Høringsnotat

Merknader til lovforslaget

Forslagene i §§ 2–3, 3–6, 3–7, 4–2, 4–4 og 5–1 innebærer i hovedsak ingen innholdsmessige endringer annet enn de endringer som er en konsekvens enten av forslaget om at det ikke lenger skal være krav til formål for å få godkjenning eller som en følge av forslaget om et eget kapittel for e-skoler.

Forslaget i § 2–3 innebærer at det stilles likelydende krav til læreplanene for grunnskoler og videregående skoler.

Alternative forslag til nytt 2–2:

Alternativ 1:
§ 2–2 Godkjenning av vidaregåande skolar

Frittståande vidaregåande skolar som oppfyller dei krava som følgjer av lova, har rett til godkjenning og offentlege tilskot. Den enkelte skolen må gi opplæring på norsk eller samisk.

Retten til godkjenning gjeld berre dersom etableringa av skolen ikkje vil medføre vesentlege negative følgjer for vertsfylket. Vertsfylket skal gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka.

Retten til godkjenning, jf. første og andre ledd, gjeld ikkje norske vidaregåande skolar i utlandet, internasjonale vidaregåande skolar i Noreg og vidaregåande skolar oppretta for funksjonshemma. Departementet kan likevel, etter ei samla vurdering, godkjenne slike skolar. Før ein internasjonal vidaregåande skole eller ein vidaregåande skole for funksjonshemma blir godkjend, skal vertsfylket gi fråsegn i saka.

Retten til godkjenning gjeld ikkje skolar som har til føremål å gi vidaregåande yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar, jf. kapittel *

Skolen må være registrert i Einingsregisteret, jf. lov 3. juni 1994 nr. 15, eller i tilsvarande register.

For skolar som er godkjende etter lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring, tek fjerde ledd til å gjelde frå det tidspunktet departementet fastset.

Alternativ 2:

Modell 2

§ 2–2 Godkjenning av vidaregåande skolar

Frittståande skolar som oppfyller dei krava som følgjer av lova, har rett til godkjenning og offentlege tilskot. Den enkelte skolen må gi opplæring på norsk eller samisk.

Retten til godkjenning gjeld berre dersom etableringa av skolen ikkje vil medføre negative følgjer for vertsfylket. Vertsfylket skal gi fråsegn førdepartementet gjervedtak i saka, og det skal leggjast avgjerande vekt på fylkeskommunen si fråsegn.

Retten til godkjenning, jf. første og andre ledd, gjeld ikkje norske vidaregåande skolar i utlandet, internasjonale vidaregåande skolar i Noreg og vidaregåande skolar oppretta for funksjonshemma. Departementet kan likevel, etter ei samla vurdering, godkjenne slike skolar. Før ein internasjonal vidaregåande skole eller ein vidaregåande skole for funksjonshemma blir godkjend, skal vertsfylket gi fråsegn i saka.

Retten til godkjenning gjeld ikkje skolar som har til føremål å gi vidaregåande yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar, jf. kapittel *

Skolen må være registrert i Einingsregisteret, jf. lov 3. juni 1994 nr. 15, eller i tilsvarande register.

For skolar som er godkjende etter lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring, tek fjerde ledd til å gjelde frå det tidspunktet departementet fastset.

Forslag til § 2–3 første ledd

Skolen skal drive verksemda si etter læreplanar godkjende av departementet. Det må gå fram av planen kva slag vurderingsformer og dokumentasjon skolen skal nytte. Frittståande skolar skal anten følgje dei læreplanane som gjeld for offentlege skolar, eller læreplanar som på annan måte sikrar elevane jamngod opplæring, jf. opplæringslova § 2–1 første ledd og § 3–4 første ledd. Elles har skolen sin undervisningsfridom.

Någjeldende § 2–3 andre ledd utgår.

§ 3–6 Spesialundervisning og PP-teneste

Opplæringslova § 5–1 om rett til spesialundervisning, § 5–3 om sakkunnig vurdering, § 5–4 om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning og § 5–5 om unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa gjeld tilsvarande.

Heimkommunen eller heimfylket til eleven, jf. § 1–3, sørgjer for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering, gjer vedtak om spesialundervisning og dekkjer utgiftene til slik opplæring. I tvilstilfelle avgjer departementet kven som er ansvarleg for kostnadene. Departementet har tilsvarande ansvar for elevar ved norske skole i utlandet.

Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av reglane om spesialundervisning.

Departementet er klageinstans for klage over kommunale og fylkeskommunale enkeltvedtak om spesialundervisning.

Den pedagogisk-psykologisk tenesta i vertskommunen skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje betre til rette for elevar med særlege behov.

Någjeldende § 3–6 femte ledd utgår.

§ 3–7 Skyss m.m.

Elevane har rett til skyss etter reglane i opplæringslova § 7–1 første og andre ledd om skyss i grunnskolen, § 7–2 første ledd om skyss i den vidaregåande skolen, § 7–3 om skyss for funksjonshemma og mellombels skadde eller sjuke og § 7–4 om reisefølgje og tilsyn. Retten skyss, reisefølgje og tilsyn for elevar i frittståande grunnskolar gjeld berre innanfor kommunegrensa i den kommunen der eleven bur. For elevar i frittståande vidaregåande skolar gjeld retten skyss, reisefølgje og tilsyn berre innanfor fylkeskommunegrensa i den fylkeskommunen der eleven bur.

Heimkommunen eller heimfylket til elevane gjer vedtak om skyss, og dekkjer utgifter etter reglane i opplæringslova § 13–4. Departementet er klageinstans ved klage over kommunale og fylkeskommunale vedtak om skyss i grunnskolen . Fylkeskommunen er klageinstans ved klage på vedtak om skyss i vidaregåande skolar.

Norske grunnskolar i utlandet får statstilskot med 85 prosent til skyss og innlosjering for elevane. Departementet kan gi forskrifter om utrekning av skyssavstanden og utgiftsgrunnlaget for skyss og innlosjering.

Departementet kan gi forskrifter om skoleskyss og skyssgodtgjersle, og om at skyssbehovet til elevane i vidaregåande skolar i særskilde tilfelle kan dekkjast på andre måtar.

Någjeldende § 3–7 femte ledd utgår.

§ 4–2 Kompetansekrav til undervisningspersonalet

For undervisningspersonalet ved skolar som er godkjende etter lova her, gjeld dei kompetansekrava som følgjer av § 10–1 i opplæringslova med tilhøyrande forskrift.

Dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava etter første ledd, kan andre tilsetjast mellombels. Med mindre det er avtalt ein kortare tilsetjingsperiode, skal tilsetjinga vare til og med 31. juli.

Ved tilsetjing av undervisningspersonale ved skolar som representerer eit fagleg-pedagogisk alternativ, kan departementet også godkjenne alternative kompetansekrav til dei som følgjer av § 10–1 i opplæringslova med tilhøyrande forskrift. Ved tilsetjing av undervisningspersonale ved skolar som representerer eit religiøst/etisk alternativ, kan departementet også godkjenne tilleggskompetansekrav til dei som følgjer av § 10–1 i opplæringslova med tilhøyrande forskrift. Ved tilsetjing gjeld arbeidsmiljølova § 55a.

Någjeldende § 4–2 andre ledd utgår.

§ 4–4 Lønns- og arbeidsvilkår

Ved skolar som er godkjende etter denne lova, skal undervisningspersonale ha rett til lønns- og arbeidsvilkår som i tilsvarande offentlege skolar.

Någjeldende siste setning utgår.

§ 5–1 Styret

Som øvste ansvarlege organ skal kvar skole ha eit styre. Styret er valt av eigaren, som fastset kort mange medlemmer og varamedlemmer styret skal ha. Med samtykke frå departementet kan to eller fleire skolar ha sams styre. Rett til å vere til stades på møte i styret, til å seie meininga si og få denne tilført protokollen, har:

  1. ein representant oppnemnd av vertskommunen når det gjeld ein grunnskole, ein representant oppnemnd av fylkeskommunen når det gjeld ein vidaragåande skole,
  2. ein representant for elevrådet ved skolar som har slikt råd,
  3. ein representant frå foreldrerådet ved skolar som har slikt råd,
  4. ein representant for lærarane ved skolen,
  5. ein representant for andre tilsette ved skolen,
  6. dagleg leiar av skolen.

Departementet kan i særskilte tilfelle gi dispensasjon frå bokstavane a til f.

Ved handsaming av saker der det gjeld teieplikt etter lov og forskrift, skal styret sørgje for at personar med møterett som er under aldersgrensa for å vere myndige, må forlate møtet.

Forslag til endring av § 6–2 tredje ledd:

"Skolar som tek imot offentlege tilskot som ikkje dekkjer alle driftsutgifter, kan krevje inn skolepengar. Styret fastset storleiken på skolepengane. Skolepengane må ikkje setjast høgare enn 15 % av det tilskotsgrunnlaget som Stortinget fastsett, jf. § 6–1 nr. 1. Dersom skolen har driftsutgifter som svarar til utgiftsnivået ved ein tilsvarande offentleg skole i kommunen det er naturleg å samanlikne seg med, men som ikkje dekkjast av tilskotsgrunnlaget, kan styret søkje departementet om å få godkjend høgare skolepengar.Skolen kan ikkje krevje nokon form for betaling frå elevar eller foreldre utover det som følgjer av denne føresegna.

§ 6–3 Offentleg tilskot til vidaregåande skolar

Frittståande vidaregåande skolar som er godkjende etter § 2–2,får offentleg tilskot etter reglane i denne paragrafen.

  1. For vidaregåande skolar som kan godkjennast etter § 2–2, blir 85 % av dei utgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, dekte ved statstilskot. Tilskotet blir rekna ut frå ein normalsats. Ved utrekninga av normalsatsen skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege vidaregåande skolen leggjast til grunn.
  2. Godkjende norske vidaregåande skolar i utlandet får statstilskot med 85 % av ein normalsats pr. elev. Ved utrekninga av normalsatsen skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege vidaregåande skolen leggjast til grunn.

Departementet kan gi forskrifter.

Forslag til endring av § 6–4 tredje ledd:

"Skolar som tek imot offentlege tilskot som ikkje dekkjer alle driftsutgifter, kan krevje inn skolepengar. Styret fastset storleiken på skolepengane. Skolepengane må ikkje setjast høgare enn 15 % av det tilskotsgrunnlaget som Stortinget fastsett, jf. § 6–3 nr. 1. Dersom skolen har driftsutgifter som svarar til utgiftsnivået ved ein tilsvarande offentleg skole det er naturleg å samanlikne seg med, men som ikkje dekkjast av tilskotsgrunnlaget, kan styret søkje departementet om å få godkjend høgare skolepengar. Skolen kan ikkje krevje nokon form for betaling frå elevar eller foreldre utover det som følgjer av denne føresegna

Forslag til lovtekst i et nytt kapittel x om e)-skoler

Forslaget innebærer ingen innholdsmessige endringer i forhold til gjeldende regler.

§ x–1 Godkjenning av skolar som gir vidaregåande yrkesretta opplæring

Departementet kan, etter ei samla vurdering, godkjenne skolar som har til føremål å gi vidaregåande yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande skolar

§ x–2 Innhald og vurdering

Frittståande skolar godkjende etter § x–1 skal drive verksemda si etter læreplanar godkjende av departementet. Det må gå fram av planen kva slag vurderingsformer og dokumentasjon skolen skal nytte. Skolen skal ha læreplanar som er på nivå med offentleg vidaregåande opplæring.

Departementet kan gi forskrifter om vurdering av elevar, klage på vurdering, eksamen og dokumentasjon.

§ x–3 Kompetansekrav til undervisningspersonalet

For undervisningspersonalet ved skolar godkjende etter § x–1, fastset styret krav til kompetanse, dersom departementet i det einskilde tilfelle ikkje fastset noko anna.

Dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava etter første ledd, kan andre tilsetjast mellombels. Med mindre det er avtalt ein kortare tilsetjingsperiode, skal tilsetjinga vare til og med 31. juli.

Ved tilsetjing gjeld arbeidsmiljølova § 55a.

§ x–4 Lønns- og arbeidsvilkår

Ved skolar godkjende etter § x–1 fastset styret lønns- og arbeidsvilkår.

§ x–5 Andre bestemmelser

For skolar som er godkjende etter § x–1 gjeld:

§ 1–1 om formålet med lova

§ 1–4 om verksemda til skolen

§ 2–1 fjerde og femte ledd om registrering i Einingsregisteret

§ 2–4 om undervisningsrom, utstyr og skolemiljø

§ 3–1 om inntak; første ledd, andre ledd andre og tredje punktum, tredje ledd og fjerde ledd

§ 3–3 om skolegangen; tredje ledd

§ 3–4 om tilpassa opplæring

§ 3–9 om ordensreglement og liknande

§ 3–10 om bortvising av elevar; første ledd første, tredje og fjerde punktum, andre ledd første punktum, tredje ledd, fjerde ledd og femte ledd

§ 3–11 om rådgiving

§ 4–1 om leiing

§ 5–1 om styret, med unntak av bokstavane a) og c)

§ 5–2 om styret sine oppgåver, med unntak av bokstaven a) og første del av bokstaven e)

§ 5–3 om elevråd, med unntak av første ledd første punktum

§ 6–4 om elevane og dei offentlege tilskota, skolepengar for elevar i vidaregåande skolar

§ 7–1 om budsjett, regnskap og revisjon

§ 7–2 om tilsyn m.m.

§ x–6 Offentleg tilskot

For skolar godkjende etter § x–.. blir 75 prosent av dei driftsutgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, dekte ved statstilskot. Tilskotet blir rekna ut frå ein normalsats. Føresetnaden er at elevane får undervisning som minst svarer til eit halvt skoleår. Departementet kan gi nærare reglar.