Forskrift om endring av forskrift om auke av maksimalt tillaten biomasse for løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure i 2015

Heimel: Fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet 15. november 2016 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven) § 5, § 6, § 7, § 9, § 26, § 28, § 29a, § 30, § 31a, § 33a og lov 19. desember 2003 om matproduksjon og mattrygghet § 7, § 14, § 15, § 19 og § 26, jf. delegasjonsvedtak 19. desember 2003 nr. 1790.

I

Forskrift 17. juni 2015 nr. 817 om auke av maksimal tillaten biomasse for løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure i 2015 skal endrast slik:

Nytt § 6 fyrste ledd skal lyde.

Søknaden skal sendast seinast 10. januar 2017. Det er tillate å sende søknaden med rekommandert brev, per faks eller elektronisk. Oppmøte hos den einskilde fylkeskommune, enten personleg eller med sendemann, er også tillate. Ved oppmøte skal søknaden vere mottatt innan 10. januar 2017 kl. 1500.

§ 8 tredje ledd skal lyde:

Innehavaren gir melding til fylkeskommunen der løyvet høyrer heime 2 veker før han ønskjer at utvidinga av løyvet skal takast i bruk, men ikkje seinare enn 1. mars 2017. Kvittering for innbetaling av vederlag skal leggjast ved meldinga. Dersom det ikkje er lagt ved kvittering, skal fylkeskommunen be Fiskeridirektoratet kontrollere om vederlaget likevel er innbetalt og bokført innan fristen i § 8 andre ledd. Dersom det ikkje er lagt ved kvittering eller vederlaget ikkje er bokført på Fiskeridirektoratet sin konto innan fristen, blir løyvet ikkje utvida og fylkeskommunen skal omstøyte vedtaket som er gjort etter første og andre ledd.

 

Nytt § 10 andre ledd skal lyde:

Det er brot på vilkåra i § 7  når det etter teljemetoden som er skildra i vedlegg 1 er :

1.   meir enn 0,20, men mindre enn 0,30, vaksne holus i snitt i tre veker etter kvarandre.

2.   0,3 eller fleire vaksne holus ved ei teljing.

 

Noverande § 10 andre ledd blir nytt tredje ledd.

 

Vedlegg 1 skal lyde:

 

Vedlegg 1. Krav til rutinar for teljing av lakselus

1.

Det skal teljast lakselus i følgjande tre stadiegrupper:

 

a)

vaksen holus,

 

b)

bevegelege stadium, og

 

c)

fastsitjande stadium.

 

2.

I akvakulturanlegg med fleire enn tre merdar skal minst halvparten av merdane undersøkjast kvar gong, og på ein slik måte at ein gjennom to ordinære teljingar får undersøkt alle merdane i akvakulturanlegget. Dersom akvakulturanlegget har tre eller færre merdar, skal alle merdar undersøkjast ved kvar teljing.

 

3.

Det skal teljast lakselus på minst 20 tilfeldige fisk frå alle dei utvalde merdane i akvakulturanlegget ved kvar teljing. Fisken skal fangast inn med orkastnot eller annan metode som sikrar eit representativt utval av fisk. Fisken skal bedøvast før teljinga. Det skal vere maksimalt fem fiskar om gongen i bedøvingskaret.

 

4.

Fisken er tilstrekkeleg bedøvd når han ikkje slår med halen når ein løftar han. Ein og ein fisk skal takast opp og undersøkjast nøye.

 

5.

For kvar fisk skal talet på lakselus i dei ulike stadiegruppene førast inn i skjema som er laga til føremålet. For kvar merd skal følgjande opplysningar også noterast på same skjema: Merdnummer, storleiken på merden (omkrets/side) og djupne (rette vegger), talet på fisk og gjennomsnittsvekta av fisken.

 

6.

For kvar merd skal det reknast ut gjennomsnittet for kvar stadiegruppe ved å leggje saman alle lakselus i gruppa frå all fisk som er undersøkt i merden, delt på talet på undersøkte fisk. For akvakulturanlegget skal gjennomsnittet for kvar stadiegruppe reknast ut ved å leggje saman gjennomsnitta frå kvar merd delt på talet på merdar.

 

7.

Før behandling mot lakselus som berre omfattar enkelte produksjonseiningar, skal det vere gjennomført lakselusteljing i alle produksjonseiningar i akvakulturanlegget.

 

II

Denne forskrifta tek til å gjelde straks. 

Til toppen