Innleiing: Kvifor rettleiar?

For regjeringa er det viktig å sikre ein robust nasjonal infrastruktur med rask og trygg lagring av nasjonale data og digitale tenester. Datasenter i Noreg speler ei sentral rolle som del av denne nasjonale infrastrukturen, men fleire digitale tenester blir også drivne frå datasentre utanfor Noregs grenser. Databaserte løysingar kan bidra til industriutvikling og innovasjon, men og til å kutte utslepp og det grøne skiftet, men løysingane er avhengig av datasenterkapasitet. Det er vidare eit stadig større behov for datakraft i takt med auka digitalisering, og fleire datasenter leverer viktige tenester til kundar både i offentleg og privat sektor. Tenestene datasenter tilbyr strekker seg frå eksempelvis lagring og drift av nettsider til for eksempel datakraft for å drifte løysingar for velferdsteknologi.

Sandnes kommune driftar eksempelvis sine IT-tenester frå Green Mountain sitt datasenter på Rennesøy, og det statlege selskapet som driftar e-infrastrukturen for norske universitet og forskingsinstitusjonar (Sigma2) har lagt sin nye nasjonale datalagringsinfrastruktur til Lefdal Mine sitt datasenter i Måløy.

Kommunane vil kunne ha ulike roller knytt til etablering av datasenter. I rolla som planmyndigheit vil kommunen kunne avgjere om og kvar eit datasenter kan byggast. Det er fleire sentrale forhold, spørsmål og prioriteringar som må vurderast under denne prosessen. Samtidig kan eit datasenter variere i storleik og utsjånad, og med dette varierer også kraftbehovet, arealbehovet og påverknaden dette har på nærområdet.

I fleire delar av Noreg står ein i ein svært krevjande kraftsituasjon. I åra framover forventast kraftbehovet å auke ytterlegare, og det er fleire eksempel frå norske kommunar der kryptoutvinning legg beslag på viktige kraftressursar. På same tid er det viktig at ordinære datasenter som bidreg til å styrke den nasjonale datalagrings og prosesseringskrafta har gode føresetnader for å vekse i Noreg.

I rettleiaren følger informasjon om kva førehandsreglar kommunen bør ta, og kvar og kven ein kan ta kontakt med når ein får førespurnadar frå interessentar om å etablere datasenter eller om kommunen sjølv ynskjer å etablere eit datasenter. Føremålet er å gjere det enklare for kommunane å vurdere kva som er ei føremålstenleg avgjersle når ein datasenteraktør ynskjer å etablere seg i kommunen.

Rettleiaren er overordna, og ytterlegare bistand kan ein få ved å ta kontakt med Innovasjon Noreg (sjå kontaktinformasjon siste side).