannbjørnar. Som to- og treåringar utvider desse arealbruken sin kraftig og har ein tendens til å kome opp i situasjonar der det blir krevd iverksett forvaltingstiltak som felling eller flytting. Dei er også meir utsett for å miste radiosendaren o l, t d i kamp med eldre hannbjørnar. Førebelse data viser at hannbjørnar ved tre års alder har brukt eit samla areal på i gjennomsnitt 12.000 km2, noko som er ti gonger større enn dei areal binner som er fire år og eldre har brukt. Data på ni radiomerka binner av kjend herkomst viser at desse i gjennomsnitt har etablert seg 14 km frå mora sitt leveområde, og seks av dei etablerte seg innanfor mora sitt heimeområde. Men det finst også eit døme på at ei binne etablerte seg 50 km unna. Gjennomsnittleg årsleveområde for binner er omlag 400-500 km2, men sidan leveområda overlappar kvarandre ein del kan ein rekne med at det innanfor reproduksjonsområda finst omlag tre binner pr 1000 km2. Vaksne hannbjørnar utanfor reproduksjonsområda har eit leveområde som er fem gonger større (i gjennomsnitt 7.760 km2) enn dei som held seg innanfor reproduksjonsområda (1.530 km2), truleg fordi dei vandrar over større område i eit forsøk på å finne binner. Unge hannbjørnar utanfor reproduksjonsområda er vesentleg tyngre enn dei som held til innanfor. Dette skuldast truleg at dei har mindre konkurranse frå eldre hannar.

Som følgje av auken i tal og utbreiing på svensk side har bjørnar i løpet av dei siste 20-30 år igjen i aukande grad teke til å nytte område i Noreg. Radiomerking har vist at særleg unge hannbjørnar kan gjere svært lange vandringar på kort tid, spesielt i samband med brunstperioden på forsommaren. Desse kan slå seg til ro i eit område seinare på sommaren og hausten, men kan legge ut på ny vandring neste vår. Tidlegare vart observasjonar og funn av sporteikn eller drepne byttedyr etter desse bjørnane feiltolka til at det fanst fleire isolerte bestandar av bjørn rundt om i Noreg. Problemstillinga kan også illustrerast med at av 29 bjørnar som er felt i Noreg i perioden frå fredinga i 1973 fram til 1993, var 86 % hannar. Av desse var 85 % i aldersgruppa 2-5 år. Binner med ungar er dei seinare år sporadisk påvist i dei austlege delar av Troms, Nord- Trøndelag og Hedmark fylke. Det er likevel framleis ikkje dokumentert at bjørn har yngla på norsk side av grensa i områda frå Troms og sørover i dei seinare år.

Pasvikdalen i Finnmark ligg i reproduksjonsområdet for den norsk/finsk/russiske bestanden, og dette er det einaste området i Noreg der bjørnen synest å yngle regelbunde. Med unntak av 1983 er det observert binner med ungar i dette området kvart år sidan registreringar starta i 1978. På same måte som lenger sør i landet vil det i andre delar av Finnmark opptre bjørnar med ei klår overvekt av hannar utanfor reproduksjonsområdet.

Venta utvikling i bestanden

Norske og svenske styresmakter har vore samde om at det må leggast til rette for ein framhalden vekst i den skandinaviske bjørnebestanden. Sett frå norsk side er dette naudsynt for å innfri dei internasjonale pliktene og dei mål som er nedfelt i St.meld.nr.27(1991-92), noko som føreset at ein får reetablert ynglande binner innanfor dei etablerte kjerneområda. Det er difor av interesse å sjå på kva slags bestandsutvikling ein kan vente eller seie noko om framover. Forskingsresultata som dei siste åra er framskaffa av det skandinaviske bjørneprosjektet ved hjelp av eit stort tal radiomerka bjørnar er av grunnleggande verdi for ei slik vurdering.

Det kan førebels ikkje gjevast noko godt svar på spørsmålet om kor snøgt reproduksjonsområda («binnefronten», figur 1.4) vil utvide seg geografisk, eller om veksten i bestanden i større grad fører til auka bestandstettleik innan dei noverande områda i Sverige. Dette er ei viktig problemstilling for forvaltinga sett i høve til målsettinga om å få reetablert ynglande binner i dei norske kjerneområda. Dei data ein førebels har tyder på at slik spreiing skjer relativt sakte, men ein kjenner til nokre få binner som er etablert på svensk side nær riksgrensa i Trysil og Lierne, og som brukar område på begge sider av grensa. Men i dei to nordlegaste svenske delbestandane tyder statistikken for avskytinga på at binnene i dag i større grad finst i skogslandet austover enn kva dei gjorde tidleg på 1980-talet, då det vart felt binner nokså nær opp til grensa mot Troms.

Når ein har fått etablert binner i kjerneområda vil også det totale talet på bjørnar som nyttar desse områda vere høgare. Vidare må det ventast at veksten i bestanden på svensk side vil føre til at det blir stadig fleire utvandrande unge hannbjørnar som vil nytte areal i Noreg, og desse vil i periodar kunne vandre langt utanfor kjerneområda. Ein har allereie sett fleire døme på radiomerka unge hannbjørnar som er fødde i Sverige, men som har vandra over store delar av Austlandet og Trøndelag. Ein auke i førekomsten av slike bjørnar vil truleg kunne kome nokså raskt.

Avskyting

Bestandsutviklinga på norsk side vil i stor grad avhenge av storleiken på og samansettinga av avskytinga på svensk side. I Sverige blir det årleg gjennomført bjørnejakt innan nærare fastsette område etter same modell som den norske kvotejakta på gaupe. I åra 1987-91 vart det felt mellom 40 og 50 bjørnar kvart år. Frå 1992 vart det fastsett eit maksimalt tal binner av den samla fellingskvoten, noko som senka den totale avskytinga i åra 1992-95 til 30-35 bjørnar pr år. Kvoten var i 1995 på 50 bjørnar, av dette 16 binner. På bakgrunn av dei nye bestandsestimata og den høgare tilvekstraten som er utrekna vart kvoten i 1996 auka til 58 bjørnar, av dette 17 binner. Av desse vart det felt i alt 29 dyr. Dette ligg klårt under den tilvekst som er venta, noko som vil føre til framhalden vekst i bestanden slik svenske styresmakter har lagt opp til.

Genetikk

Det har blitt gjennomført genetiske analysar av mitokondrie-DNA, som berre blir nedarva gjennom mødrene, frå 127 bjørnar av den skandinaviske bestanden. Resultata er blitt samanlikna med tilsvarande data frå andre bjørnebestandar i Europa. Europeiske bjørnar kan på grunnlag av dette delast i to ulike genetiske linjer, ei austleg og ei vestleg, som truleg vart delt for omlag 850.000 år sidan. Resultata viser at bjørnar med utspring frå dei tre nordlege reproduksjonsområda i Sverige tilhøyrer den austlege linja og er i nær slekt med russiske bjørnar, medan bjørnar frå det sørlege reproduksjonsområdet tilhøyrer ein spesiell del av den vestlege linja og er i nær slekt med dei små restbestandane ein i dag finn i Frankrike og Spania. Eit markert skilje mellom dei to linjene går i eit område gjennom Jämtland med relativt låg tettleik av bjørn. Dette tyder på at bjørnane i Skandinavia har innvandra to ulike vegar etter siste istid (figur 1.5), og dette mønsteret tilsvarar det som er funne hos tre smågnagarartar. Den sørskandinaviske delbestanden, som i 1996 er rekna til 185-285 bjørnar, er den klårt største attlevande bestand av denne spesielle iberiske delen av den vestlege linja. Førebelse analyseresultat viser likevel at det ikkje finst to linjer når det gjeld kjerne-DNA, noko som viser at vandring av hannbjørnar over mitokondrie-DNA-grensa har ført til ei blanding av kjerne-DNA. Dei førebelse resultata viser også at den genetiske variasjon basert på kjerne-DNA er relativt høg sjølv om stamma har gått gjennom ein genetisk flaskehals.

Figur 1.5 Den noverande faste utbreiing av bjørn i Skandinavia. De to pilene indikerer innvandringsvegane for den austlege linje (frå nord) og den vestlege linje (frå sør). Stipla linje indikerer kontaktsona mellom dei to mtDNA-linjene. Kjelde: Taberlet, P., m. fl: Cons. Biol. 9(5), 1255-1261.

Bjørn som skadegjerar

Bjørn har dei seinare år gjort skade på sau særleg i Hedmark, Nord-Trøndelag og Finnmark. I 1995 hadde desse fylka meir enn 80 % av bjørneskadane. I perioden 1993-95 har det vore ein nedgang på 7,5 % i talet på sau som det er søkt erstatning for som drepen av bjørn. I same periode har det samla blitt obdusert 1.963 sauer og lam der konklusjonen er at bjørn er skadegjerar. I 1996 auka bjørneskadane (kap. 4, figur 4.6). Bjørn opptrer sjeldan som skadegjerar på rein.

Generelt blir bjørneskadar oftare avdekka enn skadar som er gjort av dei andre rovdyra. Dette skuldast dels at bjørn som den einaste rovviltarten aktivt vel ut vaksne sauer. Desse er lettare å finne att som kadaver. Bjørnen gjer seg ofte nytte av berre dei mest næringsrike delane av dyret, og drep ofte fleire sauer innanfor eit kort tidsrom. I slike situasjonar hender det også at bjørn kan skade sau utan å drepe den heilt.

Registrering av bestanden

Det er svært komplisert å vurdere bjørnebestanden. Bjørn set i motsetnad til dei andre artane i liten grad spor på snø på grunn av hiperioden. Systematiske sporregistreringar har difor avgrensa verdi. I tillegg er det monalege variasjonar mellom ulike bjørnar i vandringsåtferd, områdebruk m v, og ei rekke «norske» bjørnar vandrar på tvers av landegrensene mot Sverige, Finland og Russland. Ein må difor nytte fleire ulike metodar for å gi eit bilete av bestanden si utbreiing og samla storleik.

Utbreiinga og eit grovt estimat for talet i Noreg kan gjevast på grunnlag av observasjonar av einskilde dyr, undersøkingar av kadaver og kunnskap om områdebruk og vandringar basert på data frå det skandinaviske bjørneprosjektet. Etter kvart som det eventuelt blir etablert ynglande binner vil ein i større grad kunne bruke tettleiksestimat (talet på bjørn pr. km2) som inngang til å vurdere storleiken på bestanden. Innanfor det samla utbreiingsområdet i Noreg og Sverige kan data frå det skandinaviske bjørneprosjektet og tal basert på radiomerka bjørnar nyttast til å rekne ut tettleikar, og ekstrapolere desse data til storleiken på område med reproduksjon, dvs binneområda.

Bestandsutrekningar for bjørn bør primært utførast samla for utbreiingsområdet, og i regi av ein forskingsinstitusjon. Estimata må bygge på både kjende forskingsdata og lokalt/regionalt innsamla data om einskilde individ i Noreg.

FoU

Det må framleis vere ei prioritert oppgåve å vidareføre det skandinaviske bjørneprosjektet. Prosjektet har gjennom fleire år bygt opp ei monaleg kunnskapsmengd om kva tilhøve som styrer utviklinga av den skandinaviske bjørnebestanden. Det er vidare klårt at ei rekke undersøkingar av bjørn i andre land har avgrensa overføringsverdi til skandinaviske tilhøve. Med utgangspunkt i den auken i bestanden som er venta både på norsk og svensk side vil ei vidareføring av prosjektet gi naudsynt informasjon om tidsperspektiv og biologiske tilhøve som påverkar bjørnen i ei rekolonisering i delar av Noreg. Det vil i denne samanheng vere av særleg interesse å følgje etableringa av binner i dei norske kjerneområda, noko som kan gjerast ved hjelp av radiomerking av binner i dei aktuelle grensestroka. I løpet av våren 1997 vil det ligge føre ein oppdatert plan for vidareføring av prosjektet, under dette ei sterkare målretting i høve til relevante forvaltingsproblem.

4 ULV

Historisk utvikling og utbreiing

Ulv har hatt ei vid global utbreiing, og tidlegare fanst den truleg over heile den nordlege halvkula nord for 20. breiddegrad. Den var utbreidd i ei rekke ulike miljø, og hadde utvikla lokale tilpassingar til mange ulike byttedyr. I Skandinavia har utviklinga dei siste 150 år vore prega av ein dramatisk attendegang i bestanden. Dette skuldast hard jakt med alle middel, samt reduksjon i tilgangen på byttedyr i periodar. Det har likevel aldri vore heilt tomt for ulv i Skandinavia. Sjølv i svært små bestandar har ulven vist evne til å overleve og til å kolonisere nye område. Reproduksjon i dei siste 30 år har likevel vore avgrensa. I Sverige var det ikkje dokumentert reproduksjon mellom 1964 og 1978. Ynglinga i 1978 var truleg eit resultat av ei innvandring frå Russland/Finland, der talet på ulvespor som kryssa grensa frå Russland auka sterkt frå 1975 til 1977. Både ynglinga i Nord-Sverige i 1978 og innvandring frå Finland over Åland kan ha gitt opphav til etablering av ynglepar i Sør- Sverige. Mykje tyder også på at det aldri har vore heilt tomt for ulv i Hedmark/Värmland. Ein kombinasjon av innvandring og eit fåtal dyr til stades kan dermed vere opphav til dagens utbreiing i Noreg og Sverige. Utbreiinga av ulv i dag er vist i kap. 5, figur 5.4.

Storleik på bestanden

Dei få ulvane som opptrer i Noreg utgjer delar av ein sørskandinavisk bestand med tyngdepunkt i Sverige. I St.meld.nr.27(1991-92) vart det oppgitt at det då var to kjende familiegrupper, og at ei av dei etablerte seg i Värmland- Hedmark i 1982-83. Flokken i grenseområdet Värmland-Hedmark har halde seg innanfor eit relativt avgrensa område, men einskilde individ har føreteke vandringar ut frå dette området. Talet på ulv som kan opptre i Noreg vart difor estimert til 5- 10, men dei fleste av desse held seg i Sverige ein stor del av tida.

Bestanden av ulv i Noreg og Sverige blir rutinemessig følgt opp med sporingar og kontroll i dei kjende flokkområda. Vinteren 1995/96 vart det påvist ulv i flokk i fire område. Innanfor desse områda var det minimum 22-24 individ. I tillegg opptrer det einskilde ulvar utanfor flokkområda, slik at bestanden av ulv i Skandinavia vart vurdert til minst 30-35 dyr vinteren 1995/96. Dette var ikkje nokon markant auke frå året før, men bestanden har auka sidan først på 1980-talet. Av den samla bestand har 5-7 ulvar vinteren 1995/96 og 1996/97 til tider hatt tilhald på norsk side av grensa.

Vinteren 1996/97 er det registrert tre ulveflokkar med kvelpar fødde i 1996 på svensk side. I tillegg er det registrert to ulvar i følgje i eit område i Sverige og i to område på begge sider av riksgrensa sør i Hedmark, i Akershus og i Østfold (kap. 5, figur 5.4). Desse representerer høve for yngling våren 1997, men dette kan først verifiserast vinteren 1997/98. Så langt har auken i bestanden skjedd på svensk side, og det er førebels ikkje grunnlag for å oppjustere talet på ulvar som periodevis held seg i Noreg.

Biologi

Til skilnad frå våre andre store rovdyr lever ulven i små flokkar eller familiegrupper. Det er ei streng rangordning innanfor flokken, som samarbeider om jakt, oppfostring av kvelpar og forsvar av sitt leveområde.

Ulven blir vanlegvis kjønnsmogen i toårsalderen. Kullstorleiken kan variere frå 1 til 8. Gjennomsnittet ligg truleg rundt 5- 6. Den teoretiske formeiringsevna er difor stor, men denne blir avgrensa av at det til vanleg berre er den dominerande hoa i flokken som får parre seg med den dominerande hannen (alfa-paret). Dødsraten for kvelpane er også stor, og vanlegvis vil minst 50 % omkome i løpet av første leveår.

Ulven er ein utprega kjøttetar, og næringsvalet femner både hjortevilt, bever, husdyr, smågnagarar og åtsel. I dei områda i Skandinavia der ulv førekjem i dag er elg og rådyr dei viktigaste byttedyra.

Områdebruk og vandringar

Storleiken på leveområdet til ein ulveflokk synest å variere ein del med m a storleiken på flokken og tilgang på byttedyr. Det ligg føre lite data om dette under skandinaviske tilhøve, men ei gjennomsnitts familiegruppe på 5-10 ulvar synest å kunne bruke eit areal på omlag 500-1000 km2 på årsbasis.

Kvelpane vil ofte følgje flokken og kan ta del i oppfostringa av neste kull inntil dei blir kjønnsmogne. I samband med paringstida i februar-mars blir gjerne familiegruppa splitta opp, og yngre dyr kan då vandre ut. Slike dyr kan legge ut på lange vandringar med snøgge forflytningar over store avstandar. Ungdyr fødde i grensetraktene i Sør-Skandinavia vil potensielt kunne utvandre og opptre som streifdyr over større delar av Skandinava. Dødsraten for slike urøynde utvandrande dyr kan vere høg. Til dømes vart seks ulvar påkøyrde og drepne av bil og tog i Skandinavia i perioden frå juni 1991 til januar 1993. Det ligg føre lite data om etablering av slike utvandrande dyr. Men det finst døme på at også einsame ulvar kan vere relativt stasjonære i sin områdebruk.

Venta utvikling i bestanden

Ulvebestanden i Skandinavia er framleis så fåtalig at tilfeldige hendingar som ulukker, ulovleg felling og liknande snøgt kan føre til at bestanden dør heilt ut om dette råkar dei få reproduserande individa. Det har vore ein viss vekst i bestanden dei siste 10-15 år, og ulven har eit teoretisk høgt reproduksjons- og spreiingspotensial samanlikna med t d bjørn. Det kan likevel ikkje seiast med kva hell dei 3-4 familiegruppene ein har i dag greier å utnytte dette potensialet eller kvar individ som forlet ei familiegruppe vil prøve å etablere seg. Ein kombinasjon av strengt vern og naudsynleg hell kan føre til at det etablerast fleire nye familiegrupper, slik at bestandssituasjonen for ulv kan betrast på relativt kort tid. Dersom det blir etablert nokre fleire familiegrupper vil også faren for utdøing som følgje av tilfeldige hendingar bli redusert.

Avskyting

Både i Noreg og Sverige kan dei sentrale forvaltande styresmakter (Direktoratet for naturforvaltning og Statens Naturvårdsverk) gi løyve til skadefelling av ulv som har gjort monaleg skade på husdyr eller rein. Men dette tiltaket skal vurderast i høve til situasjonen for bestanden, og ulven si stode som det mest truga pattedyret i Skandinavia tilseier at det blir ført ein svært streng forvaltingspraksis på dette området i begge land. I Noreg har det ikkje vore gitt skadefellingsløyve på ulv sidan fellinga av den såkalla Vegårshei-ulven i 1984. Men det har vore fleire tilfelle av ulovleg felling og naudrettsfelling i medhald av viltlova §11. Ved revisjon av viltlova i 1993 vart tilgangen til naudrettsfelling avgrensa til berre å gjelde direkte åtak på husdyr/rein, og det vart også gitt heimel til heilt å unnta særskilt truga bestandar. Denne heimelen er mest aktuell å bruke for ulv, men det har etter lovendringa ikkje vore tilfelle av felling der det har vore vist til naudrett, og føresegna er førebels ikkje teken i bruk.

Genetikk

Små og isolerte populasjonar har generelt høg risiko for tap av genetisk variasjon og utvikling av negative innalseffektar. Denne risikoen aukar dersom populasjonen stammar frå få individ og som eventuelt er i slekt med kvarandre. Genetiske studiar av ulv i svenske dyreparkar har dokumentert tap av genetisk variasjon med innalseffektar som redusert storleik på kull og blinde individ.

Det har både i Sverige og Noreg vore framsett påstandar om at dei ulvane som i dag finst i Skandinavia stammar frå utsette dyreparkulvar. Undersøkingar av materiale frå viltlevande ulvar har nyleg slått fast at desse ikkje er i slekt med dei ulvane som finst i fangenskap, slik at desse påstandane kan avvisast også på eit genetisk grunnlag. Undersøkingane har også vist at dei ulvane som truleg innvandra til Nord-Sverige frå aust i 1977 og som seinare forsvann, ikkje var nært i slekt med kvarandre, men det er heller ikkje funne nært slektskap mellom desse ulvane og dei ulvane som ein frå starten av 1980-talet har hatt i Sør-Skandinavia. Det mest trulege er difor at nokre få ulvar har overlevd i Sør-Skandinavia som rest av den tidlegare bestanden, og at det var mellom desse dyra det oppsto ei forplanting i 1983 som seinare har gitt opphav til dei få familiegrupper ein no har. Eit anna alternativ er at det kan ha vandra inn dyr frå aust som ikkje er blitt registrerte på annan måte. Uansett har den sørskandinaviske ulvebestanden truleg vore gjennom ein svært trong genetisk flaskehals, og den genetisk effektive storleiken på populasjonen er framleis svært liten. Ein må difor vere merksam på faren for tap av genetisk variasjon og mogelege innalseffektar. Innvandring frå tid til anna av individ som ikkje er i slekt vil redusere faren for slike effektar, og det vil difor vere viktig å legge til rette for at høvet til slik innvandring frå Finland og Russland faktisk er til stades.

Eit anna problem knytt til vern av den sørskandinaviske ulvestamma sitt genmateriale er såkalla ulv-hund-hybridar. Spontan paring mellom viltlevande ulv og hund er påvist i fleire land, og etablering av avkom frå slike paringar kan representere eit trugsmål også i Skandinavia. Eit større problem er det likevel at det har gått føre seg import og al av slike ulvehybridar for å halde dei som hundar. Desse er no i ei viss mon spreidde både i Sverige og Noreg. Dette har skjedd trass i at innførsle er forbode etter norsk viltlovgjeving. Faren er difor til stades for at slike individ kan rømme, etablere seg og pare seg med viltlevande ulvar.

Ulv som skadegjerar

Etter som det er svært få ulvar som til ei kvar tid held seg i Noreg, har omfanget av ulveskadar på husdyr og rein vore svært avgrensa samanlikna med dei andre tre rovdyrartane. I perioden 1992-95 varierte talet på sau som det vart gitt erstatning for som drepne av ulv mellom 0 og 462 for dei einskilde år. Dei skadar ein har hatt har først og fremst vore knytte til einslege utvandrande ulvar, der det av og til har førekome nokre konsentrerte og omfattande skadetilfelle. Det har vore små skadar knytt til leveområdet til den eine familiegruppa som til dels har hatt sitt leveområde på norsk side av grensa på Finnskogen. Med ein auke av ulvebestanden må det reknast med at skadeomfanget vil auke.

Registrering av bestanden

Ulv opptrer som svært fåtalig i Noreg og Sverige. Registrering og overvaking av bestanden føregår i dag ved at einskilde individ blir registrerte ved sporfunn, synsobservasjonar og ved kadaverobduksjon av byttedyr. Innanfor område med mogeleg reproduksjon blir det i tillegg årleg gjennomført undersøkingar av revirmarkerande individ som går saman, og sporingar vinterstid for å fastslå om yngling har skjedd og i tilfelle kva produksjon som har vore. Denne metodikken blir gjennomført samordna på norsk og svensk side. Det synest ikkje aktuelt å endre denne metodikken under føresetnad av at det ikkje skjer ei vesentleg endring i storleiken av bestanden.

FoU

Ulvebestanden i Skandinavia er svært fåtalig og truga, og det er naudsynt at den blir følgt opp med rutinevis overvaking basert på dei til ei kvar tid førekomande familiegrupper. Forskingsprosjekt knytt til ulvebestanden blir likevel på det noverande stadium vurdert som lite aktuelt. All merking og innfanging medfører ein viss risiko for dyra, og bør difor ikkje gjennomførast før bestanden har eit høgare tal individ og slik er mindre sårbar for tilfeldige hendingar/dødsfall. Det bør likevel i dialog med finske styresmakter søkast å få etablert eit samarbeid slik at naudsynt biologisk kunnskap med overføringsverdi til Skandinavia kan framskaffast i dei tettare finske ulvebestandane.

Lagt inn 16 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen