2 Fiskerinæringa dei...

2 Fiskerinæringa dei seinare åra og utsiktene for 1997

Budsjettnemnda sine lønsemdundersøkingar for dei seinare åra viser store variasjonar i arbeidsgodtgjersle og lønsevne for ulike fiskeri og fartystorleikar. Tala for 1995 viser at arbeidsgodtgjersle og lønsevne pr. årsverk har auka, samanlikna med 1994. Innanfor småbåt var det ein liten reduksjon i båe lønsemdmåla frå 1994 til 1995. Innanfor storbåt har utviklinga vore positiv både i torskesektoren og sildesektoren. Sildesektoren har generelt høgare lønsevne og arbeidsgodtgjersle enn torskesektoren, og betringa frå 1994 til 1995 har òg vore høgare enn i torskesektoren. Elles viser tala for 1995 at lønsevna er høgare enn arbeidsgodtgjersla.

Tabell 2.1 nedanfor viser utviklinga i arbeidsgodtgjersle og lønsevne pr. årsverk for den heilårsdrevne flåten, og tal for gjennomsnittleg industriarbeidarårsløn frå 1992 til 1995.

Tabell 2.1 Arbeidsgodtgjerelse og lønsevne pr. årsverk for den heilårsdrevne fiskeflåten. Gjennomsnittleg årsløn for industriarbeidarar. 1992-1995

1992199319941995Endring i pst. 1994-95
1000 kr pr. årsverk
Arbeidsgodtgjersle i alt2322422773008,3
Storbåt (over 13 m)27728432336011,5
- torskesektor26126530633910,8
- sildesektor33236437843715,6
Småbåt (8-13 m)113117136133-2,2
Lønsevne i alt16318728833616,7
Storbåt (over 13 m)19522134341320,4
- torskesektoren19521033739015,7
- sildesektoren20327136149537,1
Småbåt (8-13 m)7986120117-2,5
Industriarbeidarårsløn1741781831892,9

NOTAR:

Arbeidsgodtgjersle pr. årsverk viser avløninga til fiskarar som står ombord i eit heilårsdreve farty heile driftstida til fartyet, i det aktuelle året. For einskilde driftsformer kan det stå meir enn ein person bak eit årsverk.

Lønsevna pr. årsverk gjev uttrykk for kor mykje verksemda kan betale til innsatsfaktoren arbeidskraft etter at andre kostnader er dekte.

Fangstutviklinga dei seinare åra har vore som vist i tabell 2.2 nedanfor (tala for 1996 er førebelse):

Tabell 2.2 Fangstkvantum og fyrstehandsverdi. 1991-1996

199119921993199419951996
1 000 tonn rund vekt
Sildefisk m.v.1 4281 7961 6841 5361 6951 854
- lodde57681053011328207
- sild201227351539685759
- makrell179207224260202136
- hestmakrell53108128959660
- kolmule119155200226262355
- augepål/tobis266256204260381277
- anna343347444160
Torskefisk m.v.579634702797827816
- torsk164219275372368358
- sei140168188188221210
- hyse254044738194
- lange/brosme504847393839
- reker494949383935
- skjel7710888
- anna14410389797272
I alt2 0072 4302 3862 3332 5222 670
Verdi i mill. kroner
Fyrstehandsverdi5 9686 1126 1047 3108 1798 600

Både totalt fangstkvantum og fyrstehandsverdien for 1996 blir høgare enn det partane la til grunn under forhandlingane i fjor. Fyrstehandsverdien blir lågare enn venta i torskesektoren, og nær 50 pst. høgare enn prognosane i sildesektoren.

Prognosen for fyrstehandsverdien i 1996 ligg på om lag 8,6 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 400 mill. kroner frå 1995, og kjem i hovudsak av auka prisar på makrell og sild.

Kostnadene har hatt ei moderat utvikling i 1996.

Kvantumsutsiktene for 1997 er om lag som i inneverande år, med fortsatt høge kvotar på dei fiskeslaga med høgast verdi. Den samla norske kvoten på norsk-arktisk torsk i 1997 er fastsett til 399.000 tonn, som er ein sterk vekst frå nivået i 1996 på 334.000 tonn. Kvoten på norsk-arktisk hyse aukar frå 85.000 tonn i 1996 til 104.000 tonn i 1997. For annan torskefisk er det venta nedgang i seikvoten, men elles reknar ein med små endringar samanlikna med 1996.

Innan sildesektoren er kvoteforhandlingane for 1997 ikkje ferdige. Ein ventar auke i kvoten på norsk-vårgytande sild og reduksjon i kvotane for nordsjøsild og makrell.

Dersom ein held eksporten av oppdrettsfisk utanfor, var eksportverdien av fisk og fiskeprodukt i perioden januar - september 1996 10,8 mrd. kroner, ein auke på 15,8 pst. frå same periode året før. Eksportert kvantum har gått opp med om lag 19 pst. Høgare innslag av lågprisprodukt (sild) er ein del av årsaka til at verdien har auka mindre enn kvantumet. Dessutan har prisane på klippfisk, saltfisk og tørrfisk gått ned.

Av eksporten utanom oppdrettsfisk, går om lag 56 pst. av verdien til EU-landa, som såleis er den viktigaste marknaden vår. Utanom EU-landa er Japan den største marknaden.

Totalt sett har eksporten auka i kvantum for frosen torskefilet, klippfisk av torsk og salta torsk, men prisane for desse produkta gjekk noko ned. Eksporten av frosen sild auka sterkt både i 1995 og 1996. Dette skuldast særleg eksportutviklinga til dei austeuropeiske landa, spesielt Russland og Polen. Innføringa av toll på rekeprodukt i 1995 til viktige marknader som Sverige og Finland, skapte vanskar for rekeeksporten, som vart redusert. Dette har betra seg noko i 1996 mellom anna på grunn av tollkompensasjonsavtalen mellom Norge og EU som vart underteikna i 1995.