2 Nærmare om direktivet

2 Nærmare om direktivet

Rådsdirektiv 95/21/EF vart vedteke for å redusere og/eller fjerne skip som ikkje held mål, frå hamner og farvatn i Fellesskapet ved gjennomføring av MOU for fellesskapsområdet. ( The Paris Memorandum of Understanding on Port State Control av 1982 (MOU) er ei avtale som Noreg har inngått med 17 europeiske land, og dessutan med Canada. Etter avtala skal det gjennomførast kontroll av framande skip i hamn.) Føremålet med endringsdirektivet er å ajourføre rådsdirektiv 95/21/EF med omsyn til endringar i internasjonale konvensjonar og i Paris-memorandumet om hamnestatskontroll som er gjennomførde etter at direktiv 95/21/EF vart vedteke 19. juni 1995, og å leggje til rette for enklare endringsprosedyrar ved ajourføringar av rådsdirektiv 95/21/EF gjennom kommisjonsdirektiv.

Direktiv 95/21/EF og 98/25/EF har som følgje at skip skal nektast tilgang til ei anna EU-hamn dersom skipet ikkje går til det reparasjonsverftet som er oppgjeve, eller «stikk av». Den hamna som har utført hamnestatskontrollen, skal gjennom eit felles meldingssystem gje melding til andre EU-hamner om tilgangsforbodet. Forbodet mot tilgang til ei anna EU-hamn vert først oppheva når eigaren eller reiaren kan dokumentere overfor den hamna der skipet vart halde tilbake, at mangelen eller manglane er vorte utbetra.

Rådsdirektiva opnar likevel for at kyststaten i spesielle tilfelle kan tillate tilgang til ei utpeikt hamn, når tilgangsforbodet medfører fare for tryggleiken til skipet eller det marine miljøet, eller når utbetringar kan finne stad etter nærmare avtale med kyststaten.

Føremålet med ei samordna nekting av tilgang er å hindre at eigaren eller reiaren spekulerer i kvaliteten på kontrollen i EU-hamner, og/eller at hamnestyresmaktene ikkje har kapasitet til å halde skip tilbake.