6 Mennesket og rovdyra

Den viktigaste konflikten mellom mennesket og dei store rovdyra gjeld i dag som tidlegare tap av bufe og rein på utmarksbeite. I dette kapitlet vert det gitt eit oversyn over omfang og driftsmåtar i desse næringane med særskilt vekt på rovdyrområda. Det vert og gjort greie for andre mogelege konfliktar i høve til mennesket sin bruk av utmarka. Utdjupande informasjon om desse emna finst i vedlegg 4.

6.1 SAUENÆRING

6.1.1 Utvikling i omfang

Talet på sau på utmarksbeite

Utnytting av utmark gjennom beitebruk med sau var på sitt høgaste i siste halvdel av 1800-talet, og registreringa i 1855 viser det høgaste talet dyr i Noreg (figur 6.1). Dette hang saman med ein sterk auke i folketalet og rydding av nye husmannsplassar. Dessutan var dei ulike rovdyrbestandane gjennom jakt og fangst redusert til eit nivå der skadane på bufe, gjennom aktiv gjeting og sanking for natta, var til å leve med. Likevel reknar ein med at det var om lag 3.000 bjørnar i Noreg rundt 1850, dvs om lag 100 gonger fleire enn i dag. Bestandane av dei andre store rovdyra var også langt høgare enn i dag.

For sau med lam har tilnærma alle dyr beita i utmark gjennom heile perioden. I dag blir det rekna med at om lag 100.000 sau (rundt 4 %) går på gjødsla beite om sommaren, noko som er mest vanleg i Rogaland. Frå 1949 og fram til i dag har ein stadig større del av storfeet beita berre på innmarksbeite. I dag er det for det meste sinkyr og ungdyr, til saman rundt 260.000 dyr, som går på utmarksbeite.

Det vart oppretta kjerneområde for bjørn og jerv i 1994. I figur 6.2 er talet på sau (vinterfôra søyer) utrekna frå 1985 til 1995. Siste året er også talet på søyer som beiter innanfor kjerneområda utrekna. Fordelinga av beitedyr og buskapar er gjort av fylkesmannen og av dei kommunar som ligg innanfor kjerneområde.

Figur 6.1 Utviklinga i talet på husdyr i Noreg.

Figur 6.2 Talet på søyer på utmarksbeite totalt i landet og talet på søyer som beiter innanfor kjerneområda for bjørn og jerv (berre for 1995). Kjelde: Produksjonstilleggsregisteret 1995 og fylkesmennene 1996.

Tabell 6.1 Utviklinga i sauehaldet innanfor utvalde kommunar der hovuddelen av sauehaldet blir drive med beiting innanfor kjerneområda for bjørn og jerv. I tabellen er alle søyer tatt med, også søyer til slakt.

Tabell 6.2 Oversikt over talet på kommunar og buskapar som beiter innanfor kjerneområda for bjørn og jerv, og talet vaksne sauer som ein reknar vart sleppte på beite innanfor kjerneområda i 1995/96.

Kjelde: Produksjonstilleggsregisteret 1995 og fylkesmennene 1996.

For 1995/96 er det utrekna at om lag 8,6% av sauene i landet (6,9% av sauebruka) beiter innanfor kjerneområda. I kjerneområda for bjørn beiter i underkant av 3% av talet på sau i landet, eigd av mindre enn 2% av bruka. Det er i tabellen teke med både buskapar der bruket ligg innanfor kjerneområdet og sauen beiter innanfor kjerneområdet, og buskapar der bruket ligg utanfor kjerneområdet medan sauen beiter innanfor.

Totalt for landet har sauehaldet auka med 5% i perioden frå 1985 til 1995. I denne perioden er det særleg kommunane Lesja, Saltdal, Skjerstad, Beiarn, Hattfjelldal, Snåsa, Grong og Engerdal som har auka sauehaldet sterkt i høve til landsgjennomsnittet, samstundes som størstedelen av sauehaldet i kommunen blir drive innanfor kjerneområde for rovvilt. Auken er særleg sterk i Lesja og i Saltdal. Kommunane Rendalen, Trysil, Lierne og Grane har i perioden redusert sauehaldet monaleg i høve til landsgjennomsnittet.

I perioden frå 1990 til 1995 er det ein auke i sauehaldet på 10% på landsbasis. I denne femårsperioden har kommunane Lesja, Engerdal, Snåsa og Hattfjelldal ein auke i sauehaldet godt over landsgjennomsnittet, medan kommunane Trysil, Lierne og Skjerstad har redusert sauehaldet. Også kommunane Grane, Beiarn, Øyer og Rendalen har ein reduksjon i sauehaldet i høve til utviklinga i landet.

Talet på kommunar der sauebeitinga er involvert er noko høgare enn talet på kommunar som har areal innanfor kjerneområda fordi det finst ein del buskapar frå andre kommunar som beiter innanfor kjerneområda. Både Oppland, Nord- Trøndelag og Nordland har om lag 30% av sauen innanfor kjerneområda. I Hedmark er delen utrekna til 20%, medan tilsvarande i Møre og Romsdal er 11%, jfr tabell 6.2.

Bruksstorleik i sauenæringa

Bruksstorleiken i sauenæringa totalt har endra seg relativt lite dei siste 10 åra, og har lege mellom 43 og 46 vinterfôra søyer pr buskap i heile landet, med det høgaste talet sist i perioden. Dette tilsvarer om lag 0,5-0,6 årsverk pr buskap.

I kjerneområda for bjørn og jerv er buskapane i gjennomsnitt noko større enn landsgjennomsnittet, med eit gjennomsnitt på 54 vinterfôra søyer i 1995.

Sauenæringa sin innverknad på sysselsetting og busetting

Totalt utgjer sauenæringa om lag 11.000 årsverk, og dette utgjer omlag 100 vinterfôra søyer pr. årsverk. Det er i alt registrert vel 24.500 buskapar med sau i landet. Innanfor rovdyrfylka utgjer sauehaldet om lag 4.900 årsverk delt på knapt 10.700 buskapar. Rundt 18% av sauen i rovdyrfylka beiter innanfor kjerneområda. Dette gjeld om lag 900 årsverk delt på 1.670 buskapar, i 70 kommunar og 8 fylke. Enkelte av desse kommunane ligg utanfor kjerneområda, men har sauebuskapar som beiter innanfor kjerneområda.

Av dei 70 aktuelle kommunane er det svært varierande kor stor vekt sauehaldet har i høve til total sysselsetting. Tabell 6.3 viser total sysselsetting i rovdyrfylka, årsverk i sauehaldet og årsverk i sauehald innanfor kjerneområda i 1995.

I vedlegg 4 er det eit oversyn over tilsvarande tal på kommunenivå for dei kommunane der det er beiting innanfor kjerneområda for rovdyr, og der også sauehaldet sin del av total sysselsetting i kommunen er utrekna. Dei tre kommunane Lesja, Lierne og Beiarn har respektive 69, 33 og 23 årsverk i sauehaldet innanfor kjerneområda, noko som representerer 4- 7% av den totale sysselsettinga i desse kommunane. For dei åtte kommunane Rendalen, Engerdal, Dovre, Ringebu, Grane, Hattfjelldal, Hemnes og Skjerstad står sauehaldet innanfor kjerneområda for mellom 2 og 4% av total sysselsetting i kommunen.

Generelt blir det rekna at 1 årsverk i jordbruket utgjer 1,5 - 2 årsverk i sekundærproduksjonar. Busettingseffekten av sauehaldet, og dermed ringverknadene av sauehaldet på andre næringar, reknast å vere relativt stor. Dette har først og fremst samanheng med at næringa er arealbunden og blir driven i mange næringssvake område. Dessutan er sauehaldet ei typisk deltidsnæring, der bruket er grunnlaget for busettinga, medan ein stadig større del av den totale inntekta for hushaldet blir henta frå andre næringar.

6.1.2 Verdien av saueproduksjonen

Sauehaldet er i dag avhengig av eit relativt høgt støttenivå for å kunne haldast oppe. På grunn av behov for lang innefôringsperiode, er den norske saueproduksjonen i dag både kapitalkrevjande og arbeidskrevjande i høve til saueproduksjon i land der sauen går ute heile året. Den lange innefôringsperioden fører også til høgare fòrkostnader pr produsert kg kjøtt.

Støtta til sauehaldet kan delast opp i skjermingsstøtte (gjennom avtala prisar innanlands) og budsjettstøtte. Skjermingsstøtta er vanskeleg å gi eksakte tal for, då den tek utgangspunkt i skilnadene mellom norsk prisnivå og prisen på tilsvarande vare gjennom handel. Bruttoinntektene frå produksjon av kjøtt frå sau/lam utan tilskot var i 1995, basert på avtaleprisar, 630 mill kr. Marknadsverdien av ull er om lag 50 mill kr. Førstehandsverdien av saueproduksjonen er ut frå dette om lag 680 mill kr.

I vedlegg 4 er det gitt eit oversyn over den totale budsjettstøtta til sauehaldet.

6.1.3 Gjeting og tilsyn

Gjeting var ein av føresetnadene for beitebruk i tidlegare tider med mykje rovvilt, men den var ikkje berre retta mot å førebygge rovviltskadar. Den var vanleg over alt i landet der det var småfe i utmark, og naudsynt anten dyra beita som enkeltbuskapar eller i flokkar og store drifter. Enkeltbuskapar og små flokkar vart til vanleg samla og tekne i hus eller samla i kveer om nettene («nattkve»). I større drifter vart dyra til vanleg samla «på lega» kvar kveld, også her var dei bak gjerde om natta. Vi kan forenkla samle gjetinga i nokre hovudtypar:

  • barne- og ungdomsgjeting
  • legegjeting
  • grindgjeting eller kveing
  • styregjeting og kantgjeting

Enkelte arbeidskrevjande former kunne i større eller mindre grad verne mot omfattande rovviltskadar dersom innsatsen var stor nok, medan andre vart nytta i område der det var lite rovvilt. Under visse tilhøve kunne det til dømes i lokale område vere best å styregjete først på sommaren for så å legegjete på ettersommaren, fordi rovdyrplaga var verst i mørke netter og under uvêrsperiodar.

Gjeting i form av kontinuerleg tilsyn med alle dyr gjennom heile døgnet er ikkje blitt praktisert her i landet etter siste verdskrig. Hovudårsakene til dette er av praktisk og økonomisk art, og skuldast den generelle utviklinga i samfunnet med auka kostnader, strengare krav til arbeidsmiljø, endra krav til effektivitet innan landbruket m v.

I staden er det blitt utvikla ulike former for tilsyn som til dels har likskapstrekk med enkelte typar gjeting. Den som i dag liknar mest på det vi hadde før, er driftegjetinga i den sørvestre delen av landet. Her tek såkalla «heiesjefar» på seg tilsynet med 2000-3000 dyr innan kvart sitt beiteområde. I dei andre delane av landet blir det gjennomført tilsyn av ulik art og intensitet i regi av saueeigarane, gjerne gjennom eit av dei 925 organiserte beite-/sankelaga. I dei fleste av desse laga er det saueeigarane som står for dette tilsynet, medan ein del i tillegg har deltids- eller heiltidstilsett tilsyn. Ein reknar at det i dag finst vel 100 sesongtilsette tilsynspersonar her i landet inkludert dei såkalla heiesjefane.

Figur 6.3 Fordelinga av årsverk i sauehaldet totalt i kvart rovdyrfylke, og innanfor kjerneområda.

Kjelde: Produksjonstilleggsregisteret 1995 og oppgåver frå fylkesmennene 1996.

Tabell 6.3 Oversikt over sauenæringa sin del av sysselsettinga innanfor kjerneområda for rovdyr.

Kjelder: Produksjonstilleggsregisteret 1995, oppgåver frå fylkesmennene 1996, ukorrigerte registerdata frå Statistisk Sentralbyrå 1997.

6.2 REINNÆRING

6.2.1 Utvikling i driftsmåtar og reintal

Reindrifta har i løpet av etterkrigstida endra seg monaleg på mange måtar. Arbeidsoperasjonar i reindrifta som gjeting, flytting, skilling, merking og slakting vart så seint som 1960 utført nesten utan mekaniske hjelpemiddel.

Ein stor del av arbeidsoppgåvene var tidlegare knytt til flytting av reinflokk, folk og utstyr. Reinen var einaste trekk- og transportmiddel mellom dei ulike sesongbaserte beite- og buområda ut over eigenforflytting til fots eller på ski.

Den manuelle arbeidsorganiseringa gjorde at den samla arbeidsinnsatsen i familien vart ein viktig avgjerande faktor for flokkstorleiken. Familien måtte i utgangspunktet ha eit reintal som nokolunde høvde med det ein kunne mobilisere av arbeidskraft frå dei ulike familiemedlemmene. I Finnmark levde familiemedlemmene heilt fram til midten av 1950-talet saman med reinflokken heile året.

Dei ytre faktorane som i første rekke utløyste overgangen til bufast tilvære for flyttsamefamiliane i Indre Finnmark var innføringa av obligatorisk skule med internat for barna, og deretter ei statleg bustøtteordning som kom i 1958. Denne sterke materielle og sosiale tilknytinga til bygdesamfunnet førte med seg ei drastisk omlegging i tilpassing og livsform for familien. Stikkord her er tendens til utskilling av reindrift som mannsyrke, overgang frå stor grad av sjølvberging til pengeøkonomi, og endeleg ei mekanisering og ei rasjonalisering av drifta som er gjort mogeleg gjennom den største tekniske nyskaping for reindrifta nokosinne - snøskuteren.

Overgangen til bufast tilvære, investeringar i arbeidssparande teknologi og dermed også frigjering av arbeidskapasitet, er stikkord for dei store endringar som prega reindrifta på 1960- og 70-talet. Jamn vekst i reintalet i 1980-åra førte til at ein i 1989 nådde eit nivå som ein aldri før hadde hatt. Også talet på driftseiningar hadde same utvikling (tabell 6.4). I hovudsak kom denne veksten i Finnmark. Reindrifta si tilpassingsform bryt med dei økonomiske lover ein til vanleg tenker innanfor. Investeringar i effektivitetsskapande teknologi blir her sett på som å leie til reduksjon i driftsomfanget, og bakgrunnen er den spesielle måten å bygge opp kapital på innan reindrifta. Reineigarane i Finnmark tek ikkje ut den årlege avkastinga til konsum eller set overskotet i banken, men let kapitalen halde fram med å vere realkapital til det trengst likvide midlar. Dette gir då samstundes ei eigaforsikring for reinflokken i tilfelle låste vinterbeite med ekstraordinære tap. På den andre sida verkar dette til å framskunde ei beitekrise. Om konsekvensane av dette i høve til tap av rein blir det vist til kap 4.1.5.1.

Årsaka til veksten var kompleks, men sterkt forenkla kan ein seie at den skuldast:

  • reinflokkane hadde fått ein storleik som ga kapasitet for snøgg vekst. Storleik i denne samanhengen er talet på rein (og dermed produksjon) sett i høve til hushaldet sine primære behov
  • redusert dødsprosent blant barn etter krigen førte til ein folkevekst som vart akkumulert med eiga drift i denne tida
  • kostnadsauken må finansierast med større inntekter, noko som igjen motiverte til vekst
  • ein del av dei auka overføringane som ein fekk ved etablering av reindriftsavtala var reintalsdrivande. Dette gjaldt særleg første del av 1980-åra.
  • ytterlegare mekanisering (sommar) og bygging av sperregjerde ga større kapasitet til å handtere eit aukande reintal

Desse elementa medverka til at ein fekk konkurranse om avgrensa ressursar. Dette verka i seg sjølv reintalsdrivande.

Den omtala sterke veksten i reintalet er i hovudsak eit Finnmarksproblem. I dei andre delane av reindrifta har ein i større grad lukkast med å balansere reintal mot beiteressursar. Dels skuldast dette dei naturgjevne tilhøva, men t d i Trøndelagsfylka ville ein i denne perioden ha hatt økologisk kapasitet for den same veksten. Når ein ikkje fekk det, var hovudårsaka truleg ein kombinasjon mellom tilhøve med sosial tilknyting og ein klårare bruk av dei høve til regulering som ligg i reindriftslova.

Etter 1989 er reintalet i Finnmark blitt redusert gradvis. Innføring av etableringsstopp i enkelte område, omlegging av verkemidla i reindriftspolitikken, innføring av avviklingsordningar m v har fått etableringspresset i næringa meir under kontroll.

Tabell 6.3 Oversikt over sauenæringa sin del av sysselsettinga innanfor kjerneområda for rovdyr.

Kjelder: Produksjonstilleggsregisteret 1995, oppgåver frå fylkesmennene 1996, ukorrigerte registerdata frå Statistisk Sentralbyrå 1997.

6.2.2 Støtteordningar over reindriftsavtala

Reindriftsavtala med sine økonomiske verkemiddel er, ved sida av reindriftslova, den viktigaste operative reiskap for å følgje opp måla og retningslinjene i reindriftspolitikken. For 1996/97 har avtala, som blir inngått mellom Staten ved Landbruksdepartementet og Norske Reindriftssamers Landsforbund, ei total ramme på 75 mill kroner. Gjennom endringar i reindriftslova i 1996 er det no mogeleg å knyte økonomiske og lovbaserte verkemiddel saman i eit meir heilskapleg verkemiddelsystem for å sikre inntektsgrunnlaget i næringa.

Direkte tilskot til driftseiningar i reindrifta gjennom reindriftsavtala omfattar tre ordningar:

  • eit produksjonstilskot, som gjeld for heile landet
  • eit kalveslakttilskot, som gjeld for tamreinlaga, Hedmark, Trøndelag og Nordland
  • eit tidlegslakttilskot, som gjeld for Troms og Finnmark.

Ein monaleg del av midlane over reindriftsavtala blir forvalta gjennom Reindriftens Utviklingsfond. Midlane i fondet kan m a nyttast til praktiske tiltak i næringa, som investeringar i anlegg til bruk i reindrift og investeringar tilknytt attåtnæring. Fondet kan gi støtte til faglege tiltak til fremje av reindrifta.

6.3 ANNAN AKTIVITET

6.3.1 Jakt på hjortevilt

I St.meld.nr.27(1991-92) vart det gjort greie for at det med dei bestandar vi har i dag av dei store rovpattedyra, ikkje er grunnlag for å hevde at store rovdyr sin predasjon på ville dyr representerer nokon konflikt i høve til mennesket sin nytte av dei same ressursane. Men dei store byttedyrbestandane av hjortevilt og bever representerer eit godt næringstilbod for dei store rovdyra, og med større rovdyrbestandar kan ein vente seg auka uttakspress på desse bestandane. Det vart likevel peika på at ut frå tilhøva i dag vil truleg skadane på bufe og rein bli uakseptable før uttakspresset på hjortevilt og bever vil få stor innverknad på bestandane.

Tilhøvet mellom store rovdyr og hjortevilt er nemnt i Direktoratet for naturforvaltning sin nasjonale handlingsplan «Forvaltning av hjortevilt mot år 2000», der dei aktuelle næringsorganisasjonane, ideelle organisasjonar og forvaltingsorgan har slutta seg til dei vurderingar og tilrådingar som er fremja. I handlingsplanen blir det peika på at det i forvaltinga i framtida bør leggast sterkare vekt på hjorteviltet sin økologiske funksjon som byttedyr for rovdyr, og at det er naudsynt å heve kunnskapsnivået om tilhøvet mellom rovdyr og hjortedyr under skandinaviske tilhøve som grunnlag for ei reell fleirbestandsforvalting.

Det finst ein vidtfemnande internasjonal litteratur frå undersøkingar av store rovdyr sin predasjon på klauvdyr. Hovudtyngda er frå undersøkingar gjort i Nord-Amerika. Resultata viser at i område med monalege bestandar av store rovdyr, står desse for ein stor del av dødsprosenten hos hjorteviltet, særleg for kalvar dei første vekene etter fødselen. Det er også vist til at dødstalet for kalvar er vesentleg høgare i område med rovdyrbestandar enn i område utan. Predasjon frå rovdyr representerer difor ein viktig bestands- og tilvekstavgrensande faktor i slike område, og reduserer dermed naturleg nok det årlege overskot som kan haustast ved jakt dersom bestanden av hjortevilt skal haldast oppe på ein viss storleik. Lite er kjent om korvidt dei dødstala rovdyra står bak kjem i tillegg til andre dødsårsaker, eller om dei i større eller mindre grad blir kompenserte ved reduksjon av andre dødsårsaker. Det er heller ikkje vist at rovdyr over tid faktisk er i stand til å regulere ein bestand av hjortevilt som ikkje er utsett for jakt. Nokre resultat tyder på at slik regulering berre kan opptre der fleire artar av store rovdyr har ein hjorteviltart som viktig byttedyr. Ettersom dei aller fleste undersøkingane er gjort i område med tettare rovdyrbestandar og langt glisnare hjortedyrbestandar enn det ein finn i Skandinavia, er også overføringsverdet av desse resultata til skandinaviske tilhøve svært avgrensa.

Det er dei siste åra gjennomført ein del utgreiingar og undersøkingar om rovdyra sin innverknad på hjorteviltbestandane i Skandinavia. Dei viktigaste resultata frå desse er oppsummert i vedlegg 4.

Den kunnskap ein til no har om tilhøvet mellom store rovdyr og hjortevilt under skandinaviske tilhøve tyder på at hjorteviltbestandane under ein lengre periode med lite rovdyr, stor næringstilgang og målretta forvalting, har vakse seg så store at predasjon frå rovdyr under påreknelege bestandstettleikar generelt vil ha liten innverknad. Det er først og fremst gaupa sin predasjon på rådyr som kan seiast å representere ein konkurranse som betyr noko for jegerar og dei som har jaktrett. Korvidt bestanden av rådyr i lågproduktive leveområde under ein kombinasjon av snøvintrar, rev og gaupe igjen vil vere i stand til å auke er eit ope spørsmål. Ein veit heller ikkje nok om kor sterkt eit samla predasjonstrykk frå fleire store rovviltartar i same område vil avgrense tilvekst og bestandsstorleik av hjorteviltet, t d ein kombinasjon av bjørn og ulv i høve til elgbestanden. Røynsler frå Nord-Amerika tyder på at det i slike predasjonssystem er viktig å halde høg bestandstettleik av elg og dermed eit høgt tal elg pr rovdyrindivid. Men bestandstettleiken av hjortevilt må ikkje bli så høg at det fører til samanbrot som følgje av mangel på næring og andre faktorar som blir påverka av tettleiken. Ein slik nedgang i bestanden vil kunne forsterkast av predasjon. Den viktigaste utfordringa for å oppnå ei god fleirbestandsforvalting i kjerneområda for rovdyr vil difor vere å gjennomføre ei presis og kontrollert hjorteviltforvalting som sikrar høgproduktive bestandar av god kvalitet.

6.3.2 Birøkt

Av dei fire store rovdyrartane er det berre bjørn som kan ventast å vere konfliktfylt i høve til birøkt. Bjørneåtak på bikubar er kjent frå andre land, og det er også dokumentert einskilde tilfelle av bjørneskadar på bikubar i Noreg dei seinare år. Dei reglar for erstatning vi har i dag gjeld ikkje for skadar på bier. I andre land, der slike bjørneskadar er meir vanlege, har ein greid å førebygge skadane gjennom el-inngjerding.

I St.meld.nr.27 (1991-92) er det lagt vekt på å styre aktivitetar som vil vere vanskeleg å sameine med ønsket om å halde oppe levedyktige rovdyrbestandar til område der dette ikkje vil føre til konfliktar i høve til miljøverninteressene. Bjørneskadar på bikubar kan førebyggast, anten ved at kubane blir gjerda inne eller ved at dei blir plasserte i område der ein ikkje kan vente at dei blir skadde. Då 87% av landarealet ligg utanfor kjerneområde for bjørn, bør det vere gode høve til å finne gode område utan særleg stor fare for bjørneåtak på bikubar.

6.3.3 Viltoppdrett

Det er i dei seinare år etablert nokre anlegg for oppal av hjort ulike stader i landet. Slik etablering krev godkjenning av fylkesmannen i medhald av føresegner gitt i 1989, der det m a er sett relativt strenge krav til utforming av innhegninga. Det kan også stillast særskilde vilkår for løyve til å føre opp innhegning, og føresegnene seier at løyve som hovudregel ikkje bør gjevast i eit viktig leveområde for viltlevande viltbestandar. Ei liknande ordning for løyve til hald av villsvin og villsvinhybridar er under utgreiing.

Dersom slike innhegningar for viltoppdrett blir plasserte i område med store rovdyr, kan det vere ein risiko for at rovdyra tek seg inn i innhegninga og gjer skade. Med det regelverket vi har i dag blir det ikkje gitt erstatning for slik skade, og det kan heller ikkje gjevast løyve til skadefelling. Men skadesituasjonar kan førebyggast ved at innhegninga blir forsterka ut over føresegna sine krav, slik at den blir rovdyrsikker.

6.3.4 Hundar

Ulven kan frå tid til anna drepe hundar, og jakthundar er særleg utsette. Det finst eit par kjende tilfelle av dette frå Hedmark dei siste åra. I Värmlands län i Sverige, der ulvebestanden er større, vart minst åtte jakthundar drepne av ulv hausten 1995. Ettersom jakthundar ofte representerer både stor bruksverdi og stor økonomisk verdi for jegeren, blir dette i dei delar av Sverige der det finst ulv sett på som eit monaleg konfliktområde. Med aukande ulvebestand kan ein vente at slike konfliktar vil tilta også i Noreg. Hundar er ikkje omfatta av dei erstatningsreglar for rovdyrskadar som gjeld i dag, og hundeeigaren blir vist til å dekke slike tap gjennom vanlege forsikringsordningar.

6.4 TRYGGLEIK

Av dei store rovdyrartane er det berre bjørn som under gjevne uheldige omstende kan medføre fare for menneske. I ei undersøking som nyleg er gjennomført har ein analysert 114 møte mellom bjørn og personell i det skandinaviske bjørneprosjektet. Det er også gjort ein gjennomgang av skandinavisk litteratur om møte bjørn-menneske både langt attende (1750-1962) og frå dei siste 20 år (1976-1995), og ein har samanlikna data om tilhøvet brunbjørn-menneske frå heile Eurasia. Resultata viser heilt klårt at den skandinaviske brunbjørnen ikkje er ein farleg bjørn, og at den nordeuropeiske brunbjørnen er mykje mindre aggressiv enn dei bjørnane som finst aust for Ural-fjella og i Nord-Amerika. I Skandinavia vart menneske sist drepne av bjørn i 1902 i Sverige og i 1906 i Noreg. Dei siste 20 år er sju menneske skadd av bjørn, alle i Sverige. Seks av desse var jegerar, og i fem av tilfella var bjørnen skoten på eller skadeskoten. Utanom skadeskotne bjørnar, kan bjørn med årsungar, bjørn på kadaver, bjørn som blir overraska på nært hald, bjørn i hi og konfrontasjonar mellom bjørn og hund reknast som ein mogeleg tryggleiksrisiko for menneske.

Mange menneske kjenner også frykt for ulv. Det ligg ikkje føre prov på at ulven har drepe menneske i Noreg, og i internasjonale fagmiljø blir då heller ikkje ulv sett på som ein tryggleiksrisiko for menneske. Ulven er normalt ein sky art, og det er til vanleg berre unge og urøynde individ som viser seg for menneske. Ein bør likevel forsøke å dempe frykta for ulv med hjelp av informasjonstiltak.

6.5 GENERELLE HALDNINGAR TIL STORE ROVDYR

I St.meld.nr.27(1991-92) er det referert til konklusjonane i ei undersøking gjennomført ved Noregs landbrukshøgskule i 1987, der eit representativt utval vart spurt om haldningar til og betalingsvilje for å ta vare på bjørn, jerv og ulv i Noreg. Hovudkonklusjonane var at eit stort fleirtal av befolkninga ønskte å ta vare på bestandar av store rovdyr i Noreg (85 % for bjørn og 78 % for jerv og ulv), og at folk var villige til å betale langt meir for å få til dette enn dei kostnadene som det då var kjent at rovdyra påførte samfunnet. Undersøkinga viste vidare at kunnskapen om rovdyr som årsak til tap av husdyr var dårleg i alle grupper av befolkninga, og at frykta for rovdyr var mest utbreidd i dei gruppene som hadde ei generelt negativ haldning til rovdyra.

Det er i åra etter at førre rovviltmelding vart framlagt gjennomført fleire undersøkingar som kastar meir lys over folk sine haldningar til store rovdyr og rovviltforvaltinga. Det er gjort nærare greie for desse undersøkingane i vedlegg 4. Dei viktigaste resultata viser at det framleis er eit stort fleirtal i befolkninga som vil ta vare på bestandar av store rovdyr. Ei undersøking i eit avgrensa utval i dei tre kommunane i Hedmark som har regelbunden aktivitet av ulv, viste rett nok at omlag halvparten ville redusere eller til og med fjerne bestanden. Dette må sjåast i lys av at storparten av utvalet meinte ulvebestanden var langt større enn den verkeleg er. Den delen som ville redusere eller fjerne bestanden auka med aukande alder og lågare utdanningsnivå. Av yrkesgrupper var slike haldningar klårt mest utbreidde hos trygda og pensjonistar. Ei undersøking blant sauebønder, miljøforvaltarar og landbruksforvaltarar om bjørneforvaltinga, viste ikkje uventa at det er klåre skilnader i korleis desse gruppene oppfattar problematikken. Sauebønder og miljøforvaltarar står lengst frå kvarandre, med landbruksforvaltarar i ei slags mellomstilling. Usemja dreier seg både om vurdering av faktisk bestandsstorleik, vurdering av effekten av ulike tiltak og generelle haldningar til og aksept av bjørn. Partane har likevel godt kjennskap til kvarandre sine standpunkt, og i undersøkinga er det peika på at det vil vere viktig å få til betre dialog og tiltak som kan skape tillit dersom «storsamfunnet» ønskjer sameksistens mellom sau og bjørn. Dette vil stille krav til begge partar.

Det er viktig å vere klår over at dei nemnde undersøkingane mellom lokalbefolkning og sauebønder er gjort i typiske konfliktområde. Skal ein gi ei meir skjønsmessig vurdering av korleis det generelle konfliktnivået har utvikla seg etter at førre rovviltmelding vart handsama, er det grunnlag for å hevde at dette har auka for gaupe i takt med auke i bestanden og dokumentasjon av skadane. Konfliktnivået har også auka for bjørn i kjerneområda i Hedmark og Nord-Trøndelag og for jerv i kjerneområdet i Sør-Noreg, utan at dette har same klåre samanheng med utviklinga i bestand og tap i desse områda. For bjørn og jerv i resten av landet har neppe det generelle konfliktnivået endra seg vesentleg, men det har vore einskilde lokale konfliktsituasjonar og då særleg knytt til skadegjerande unge hannbjørnar på langvandring i Sør-Noreg. Konfliktnivået rundt ulv har vore noko lågare dei siste åra, noko som må sjåast i samanheng med at det heller ikkje har vore ein auke som betyr noko i ulveaktiviteten på norsk side av grensa.

Lagt inn 16 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen