1 Innleiing

Regjeringa legg med dette fram ny melding for Stortinget om rovviltforvalting. Meldinga må sjåast som ei oppfølging av St.meld.nr.27(1991-92) «Om forvaltning av bjørn, jerv, ulv og gaupe (Rovviltmeldingen)». Ved handsaminga av denne uttala kommunal- og miljøvernkomiteen i Innst.S.nr.182(1991-92):

«Komiteen viser til at meldingen på mange punkter forutsetter at det videre arbeid med å utforme rovdyrforvaltningen baseres på skjønn og vurdering hos forvaltningsmyndighetene, og at det også vil være nødvendig med justeringer basert på ny kunnskap og endrede situasjoner. Komiteen anser på den bakgrunn at det bør gis en tilbakemelding om dette arbeidet i form av en stortingsmelding i løpet av neste stortingsperiode.»

Det har alltid eksistert ein konflikt mellom dei store rovdyra - bjørn, jerv, ulv og gaupe - og bufe og tamrein på utmarksbeite. I tidlegare tider, då ein framleis hadde store bestandar av desse rovviltartane i Noreg, var driftsformene i husdyrbruket og reindrifta i stor grad tilpassa denne situasjonen, mellom anna med intensiv gjeting. Hard jakt førte med seg at bestandane av dei store rovdyra vart redusert til eit minimum allereie tidleg i dette hundreåret, og både bjørn og ulv var i ein periode på fleire tiår funksjonelt utrydda i Noreg. Dette ga grunnlag for utvikling av nye og meir ekstensive driftsformer for dyr på utmarksbeite, samstundes som ein har hatt ei sterk dreiing frå storfe over til sau og ein sterk auke i talet på både sau og tamrein i dette hundreåret. Driftsformene og økonomien i næringane er i dag i stor grad baserte på at dei kan beite i eit tilnærma rovdyrfritt miljø.

Ulv og bjørn vart freda i heile landet i respektive 1971 og 1973, medan jerven vart freda i Sør-Noreg frå 1973 og i heile landet frå 1982. Dette førte til ein viss auke i bestanden for jerv og bjørn i delar av landet frå slutten av 1970-åra, og skapte aukande konfliktar mellom rovdyr og bufe/tamrein. Skadeproblema vart forsøkt løyste ved å gi skadefellingsløyve på enkeltindivid av bjørn og jerv, medan det på den tida var fri jakt på gaupe i heile landet innanfor ei fastsett jakttid. Fordi ein hadde svært mangelfull oversikt over rovdyrbestandane og konsekvensane av slik felling, var dette ein svært lite tilfredsstillande situasjon sett frå eit vernesynspunkt, og tiltaka viste seg heller ikkje å løyse skadeproblema. Det vart difor vurdert som naudsynt å utarbeide ein landsplan for forvaltinga av dei store rovdyra. Eit utkast til landsplan vart utarbeidd av

Miljøverndepartementet og Landbruksdepartementet i 1985. Etter ei omfattande høyring og vidare arbeid vart eit revidert planutkast utarbeidd av Direktoratet for naturforvaltning i 1987, og St.meld.nr.27(1991-92) vart framlagt på grunnlag av dette.

Framlegginga av den førre rovviltmeldinga for Stortinget må også sjåast i lys av at Noreg i 1986 hadde ratifisert Bernkonvensjonen (konvensjonen om vern av ville europeiske planter og dyr og deira naturlege leveområde), der det framgår at partane skal treffe naudsynte og eigna lovgjevings- og administrative tiltak for å sikre vern av dei artar konvensjonen omfattar. Det vart også vist til St.meld.nr.46(1988-89) «Om miljø og utvikling», der det vart lagt opp til at arbeidet med ein heilskapleg forvaltingspolitikk for genressursar i Noreg skulle følgjast opp med ei eiga stortingsmelding om rovviltforvaltinga.

Ved handsaming av St.meld.nr.27(1991-92) slutta Stortinget seg til hovudmålsettinga om å sikre levedyktige bestandar av bjørn, jerv, ulv og gaupe. Samstundes skulle skadar valda av store rovdyr avgrensast mest mogeleg. Forvaltinga skulle ta utgangspunkt i kjerneområda for dei einskilde artane og legge vekt på å sikre reproduksjonen til artane i desse områda. For å sikre levedyktige bestandar skulle det kanaliserast ressursar til kjerneområda. For å redusere skadar på husdyr og tamrein ville ein framleis tillate felling av dyr som gjer skade, men toleransenivået for skadar måtte sjåast i høve til bestandsituasjonen for den einskilde arten, kor viktig området er for arten og kor viktig det er som beiteområde. Ved bruk av positive verkemiddel ville ein søke å oppnå ei arealutnytting som reduserer konfliktane mellom store rovdyr og andre interesser. Innsatsen for å førebygge skadar på bufe og rein skulle aukast.

Det har sidan den førre rovviltmeldinga vart fremja vore ein auke både i rovviltbestandane, skadeproblema og merksemda kring rovviltforvaltinga. Denne meldinga oppsummerer ny kunnskap og røynsler ein har frå denne perioden, og gjer framlegg om nye og endra tiltak og verkemiddel for betre å kunne balansere behovet for vern av rovviltbestandane mot den omfattande og ekstensive bruken av utmark til beite som ein har i Noreg.

Lagt inn 16 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen