Prop. 126 LS (2009-2010)

Endringar i skatte- og avgiftsreglane mv.

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I samanheng med Revidert nasjonalbudsjett 2010 foreslår Regjeringa følgjande skatte- og avgiftsendringar som har provenyverknader for 2010:

  • Avgifta på forbrenning av avfall blir fjerna frå 1. oktober 2010. Forslaget vil gi eit provenytap på om lag 24 mill. kroner påløpt og om lag 16 mill. kroner bokført i 2010.

  • Det blir innført ei CO2-avgift på LPG og naturgass frå 1. juli 2010. Satsen blir sett tilsvarande den generelle satsen for CO2-avgift på mineralolje. Forslaget vil gi eit provenytap på om lag 15 mill. kroner påløpt og bokført i 2010, samanlikna med statsbudsjettet for 2010. Provenytapet i 2010 heng saman med at avgifta blir foreslått innført frå 1. juli, og ikkje frå 1. april slik det blei rekna med i saldert budsjett.

  • Tang- og taretrålarar blir friteke for grunnavgifta på fyringsolje frå 1. juli 2010. Forslaget vil gi eit provenytap på om lag ½ mill. kroner påløpt og bokført i 2010.

I tillegg har Regjeringa fremma ein særskilt proposisjon om utvida avgiftsplikt på kultur- og idrettsområdet frå 1. juli 2010, sjå Prop. 119 LS (2009-2010) «Endringer i merverdiavgiftsloven mv. og Stortingets vedtak om merverdiavgift (utvidet avgiftsplikt på kultur- og idrettsområdet)». Forslaget i proposisjonen blir anslått å gi eit årleg provenytap på om lag 335 mill. kroner. Forslaget gir ein auke i provenyet for 2010 på om lag 80 mill. kroner påløpt og om lag 58 mill. kroner bokført, samanlikna med statsbudsjettet for 2010. Auken i provenyet heng hovudsakleg saman med at det ikkje blir foreslått ei frivillig registreringsordning for idrettslag, slik det vart skissert som ei mogeleg løysing i budsjettet for 2010.

Dei foreslåtte endringane i skatte- og avgiftsopplegget inneber ei samla auke i provenyet på om lag 41 mill. kroner påløpt og om lag 27 mill. kroner bokført i 2010, samanlikna med statsbudsjettet for 2010.

Regjeringa foreslår også enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:

  • Forslag til endringar i reiarlagskatteordninga - frivillig ordning for oppgjer av dei latente skatteskyldnadene som er opparbeidd innanfor reiarlagskatteordninga før 2007, innføring av nye rekkjefølgjereglar for utbytte mv., avvikling av miljøfondsordninga, endringar i forbodet mot å yte lån og stille sikkerheit for selskap som har latente skatteskyldnader frå før 2007 og innføring av eit krav om minste andel realkapital for selskap som har latente skatteskyldnader frå før 2007

  • Forslag til innføring av ein regel som pålegg oljeselskapa å gi likningsstellet opplysningar om sal av gass utvunne på norsk kontinentalsokkel

  • Forslag til oppheving av retten til å levere meirverdiavgiftskompensasjonsoppgåver på papir

  • Forslag til endringar for å skattemessig likestille attlevande sambuar i uskifte med attlevande ektefelle i uskifte

  • Forslag til oppjustering av satsen i produktavgifta på førstehandsomsetning av fisk

  • Forslag til presiseringar og opprettingar i lovtekst

I denne proposisjonen legg Finansdepartementet fram forslag til:

  • lov om endring i lov 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster m.v.

  • lov om endringar i lov 12. desember 1975 nr. 59 om dokumentavgift

  • lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven)

  • lov om endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)

  • lov om endringar i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)

  • lov om endringar i lov 12. desember 2003 nr. 108 om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv.

  • lov om endringar i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven)

  • lov om endringar i lov 14. desember 2007 nr. 107 om endringer i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)

  • lov om endring i lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel (tolloven)

  • lov om endring i lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova)

  • lov om endringar i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift (merverdiavgiftsloven)

og

  • vedtak om endringar i Stortingets vedtak om energiavgift på naturgass og LPG for budsjetterminen 2010

  • vedtak om endringar i Stortingets vedtak om CO2-avgift på mineralske produkter for budsjettterminen 2010

  • vedtak om endringar i Stortingets vedtak om grunnavgift på fyringsolje mv. for budsjetterminen 2010

  • vedtak om endringar i Stortingets vedtak om avgift på sluttbehandling av avfall for budsjetterminen 2010

  • vedtak om endringar i Stortingets vedtak om avgift på utslipp av NOx for budsjetterminen 2010

  • vedtak om endringar i Stortingets vedtak om produktavgift til folketrygden for fiskeri-, hval- og selfangstnæringen for 2010

Til forsida