Oppsummering av utkast til forvaltingsplanar

Vedlegg 5

Arbeidet med forvaltingsplanar for store rovdyr i dei fylka som har kjerneområde er omtala i kap. 4.1.1. I det følgjande vil det bli gjort ei kortfatta oppsummering av dei einskilde planutkasta. Planutkasta er utarbeidde i 1995-96, og er ikkje reviderte etter dette.

1 FINNMARK

Det er oppretta to kjerneområde for bjørn i Finnmark, eitt i aust, kalla Pasvik kjerneområde, og eitt i indre delar av fylket, kalla Anarjohka kjerneområde. Pasvik er det einaste området på norsk jord der det dei seinare åra er dokumentert regelbunden yngling av bjørn.

Dei aller fleste rovviltskadane på rein og bufe i Finnmark skjer utanfor kjerneområda for bjørn. Dei fleste gaupeskadane skjer i Alta kommune, dei fleste jerveskadane i Tana kommune og dei fleste bjørneskadane i Tana og Sør-Varanger kommunar, utanfor kjerneområdet. I dei etablerte kjerneområda er det såleis moderate konfliktar mellom bufe/rein og store rovdyr.

Pasvik kjerneområde
Status og konfliktgrad

Kjerneområdet femner eit areal på om lag 2.680 km2, av dette om lag 1.330 km2 som er rekna å ligge innanfor reproduksjonsområdet for den finsk/norsk/russiske bjørnebestanden. Det har i dette området dei siste åra vore fleire episodar med bjørnar som har vist lita redsle og vore nærgåande i høve til menneske. Desse episodane har særleg vore knytt til bjørnen sin bruk av innmark og ulike former for avfall som menneske har deponert. Ingen bjørnar har så langt vist teikn til aggressivitet i høve til menneske, men faren for konfliktar i framtida mellom bjørn og menneske representerer den største utfordringa for forvaltinga av dette kjerneområdet.

Mål

Det er gjort framlegg om følgjande mål for forvaltinga av kjerneområdet:

  • Bjørnebestanden i Pasvik kjerneområde skal ikkje reduserast.
  • Befolkninga skal oppleve det som positivt å leve i eit område med bjørn.
  • Bjørnestamma skal ikkje medføre auka risiko for liv og helse for menneska.

Tiltak og verkemiddel

Tiltaka som er gjort framlegg om for Pasvik kjerneområde er i stor grad retta inn mot å løyse konflikten menneske/bjørn. Det er m a gjort framlegg om at ein nærare avgrensa del av kjerneområdet blir verna som biotopvernområde med heimel i viltlova §7, med føresegner som kan regulere menneskeleg ferdsel og åtferd i høve til bjørn, og med reglar for skjerpa avfallshandtering i høve til det som følgjer direkte av ureiningslova. Det er lagt opp til eit nært samarbeid mellom politiet og fylkesmannen om naudsynt informasjon, avsperring og tiltak for å skremme bort nærgåande bjørnar, og særskilde informasjons- og samarbeidsrutinar i høve til lokalbefolkninga.

I høve til husdyrnæringa blir det m a gjort framlegg om at det skal gjevast tilbod om kompensasjon for omlegging eller nedlegging av det eine sauebruket som ligg i den delen av kjerneområdet som er føreslått oppretta som biotopvernområde. Etter ein overgangsperiode på fem år skal det berre i unntakstilfelle gjevast erstatning for tap av sau på beite i denne delen av kjerneområdet. Fylkesmannen ønskjer kvart år å få fellingsløyve på vilkår frå Direktoratet for naturforvaltning på inntil ein bjørn. Fellingsløyvet kan iverksettast når det oppstår store skadar på bufe og når felling vil avverge framhald i skadane. Innanfor Pasvik kjerneområde kan bjørn som valdar skade og syner uvanleg aggressiv åtferd i høve til storfe bli felt. Det kan i særskilde høve også bli iverksett felling av bjørn som gjer stor skade på sau i den delen av kjerneområdet som ligg vest for Munkelva. Det skal ikkje gjevast fellingsløyve for bjørn som gjer skade på sau aust for dette.

Når det gjeld spørsmål om jakt på bjørn, er det gjort framlegg om at det blir teke kontakt med finske viltstyresmakter med sikte på å tildele ein jaktlisens på ein hannbjørn pr år i Finnmark som del av ein samla jaktkvote for Finnmark og Lappland. Eventuelle fellingsløyve skal trekkast frå ein slik eventuell jaktkvote for Finnmark. Dersom det frå finsk side ikkje er interesse for eit slikt samarbeid om jaktkvote på bjørn, skal det ikkje opnast for lisensjakt på bjørn i Finnmark før snittbestanden på norsk side er minimum 30 individ. Det blir vidare føreslege at bestandsovervakinga skal styrkast, og at samarbeidet med finske og russiske viltstyresmakter om bestandsovervakinga skal utviklast vidare, m a gjennom Nordkalottsamarbeidet og Barentssamarbeidet.

Anarjohka kjerneområde

Kjerneområdet femner eit areal av indre Finnmarksvidda på om lag 6.830 km2. For dette området er det gjort framlegg om at målet er å styrke bjørnebestanden. Det skal etablerast ein fast bjørnebestand i kjerneområdet med minimum fem dyr i gjennomsnitt. Tiltaka det er gjort framlegg om for å oppnå dette er i første rekke styrka samarbeid med finske styresmakter om totalfreding av bjørn i den tilgrensande delen av Lappland, styrka bestandsovervaking, nærare undersøking av grensegjerda sin innverknad, styrka samarbeid med Karasjok og Kautokeino kommunar og eit styrka oppsyn i vårperioden og barmarksesongen.

2 TROMS

Troms fylke har kjerneområde både for bjørn og jerv. Desse omfattar eit sams område for dei to artane i Indre Troms som også heng saman med kjerneområdet for jerv i Nordland, og eit eige kjerneområde for jerv i Nord-Troms. Dei to kjerneområda femner eit samla areal på om lag 7.500 km2. Av dette utgjer kjerneområdet i Indre Troms om lag 5.200 km2, og kjerneområdet i Nord-Troms om lag 2.300 km2.

Status og konfliktgrad

Det samla talet sau på beite i Troms var i 1989 om lag 134.000 dyr delt på 1.911 buskapar. I 1994 vart det totalt søkt om erstatning for rovviltskade for 4.862 sau/lam, det høgaste talet nokonsinne. Dette omfattar tap i 313 buskapar med eit samla sauetal på 42.886 sauer på beite. Desse buskapane hadde eit tap på til saman 5.219 sauer, dvs eit snitt-tap på 12.2 %. Tilknytt dei to kjerneområda for bjørn og jerv er det til saman 27 sauebuskapar. I 1994 kom det inn søknad om erstatning frå i alt 19 av desse buskapseigarane. Dei hadde dette året til saman 2.673 sauer på beite med eit tap på 452 sauer, dvs eit snitt-tap på 17 %. Situasjonen i Troms er difor at det aller meste av sauehaldet (97 %) og det aller meste av tapa (om lag 90 %) skjer utanfor dei fastsette kjerneområda.

Jerv er den tapsårsak som dominerer innanfor kjerneområda med ein prosentdel på 60 %. Bjørn og gaupe står for om lag lik prosentdel med respektive 16.5 % og 14.6 %. Denne fordelinga samsvarer nokolunde med tidlegare år, sjølv om prosentdelen av bjørnedrepne sauer i einskilde år kan vere noko høgare. Utanfor kjerneområda spelar gaupa ei relativt større rolle som tapsfaktor.

Det er fire norske reinbeitedistrikt med beiteområde innanfor kjerneområdet i Indre Troms. Reinbeitedistrikta har til saman ein vinterflokk på 3.870 rein. I tillegg er det 37.700 svenske rein på konvensjonsbeite i perioden frå mai til september. Det blir sjeldan meldt om tap frå dei svenske reineigarane i den tida reinen er på norsk side av grensa. Innanfor kjerneområdet for jerv i Nord-Troms er det vanskeleg å få oversyn over rovdyrtap. Årsaka er at reinen i dette området er på gjennomflytting frå Kautokeino til sommarbeiteområde ut mot kysten og ute på øyane. Problemet er også at berre eit fåtal reineigarar frå desse reindriftseiningane melder frå om funn av kadaver. Til saman er det 24.700 rein som i større eller mindre grad er tilknytt kjerneområda i Nord-Troms.

Sidan det ikkje finst villrein i Troms, vil tamrein vere ei hovudkjelde for mattilgang for jerven vinterstid. Jerven påfører difor reindrifta tap som til tider kan vere monalege. Det faktiske omfanget av jerveskadane er ikkje kjent fullt ut, sjølv om ein dei to siste år har større grad av dokumentasjon av kadaver. Likevel er det berre ein mindre del av tapa som er dokumentert. Ein har i dag kunnskap som viser at tapa kan variere mykje frå eitt år til eit anna innanfor same vinterbeiteområde. Skadegjerande art kan også variere frå å vere jerv det eine året til å vere gaupe det neste. Tapa som bjørnen påfører reindrifta må sjåast på som uvesentlege.

Mål

Status for jervbestanden på Nordkalotten vil avhenge av den forvalting som skjer innanfor kjerneområda i Nord-Noreg, og målsettinga for fylkesmannen vil difor vere å forvalte to levedyktige bestandar av jerv innanfor dei to kjerneområda. Ut frå dei registreringar som er gjort, verkar det som om tettleiken av jerv i Indre Troms har nådd eit metningspunkt. Det same kan også gjelde for kjerneområdet i Nord-Troms. Som operativt mål gjer fylkesmannen difor framlegg om å ta vare på ein bestand på det nivået som er i dag innanfor kjerneområda.

For bjørn gjer fylkesmannen framlegg om som mål for kjerneområdet i Indre Troms ei stamme på minimum 20 individ som skal ha den vesentlegaste delen av sitt leveområde innanfor kjerneområdet. Dette blir sett på som eit maksimum av kva ein kan vente av førekomst basert på tilgjengelege data om arealbruk. Samansettinga av denne førekomsten må ha likskap med den ein finn innanfor reproduksjonsområdet til den nordskandinaviske bjørnestamma i Norrbottens län. Dette føreset at det framleis skjer ein auke av stamma i Norrbottens län.

Tiltak og verkemiddel

Både for jerv og bjørn blir det peika på behov for å styrke bestandsovervakinga. For jerv blir det prioritert linjeregistrering og ynglehiregistrering, medan det for bjørn blir prioritert registreringar på sporsnø om våren i dei grensenære områda mot Sverige. Registreringa for bjørn bør omfatte talet på bjørnar som har lege i hi på norsk side, talet på innvandrande bjørn og all aktivitet av binner med ungar. Det blir peika på at registreringsarbeidet bør gjennomførast av ein fast kjerne av feltpersonell med god fagkunnskap og god lokalkunnskap.

Som aktuelle førebyggande tiltak blir særleg framheva tidlegare nedsanking av sau, flytting av sau til rovdyrfrie øyar, omlegging av driftsform og aktiv gjeting i den tida av døgnet då rovdyra er aktive i tidsavgrensa periodar rett etter at ein akutt tapssituasjon har oppstått. Landbruksstyresmaktene sitt ansvar for å tilrettelegge for slike tiltak er understreka.

Terskelen for å gi fellingsløyve innanfor kjerneområda skal vere høg, men den må samstundes vurderast opp mot uttak av einskildindivid sett i høve til bestandsstatus for jerven. Med bakgrunn i dei fellingsløyve som dei seinare år er gitt i barmarksesongen, vil fellingsløyve vere eit lite føremålstenleg tiltak for å redusere eller stoppe jerveskadar. Det er lite truleg at rette skadegjerar blir felt, då jakta skjer i ein bestand med stor tettleik. Oppstår det skadar på rein i perioden med snø, kan skadefellingsløyve vise seg å vere eit effektivt tiltak for å hindre meir skade. Lisensjakt innanfor kjerneområdet sine grenser vil berre skje i avgrensa omfang. Det avgjerande er om skadeomfanget er av ein slik art at regulering er naudsynt. Med bakgrunn i den kvote som totalt blir sett for lisensjakta, må fylkesmannen administrere jakta slik at det før jakta blir sett ei grense for kor stor del av denne kvoten som kan fellast innanfor kjerneområdet. Når denne delkvoten er felt, blir jakta stansa innanfor grensene.

Skal det vere mogeleg å bygge opp førekomsten av bjørn på norsk side, må terskelen for når det blir gitt fellingsløyve vere høg. Prinsippet som vil bli følgt av fylkesmannen, vil vere at det i utgangspunktet ikkje vil bli gitt fellingsløyve. Det vil bli satsa på at førebyggande tiltak skal iverksettast for å hindre meir skade på bufe eller rein. Det er avgjerande at desse tiltaka blir iverksette med ein gong skade er oppdaga. Det er først om desse tiltaka ikkje har den effekt ein ønskjer og skadeutviklinga framleis er negativ, at fellingsløyve vil bli vurdert. Fylkesmannen ser det som aktuelt å kunne iverksette eit forsiktig uttak i form av lisensjakt når bestanden er komen opp på eit nivå på 20 bjørnar. Dette er grunngjeve med at bjørnar kan streife utanfor kjerneområdet og i område med større tettleik av bufe og/eller rein.

Det er gjort framlegg om at tiltak blir iverksette for å unngå at bjørn gradvis venjer seg til menneske og blir nærgåande. Tiltaka femner betre avfallshandtering, skremming av bjørn og informasjonstiltak. Det er vidare gjort framlegg om at det bør iverksettast styrka oppsyn med jerve- og bjørnebestandane innanfor kjerneområda for å førebygge ulovleg felling. Behovet for auka forsking både på jerv og bjørn, først og fremst i form av samarbeidsprosjekt for Nordkalotten, blir også peika på.

3 NORDLAND

Nordland fylke har kjerneområde både for bjørn og jerv. For bjørn gjeld dette kommunane Grane og Hattfjelldal, og heng saman med kjerneområdet for bjørn i Nord-Trøndelag. For jerv gjeld det heile den indre delen av fylket aust for E6, og områda på Saltfjellet. Dette området heng saman med kjerneområda for jerv både i Indre Troms og i Nord-Trøndelag.

Status og konfliktgrad

Nordland har 1.859 bruk med sau. Av desse beiter 469 bruk innanfor kjerneområdet for jerv, medan det er 66 bruk innanfor kjerneområdet for bjørn. Då store delar av kjerneområdet for bjørn fell saman med kjerneområdet for jerv, kan ein ikkje legge saman desse buskapstala. Det blir årleg sleppt omlag 220.000 sau og lam på beite i Nordland, av dette 91.000 vaksne dyr. 27 % av all sau i Nordland beiter innanfor kjerneområdet for jerv og bjørn, av dette 5.212 vinterfora sau innanfor kjerneområdet for bjørn, og 19.484 vinterfora sau innanfor kjerneområdet for jerv. Av kjende tapsårsaker på sau/lam sidan 1987, står gaupa åleine for 24 % av tapa, medan jerven står for 20 %. Bjørneskadane (10 %) skriv seg vesentleg frå Hattfjelldal og Grane. Det vil vere variasjonar mellom år, men sidan det vart gitt rett til erstatning for gaupeskadar i 1992 er denne arten klårt oppfatta som den største skadevaldaren i buskapane i fylket.

Ein ser i dag ingen konflikt mellom geitenæringa og dei store rovdyra. Dette skuldast i hovudsaka driftsforma med beiting i bruket sine nærområde og dagleg innsanking i samband med mjølking.

Reindrifta i Nordland er delt på totalt 25 reinbeitedistrikt. Pr 1.4.1994 var det 44 ulike driftseiningar som sysselsette 165 personar direkte. Pr 1.4.1994 var talet på rein 11.749 dyr, og med ein kalvetilgang på 6.367 dyr. Hovudtyngda av beiteområda ligg innanfor den regionen der det er kroniske rovviltskadar på sau, dvs grensekommunane og Saltfjellet. Fordelinga av dei registrerte kadaver syner at 74 % er knytt til freda rovvilt, der jerv åleine står for 45 %. 23 % av det registrerte materialet kunne ikkje koplast opp mot nokon art av freda rovvilt. Samla sett utgjer jerv og gaupe dei klårt viktigaste skadegjerarane på rein i Nordland. Tap av kalv valda av kongeørn blir også rapportert årleg. Hovudtyngda av reinkadavera som er dokumenterte skriv seg frå vinterperioden.

Mål

Som mål for forvaltinga av bjørn innanfor kjerneområdet er det gjort framlegg om å syte for at reproduktive hodyr får høve til å etablere seg innanfor kjerneområdet. Bestandssituasjonen gjer at kvart individ som oppheld seg i Nordland er av særs stor verdi, då det kan dreie seg om ei binne med reproduksjonspotensial.

Som mål for forvaltinga av jerv er det gjort framlegg om å sikre reproduksjon av jerv innanfor kjerneområdet minimum på same nivå som i dag. Ein må vidare prøve å halde oppe ein samanheng i utbreiinga til jerven for å unngå isolasjon av einskilde område.

Tiltak og verkemiddel

Det blir lagt stor vekt på arbeidet med bestandsovervaking. Basert på metodiske, faglege og økonomiske vurderingar bør dette arbeidet konsentrerast om å samle inn data om reproduserande hodyr i bestandane, og då særleg innanfor kjerneområda. Gjennom systematisk innsamling av reproduksjonsdata kan ein både for område og delbestandar få viktig kunnskap om storleiken på bestanden, samansetting og utvikling. I tillegg vil det kunne skaffast data for individuell og samla produksjon av ungar både innan eit enkelt år og over tid. Dette er vesentlege føresetnader for å kunne drive ei forsvarleg forvalting innanfor kjerneområda, særleg med tanke på koordinering av forvaltingstiltak over landegrenser og fylkesgrenser.

Skadedokumentasjon er ein viktig føresetnad for at dyreeigarane skal få ein rettvis erstatning for rovvilttap. Skadedokumentasjon gir også viktig informasjon om utbreiing av rovdyr. Sidan fylkesmannen overtok ansvaret for skadedokumentasjonen i 1987 har ein sett nytten av å etablere ei ordning med lokalkontaktar som kan gjere dei naudsynte undersøkingar av skadane. I alt 17 personar er knytt til dette gjennom formaliserte kontrakter, og slik tilsette hos Fylkesmannen i Nordland. Ordninga med lokalkontaktane har også til ein viss grad vore konfliktdempande. Lokalkontaktane har gode nettverk for å formidle informasjon i lokalsamfunna og har stor verdi som kommunikasjonsledd mellom fylkesmannen og brukarane. Det bør arbeidast aktivt for å auke innmeldingsfrekvensen på funn av kadaver både frå eigarane sjølve og frå andre. Ansvaret for å få til dette må særleg ligge hos organisasjonane innan sauenæring og reindrift.

I Nordland er det dei siste åra utprøvd ei rekke ulike førebyggande tiltak mot rovviltskadar. Etter gjennomgang av desse syner det seg generelt svært vanskeleg å førebygge skadar heilt. Dei fleste tiltak er ikkje mogelege å resultatmåle, medan andre tiltak truleg har ført til tapsreduksjon. Det er ikkje utvikla ein samla strategi for framtidig bruk av førebyggande tiltak. Mellom tiltak som blir nemnt som særleg aktuelle er tidleg sanking i akutte skadesituasjonar, førebudd tidleg nedsanking til særskilt tilrettelagde areal, flytting av sau til rovdyrfrie område, ekstraordinært tilsyn, aktiv gjeting på den tida av døgnet då rovdyra er aktive (blir framheva som mest aktuelt for rein), klavemerking av lam og omlegging av driftsform for saueeigarar med kroniske skadar. Medel til førebyggande tiltak skal prioriterast til område innanfor kjerneområda. Gjennom førebyggande tiltak bør ein prøve å finne varige løysingar for å minske skade- og konfliktnivå mellom rovdyr og næring. Dette medfører at det er behov for styrka samarbeid mellom miljøvern- og landbruksstyresmakter og mellom styresmakter og organisasjonar.

Ut frå bestandsstatus for bjørn i Nordland er det klårt at felling av bjørn bør unngåast så langt det er mogeleg. Dette blir også lagt til grunn for fylkesmannen si tilråding til Direktoratet for naturforvaltning i konkrete situasjonar. Lisensjakt på jerv utanfor kjerneområdet er framleis aktuelt. Lisensjakt innanfor kjerneområda sine grenser er i hovudsak aktuelt i alvorlege skadeområde eller i grensesona i høve til viktige beiteområde like utanfor kjerneområdet. Lisensjakt innanfor kjerneområdet krev ei kvalitativt god oppfølging for å kunne dokumentere at uttaket ikkje medfører negative effektar for bestanden. Det kan vere aktuelt å gjere framlegg for Direktoratet for naturforvaltning om uttak av jervungar i hi i område med kroniske skadar og sterk jervbestand der det ikkje lukkast å felle dyr under lisensjakt eller på ordinære fellingsløyve.

I Nordland vart eit rådgjevande kontaktutval for rovvilt etablert i 1993. Utvalet har årleg 2-3 møte, vinter, vår og haust, og det har representantar frå aktuelle organisasjonar, kommunar og fylkeskommunen. Utvalet fekk dette mandatet frå fylkesmannen:

  • « utvalet skal drøfte og gi råd til fylkesmannen om rovviltforvalting, under dette erstatningsordningar, forvaltingsreglar og praktisering av desse, disponering av medel til førebyggande tiltak, og generelle prioriteringar i fylket av både økonomiske og administrative verkemiddel i rovviltforvaltinga.
  • arbeidet i utvalet skal gå føre seg innan dei rammer og forvaltingsmål og verkemiddel som er fastsette.
  • medlemene i utvalet skal gjennom sine organisasjonar informere om utvalet, og det arbeidet som blir utført der.»

Det er brei semje i utvalet om samarbeidsforma og at utvalet fyller ein funksjon. Utvalet har medverka til betre flyt av informasjon ut til einskildbrukarar, og det synest som om konfliktnivået mellom næringsutøvarar og styresmakter er blitt redusert etter at utvalet vart etablert.

Frå fylkesmannen si side har lokalt nærvær og god kontakt med brukarane vore prioritert gjennom fleire år, både gjennom lokalkontaktordninga og deltaking på møte/synfaring rundt om i fylket. Gjennom denne kontakten meiner ein å ha oppnådd forståing og aksept for den måten rovviltforvaltinga i fylket blir driven på.

Med omsyn til verkemiddel i framtida, blir det stilt spørsmålsteikn ved om det er føremålstenleg med to ordningar for uttak av jerv. Lisensjakta medfører stor innsats i høve til administrasjon av ordninga og oppfølging av dei som har fått lisens. Ein ser for seg at ei ønskt regulering av bestanden i delområde innanfor (og utanfor) kjerneområdet betre kan utførast gjennom tildeling av fellingsløyve, som ikkje er så sterkt tidsbundne til skadesituasjonar som tilfellet er i dag. I område der jerven gjer stor skade er det ofte relativt gode sjansar til å felle skadegjerar også i tida etter at sauen er teken inn. Det må understrekast at ei slik endring i praksis stiller store krav til kunnskap om bestanden av jerv, og at det er naudsynt med endå meir prioritering av bestandsregistreringar.

Det blir vidare framhalde at kjerneområda sine grenser bør gåast gjennom på nytt, med bakgrunn i rovviltet sin bruk av areal, næringsinteressene og på bakgrunn av Landbruksdepartementet si endring av BU-føresegna m. o. t. tilskot til utviding av sauebruk innanfor kjerneområda. Ein del av grensene vart sette såpass generelt under etableringa i 1994 at ein ny gjennomgang og justering vil vere fornuftig.

4 NORD-TRØNDELAG

I Nord-Trøndelag fylke er det oppretta eit sams kjerneområde for bjørn og jerv på om lag 11.110 km2. Området heng saman med kjerneområda for bjørn og jerv i Nordland. I tillegg til bjørn og jerv, har Nord-Trøndelag ein stor bestand av gaupe som representerer monalege tap for sau- og reinnæringa. Fylkesmannen har difor utarbeidd framlegg til ein samla forvaltingsplan for store rovdyr i heile fylket.

Ulike aspekt og ulike synspunkt i tilknyting til forvaltingsplanen er drøfta med Samarbeidsutvalet for rovviltforvaltinga i Nord-Trøndelag. Representantar frå organisasjonane i Samarbeidsutvalet har likevel lagt til grunn at dei først i samband med høyring av forvaltingsplanen vil kome med sine kommentarar. Det blir difor presisert at planen slik den ligg føre er forvaltinga si vurdering av dei mål og verkemiddel som bør gjelde for forvaltinga av bjørn, jerv, gaupe og ulv i Nord- Trøndelag.

Status og konfliktgrad

Frå 1990 og fram til i dag har talet på sauehaldarar auka i Nord-Trøndelag. Ved årsskiftet 1995/96 vart det registrert totalt 41.417 vinterfora sau og 759 sauebruk i fylket. Innanfor kjerneområdet er det registrert 177 produsentar med til saman 11.900 vinterfora sau. Dette betyr at 23 % av saueprodusentane og 29 % av talet på vinterfora sau i Nord-Trøndelag har tilhald innanfor kjerneområdet for bjørn og jerv. Verdal og Steinkjer er i dag dei to største sauekommunane med respektive 3.814 og 3.614 vinterfora sau. I løpet av 1995 vart tre sauebruk i Holandsfjellet i Lierne kommune omstilt til mjølkeproduksjon på grunn av fleire år med store tap til bjørn. Talet på vinterfora sau i Lierne som pr i dag er omstilt til mjølkeproduksjon er totalt 577, dvs 15 % av talet vinterfora sau i Lierne før omstillinga. Lierne kommune ville ha vore den største sauekommunen i Nord-Trøndelag utan denne omstillinga.

I eitt eller fleire av åra 1993, 1994 og 1995 er det gitt erstatning til saueeigarar for sau drepen av rovvilt i 19 av dei 24 kommunane i fylket. I 1993 vart det totalt utbetalt kr. 2.460.000 i Nord-Trøndelag, i 1994 kr. 2.630.000 og i 1995 kr. 3.255.000. Lierne er den kommunen som er hardast råka når det gjeld skadar av rovvilt på sau, og det er bjørn som er den dominerande skadegjeraren. I 1995 vart det i Lierne gitt erstatning for totalt 748 sau drepne av rovvilt, av dette 642 sau drepne av bjørn.

Nord-Trøndelag reinbeiteområde er oppdelt i seks reinbeitedistrikt. Det samla talet rein i Nord-Trøndelag pr. 1.4.1996 er 12.353 delt på 38 driftseiningar. Dette er ein nedgang på 1.026 rein i løpet av eitt år. Det er tidlegare utrekna at 13.500 rein vil vere eit optimalt reintal i fylket. Nedgangen siste år er ikkje ønskt eller planlagt, men er heller uttrykk for store tap. Det er austre Namdal reinbeitedistrikt som har flest rein (4.071 stk), medan Færen reinbeitedistrikt har færrast (1.387 stk).

Den totale effekt av den skade jerv og gaupe påfører reindriftsnæringa i enkelte reinbeitedistrikt i Nord-Trøndelag, har ført til eit høgt konfliktnivå mellom reindrift og jerv/gaupe. Avstanden mellom talet på rein som er sakna og talet på rein som det er gitt erstatning for som drepen av rovvilt er særs stor. I reindriftsåret 1994-95 var det sakna 3.715 rein i Nord-Trøndelag og gitt erstatning for 657, dvs 18 % av dei som var sakna. I reindriftsåret 1995-96 var det sakna 4.570 rein.

Det er vanskeleg å seie kva konsekvensar rovviltforvaltinga i Nord-Trøndelag vil ha for dei einskilde lokalsamfunn. Det er likevel grunn til å tru at rovviltforvaltinga i Nord-Trøndelag, med dei mål og verkemiddel som er gitt, vil kunne få innverknad på folk sin bruk av utmarka til generelt friluftsliv på ulike måtar. Ferdsel i utmark der det er rovvilt kan gjere enkelte utrygge, men vil for andre vere ei kjelde til ekstra spenning og eit utgangspunkt for sterkare naturoppleving. Det bør vere ei utfordring å legge til rette for at dette elementet som eit delgrunnlag for naturopplevinga til folk blir teke i bruk som ein del av marknadsføringa av dei mest aktuelle områda i Nord-Trøndelag i turistsamanheng.

Rovviltforvaltinga i Nord-Trøndelag, med dei mål og verkemiddel som er gitt, vil vere ein faktor som har innverknad på nedlegging/flytting av sauehald og reindrift, og kan med det også få innverknad på nærings- og samfunnsliv i område med store rovdyr. Det er likevel svært sterke krefter som eigendynamikken i befolkninga, situasjonen på den nasjonale arbeidsmarknaden, og den nasjonale distriktspolitikken som i grove trekk verkar inn på befolkningsmønsteret. Den generelle landbrukspolitikken vil i ein slik samanheng truleg tyde mykje i framtida.

Mål

Forvaltinga har ut frå overordna mål og bestandssituasjon sett som målsetting at det i år 2010 skal vere oppnådd 10 reproduserande «norske» binner innan kjerneområdet i Nord-Trøndelag. Med «norske» binner meiner ein binner som har størstedelen av sitt aktivitetsområde i Noreg. Dette er eit resultatmål for perioden 1996-2010.

Med bakgrunn i dei overordna målsettingane og bestandssituasjonen i dag for jerv, er det svært viktig å sikre reproduksjon av jerv innanfor dei delar av kjerneområdet som har geografisk lokalisering til Nord-Trøndelag, og at jervbestanden i dette området blir halden oppe på minimum same nivå som i dag.

Med utgangspunkt i dei nasjonale målsettingane, bestandssituasjonen, reproduksjonen og skadenivået på sau og rein bør forvaltinga av gaupa i Nord-Trøndelag leggast opp slik at gaupebestanden blir noko redusert i høve til storleiken i 1996. Dette bør skje på ein slik måte at jaktkvoten på gaupe, slik som i 1996, i sterk grad blir retta mot dei delar av Nord-Trøndelag der skadenivået på sau og rein er størst.

Ut frå overordna mål og den svært glisne bestanden av ulv i heile Skandinavia, vil forvaltinga sitt prioriterte arbeid i Nord- Trøndelag også gå ut på å delta i arbeidet med å sikre at ulv kan etablere seg i Noreg. Det betyr at ulv som opererer som streifdyr i Nord-Trøndelag vil måtte ha eit svært strengt vern.

Eit viktig mål er å kunne iverksette dei rette tiltaka for å redusere tapa av sau og rein. Dersom det i eit område oppstår eit totaltap som overstig eit nærare definert nivå for sau eller rein, vil området bli definert som «problemområde». Når eit område blir definert som eit «problemområde», vil det bli gjennomført ein total analyse av verksemda i lys av dei tilhøva som verkar inn på tapa.

Tiltak og verkemiddel

Dei prioriterte verkemiddel for å nå dei nemnde mål for rovviltforvaltinga i Nord-Trøndelag er auka satsing på:

  • bestandsregistrering av dei store rovdyra bjørn, jerv, gaupe og ulv med m a særleg vekt på sporregistrering av bjørn og radiomerking av bjørn, sporregistrering av jerv, ynglehiregistrering av jerv og registrering av familiegrupper hos gaupe. Kostnadene er utrekna til kr. 400.000 pr år dei første fire åra, deretter kr. 200.000 pr år.
  • skadedokumentasjon ved hjelp av det etablerte rovviltkontaktnettet i Nord-Trøndelag. Kostnadene er utrekna til kr. 210.000-260.000 pr år.
  • betring av erstatningshandsaminga for skadar på sau valda av rovvilt og endring av gjeldande erstatningsordning for skadar på rein valda av rovvilt.
  • førebyggande tiltak mot rovviltskadar retta mot sau innanfor kjerneområdet for bjørn og jerv med særleg vekt på ekstraordinært tilsyn av sau, forseinka slepp av sau om våren, tidleg nedsanking av sau om hausten til m a inngjerda innmarksområde og utmarksområde, omstilling til eit meir konsentrert sauehald gjennom sommarperioden, bruk av halsklavar utan radiosendar på lam mot gaupeskadar i buskap både utanfor og innanfor kjerneområdet, flytting av særleg utsette sauebuskapar ut av kjerneområdet eller til område innanfor kjerneområdet som ut frå erfaring er mindre utsette for rovviltskadar. Kostnadene er utrekna til omlag 3 mill. kr pr år dei første fem åra, deretter omlag 2 mill. kr pr år.
  • førebyggande tiltak mot rovviltskadar retta mot rein med særleg vekt på intensiv gjeting av rein i kalvingsperioden og fram til 20. september, flytting av rein med bil frå sommarbeite til vinterbeite og attende for særleg utsette reinsflokkar, utprøving av halsklavar utan radiosendar på rein mot gaupeskadar og gjennomføring av vegeprogram for reinsimlene. Kostnadene er rekna til om lag 1 mill. kr pr år.
  • skadeavgrensande tiltak retta mot rovviltet med særleg vekt på redusert terskel samanlikna med i dag for felling av skadegjerande bjørn utanfor kjerneområdet, redusert terskel for felling av skadegjerande hannbjørn innanfor kjerneområdet, redusert terskel samanlikna med i dag for felling av skadegjerande jerv utanfor kjerneområdet og ei fastsetting av gaupekvoten slik at ein større del av kvoten blir felt i dei delar av Nord-Trøndelag der skadane på sau og tamrein er størst. Kostnadene er stipulert til kr 200.000 pr år.
  • samarbeidsutvalet for rovviltforvaltinga i Nord-Trøndelag, med samansetting og mandat som i dag. Kostnadene er omlag kr 15.000 pr år.
  • informasjonstiltak. Kostnadene er omlag kr 30.000 pr år.

5 HEDMARK

I Hedmark fylke er det oppretta eit kjerneområde for bjørn på omlag 12.470 km2 aust for Glomma. Fylket har vidare ein mindre del på 1.476 km2 av det sørnorske kjerneområdet for jerv i dei vestlege delar av Stor-Elvdal og Folldal kommunar. Hedmark er det einaste fylket i landet med fast tilhald av alle dei fire store rovviltartane bjørn, ulv, jerv og gaupe. Fylkesmannen har m a på bakgrunn av dette utarbeidd framlegg til ein samla forvaltingsplan for store rovdyr i heile fylket. Arbeidet er utført i samarbeid med ei oppnemnd referansegruppe for dei aktuelle organisasjonane. Forvaltingsplanen er likevel heilt og fullt fylkesmannen sitt ansvar; referansegruppa sine medlemer er ikkje ansvarlege for formuleringar og konklusjonar i planen. Planutkastet er vidare lagt fram for det rådgjevande rovviltutvalet i Hedmark. Representantane frå organisasjonane ønskte ikkje å gi konkrete vurderingar av framlegget på dette tidspunktet, men la til grunn at ein får planen til høyringsuttale og naudsynt handsaming i organisasjonane.

Status og konfliktgrad

Innanfor kjerneområdet for bjørn og jerv finst omlag 116 årsverk basert på sauedrift, som er 20% av talet for heile fylket. Vel 90 av desse finst innanfor kjerneområdet for bjørn. Innanfor kjerneområdet for bjørn var det i 1994 på utmarksbeite 21.509 sauer delt på 197 buskapar.

Aust for Glomma har det i 10-årsperioden vore årlege og aukande bjørneskadar på sau. Vest for Glomma har slike skadar vore meir tilfeldige, og registrert skadeomfang har til no ikkje vist nokon klårt aukande tendens. Bjørneskadar er særleg konfliktfylte, m a fordi bjørn i motsetnad til anna rovvilt har ein tendens til å ta særleg vaksne søyer framfor lam. Gaupeskadar vart i åra 1992-95 kvart år påvist over eit større område enn dei registrerte bjørneskadane. I 1995 vart gaupeskadar registrert i alle kommunar i fylket. På Finnskogen i Åsnes og Grue kommunar, der ulv i flokk har hatt tilhald i heile 10-årsperioden, har det dei fleste åra ikkje vore meldt eller påvist skadar av ulv på sau. Her har skadesituasjonen vore relativt lett å føresjå. Ulv på streif har derimot vore vanskelegare å føresjå, og desse har enkelte år valda store skadar på sau. Registrerte skadar av jerv og kongeørn har vore påvist i mindre omfang, spreidd og avgrensa til kommunar nord i fylket.

Skadeomfanget i dei enkelte sauebuskapane varierer sterkt. I omlag to tredelar av dei aktuelle buskapane vart det i perioden 1993-95 gitt erstatning for 10 dyr eller mindre. Dei store tapa var i same periode avgrensa til eit relativt lite tal buskapar. For den neste 10-årsperioden er det særleg to tilhøve som vil påverke konfliktpotensialet; bestandsutviklinga for ulike rovviltartar på svensk side av riksgrensa og omfang og bruk av skadeførebyggande tiltak på norsk side.

Mål

Det er teke utgangspunkt i gjeldande økonomiske og administrative rammevilkår og føresett:

  • at Sverige held fram med sin forvaltingsstrategi for store rovdyr
  • nokolunde same storleik på gaupebestanden i Hedmark som i dag
  • noko aukande ulvebestand i Hedmark
  • aukande bjørnebestand i Hedmark

Fylkesmannen har etter dette valt følgjande likeverdige målsettingar for rovviltforvaltinga i Hedmark i planperioden 1996-2005:

  1. Å sikre
    • tilhald av reproduserande bjørnebinner med leveområde avgrensa til kjerneområdet
    • ein levedyktig bestand av gaupe innanfor dei tradisjonelle reproduksjonsområda
    • framhalde tilhald av stasjonær og reproduserande ulv aust for Glomma
  2. Å stabilisere det årlege snitt-tapet av sau valda av store rovdyr til snitt-tap i perioden 1993-95.

Det er ikkje formulert noko målsetting for jerv i påvente av ein sams forvaltingsplan for dei fire fylka som har del i same kjerneområde.

Når det gjeld målsettinga for gaupe, ønskjer medlemene i referansegruppa frå næringsorganisasjonane og Kommunanes Sentralforbund at denne skal vere «å sikre ein levedyktig bestand av gaupe», utan å vise særskilt til dei tradisjonelle reproduksjonsområda. Organisasjonane og Kommunanes Sentralforbund meiner at det vil vere ei realistisk målsetting å få redusert sauetapa. Fylkesmannen ser ikkje dette som realistisk med dei føresetnader og rammevilkår som er gitt. Medlemmene frå Hedmark Bonde- og Småbrukarlag og Kommunanes Sentralforbund ønskjer vidare å ta inn som ein del av målsettinga at beitebruk ikkje skal bli «umuliggjort hverken dyreetisk, praktisk, avlsmessig, samfunnsøkonomisk eller privatøkonomisk i noen del av Hedmark» som ei følgje av rovviltforvaltinga.

Tiltak og verkemiddel

Det blir tilrådd å gjennomføre ei styrka bestandsregistrering av store rovdyr i Hedmark med nærare oppgjevne rutineundersøkingar. Kostnadene er vurdert til kr 300.000 pr år.

For førebyggande tiltak blir følgjande strategi tilrådd:

  • ordinært tilsyn med sau om natta i austre delar av Engerdal og Trysil
  • ekstraordinært tilsyn i akutte skadesituasjonar i heile fylket
  • førebudd tidleg innsanking av sau i mange utsette buskapar/beitelag innanfor kjerneområdet for bjørn
  • flytting ut av kjerneområdet for bjørn for ein del utsette buskapar
  • driftsomlegging for enkelte utsette bruk innanfor kjerneområdet for bjørn
  • tidleg innsanking av sau i akutte situasjonar innanfor kjerneområdet for bjørn
  • redusert terskel i høve til i dag for skadefelling av bjørn utanfor kjerneområdet
  • differensiert gaupeforvalting

Under føresetnad av at alternative beiteområde kan stillast til disposisjon, at saueeigarane er villige til å gjennomføre dei aktuelle tiltaka og at dei naudsynte økonomiske medel blir stilt til disposisjon, meiner fylkesmannen at skadeomfanget på sau blir om lag som no eller noko redusert, i alle høve i første del av planperioden. Kostnadene ved tiltaka vil være om lag 5 mill. kr pr år. Fylkesmannen vil likevel understreke at det er uvisst om flytting og driftsomlegging er praktisk gjennomførleg i særleg større omfang enn i dag.

I løpet av planperioden bør sentrale politiske styresmakter vurdere om målsettinga om levedyktige rovviltbestandar i Noreg skal haldast oppe, og om sauen i så fall etter kvart skal fjernast frå utmarksbeita i heile eller delar av kjerneområdet for bjørn. Dersom dette ikkje blir gjort, vil ei vidareføring av tiltak i samsvar med den strategien det er gjort framlegg om ut over planperioden truleg føre til auka skadar på sau, trass i ei monaleg økonomisk satsing på førebyggande tiltak.

Fylkesmannen tilrår at det i planperioden blir gjennomført full skadedokumentasjon av all sau som ein trur er drepen eller skadd av store rovdyr. Dersom budsjettsituasjonen gjer full skadedokumentasjon umogeleg, tilrår fylkesmannen at eitt skadetilfelle med dokumentasjon av freda rovvilt blir undersøkt pr eigar i kvar beitesesong. I tillegg bør det gjennomførast full skadedokumentasjon i utvalde referansekommunar. Søknader om erstatning for skadar på bufe valda av store rovdyr bør førebels handsamast slik at søknader frå saueeigarar med store tap og med dokumenterte tap er ferdig handsama før 10. desember i skadeåret, medan dei resterande søknadene er ferdig handsama før 31. januar i det påfølgande året.

Det er også tilrådd ein strategi for korleis ulike informasjonstiltak kan prioriterast og målrettast innanfor gjeldande ressursrammer. Vidare blir det peika på behov for meir kunnskap på ei rekke nærare omtala område.

Vurdering av nye verkemiddel

I arbeidet med forvaltingsplanen er det avdekka behov for auka innsats av verkemiddel på fleire felt. Mellom anna kan det vere ønskjeleg å vurdere:

  • økonomiske og/eller juridiske verkemiddel for å sikre at naudsynte førebyggande tiltak mot rovviltskadar på sau blir gjennomført
  • endringar i regelverket for erstatning for skade på bufe valda av freda rovvilt, t d om det er behov for differensiering av regelverket i og utanfor kjerneområdet for bjørn
  • føremoner og ulemper ved overføring av fylkesmannen sitt ansvar for skadedokumentasjon til fylkesveterinæren

6 KJERNEOMRÅDET FOR JERV I SØR-NOREG

Fylkesmennene i Oppland, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Hedmark vart bedne om å utvikle ein sams hovudstrategi og retningslinjer for kjerneområdet for jerv i Sør-Noreg i form av framlegg til ein forvaltingsplan. Det har ikkje lete seg gjere å få til eit slikt sams framlegg innanfor dei tidsrammer som har vore til rådvelde, noko som m a har samanheng med det store talet aktørar som må involverast. Målsettinga vart difor i denne omgang endra til å utvikle eit sams strategidokument frå dei fire fylkesmennene som innspel til arbeidet med ny St.meld., og der også verkemiddel som går ut over rammene i dag blir tekne opp til drøfting. Fylkesmannen i Oppland trekte seg ut av dette samarbeidet gjennom eit brev til Direktoratet for naturforvaltning 08.06.96, og grunna dette med at fylkesmannen sitt innspel vil skje ut frå tilhøva i Oppland. Fylkesmannen i Hedmark har gitt til kjenne at han ikkje kan tiltre eit framlegg som går ut over eksisterande rammer. Det som ligg føre for dette området er difor eit sams strategidokument frå fylkesmennene i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag som førebels ikkje er drøfta med dei aktuelle organisasjonane i fylka. Det ligg vidare føre ei alternativ utgåve frå Fylkesmannen i Oppland med oppsummering av lokale høyringsfråsegner og fylkesmannen sine vurderingar.

Status og konfliktgrad

Kjerneområdet for jerv i Sør-Noreg femner heile eller delar av 18 kommunar med eit samla areal på 13.505 km2. Delt på fylka har Sør-Trøndelag 762 km2, Møre og Romsdal 3.582 km2, Oppland 7.685 km2 og Hedmark 1.476 km2.

I dei kommunar som har areal i kjerneområdet har talet på sau og lam auka med 130 % sidan 1949. Auken frå 1979, da jerveskadar først vart avdekka, og fram til 1995 har vore på rundt 50 %. Det er her store regionale skilnader.

Utmarksbeitande sau er av stor vekt i mange av dei kommunar og lokalsamfunn som har del av kjerneområdet. Det er registrert rundt 800 bruk med sau innan kjerneområdet som ut frå normaltal for arbeidsbruk representerer omlag 480 årsverk i direkte sysselsettingseffekt. Det vart i 1994/95 sleppt omlag 126.400 sau på beite innanfor kjerneområdet.

I mange av dei fjellbeiteområda som inngår i kjerneområdet har tapa av dyr på utmarksbeite vore gjennomgåande låge. I alle fylke er det registrert ein auke i gjennomsnittleg lammetap dei siste 15 år. Det skadeomfang som blir godtgjort gjennom erstatningsordninga viser at skadeomfanget varierer, men det har på 1990-talet stort sett vore høgare enn det var på 1980- talet. Særs kraftig har auken vore i Oppland i dei siste fire åra. Jerveskadar råkar i første rekke lam, og skadeomfanget er ofte særleg stort mot slutten av beiteperioden. I 1995, som så langt er det absolutt verste skadeåret, var 34 % av buskapane innan kjerneområdet råka av jerveskade ut frå søknadene om erstatning. Rundt 3 % av sleppt sau og lam vart søkt erstatning for og 78 % av omsøkt skade vart erstatta. Det vil vere sauetalet, bestanden av jerv og effekten av førebyggande tiltak som i hovudsak vil avgjere skadenivået i framtida.

Mål

I strategidokumentet er det gjort framlegg om operative mål for respektive bestandsutvikling, utnytting av beiteressursane, skadeavgrensing og konfliktdemping. Ein sentral innfallsvinkel i diskusjonen om målsetting er at ein ønskjer å legge sterk vekt på kjerneområdeprinsippet , der ein innrettar vesentleg ulike strategiar både for forvalting av jerven og bruk av utmarksressursane til småfe utanfor og innanfor grensene for kjerneområdet.

Bestandsutvikling

Bestanden innan kjerneområdet skal få høve til sjølvregulering innanfor dei rammer som naturgrunnlaget i området set for bestandsstorleiken. Ein reknar med at området gir livsgrunnlag for ein vinterbestand på rundt 35-40 individ. Sør, vest og nordvest for kjerneområdet er det ikkje noko mål å etablere faste bestandar jerv, men einskildindivid som ikkje valdar skade kan finnast. I området aust for kjerneområdet mellom E6 og riksveg 217 mellom Koppang og Drevsjø er det eit mål å ha ein avgrensa bestand i samband med bestandar lenger aust og nord.

Utnytting av beiteressursane

Innanfor kjerneområdet:

  • det er ikkje ønskjeleg med ein auke i talet på sau innanfor kjerneområdet.
  • gjennom bruk av ulike verkemiddel vil ein arbeide for å hindre etablering av nye driftseiningar med sauebeiting i utmark.
  • område der jerveskadane ut frå røynsle er store skal prioriterast i arbeidet med å stabilisere sauetalet på nivået som er i dag. I desse områda er det på lengre sikt ei målsetting å redusere talet på sau, under føresetnad av at ein ikkje finn gode alternative metodar for å avgrense skadeomfanget.

Utanfor kjerneområdet:

Det vil vere eit mål å legge tilhøva til rette for optimal utnytting av beiteressursane utanfor kjerneområdet i dei aktuelle kommunar og tilgrensande kommunar, m a ved å arbeide for å opne for at skadeutsette brukarar i kjerneområdet kan få høve til å utnytte ledig beitekapasitet i desse områda.

Skadeavgrensing

Innanfor kjerneområdet:

  • avgrense skadeomfanget mest mogeleg.
  • gjennomføre ein samla gjennomgang av tapsproblematikk for brukarar med kritisk tap, dvs lammetap over 10 % i høve til det normale for beitelaget, i tre år på rad.

Utanfor kjerneområdet:

  • det vil vere aktuelt å avgrense skadar gjennom felling av jerv under føresetnad av at skaden blir vurdert som monaleg.
  • sør, vest og nordvest for kjerneområdet er ein truleg skade på over ....dyr (lågt tal dyr som blir definert seinare) innan eitt eller fleire nærliggande beiteområde vurdert som monaleg.
  • i området aust for kjerneområdet mellom E6 og riksveg 217 mellom Koppang og Drevsjø er ein truleg skade på over ...dyr (høgt tal dyr som blir definert seinare) innan eitt eller fleire nærliggande beiteområde vurdert som monaleg.

Konfliktdemping

  • dempe mest mogeleg konflikten som er knytt til jerveskade på sau.
  • skaffe aksept for at jerven innan kjerneområdet er ein del av næringa sine rammevilkår.

Tiltak og verkemiddel

Dokumentet peikar på dei fleste sentrale verkemiddel som kan medverke til å oppfylle dei målsettingar som er definert. Ei rekke av desse verkemidla ligg utanfor det regelverk eller den forvaltingspraksis ein har i dag.

Ein ønskjer å liberalisere erstatningsordninga på den måten at ein i prinsippet ser bort frå kravet til dokumentasjon innanfor kjerneområdet sine grenser og godtgjer alt tap som går ut over normaltapet for den einskilde buskap, dersom ikkje forvaltinga kan dokumentere eller sannsynleggjere at tapet har anna årsak enn jerv. Dessutan blir det gjort framlegg om høgare ulempekompensasjon for buskapar som beiter innanfor kjerneområdet. Samstundes er det gjort framlegg om visse nærare definerte vilkår for at den enkelte saueeigar kan kome inn under den nye erstatningspraksisen.

I verkemiddel retta mot sauehaldet er det ein gjennomgang av dei fleste tradisjonelle førebyggande tiltak. For nokre av tiltaka er det peika på mogelege endringar i det landbrukspolitiske verkemiddelapparatet ein har i dag.

Ei av dei store utfordringane slik ein ser det er å hindre monaleg skade av jerv i nye område utanfor grensene for eksisterande kjerneområde. Her blir det gjort framlegg om at felling av skadegjerande individ både kan utløysast av avdekka skade i beitesesongen og av tapssituasjonen slik denne blir vurdert etter haustsanking. Ein ønskjer å få tilgang til verkemiddel slik at hovudtyngda av slik felling kan føregå som vinterjakt i aktuelle skadeområde.

Med den bestandssituasjonen ein har innanfor kjerneområdet og den bestandsutvikling ein kan sjå i interessant framtid, ønskjer ein å ha eit sterkt individvern i kjerneområdet. Det blir konkludert med at ein ikkje er i stand til å sjå situasjonar der det vil vere forsvarleg å felle vaksen jerv i desse områda. Derimot ønskjer ein som eit skadeførebyggande tiltak på nærare gjevne vilkår å kunne ta i bruk uttak av hiungar av jerv som ei prøveordning i år med stabil eller veksande bestand og med minst fem aktive ynglehi.

Fylkesmannen i Oppland har i si vurdering av den gjennomførte lokale høyring peika på m a at kjerneområdet for jerv bør vere samanfallande med villreinen sitt leveområde, og at fellingsløyve innanfor kjerneområdet bør ligge til Direktoratet for naturforvaltning, fordi ein ikkje kan vente at forvaltingsmynde lagt til fleire forvaltingsnivå samstundes vil fungere. Det blir gjort framlegg om at skadefellingsløyve utanfor kjerneområdet og oppgåver elles i tilknyting til jerveforvaltinga blir delegert i sin heilskap til fylkesmannen. Før fylkesmannen treffer vedtak, skal saka leggast fram for rovviltutvalet. Det blir elles peika på at lokale styresmakter og aktuelle næringsinteresser ikkje er med i avgjerdsprosessen på ein god nok måte.

Lagt inn 16 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen