Evaluering av førebyggande tiltak

Vedlegg 2

1 FORVALTINGA SI VURDERING AV GJENNOMFØRTE TILTAK I FYLKA

I det følgjande er gitt ei meir detaljert oppsummering av vurderingane som er gjort av ei arbeidsgruppe nedsett av Miljøverndepartementet og Landbruksdepartementet, jfr kap. 4.3.1.

Tiltakstypar og fordeling på fylka

Figur 2.1 og 2.2 viser omfanget av førebyggande tiltak mot rovviltskadar for perioden 1992-95, målt i pengebruk. Figur 2.3 viser omfanget av dei ulike tiltaka etter fylke, målt i pengebruk i den same perioden. Ikkje alle middel stilt til disposisjon for fylkesmannen er med i denne oversikta. Årsaka er at noko pengar er brukt til andre tiltak som ikkje har direkte førebyggande karakter. Dette kan vere m a møter, reiser, utstyr, organisering av skadefelling, bestandsregistrering, skadedokumentasjon m v.

Førebyggande tiltak mot rovviltskadar på rein har til no hatt svært lite omfang. Dei førebyggande tiltak mot rovviltskadar som er nemnde nedanfor, gjeld difor sau.

Figur 2.1 Midlar tildelt ulike typar førebyggande tiltak i perioden 1992-1995.

Tilsyn

Tilsyn med husdyr på utmarksbeite skjer på ulike måtar og med ulik intensitet. Tidlegare var gjeting av kvar buskap den vanlege måten å halde oppsyn på. Dette var naudsynt m a for å verne dyra mot rovdyr. Med intensiv jakt og reduserte rovdyrbestandar i dette hundreåret vart dyra sleppte fritt i utmarka med mindre intensivt tilsyn. I dag er eit normalt tilsyn at ein person går i beiteområdet etter behov for å sikre ei forsvarleg drift. Det blir gjort observasjonar av tilhaldsstaden til dyra, unormale tilstandar som krev særskilde tiltak, kontrollar ved saltplassar m v. Tilsynsprosjekt har fram til i dag vore det klårt mest omfattande tiltaket som er finansiert av fylkesmannen, jfr figur 2.1. Årsaka til dette har i hovudsak vore mangel på alternative søknader om førebyggande tiltak. Næringsutøvarane og næringsorganisasjonane ser ofte på tilsynsprosjekt som det einaste aktuelle tiltak.

Figur 2.2 Årleg tildeling av midlar til førebyggande tiltak i perioden 1992-1995.

Ekstraordinært tilsyn

Ved ekstraordinært tilsyn blir det sett inn mange personar i område der det har oppstått skade eller der ein ventar at skade vil oppstå. Tiltaket er venta å førebygge skaden anten ved at skadegjeraren skyr området på grunn av stor menneskeleg aktivitet, eller ved at ein oppdagar meir skade som igjen kan føre til at andre tiltak kan iverksettast. Effekten av tiltaket kan ventast å vere best når det blir iverksett tidlegast mogeleg etter at skade er skjedd.

Gjeting

Gjetinga som gjekk føre seg i tidlegare tider her til lands er bytt ut med tilsyn av dyr på beite. Gjeting av dyr er framleis vanleg i mange andre land, der sauehaldet blir drive på ein annan måte enn i Noreg. Når dyra blir gjette, har gjetaren heilt eller delvis kontroll over og styring med buskapen. På grunn av nærleiken mellom gjetar og husdyr kan predasjon frå rovdyra avvergast. Om kvelden blir dyra ofte samla i innhegningar, kveer o l. På denne måten blir rovdyrtapa haldne låge, til trass for relativt store rovviltbestandar i ein del av dei aktuelle områda. Gjeting er i perioden berre utført i lite omfang i eitt år i eitt fylke, utan at det ligg føre konkrete resultat av dette forsøket.

Seinare slepp på beite

Det har vist seg at dette tiltaket fører til betre kondisjon og dermed betre evne til å overleve for lam på beite. Den totale beitetida i utmark blir også korta ned, noko som også vil føre til lågare totaltap av lam. I høve til tap frå rovdyr vil tiltaket ha størst positivt utslag for predasjon frå raudrev og kongeørn, men også i område med tidleg tap på grunn av store rovdyr kan tiltaket føre til reduserte tap.

Tidlegare sanking

Tiltaket går ut på at sauene blir sanka ned tidlegare enn vanleg. Normalt skjer hovudsankinga midt i september, men dette kan variere regionalt. Føresetnaden er at det har oppstått, eller ein trur det vil oppstå, ein skadesituasjon relativt seint i sesongen. Utgiftene blir kompenserte ved at det blir betalt for ekstra fôr eller leige av beitemark og for meirarbeid. Dyra blir til vanleg flytta til innmarksbeite/kulturmark, men det er også mogeleg å nytte anna utmarksbeite om tilhøva blir lagt til rette for det. Beite på eiga innmark vil til vanlig ikkje kunne nyttast.

Det kan skillast mellom førebudd tidlegare sanking og akutt tidlegare sanking. Førstnemnde inneber god planlegging året i førevegen. Dette kan omfatte avtalar om leige av beiteareal, opparbeiding av særskilte fellesbeiteareal m m. Akutt tidlegare sanking inneber som regel at det ikkje er tilrettelagt for dette på førehand. Ved akutt tidlegare sanking blir alternative beiteplassar eller oppkjøp av ekstra fôr avklåra i kvart einskilt tilfelle.

Figur 2.3 Fylkesvis tildeling av midlar til førebyggande tiltak i perioden 1992-1995.

Flytting av sau på beite

I dag blir sauen til vanleg sleppt på sommarbeite i nærleiken av garden. Flytting av sau kan skje på ulike nivå;

  1. Ved å frakte buskap som er utsett for store årlege rovviltskadar til andre sommarbeite med mindre skadepotensiale vil rovviltskadane blir reduserte. Det er dessutan fleire stadar i landet, kanskje spesielt på Vestlandet, tradisjon for å frakte sauebuskap relativt langt til og frå sommarbeite. Årsaka til dette er først og fremst mangel på gode sommarbeite nær garden.
  2. Sauene kan flyttast til område der det er lettare å ha oversikt over dyra. I tillegg til at oversikta blir betra, vil det også vere betre høve til å sette i verk andre førebyggande tiltak.
  3. Sauene kan flyttast saman slik at dei blir haldne tettare. Dermed blir det lettare å utføre anna førebyggande arbeid, samstundes som kontakten mellom rovdyr og sau minskar.

Jaging/skremming av rovdyr

Dette tiltaket skal skremme rovdyr ut av eit område der det har oppstått rovdyrskadar slik at ein kan avgrense eller unngå ytterlegare skadar. Tiltaket kan også i spesielle tilfelle nyttast der ein fryktar at rovdyret kan gjere skade. Då det er svært vanskeleg å lokalisere rovdyr og vite til ei kvar tid kvar dei held seg, er dette eit tiltak som først og fremst kan nyttast på rovdyr som er radiomerka i samband med forskingsprosjekt.

Omlegging til mjølkeproduksjon

Med utgangspunkt i ein søknad frå tre brukarar i Lierne kommune i Nord-Trøndelag, vart det i 1994 opna for å gi statleg støtte til driftsomlegging frå sauehald til mjølkeproduksjon. Spørsmålet vart teke opp av brukarane på bakgrunn av ein situasjon med vedvarande og høge tapstal over ei årrekke. Tapa i dei aktuelle buskapane var så store at brukarane av etiske og driftsøkonomiske årsaker fann det svært vanskeleg å halde fram med drifta på eit slikt grunnlag.

Prinsippet om å opne for ei slik omlegging og bruk av statleg støtte vart avklåra på politisk nivå i Landbruksdepartementet og Miljøverndepartementet. Dette vart følgt opp ved jordbruksoppgjeret 1994, der det vart opna for ein kvote på inntil 1 mill liter mjølk i 1994 til eventuell omlegging til mjølkeproduksjon i rovdyrutsette område. Landbruksdepartementet fastsette nærare føresegner for tildeling av kvotar. Styringsgruppa for toprisordninga fastsette nærare vurderingskriterier og praktiseringsreglar for tildeling av kvotar. Det vart m a lagt til grunn at anna omstilling (t d omlegging til kjøttproduksjon på storfe) skulle vere vurdert og avklåra før ein eventuelt gjekk inn på ei ordning med omlegging til mjølkeproduksjon. Det vart vidare lagt til grunn at storleiken på kvoten i utgangspunktet skulle tilsvare eit omfang i mjølkeproduksjonen som det eksisterande omfanget på sauehaldet. For å få eit mest mogeleg rasjonelt opplegg vart det også opna for at kvoten kunne sjåast i samanheng med det ressursgrunnlag (særleg arealgrunnlag) som bruket hadde. For eit par av bruka i Nord-Trøndelag medførte dette at ein fekk noko større mjølkeproduksjon enn det ein ut frå arbeidskraftbehov tidlegare hadde i sauehaldet.

På grunnlag av brev datert 22.07.94 frå Landbruksdepartementet kom det totalt inn 19 søknader om mjølkekvote i samband med omlegging frå sauehald (tabell 2.1).

Som det går fram av oversikta er ikkje heile kvoten brukt opp. Det er også store skilnader mellom bruk med omsyn til den kvote som er innvilga. Dei største kvotane er gitt til Nord-Trøndelag, der det er innvilga einskildkvotar frå omlag 90 000 l til 120 000 l. Dette er fire større bruk med sauehald der det er lagt opp til ei total omlegging. I Hedmark er det i større grad bruk med kombinasjon mjølkeproduksjon/sauehald som har fått innvilga kvotar for overgang til rein mjølkeproduksjon.

Intensjonen med omlegging er at dette skal føre til ein merkbar og varig reduksjon i rovdyrtapa. Det er likevel grunn til å følgje nøye med om tapa aukar i omfang hos andre brukarar, først og fremst i nærområdet, men også i ein større regional samanheng.

Tabell 2.1 Omsøkt, innvilga og disponert mjølkekvote i liter fordelt på fylke.

Rovdyrklavar

Halsklavar av tjukk nylon eller metall kan festast på lam for å hindre predasjon frå rovdyr, i første rekke gaupe. Gaupa drep med sitt karakteristiske strupebitt. Hypotesen er at klaven gjer predasjon frå gaupa vanskeleg og/eller at gaupa let vere å gå til åtak på grunn av klaven. Klavar er også utprøvd på lam ein beitesesong i eit jerveområde.

Kodemerking

Ved å merke sau med iaugefallande merke som fortel kor mange lam søya har, kan tap lettare oppdagast. Dette tiltaket har ikkje direkte tapsreduserande effekt, men det vil medverke til at tap blir avdekka tidlegare enn elles. Andre tiltak kan dermed iverksettast om det oppstår monalege tap. Kodemerking er oftast utført i tillegg til og i samanheng med andre førebyggande tiltak.

Luktbingar

Omkring ein saltstein som sauene oppsøker blir det bygt ei ramme med tak over. Sjølve ramma blir med jamne mellomrom påført luktstoff av same slag som blir nytta i luktampullar i jerveforsøk. Luktstoffet blir smurt inn i ein veike og lagt på kantane av ramma. Bingen er bygt slik at når sauen sleikjer steinen kjem den i kontakt med ramma og ulla blir dermed påførd luktstoffet. Bingane er også bygt på ein måte som gjer at sjølv små lam kan sleikje saltstein og få luktstoffet på seg. Meininga er at luktstoffet skal kunne halde rovdyr borte. Tiltaket er forsøkt eit einskilt år i eit område i Troms.

Gjerding

Det vanlege i Noreg er at sauene går inngjerda på innmark før dei blir sleppte på utmarksbeite og etter nedsanking om hausten. Inngjerding av sau i utmark, som er vanleg i andre land som t d Sverige, er lite nytta her til lands. Sau kan gjerdast inne på kulturmark, i utmark eller i eit område som er samansett av begge delar. Sauen kan haldast inngjerda i heile eller delar av beitesesongen og døgnet. Føremålet med tiltaket er dels å hindre eller avgrense at rovdyr kjem til med å predatere sau, noko som igjen vil avhenge av gjerdetype og kva rovdyrart som tiltaket først og fremst er retta mot. Det vil også vere lettare å halde tilsyn med buskapen når den går innhegna. Ved å halde sauen konsentrert i staden for at den blir spreidd over eit stort område vil ein i tillegg redusere talet på «møte» mellom rovdyr og sau.

Tabell 2.2 Arbeidsgruppa si vurdering av tiltaka sin trulege effekt på tap av sau.

Vurdering av gjennomførde tiltak

Tabell 2.2 viser eit oversyn over arbeidsgruppa si prioritering mellom ulike tiltak. Tilsyn er eit tiltak med svært avgrensa tapsreduserande effekt. Samstundes viser tiltak under «truleg stort potensial» noko av kjernen i problemet i dag; Det er mange tiltak som ein ventar kan ha tapsreduserande effekt, men der ein førebels manglar fagleg dokumentasjon.

Tiltaka er anten definert som «permanente» eller «akutte». Det vil likevel finnast nokre tilfelle der tiltak bør bli permanente, t d tidlegare sanking, sjølv om dei i tabellen er oppført under «akutt», og omvendt.

2 Vitskapeleg evaluering av førebyggande tiltak og internasjonale røynsler

Universitetet i Oslo, Biologisk institutt og Norsk institutt for naturforsking (NINA) har i 1996 på oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning og Landbruksdepartementet gjennomført ei vitskapeleg evaluering av ulike typar førebyggande tiltak mot rovviltskadar. I prosjektet har også delteke forskarar frå Høgskulen i Hedmark, Høgskulen i Nord-Trøndelag og Wildbiologisches Gesellschaft München e. V. Rapportane frå prosjektet gir ei brei oppsummering og vurdering av både norske og internasjonale resultat og røynsler. Institusjonane står saman om vurderingar og konklusjonar.

Evaluering av kunnskapsgrunnlaget om førebyggande tiltak mot rovviltskadar i Noreg

Evalueringa har omfatta dels ein gjennomgang av eit material og resultat om førebyggande tiltak innsamla av fylkesmennene sine miljøvernavdelingar (jfr kap. 4.3.1 og omtalen ovanfor), dels eit material frå registreringar og forsøk gjennomført av Organisert beitebruk med støtte frå Tiltaksfond for småfe og fjørfe m m. I tillegg er det gjort ei grundig evaluering av dei meir vitskapelege rapportane som er publiserte om førebyggande tiltak i Noreg, basert på eksperiment og statistiske analysar.

Førebyggande tiltak har vore praktisert her til lands så lenge det har vore husdyr i utmark, men det ligg føre berre avgrensa material og resultat frå forsøk som kan nyttast i ei vitskapeleg evaluering. Alle forsøk og eksperiment om effekten av førebyggande tiltak som er evaluerte hadde såpass svake sider når det gjeld metode og/eller material at det ikkje kan trekkast rimeleg sikre konklusjonar av resultata. Det blir også etterlyst forsøksverksemd som kan kaste lys over eventuelle uventa skadeflyttande effektar av dei ulike førebyggande tiltaka som er undersøkt. Med dette meiner ein at t d førebyggande tiltak av typen skremming, bruk av repellentar, klavar m v., som berre har lokal eller temporær effekt i bruksområdet, kan tenkast å flytte tapsproblemet til omkringliggande område.

Materialet som er utvikla og innsamla av Organisert beitebruk omfattar vesentleg bruk av ulike tilsynstypar som førebyggande tiltak. Det bør understrekast at dette arbeidet i utgangspunktet er retta mot å førebygge mot alle tapsårsaker, ikkje berre rovdyrskadar. Omlag 70 % av sauene i Noreg er i dag med i eit av dei 925 beitelaga innanfor ordninga. Dei har arbeidd målretta for å få ned tapa av dyr gjennom betre organisert tilsyn og sanking, samt investeringar av ulike slag i beiteområde (gjetarhytter, bruer, sperregjerde, førebygging av skårfeste (stader der sauen kan gå seg fast) m m). I løpet av ein 20-årsperiode har det lukkast å redusere dei årlege tapa med 6.000-7.000 dyr.

Trass i at arbeidet innan sankelaga har gått som normalt og også er blitt intensivert i einskilde område, har det vore aukande tap av dyr på beite dei siste åra. Etter å ha lege mellom 3.5-4.0 % i tap frå 20 år attende, har dette auka dei siste åra til 4.76 % i 1995 - det høgaste tapet av dyr på utmarksbeite sidan ordninga vart starta i 1970.

Tiltaka har altså på ingen måte lukkast i å motverke aukande tap. Men beitelaga som har vore med på dette opplegget ligg i område som på det innleiande tilskotstidspunkt hadde relativt store mørketap. Utvalet er dermed ikkje representativt for totalsituasjonen. Det gir berre eit bilete av utviklinga innan ein spesiell kategori av beitelag. Materialet frå organisert beitebruk illustrerer godt behovet for vidtfemnande planlegging dersom ein ønskjer å prøve effekten av skadeførebyggande tiltak.

Tilsyn i beiteområda er som nemnt eit tiltak som er mykje brukt her i landet. Tilsyn kan vere av ei rekke ulike typar med ulik intensitet og «styrke», frå vanleg tilsyn til gjeting. Det har likevel vore sett på som eit problem at det ikkje kan påvisast nokon effekt med vanleg tilsyn (mindre enn tre dagar pr veke) når rovdyr er til stades i beiteområdet. Det har såleis i Noreg totalt vore brukt store ressursar på ulike tilsynstypar som førebels ikkje har gitt signifikante og varige effektar på rovdyrtapa regionalt, og i mange tilfelle heller ikkje lokalt. Det er difor nærliggande å vurdere om denne typen førebyggande tiltak bør utviklast endå ein styrkegrad til gjeting. Næringa synest å finne innføring av gjeting vanskeleg ut frå praktiske og økonomiske tilhøve. Det er likevel vanskeleg å vurdere dette utan at det blir prøvd ut i forsøk, og at ulike økonomiske modellar for mogelege gjetarsystem blir nærare undersøkte. Eit aktuelt spørsmål å få vurdert er om det kan utviklast moderne former for gjeting tilpassa eit variert sauehald i det etterindustrielle norske samfunnet som kan løyse delar av tapsproblemet, som kan få regional innverknad og som er av ein slik karakter at det ikkje svekker næringa økonomisk. Det bør vere ein føresetnad at forsking på og utvikling av eventuelle nye system for gjeting skjer i samforstand mellom forvalting og næring, og at alle tiltak blir nøye evaluerte både ut frå drift og økonomi, slik at konsekvensane for næringa kan vurderast på førehand.

I ulike rapportar er det også nemnt og forsøksvis vurdert ei rekke førebyggande tiltak som grip inn i driftsopplegget i sauehaldet, og som dermed vil få direkte konsekvensar for næringa. Seinare slepp, tidlegare sanking og flytting av sau er tiltak med aukande «styrkegrad» som raskt vil påverke driftsforma og dermed praktiske og økonomiske tilhøve i sauehaldet. Den mest vidtgåande påverknad av driftsforma er naturlegvis å legge heile drifta om til annan produksjon. Ein meiner at den førebyggande effekten av eit så vidtgåande tiltak vil gi ei faktisk og varig løysing på rovviltskadar, i alle høve lokalt.

Før ei slik omlegging blir nærare vurdert, må det også definerast kva rovdyrregime det er snakk om og kva skala som er aktuell. Satsing på slike tiltak reiser ei rekke heilt nye problem då det å finne alternativ produksjon og sysselsetting i marginale strok i dag er vanskeleg. Dersom rovdyrbestanden skal aukast vesentleg og det er snakk om omlegging i regional skala, vil dette ikkje berre reise store rettsvise, økonomiske og praktiske spørsmål, men også kunne få sosiologiske konsekvensar gjennom påverknad av brukarane si livsform.

Dei fleste forsøk som er utført på førebyggande tiltak til no, oppfyller ikkje forskingskriterium som mogeleggjer ei sikker effektmåling. Men fleire tiltakstypar har potensial. Det blir difor understreka at det bør leggast forskingskriterium til grunn for all forsøksverksemd i framtida på førebyggande tiltak i Noreg. Ei vitskapeleg stringent prøving av effekten av førebyggande tiltak vil kreve forskingsinnsats av ein heilt annan storleik enn det som er gjennomført til no. Det vil også måtte utvisast monaleg større kreativitet i utvikling av metodar.

Internasjonale røynsler

Det er utarbeida eit oversyn over omfanget av konflikten mellom store rovdyr og husdyr i 11 sentraleuropeiske land, og dette er samanlikna med situasjonen i Noreg. For kvart einskilt land blir det presentert eit detaljert oversyn over historisk og noverande forvalting av store rovdyr, omfanget av rovvilt/husdyr-problemet, samt tradisjonelle og moderne metodar brukt for å redusere tap av husdyr. Vidare er det absolutte og relative omfanget av husdyrtapa, variasjonar i tap etter sesong og innverknad for ulike husdyrartar diskutert. Samanlikninga med Noreg gjeld ikkje for jerv, då denne rovdyrarten ikkje finst i dei andre landa.

Røynsler frå desse sentraleuropeiske landa med bestandar av store rovdyr viser at det ved bruk av effektive tapsreduserande tiltak er mogeleg å ha husdyr på beite i rovdyrområde utan for store tap.

Følgjande hovudkonklusjonar kan trekkast om storleiken på og samansettinga av husdyrtapa:

  • ikkje noko europeisk land med store bestandar av ulv og bjørn (>50) let småfe gå fritt på beite i skogkledde område.
  • av husdyrartane var sau klårt mest utsett for predasjon frå gaupe, ulv og bjørn.
  • den relative predasjon på husdyr synest å vere lågast for gaupe og høgast for ulv.
  • på stor skala var dei økonomiske tapa på grunn av rovdyr små. Med nokre få unntak var husdyrtapa valda av rovdyr mindre enn 1 % av det samla talet på husdyr. På lokal skala var tapa derimot varierande, og i nokre område kunne dei vere monalege.
  • Noreg, med eit beitesystem som også femner frittgåande sau i skog, har utan samanlikning det høgaste husdyrtapet pr. individ av gaupe, ulv og bjørn.
  • det vart ikkje funne korrelasjon mellom storleik på rovdyrbestandar og årleg tap av husdyr.
  • ingen korrelasjon mellom tilgjenge av sau og sauetap til predatorar vart påvist.
  • ulikskapar i teknikkar for å vakte husdyra syntest å vere viktigaste faktor til å forklare ulikskapar i tap til rovdyr mellom ulike område.
  • husdyr synest å vere mest utsett for predasjon om natta og i skogkledde område, men sesongvariasjonar i husdyrtap varierte også mellom regionane. Førebyggande tiltak som rettar seg mot sesongtoppar i rovdyrtapa må tilpassast den lokale situasjonen.

På bakgrunn av røynslene, blir det gitt følgjande generelle tilrådingar om bruk av førebyggande tiltak:

  • vern av husdyra i nattkve eller med gjetarar og hundar synest å vere den mest effektive måten å redusere tapa til ulv og bjørn.
  • beite over tregrensa, omlegging av drifta frå sau til storfe, avkorting av beitesesongen i område med sesongvariasjonar, og bruk av vaktarhundar er andre lovande tiltak.
  • vernande halsband (mekaniske, repellentar) vil kanskje redusere tap valda av gaupe og jerv, men vidare testing er naudsynt før det kan trekkast sikre konklusjonar.
  • ein integrert forvaltingsplan, der rovdyr blir haldne ute frå visse område men blir tilletne i andre delar av landet, synest å vere den mest realistiske framgangsmåten. Ein soneringsstrategi må sjølvsagt kombinerast med andre førebyggande tiltak.

Det er også gjennomgått og samanstilt internasjonale røynsler med ulike tiltak som kan redusere tap av sau til rovdyr, og måtar desse kan kombinerast til ulike forvaltingsstrategiar. Gjennomgangen bygger på føresetnaden om å ha levedyktige bestandar av rovvilt, og samstundes halde oppe saueproduksjonen på nasjonalt nivå.

Data vart samla frå fleire nærliggande emne som inkluderer; (1) økologi og åtferd hos store rovdyr, (2) tapsårsaker i ulike område, (3) tradisjonelle gjetarteknikkar, (4) moderne tapsreduserande tiltak og (5) døme på forvalting av konflikten i ulike område. Eit internasjonalt perspektiv vart brukt der det var mogeleg, sjølv om det vart lagt vekt på europeiske og skandinaviske tilhøve. Data vart samla frå publiserte og upubliserte studiar, samt personleg kontakt med forvaltarar og forskarar frå heile verda. Dei biologiske mekanismane bak dei ulike tiltak vart forsøkt identifiserte.

Avgrensing av rovdyrpopulasjonar med ei eller anna form for kontroll har historisk sett vore den mest brukte metoden for å minske predasjon på husdyr frå rovdyr. Populasjonsavgrensing er framleis brukt i område med talrike artar som coyote og dingo. Generelt blir predasjonen på husdyr redusert, og i slike område er konflikten med verneinteressene minimal. Med truga rovdyrartar i små og spreidde bestandar vil ein slik generell bestandsreduksjon ikkje kunne sameinast med målet om å sikre levedyktige bestandar av store rovdyr. I nokre tilfelle er det likevel aktuelt å hindre at slike artar koloniserer nye område med høgt konfliktpotensial. Ein generell bestandsreduksjon vil berre vere realistisk om den blir kombinert med eit soneringssystem. Sjølv om mykje merksemd har vore retta mot å fjerne såkalla «problemindivid», så er det lite data som indikerer at problemindivid faktisk finst, eller om det er særskilde kjønns- eller aldersklassar som valdar det meste av tapa (hannar synest generelt å valde større tap enn hodyr). Mykje arbeid trengst for å avgjere om problemindivid eksisterer, og for å finne metodar som effektivt kan identifisere og fjerne dei. Flytting av einskildindivid synest generelt ikkje å vere ein brukbar metode då rovdyra har vist stor evne til å finne attende til utgangspunktet. Ei viss grad av suksess avheng av at det finst tilgang på store og umetta areal å flytte dyra til. Generelt vil kostnadene ved flytting kunne forsvarast om det dreier seg om å flytte reproduserande hodyr attende til små populasjonar, eller som ein del av ein reintroduksjon.

Metodar for å redusere tap av husdyr til rovdyr har blitt brukt sidan husdyra vart domestisert for 10.000 år sidan. Bruk av rovdyrsikre stengsel har vore vellukka. Store kostnader og sekundære effektar på anna vilt gjer at rovdyrsikre gjerde berre kan brukast på små areal som rundt bikuber og nattkve. Store rovdyr har ofte vist seg å kunne forsere gjerde, anten ved å hoppe over (t d kattedyr) eller ved å bryte seg gjennom (t d bjørnar). Elektriske gjerde med høg spenning har vist seg å vere det mest effektive (og kostnadseffektive) rovdyrsikre stengsel. Lyd- og lysinnretningar, læring av avsky og bruk av andre kunstige skremselsmiddel har i beste fall vist seg å ha svært kortsiktige effektar. Ein auke av dei naturlege bestandar av byttedyr er i mange område ein føresetnad for å kunne redusere predasjon på husdyr og samstundes halde oppe levedyktige bestandar av rovdyr. Men ein auke av dei naturlege bestandar av byttedyr kan også føre til ein auke i rovdyrbestandane, så tiltaket kan ikkje brukast utan i samband med andre tapsreduserande tiltak. Fôring av bjørn kan vere til nytte i særskilte tilfelle, men tilvenning av bjørn til utlagde kadaver kan føre til andre problem som auka aggresjon mort menneske. Vaktarhundar har vist seg å vere svært effektive når dei har ein flokk eller inngjerda sauer å forsvare. Fjerning av kadaver frå beiteområdet kan kanskje redusere talet på rovdyr som blir trekte til området. Sauer og geiter er klårt meir utsette for predasjon frå rovdyr enn storfe. Ei omlegging av drifta til storfe vil redusere predasjonen, særleg med ekstra vern av kyr med unge kalvar. Generelt er kalvar og lam meir utsette for predasjon enn vaksne individ. Ekstra vern under kalving og lamming vil redusere predasjon. Seinare slepp så lamma er større når dei kjem på beite vil også kunne redusere tapet. Å unngå område eller sesongar som er særleg utsette for predasjon har også potensial til å redusere tapet. Utbetaling av erstatning for rovdyrdrepne dyr har ingen tapsreduserande effekt, det gjer berre tapet meir akseptabelt.

Generelt er tradisjonelle metodar for å verne buskapen dei mest lovande. Kombinasjon av gjetar, vaktarhundar og nattkve er svært lovande. Dei tiltak og driftsformer som synest mest lovande er oppsummert nedanfor. I prinsippet vil dette seie gjetarsystem som har vore praktisert i heile Eurasia gjennom årtusen.

  • Omlegging av drifta frå frittgåande sau eller geiter til storfe når dette er praktisk mogeleg.
  • I nokre situasjonar kan skifte av sauerase vere effektivt.
  • Lamming og kalving under tilhøve som kan kontrollerast.
  • Rovdyrsikre nattkve for sau og kyr med unge kalvar.
  • Samling av sauen til nattkve vil vere meir effektivt med
    • konstant gjeting på dagtid
    • dyra på inngjerda beitemark. Mobile elektriske gjerde kan nyttast slik at ein kan rotere til nytt beite gjennom sesongen.
  • Bruk av vaktarhundar både dag og natt. Inngjerding av sauer sikrar også at vaktarhundane er effektive.
  • Fjerning av kadaver frå beiteområde når det er mogeleg.
  • Unngå sesongar, habitat og landskapstypar med høg risiko for predasjon.
  • Utvikling av avskystimulerande middel (kanskje i kombinasjon med vernehalsband) i område med berre gaupe eller jerv.

Eit soneringssystem medfører at årsakene til ein konflikt er fjerna frå store område der rovdyrpopulasjonar er verna, medan rovdyr blir ekskludert frå andre område med ueigna habitat eller høgt konfliktpotensial. Mange former for landbruk, skogbruk, jakt, fiske og industri kan sameinast med vern av store rovdyr. Hovudårsaka til konflikten er frittgåande sau. Ei omlegging av sauedrifta vil redusere konflikten. Villmark er ikkje ein føresetnad for vern av store rovdyr. Sonering har solid biologisk basis då rovdyra er svært stadbundne til sine leveområde. Tettleiken av rovdyr i nordlege område er generelt låg, og dei nyttar svært store leveområde. Vernesonene må difor vere store. Spreiing av unge individ og tilfeldige ekskursjonar ut frå territoriet hos einskilde vaksne, vil kunne skape konflikt utanfor vernesona og gjer det naudsynt med store buffersoner.

Vurdering av tiltak som kan vere effektive under norske tilhøve

Vurderinga har omfatta dei tiltaka som er nærare omtala under kap. 1 i dette vedlegget. I tillegg er det gjort vurderingar av tiltak som i liten grad er prøvd i Noreg dei siste åra. Dei viktigaste av desse er:

Gjeting

Gjeting kan gå føre seg i ulike former og med og utan hund. Det vil seie at ein person følgjer saueflokken heile tida. Gjeting har gamle tradisjonar i vårt land. Det er framleis vanleg i andre land som har levedyktige bestandar av store rovdyr både i

Europa og i verda elles. Gjeting blir i moderne tid utført av profesjonelle personar med opplæring og røynsle. Det er vurdert to typar gjetarteknikkar med ulike regime for «habitatbruk» hos sau. Liknande typar har vore i bruk historisk med tilfredsstillande resultat og er framleis i bruk i mange land, men effektiviteten av ulike former for gjeting er ikkje undersøkt i moderne forsking her i landet. Føremålet med gjeting som førebyggande tiltak er å halde rovviltet unna sauene og snøgt oppdage og avverge åtak.

Fri habitatbruk

Ved «fri habitatbruk» får dyra beite fritt i terrenget. Gjetaren følgjer dyra og brukar ulike metodar for å halde dyra samla og førebygge tap. Gjetinga kan t d vere organisert slik at ein går rundt utkantane av beiteområdet, ein eller fleire gonger pr dag. Ein kan då oppdage om noko skjer, og syte for at dyra vert samla om natta.

Dirigert habitatbruk

Ved «dirigert habitatbruk» blir dyra aktivt tvinga til ein bestemt bruk av landskapet, dvs at gjetaren flytter dyra og avgjer kvar dei skal beite. Dyra blir samla om natta.

Habitatdirigering med sauegjerde

Habitatdirigering med sauegjerde omfattar organisert oppsetting av faste eller mobile gjerde slik at sauen blir hindra i å utnytte eller halde seg i visse område, særleg der faren for rovdyrskade er størst. Ein går ut frå at dette verkar førebyggande på tap som skjer i spesielle habitattypar. Ved å halde sauen utanfor desse områda kan det truleg bli færre samantreff mellom sau og rovdyr og dermed reduserte tap.

Rovdyrsikker inngjerding i nattkve

Rovdyrsikker inngjerding i nattkve vil seie å gjerde inn det området der sauene skal vere om natta slik at rovdyra, som i hovudsak er nattaktive, ikkje slepp til. Dette blir ofte kombinert med gjeting. Det er ein føresetnad at gjerda er rovdyrsikre.

Vaktarhundar

Vaktarhundar er hunderasar som er særskilt avla gjennom fleire hundre år til å passe småfe. Dei har «vakse opp» med sau og har ei sosial preging som gjer det mogeleg å verne sau med minimal styring av menneske. Ein vaktarhund er altså korkje gjetarhund eller jakthund. Vaktarhundar skal distrahere dyr som går til åtak og hindre at åtaka blir fullført.

Avskylæring (kadaver)

Avskylæring vil seie gjennom læring å påføre rovdyr ein «avskyreaksjon» mot sauekjøtt. Det skjer ved å plassere eit kjemisk stoff i eit kadaver. Stoffet smakar vondt eller gir eit ubehag om det blir ete. Tiltaket verkar venteleg om rovdyret et av kadaveret og koplar ubehaget til etinga. Om rovdyret hugsar denne opplevinga, medvite eller umedvite, kan terskelen for å ta levande individ bli høgare.

Fjerning av kadaver

Fjerning av kadaver vil seie å fjerne kadaver i ein region. Tiltaket fungerer venteleg ved at det blir færre kadaver liggande i utmark. Færre kadaver betyr at færre rovviltindivid får tilgang til denne typen næringsressurs. Dette kan påverke tendensen hos andre individ til å ta og nytte som næringsressurs levande dyr av same art som kadaveret.

Fôring av rovdyr

Fôring av rovdyr vil seie å legge ut næring til rovdyr i eit område. Det nyttast i hovudsak kadaver, men også korn, frukt o l for bjørn. Tiltaket er effektivt om rovdyret berre et av den utlagde næringa som er lett å finne og utnytte, og dermed held seg borte frå sau i den same regionen. Føremålet er å forsøke å bufre næringssituasjonen i området slik at rovviltet ikkje påfører bufeet tap.

Flytting av rovdyr

Flytting av rovdyr vil seie å fange og flytte eit rovdyr frå eit område det valdar skade til eit område der det anten blir tillete å valde skade eller der det ikkje er potensial for å valde skade. Tiltaket er berre effektivt i den grad rovdyret ikkje vender attende til der det vart flytta frå. Det har vist seg at både store rovdyr og kongeørn har stor evne til å finne vegen attende.

Dei ulike tiltaka som er evaluert kan ha ulik effekt i kombinasjon med andre tiltak og/eller under ulike forvaltingsregime for rovdyr. Talet på mogelege kombinasjonar er svært stort. Basert på målet om å redusere skadar på husdyr i Noreg på grunn av aukande rovdyrbestandar, og sikre levedyktige bestandar av rovdyr nasjonalt samstundes som næringane ikkje blir svekka, er det presentert nokre døme som forskingsinstitusjonane meiner er dei mest aktuelle. Dette er gjort særskilt med tanke på korleis ulike tiltak kan kombinerast til ulike «pakkeløysingar» under eit regime med og utan sonering av rovdyrbestandar (kap.4, tabell 4.8). Bruk av tiltakskombinasjonar kan vise seg heilt naudsynt i arbeidet med å definere forvaltingsstrategiar for område som har både rovdyr og husdyr.

Døme på kombinasjonsløysingar
1. Gjetarkombinasjon

Dirigert habitatbruk med bruk av gjetar inneber eit system der ein gjetar på døgnbasis kontrollerer beitebruken hos sauene med periodebunden flytting av saueflokken («påtvungen arealbruk»). Effekten av eit slikt tiltak vil venteleg bli vesentleg styrka i kombinasjon med bruk av vaktarhundar og/eller samling av dyra om natta i rovdyrsikre kveer. Kombinasjonen gjetar, vaktarhund og nattkve vil t d kunne verke kostnadsreduserande ved at gjetaren då ikkje treng å halde flokken under kontinuerleg oppsyn på kvelds- og nattetid, sjølv om gjetaren bør sove i nærleiken. Ein slik generell tiltakskombinasjon blir brukt med godt resultat i andre land i og utanfor Europa, der sauehald og store bestandar av rovdyr sameksisterer.

2. Dirigert habitatbruk med gjerde

I staden for å nytte gjetar kan sauene påtvingast ein arealbruk ved at dei blir haldne innanfor område avgrensa av faste eller mobile sauegjerde. Gjerda blir flytta innan beiteområdet etter eit nærare planlagt mønster for optimal beiteutnytting. Også eit slikt tiltak vil med fordel kunne kombinerast med bruk av vaktarhundar og/eller rovdyrsikre nattkveer. Sauene kan på dagtid også beite på t d inngjerda innmark eller hogstflater m v, og på kveldstid takast inn i rovdyrsikre nattkveer - det er mange alternativ. Slike system vil kunne fungere utan kontinuerleg gjeting. Gjerdet blir først og fremst nytta til å hindre ukontrollert spreiing av sauene i buskapen og for å vere til hjelp under ei eventuell dagleg innsamling av sau, t d assistert av gjetarhund. Inngjerding vil i seg sjølv også auke effektiviteten ved bruk av vaktarhundar.

3. Driftsomlegging

I område som etter tiltak framleis har store tap, bør kombinasjonar med omlegging av drifta frå sau til storfe vurderast på lokale bruk. Storfe er ikkje så utsett for predasjon frå rovvilt som sau, særskilt gjeld dette i høve til jerv, kongeørn og gaupe. I område med ulv og bjørn vil det kanskje vise seg naudsynt med noko meir intensiv drift, særleg der kyr med unge kalvar går i utmark.

4. Tidlegare sanking

Særskilde tiltak kan ha stor effekt som enkelttiltak. I område med høge sauetap mot slutten av beitesesongen, t d på grunn av jerv, kan tidlegare sanking for å redusere tapet av sau vere eit slikt aktuelt tiltak. Tiltaket føreset at buskapen kan haldast med låg tapsrisiko etter sanking. Tidlegare sanking kan difor tenkast å kunne kombinerast med tiltak som under pkt.2 dersom det er andre rovdyr i beiteområda nær garden eller store bestandar av fleire rovdyrartar.

5. Flytting av sau

Flytting av sau er eit enkelttiltak som kan vere effektivt lokalt. Føresetnaden er at sau blir flytta til utmarksbeite i eit område der det er færre eller ingen rovdyr. Flytting av sau som tapsreduserande tiltak føreset at det finst ledige beite å flytte sauen til. Under tilhøve med store og utbreidde rovdyrstammer avheng flytting av sau difor heilt av sonering av rovviltet.

6. Andre tiltak

Andre tiltak, som lukt-/smaksrepellentar, klavar eller fjerning av kadaver kan også inngå i kombinasjonsløysingar i den grad forsking viser at det har effekt.

Døme på aktuelle tiltak mot rovvilt

Også når det gjeld tiltak mot rovvilt, må ein vurdere effektiviteten av enkelttiltak og høve til kombinasjonar.

1. Uttak av «problemindivid»

Individ av rovvilt som har ein særskild tendens til å ta husdyr blir kalla «problemindivid», t d «slagbjørn». Det er enno uvisst om det finst slike individ. Om problemindivid eksisterer og det blir utvikla ein akseptabel metodikk for å identifisere og fjerne slike individ, vil uttak av desse vere eit mogeleg tapsreduserande tiltak.

2. Lokal reduksjon av bestanden

Eit lågare bestandsnivå av rovdyr vil kunne verke tapsreduserande. Tiltak som kvote- og lisensjakt vil kunne fungere i dei fleste tilfelle. Dersom dei ikkje fungerer, kan det til dømes kombinerast med uttak av hiungar (som no er under utprøving på jerv).

3. Regional utskyting

Mange tiltak vil avhenge av at rovdyrregimet i området er definert, dvs at ein har kjende bestandsnivå av dei ulike artane å halde seg til. Det er vist gjennom historia at det er mogeleg å halde rovdyrbestandar utanfor eit område ved bruk av jakt med fri avskyting. Ein slik metode brukt regionalt kan vere eit aktuelt tapsreduserande tiltak, under føresetnad av at omsynet til at bestanden er levedyktig elles er ivareteke.

Tilpassingar av ulike tiltak til soneringssystem

Eit soneringssystem inneber ei inndeling i soner der rovdyr blir haldne utanfor nokre område og får høve til å vere utbreidd i andre. Desse områda kan vere av ulik storleik så lenge dei har levedyktige bestandar. I eit norsk scenario kan ein til dømes tenke seg at rovdyr er utbreidde i levedyktige bestandar i kjerneområde og blir forvalta ved utskyting utanfor. Det er i kap. 4.3.2 gjort greie for korleis forskingsinstitusjonane ser for seg at dei tiltak og kombinasjonar av tiltak som er omtala ovanfor, kan nyttast i ein slik forvaltningsmodell, jfr. tabell 4.8.

3 KOSTNADER KNYTT TIL FØREBYGGANDE TILTAK

Etter førespurnad frå styret i Tiltaksfond for småfe og fjørfe m m og Landbruksdepartementet har NILF kalkulert kostnader ved ulike førebyggande tiltak for å hindre rovdyrskadar på sau. I tråd med førespurnaden er det gjort utrekningar for ni ulike tiltak.

Utrekningane er gjort med utgangspunkt i ståstaden for den enkelte gardbrukar og ut frå ein normalsituasjon med omsyn til tap. Dette tyder at det ikkje er gjort noko vurdering av den nytteverknad det enkelte tiltak måtte ha, og at det heller ikkje er lagt noko samfunnsøkonomisk perspektiv til grunn ved utrekninga av kostnadene ved det enkelte tiltak.

I utrekningane er det lagt til grunn ein buskapsstorleik på 80 vinterfora sau (vfs), noko som tilsvarer 200 beitedyr, og ein beitelagsstorleik på 5 buskapar med til saman 1000 dyr på beite. Ytterlegare føresetnader og opplysningar som er lagt til grunn for utrekningane er mellom anna innhenta frå Husdyrkontrollen, database for organisert beitebruk (Norsk sau- og geitalslag), Norsk Kjøtt og driftsøkonomiske data innsamla av NILF. Då produksjonstilhøve og andre tilhøve til variere til dels mykje mellom område og frå bruk til bruk er det gjort fleire alternative utrekningar for kvart enkelt tiltak. For at dei enkelte tiltaka i størst mogeleg grad skal kunne samanliknast er kostnadene utrekna pr vinterfôra sau.

Tiltak 1: Flytting til andre rovdyrsikre område

I dette tiltaket er det føresett ei flytting av heile buskapar frå rovdyrutsette beiteområde til nye beiteområde utan rovdyrproblem. Det er gjort utrekningar for tre ulike flytteavstandar; 50, 100 og 150 km. Utrekningane tek omsyn til naudsynte investeringar i infrastruktur i tilflytta område, kostnader ved å etablere ein buskap i eit nytt område og transportkostnader inkl. ekstra tidsbruk. I tillegg til transportkostnadene utgjer etableringskostnadene ein monaleg del av dette tiltaket. Årlege kostnader pr vfs etter etablering er utrekna til 192, 269 og 346 kr for flytteavstandar på respektive 50, 100 og 150 km. Dersom det nye beiteområdet er sterkt geografisk avgrensa, t d ei øy, vil dei såkalla etableringskostnadene bli sterkt redusert.

Tiltak 2: Tidleg nedsanking

Dette tiltaket inneber at heile buskapen blir nedsanka frå utmarksbeite tidlegare enn normalt. Det er gjort utrekningar på nedsanking 2 og 4 veker før normal tid. Tidlegare nedsanking tyder at mindre fôr blir hausta på utmarksbeite, og det er føresett tre aktuelle måtar å tilpasse seg denne situasjonen på: 1. Reduksjon i dyretal. 2. Auka innkjøp av fôr. 3. Leige av innmarksbeite. I alternativ 1 og 3 er det føresett endringar i arbeidsbehov, respektive redusert arbeidskrav i alternativ 1 og ein liten auke i alternativ 3. Dette endra arbeidsbehovet er verdsett etter respektive 0 og 93 kr/t. For alternativ 3 er det gjort utrekningar med og utan arealtilskot på leigd areal. Auka innkjøp av fôr blir sett på som eit representativt alternativ og årlege kostnader pr vfs er utrekna til respektive 82 og 164 kr for nedsanking 2 og 4 veker før normaltid.

Tiltak 3: Dirigert habitatbruk ved bruk av gjetar

Tiltaket inneber at dyra blir følgde av gjetar(ar) kontinuerleg på dagtid og blir innhegna i ei rovdyrsikker kve om natta. Det er vidare føresett bruk av både vaktarhund og gjetarhund. Utrekningane tek omsyn til naudsynte investeringar i hundar og oppsett av nattkveer, lønnskostnader til gjetar, redusert normaltap, redusert tilvekst og årlege kostnader knytt til hundar og nattkve. Den dominerande kostnaden i dette tiltaket er lønnskostnader til gjetar, og eit avgjerande tilhøve er talet på dyr pr gjetar. Det er gjort utrekningar for flokkstorleikar på respektive 200 og 300 dyr pr gjetar. 200 dyr pr gjetar blir sett på som mest realistisk, men i skogsbeite vil truleg også dette talet vere for høgt. Med ein flokkstorleik på 200 dyr utgjer naudsynte investeringar kr 438 pr vfs og årlege kostnader er utrekna til kr 1.570 pr vfs. Ved ein flokkstorleik på 300 dyr vil dei årlege kostnadene utgjere 1.092 kr pr vfs. Alternativet framstår som svært dyrt dersom den som utfører gjetinga skal lønnast nokolunde på linje med anna lønnsarbeid.

Tiltak 4: Dirigert habitatbruk ved bruk av gjerde

Tiltaket omfattar organisert oppsetting av faste eller flyttbare gjerde for å hindre sauen i å utnytte eller halde seg i visse område. Gjerda kan også tenkast brukt til å halde dyra innanfor visse område som ei form for gjeting. Det er gjort utrekningar for oppsett av permanente og flyttbare elektriske gjerde. Utrekningane tek omsyn til investeringar, arbeidskostnader, årleg vedlikehald og kapitalkostnader. For begge typar gjerde er det gjort utrekningar for gjerdelengder frå 2 til 12 km. Investeringskostnadene for permanente gjerde er rekna til om lag kr 11.500 pr km og for flyttbare gjerde om lag kr 8.000 pr km. Dei årlege kostnadene vil vere høgare for flyttbare gjerde pga meirarbeid ved oppsetting og nedtaking og kortare avskrivingstid. For permanente gjerde må det i enkelte område reknast med meirarbeid for å hindre skadar på gjerdet valda av store snømengder. Dei årlege kostnadene for permanente gjerde er utrekna til om lag kr 2.000 pr km, medan årlege kostnader med flyttbare gjerde er rekna til om lag kr 2.350 pr km.

Tiltak 5: Tilsyn

Det er utrekna kostnader ut frå føresetnaden om at ein skal ha oversikt over alle dyra minst ein gong pr veke. Utrekningane tek omsyn til lønnskostnader fråtrekt kostnader til normalt tilsyn og reduksjon av tap som ikkje skuldast rovdyr. Det er føresett at denne graden av tilsyn kan utførast av ein person pr 1.000 dyr med ei arbeidsveke på 40 timar. Med ein beiteperiode på 95 dagar utgjer dette om lag 550 timar. Samanlikna med tilsyn i organiserte beitelag reknar ein med at dette inneber ein auke på om lag 150 tilsynstimar pr 1.000 dyr. Det er gjort alternative utrekningar der talet på tilsynstimar i ein beitesesong varierer frå 500 til 700 pr 1.000 dyr. Tilsvarande årlege kostnader vil då variere frå kr 2 til kr 49 pr vfs. Eit tilsyn på 550 timar vil utgjere ein årleg kostnad på kr 14 pr vfs.

Tiltak 6: Omlegging til mjølkeproduksjon

I dette tiltaket er det føresett at heile sauebuskapen blir nedslakta, det blir bygt ny driftsbygning for mjølkeproduksjon og kjøpt inn drektige kviger. Det er ikkje rekna kostnader i tilknyting til kjøp av mjølkekvote. Omfanget av ny mjølkeproduksjon er tilpassa eit anslag for innmarksareal for ein buskap på 80 vfs. Utrekningane tek omsyn til naudsynte investeringar og endringar i årleg inntening og arbeidskrav. Innteninga er vidare redusert dei 4 første åra på grunn av manglande kjennskap til ny produksjon. Ei omlegging til mjølkeproduksjon vil etter denne utrekninga medføre auka arbeidskrav. Kostnaden knytt til dette auka arbeidskravet er utrekna ut frå to alternativ, 93 og 0 kr/t. Verdsettinga av det auka arbeidskravet er avgjerande for kostnadene knytt til ei slik omlegging av driftsform. Dersom den auka arbeidsinnsatsen i mjølkeproduksjonen blir verdsett til 93 kr/t vil årlege kostnader utgjere 725 kr pr vfs. Ei slik verdsetting av auka arbeidskrav vil t d vere aktuelt dersom brukaren(ane) må slutte i lønna arbeid for å kunne yte den naudsynte innsatsen i gardsarbeidet. Dersom auka arbeidskrav blir verdsett til 0 kr/t vil brukaren derimot «spare» om lag 90 kr pr vfs. Investeringar i ny driftsbygning og maskiner og reiskap er rekna til kr 907.000 pr bruk eller kr 11.338 pr vfs, fråtrekt investeringstilskot.

Tiltak 7: Omlegging til sjølvrekrutterande kjøttproduksjon

Det er føresett at heile sauebuskapen blir slakta ned og at ammekubuskap blir kjøpt inn i staden. Omfanget av ny produksjon er tilpassa stipulert innmarksareal for ein buskap på 80 vfs. Arealet er stipulert til 72 daa innmark og talet på kueiningar er ut frå dette sett til 8 stk. Det er føresett at ei slik omlegging vil føre med seg reduksjon i årleg arbeidskrav. Dette reduserte arbeidskravet er verdsett til respektive 93 og 0 kr/t. Det er vidare rekna ut to alternativ når det gjeld investeringar. Begge alternativa føreset ei ominnreiing av eksisterande bygningar, men i det eine alternativet er det i tillegg rekna kostnader til nytt utvendig gjødsellager. For alternativet utan utvendig gjødsellager er investeringskostnadene utrekna til kr 126.000 pr bruk eller kr 1.575 pr vfs, for alternativet med utvendig gjødsellager er investeringskostnadene utrekna til kr 350.000 (kr 4.375 pr vfs). Dersom ein føreset ei ominnreiing utan utvendig gjødsellager og verdset frigjort arbeidskraft til 93 kr/t vil årlege kostnader pr vfs utgjere kr 49. Føreset ein derimot ei investering med nytt utvendig gjødsellager og verdset frigjort arbeidskraft til 0 kr/t vil årlege kostnader utgjere kr 874 pr vfs.

Tiltak 8: Omlegging til andre sauerasar

Utrekninga er gjort med utgangspunkt i ei omlegging frå dala-/steigarsau til respektive spæl- og pelssau. Det er føresett at heile den gamle buskapen blir slakta ned samstundes og nye livdyr innkjøpt same år. Utrekningane tek omsyn til skilnader i avdrått og fôrbruk og etableringskostnader. Etableringskostnader skuldast tapt produksjon pga unge avlsdyr og kostnader knytt til å etablere nye dyr på utmarksbeite. Stipulert dekningsbidrag for spæl- og pelssau er monaleg lågare enn for dala- og steigarsau. Dette lågare dekningsbidraget blir kompensert noko då det er føresett eit høgare tal vfs ved overgang til ein lettare rase. Årlege kostnader etter etableringsperioden er utrekna til kr 150 pr vfs ved omlegging til spælsau og kr 113 pr vfs ved omlegging til pelssau.

Tiltak 9: Rovdyrsikker inngjerding av beitemark

Tiltaket inneber at det blir sett opp gjerde rundt beitemark som rovdyr ikkje greier å passere. Det eksisterer lite nasjonalt erfaringsgrunnlag om dette tiltaket. Rovdyrsikker inngjerding er derimot utprøvd i fleire andre land. Bjørn er eit av dei rovdyra som stiller størst krav til gjerdekvaliteten då den m a er i stand til å grave seg under gjerdet og har tjukk pels som isolerer mot støyt frå straumførande gjerde. Ein har rekna ut kostnadene ved oppsett av permanent straumførande gjerde med 10 trådar. I tillegg til materialkostnader er det gjort utrekningar for arbeidskostnader. Sum material- og arbeidskostnader er rekna ut til om lag 33 kr/m ekskl. straumkjelde. Årlege kostnader for dette gjerdet meiner ein er noko høgare enn tilsvarande kostnader for vanleg sauegjerde. Under føresetnad av eit innmarksareal på 72 daa pr 80 vfs vil gjerdekostnadene bli om lag 600 kr pr vfs.

I tabell 2.3 nedanfor er resultat for dei ulike tiltaka samanstilt. Det er presentert resultat for utvalde alternativ frå kvart tiltak.

Tabell 2.3 Kostnader med ulike førebyggande tiltak mot tap av sau på grunn av freda rovvilt.

Lagt inn 16 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen