Forslag til endringar i forskrift om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressurslova mv.

Departementet foreslår i dette høyringsnotatet å utvide verkeområdet til forskrift 20. desember 2011 nr. 1437 om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressurslova (OTG-forskriften på bokmål – LBG-forskrifta på nynorsk). Forskrifta gjeld i dag ved brot på havressurslova og føresegner fastsette i medhald av denne lova. Høyringsforslaget inneber at forskrifta også vil gjelde brot på deltakarlova og føresegner fastsette i medhald av denne. Vi legg også opp til enkelte endringar i denne forskrifta og i andre forskrifter som ein følgje av det endra verkeområdet. Den viktigaste praktiske konsekvensen av forslaget er at fiskeriforvaltninga vil kunne påleggje lovbrotsgebyr (overtredelsesgebyr på bokmål) og tvangsmulkt ved brot på deltakarlova på same måte som ved brot på havressurslova.

Status: Under behandling

Høringsfrist: 09.01.2017

Vår ref.: 14/113-15

Høyring - forslag til endringar i forskrift om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressurslova mv. 

Nærings- og fiskeridepartementet har utarbeidd eit høyringsnotat med forslag til endringar i forskrift om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressurslova mv., jf. vedlegg.

Frist for å sende høyringsfråsegn er 9. januar 2017.

 Høyringar er opne, og alle kan sende innspel til oss. Vi ber om at dere sender inn høyringsfråsegner digitalt ved å bruke skjema for høyringsfråsegner på www.regjeringen.no

Innhald

1       Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 3

2       Bakgrunn/gjeldande rett. 4

2.1         Generelt om lovbrotsgebyr og tvangsmulkt i fiskeriregelverket. 4

2.2         LBG-forskrifta. 5

2.3         Føresegnene i deltakarlova om lovbrotsgebyr og tvangsmulkt. 5

2.4         Føresegnene i økonomiske sonelova om lovbrotsgebyr og tvangsmulkt. 7

3       Behov for endringar. 8

3.1         Generelt om tvangsmulkt og lovbrotsgebyr ved brot på deltakerlova. 8

3.2         Lovbrotsgebyr ved brot på leveringsplikta mv. 9

3.3         Tvangsmulkt og lovbrotsgebyr ved brot på økonomiske sonelova. 10

4       Utforming av forslag til forskriftsendringar. 10

4.1         Forslag til endringar i LBG-forskrifta. 10

4.1.1          Verkeområde, § 1. 10

4.1.2          Tvangsmulkt, § 2. 11

4.1.3          Lovbrotsgebyr, § 4. 11

4.1.4          Utmåling av og tak på lovbrotsgebyr, § 5. 13

4.1.5          Vedtakskompetanse, § 6. 14

4.2         Forslag til endringar i andre forskrifter. 14

5       Administrative og økonomiske konsekvensar, konsekvensar for det samiske folk. 14

6       Forslag til forskriftsendringar. 15

6.1         Forslag til forskrift om endring av forskrift om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressurslova. 15

6.2         Forslag til endringar i andre forskrifter. 17

 

 

Kort ordliste

To sentrale omgrep i denne høyringa er ulike på bokmål og nynorsk:

Overtredelsesgebyr (forkorta OTG) – lovbrotsgebyr (forkorta LBG)

OTG-forskriften – LBG-forskrifta

1         Hovudinnhaldet i høyringsnotatet

Departementet foreslår i dette høyringsnotatet å utvide verkeområdet til forskrift 20. desember 2011 nr. 1437 om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressurslova (OTG-forskriften på bokmål – LBG-forskrifta på nynorsk). Forskrifta gjeld i dag ved brot på havressurslova[1] og føresegner fastsette i medhald av denne lova. Høyringsforslaget inneber at forskrifta også vil gjelde brot på deltakarlova[2] og føresegner fastsette i medhald av denne. Vi legg også opp til enkelte endringar i denne forskrifta og i andre forskrifter som ein følgje av det endra verkeområdet. Den viktigaste praktiske konsekvensen av forslaget er at fiskeriforvaltninga vil kunne påleggje lovbrotsgebyr (overtredelsesgebyr på bokmål) og tvangsmulkt ved brot på deltakarlova på same måte som ved brot på havressurslova.

Forslaget følgjer opp vedtaket i Stortinget om å innføre lovbrotsgebyr og tvangsmulkt i deltakarlova. Det vil gi forvaltninga friare val når det gjeld reaksjonsform ved brot på fiskeriregelverket, slik at reaksjonen kan tilpassast betre til kva brotet gjeld. Forslaget vil leggje til rette for ei avkriminalisering av mindre brot på fiskeriregelverket ved at det kan nyttast lovbrotsgebyr i staden for straff. Bruk av lovbrotsgebyr vil ofte vere ein meir effektiv reaksjon enn straff og tilbakekall av ervervsløyve som er vanlege reaksjonar i dag, og det er eit alternativ som sparer ressursar for både styresmakter og dei næringsaktørane som saka vedkjem.

Departementet legg opp til at reglane i LBG-forskrifta om utmåling mv. ved brot på havressurslova også blir nytta ved brot på deltakarlova. Dette inneber mellom anna at taket på lovbrotsgebyr på inntil 100 000 kroner per rettssubjekt også vil gjelde ved brot på deltakarlova, og at berre brot på føresegner som er nemnde uttrykkeleg i LBG-forskrifta kan vere grunnlag for sanksjonar. Slik blir bruken av lovbrotsgebyr avgrensa til dei typar regelverksbrot som det etter ei nærare vurdering er tenleg å sanksjonere på denne måten.

Ved brot på leveringsplikta foreslår vi at taket på lovbrotsgebyret blir sett høgre enn for andre brot, til 3 000 000 kroner per fartøy med torsketrålløyve per kalenderår, fordi særlege høve gjer seg gjeldande i slike saker. I denne samanheng er det verdt å merke seg at Stortinget under behandlinga av Meld. St. 10 (2015-2016) En konkurransekraftig sjømatindustri har bedt regjeringa setje ned ein kommisjon til å vurdere pliktsystemet til torsketrålarane, mellom anna leveringsplikta, og melde tilbake til Stortinget hausten 2016. Kommisjonen skal levere sin rapport til Nærings- og fiskeridepartementet innan 1. oktober 2016. Departementet ser ikkje at dette arbeidet vil kunne ha mykje å seie for val av reaksjonsform ved brot på leveringsplikta og vel derfor å sende ut dette høyringsforslaget parallelt med kommisjonen sitt arbeid.

2         Bakgrunn/gjeldande rett

2.1       Generelt om lovbrotsgebyr og tvangsmulkt i fiskeriregelverket

Lovbrotsgebyr og tvangsmulkt er to former for administrative reaksjonar som forvaltninga kan påleggje den som bryt regelverket. Føresetnaden for å bruke desse reaksjonane er at det finst heimel i lov.

Lovbrotsgebyr inneber at ein person eller eit føretak blir pålagt å betale eit gebyr til det offentlege som følgje av at personen sjølv eller nokon som vedkomande er ansvarleg for har brote regelverket. Fysiske personar kan berre påleggjast lovbrotsgebyr dersom brotet har skjedd med vilje eller aktlaust. Lovbrotsgebyr har eit pønalt formål og er å sjå som ein administrativ sanksjon som også blir rekna som straff etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).

Tvangsmulkt inneber ei plikt til å betale ei løpande mulkt dersom ein ikkje har oppfylt pålegg i lov, forskrift eller enkeltvedtak. Tvangsmulkta sluttar å løpe dersom ein rettar seg etter pålegga. Formålet er å få den ansvarlege til å innrette seg etter pålegget. Tvangsmulkt har ikkje eit pønalt formål, men skal tvinge den det gjeld til å etterleve regelverket.

Stortinget vedtok 27. mai 2016 å ta inn i forvaltningslova generelle føresegner om administrative sanksjonar og tvangsmulkt. Desse føresegnene vil mellom anna få verknad for lovbrotsgebyr og tvangsmulkt etter fiskerilovgivinga. Kongen har enno ikkje sett føresegnene i kraft.

I fiskeriregelverket finst det i dag heimlar for lovbrotsgebyr og tvangsmulkt i tre ulike lover; deltakarlova, havressurslova og økonomiske sonelova[3]. Heimlane i deltakarlova vart innført i 2004, i havressurslova i 2008, og i økonomiske sonelova i 2013. Ordlyden i dei tre lovene vart harmonisert i 2013 slik at lovføresegnene i dag er likelydande, jf. deltakarlova §§ 28 og 29, havressurslova §§ 58 og 59 og økonomiske sonelova §§ 7 a og 7 b.

Heimlane for lovbrotsgebyr og tvangsmulkt i fiskeriregelverket skal tene fleire formål. Dei gir forvaltninga større fleksibilitet ved val av reaksjon, som i større grad kan tilpassast karakteren til regelbrotet. Til dømes kan lovbrotsgebyr vere aktuelt som alternativ til politimelding ved mindre brot sidan straff normalt vil blir opplevd som meir tyngande. Ved bruk av lovbrotsgebyr vil ein dessutan forenkle prosessen for partane som saka vedkjem og ofte unngå domstolsbehandling.

Lovheimlane i deltakarlova, havressurslova og økonomiske sonelova gir i ein del høve fiskeriforvaltninga rett til å påleggje lovbrotsgebyr og tvangsmulkt. For å sikre likebehandling og føreseielege tilhøve har departementet likevel ikkje ønskt å nytte desse heimlane før det er utarbeidd eiga forskrift med nærare føresegner om å påleggje lovbrotsgebyr og tvangsmulkt. Departementet vedtok LBG-forskrifta i 2011, og det  tyder i praksis at forvaltninga no kan nytte desse reaksjonane ved brot på havressurslova og føresegner fastsette etter denne lova.

2.2       LBG-forskrifta

LBG-forskrifta gjeld lovbrotsgebyr og tvangsmulkt ved brot på havressurslova og føresegner fastsette etter denne lova. Etter at LBG-forskrifta tredde i kraft 1. mars 2012 har Fiskeridirektoratets regionkontor gitt om lag 110 lovbrotsgebyr ved brot på havressurslova, og gjort 28 klagevedtak ved utgangen av januar 2016. Dei fleste lovbrotsgebyra gjeld brot på forskrift om posisjonsrapportering og elektronisk rapportering av fangst for norske fiske- og fangstfartøy §§ 11-13, det vil seie manglande, forseinka eller mangelfull rapportering av fangst eller posisjonen til fartøyet. Lovbrotsgebyr er enno ikkje nytta ovanfor utlendingar og utanlandske føretak.  Fiskeridirektoratet har heller ikkje tatt i bruk tvangsmulkt som reaksjonsform.

LBG-forskrifta har reglar om kva for brot på lov- og forskriftsføresegner som kan vere grunnlag for lovbrotsgebyr, om utmåling av lovbrotsgebyr og tvangsmulkt, om vedtakskompetanse, innkrevjing, renter mv. I § 4 er det ei fullstendig liste over kva for brot på lov- og forskriftsføresegner, i og i medhald av havressurslova, som kan vere grunnlag for lovbrotsgebyr. I ein periode etter at LBG-forskrifta tredde i kraft praktiserte direktoratet berre lovbrotsgebyr ved feil føring av fangstdagbok. Men i februar 2014 avgjorde direktoratet at lovbrotsgebyr skal nyttast overfor alle brot som er nemnde i lista i § 4, likevel ikkje overfor utlendingar.

LBG-forskrifta § 5 inneheld føresegner om utmåling av lovbrotsgebyret. Det gjeld mellom anna at gebyret skal fastsetjast konkret i kvart enkelt tilfelle og kva omsyn det skal leggjast vekt på. Det følgjer av andre ledd at lovbrotsgebyret ikkje må overstige 100 000 kroner per rettssubjekt. Denne beløpsgrensa dreg opp eit skilje mellom mindre brot som blir følgde opp administrativt med lovbrotsgebyr, og meir alvorlege brot som blir forfølgde strafferettsleg. Brot som har ein slik karakter at dei etter tidlegare strafferettspraksis ville ha ført til ei bot over 100 000 kroner, blir framleis melde til politiet, medan mindre brot blir følgde opp administrativt. Dette opplegget har medverka til å avkriminalisere mindre brot som tidlegare kunne føre til ei straffebot på 100 000 kroner eller mindre.

LBG-forskrifta § 3 inneheld føresegner om utmåling av tvangsmulkt. Utgangspunktet er to gonger rettsgebyret per dag. Dette kan likevel justerast dersom det ligg føre særlege tilhøve, men ikkje vere mindre enn 0,5 gonger rettsgebyret per dag, og ikkje høgre enn fem gonger rettsgebyret. Forskrifta inneheld ingen avgrensingar av når det kan påleggjast tvangsmulkt, dvs. at det kan reagerast med tvangsmulkt ved brot på alle typar pålegg i eller i medhald av havressurslova.

2.3       Føresegnene i deltakarlova om lovbrotsgebyr og tvangsmulkt

Deltakarlova regulerer kven som kan delta i ervervsmessig fiske og fangst med norske fartøy. Verkeområdet til lova er såleis ervervsmessig fiske og fangst med norske fartøy i alle havområde. Lova krev mellom anna ervervsløyve for alt ervervsmessig fiske og fangst med norske fartøy, og stiller i tillegg krav om konsesjon for å delta i ein del sentrale fiskeri, jf. §§ 4 og 12.

Dei første lovheimlane for å påleggje lovbrotsgebyr og tvangsmulkt ved brot på fiskerilovgivinga kom inn i deltakarlova i 2004, jf. §§ 28 og 29.

Bakgrunnen var eit forslag frå eigarskapsutvalet i NOU 2002:13 om å innføre lovbrotsgebyr og tvangsmulkt som administrative reaksjonar ved brot på deltakarlova. Eigarskapsutvalet viste mellom anna til at straff og tilbakekall vart lite brukt, og at det var behov for alternative reaksjonsformer. Forslaget fekk nokså god mottaking i høyringa etterpå, og departementet fremma på denne bakgrunn forslag om å innføre lovbrotsgebyr og tvangsmulkt i deltakarlova, jf. Ot.prp. nr. 70 (2003-2004) Om lov om endring i lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven).

I pkt. 5.5.1 i proposisjonen vurderer departementet behovet for endringar slik:

”Som Eierskapsutvalget påpekte, har deltakerlovens sanksjonsbestemmelser blitt nyttet i svært begrenset grad. Årsaken til dette kan være sammensatt, men det er et problem at tilbakekall av konsesjon er det eneste alternativet til straff.

Tilbakekall av konsesjon kan ramme meget hardt, i og med at man her blir fratatt retten til å utøve sin næringsvirksomhet, og i mange tilfeller vil det også gå ut over mannskapet. På denne bakgrunn ser departementet det slik at dagens ordning ikke nødvendigvis alltid er det mest hensiktsmessige sanksjonsmiddelet, sett i forhold til arten av de overtredelser som man typisk står overfor. De tiltakene som foreslås her vil etter departementets syn supplere dagens ordning på en hensiktsmessig måte, og i sum gi et fleksibelt reaksjonssystem.

Høringsuttalelsene viser at det er oppslutning rundt forslagene.

Hovedformålet er å forhindre at overtredelser finner sted. Muligheten for å ilegge overtredelsesgebyr og tvangsmulkt kan øke reaksjonsfrekvensen, og dermed på sikt øke oppslutningen rundt lovens regler. Forslagene skal således øke sanksjonsbestemmelsenes preventive effektivitet. De administrative sanksjonene som foreslås i denne proposisjonen er i mange tilfeller mindre inngripende enn dagens sanksjonsmuligheter, og således vil motforestillingene mot bruk av slike sanksjoner kunne reduseres. Det forhold at straff og tilbakekall av konsesjon i dag anvendes i liten grad, gir muligheter til å kunne spekulere i overtredelser av regelverket, slik at det kan bli en konkurransevridning i favør av de som ikke innretter seg etter loven eller vilkår fastsatt i medhold av loven.

Det er derfor viktig at reglene er praktisk anvendelige, samt at de er utformet slik at man kan reagere på en passende og effektiv måte i forhold til overtredelsen. Dette må gjelde både med hensyn til det nærmere innhold av sanksjonene, hvem som skal kunne utferdige dem, og hvem de skal kunne rettes mot. Størrelsen på sanksjonene må derfor settes så høyt at det ikke vil lønne seg økonomisk å overtre lovgivningen.”

 

I pkt. 5.5.4 og 5.5.5 i proposisjonen vurderte departementet forholdet til Grunnlova § 96 og ulike føresegner i Den europeiske menneskerettskonvensjon og konkluderte med at forslaget til lovføresegner var i samsvar med både Grunnlova og menneskerettskonvensjonen.  Lovbrotsgebyr etter deltakarlova vil i dei fleste høve vere å sjå på som straff etter Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK), og det inneber at EMKs krav til saksbehandling og høve til domstolsbehandling må takast vare på i saker om lovbrotsgebyr. Tvangsmulkt er derimot ikkje å rekne som straff etter EMK og reiser ikkje dei same problemstillingane. Verken lovbrotsgebyr eller tvangsmulkt er å rekne som straff etter Grunnlova § 96.

Stortinget slutta seg til forslaget i proposisjonen om å innføre lovbrotsgebyr og tvangsmulkt i deltakarlova, og lovforslaget vart endeleg vedtatt 17. desember 2004.

Stortinget gjorde i 2013 nokre endringar i lovføresegnene, mellom anna vart ordlyden i lova harmonisert med dei nyare føresegnene om lovbrotsgebyr og tvangsmulkt i havressurslova, jf. Prop. 59 L (2012-2013) Endringer i deltakerloven, fiskeriforbudsloven mv. kap. 3.11.

Etter dette kan lovbrotsgebyr i medhald av deltakarlova § 28 påleggjast både fysiske og juridiske personar. Fysiske personar kan berre påleggjast gebyr dersom brotet er gjort med vilje eller aktlaust, medan føretak kan påleggjast lovbrotsgebyr dersom nokon som handlar på vegner av føretaket har brote føresegner med vilje eller aktlaust eller det ligg føre anonyme eller kumulative feil, jf. deltakarlova § 28 første ledd første punktum og andre ledd. Med anonyme feil siktar lova til feil der ein bestemt skuldig person ikkje kan identifiserast. Med kumulative feil siktar lova til feil der det ikkje er ein bestemt person som har brote føresegna, men der handlingane til fleire personar til saman likevel oppfyller vilkåra i gjerningsomtalen.

Det følgjer av § 28 tredje ledd at lovbrotsgebyr kan påleggjast etter faste satsar eller målast ut i kvart enkelt høve. Når gebyret skal fastsetjast kan det mellom anna takast omsyn til  fortenesta eller den potensielle fortenesta som den ansvarlege har hatt av brotet, kor alvorleg brotet er og ekstra kostnader som kontrolltiltak og behandlinga av saka fører med seg.

Ved lovendringa i 2013 kom det inn ei føresegn i § 28 første ledd andre punktum om at det ved brot på føresegner gitt i medhald av deltakarlova berre kan påleggjast lovbrotsgebyr dersom dette går fram av forskrifta med den handlingsregelen som er broten. Dette inneber til dømes at dersom det skal påleggjast lovbrotsgebyr ved brot på deltakarforskrifta, må det gå fram av deltakarforskrifta at det aktuelle brotet kan sanksjonerast med lovbrotsgebyr. Det er ikkje tilstrekkeleg at dette går fram av LBG-forskrifta.

Tvangsmulkt er regulert i § 29 i deltakarlova og skal vere ei løpande mulkt som går frå ein særskild fastsett frist for å oppfylle eit pålegg, dersom denne fristen har gått ut utan at pålegget er oppfylt. Departementet kan i særlege tilfelle redusere eller fråfalle oppsamla mulkt.

2.4       Føresegnene i økonomiske sonelova om lovbrotsgebyr og tvangsmulkt

Økonomiske sonelova dannar det rettslege grunnlaget for å opprette økonomisk sone i havområda utanfor Noreg, jf. § 1. Med heimel i denne føresegna er Noregs økonomiske sone oppretta utanfor det norske fastlandet, fiskerisona utanfor Jan Mayen og fiskevernsona utanfor Svalbard.  Kongen har rett til å gi forskrifter om fiske og fangst i dei aktuelle områda i medhald av § 4, og å gjere unntak frå fleire av føresegnene i lova i medhald av § 6.

I økonomiske sonelova kom det inn eigne heimlar for lovbrotsgebyr og tvangsmulkt ved lovendringa 31. mai 2013. Tidlegare gav deltakarlova § 28 heimel til å påleggje lovbrotsgebyr, ikkje berre for brot på deltakarlova, men også anna fiskeriregelverk. Då tilvisinga til anna fiskeriregelverk vart tatt ut i samband med harmoniseringa av føresegnene i deltakarlova og havressurslova, var det derfor nødvendig å ta inn ei eiga føresegn om lovbrotsgebyr i økonomiske sonelova.

Verkeområda til økonomiske sonelova og havressurslova overlappar kvarandre til ei viss grad i dag. Havressurslova gjeld for alle, både norske statsborgarar og utlendingar, i områda som er oppretta i medhald av økonomiske sonelova (Noregs økonomiske sone, fiskerisona og fiskevernsona). Forskrifter som er fastsette i medhald av havressurslova gjeld likevel ikkje for utlendingar og utanlandske føretak i desse områda dersom det ikkje er fastsett i forskriftene, jf. havressurslova § 5. Økonomiske sonelova derimot, har i praksis størst verknad for utlendingar i dei aktuelle områda.

I dag er fleire forskrifter som gjeld for utlendingar i Noregs økonomiske sone, fiskerisona eller fiskevernsona, fastsette både med heimel i havressurslova og økonomiske sonelova. I praksis kan enkelte forskriftsføresegner ha heimel i begge lovene. Men det finst også forskrifter som berre har heimel i økonomiske sonelova.

I dag kan utlendingar berre sanksjonerast med lovbrotsgebyr dersom den forskriftsføresegna som er broten har heimel i havressurslova og er omfatta av LBG-forskrifta. På grunn av praktiske utfordringar knytt til å krevje inn lovbrotsgebyret, har fiskeriforvaltninga førebels ikkje pålagt utlendingar lovbrotsgebyr eller tvangsmulkt sjølv om forholdet er omfatta av LBG-forskrifta.

3         Behov for endringar

3.1       Generelt om tvangsmulkt og lovbrotsgebyr ved brot på deltakerlova

Departementet meiner at det ligg føre gode grunnar til at forvaltninga bør nytte seg av retten til å påleggje lovbrotsgebyr og tvangsmulkt ved brot på deltakarlova og føresegner fastsette i medhald av desse lovene.

I forarbeida til føresegnene om lovbrotsgebyr og tvangsmulkt i deltakarlova er det nemnt fleire argument for å bruke desse reaksjonsformene, jf. Ot.prp. nr. 70 (2003-2004) kap. 5. Desse argumenta er gyldige også i dag. Det er framleis slik at straff og tilbakekall av ervervsløyve eller konsesjon er dei einaste sanksjonane som i praksis kan nyttast ved brot på deltakarlova. Begge reaksjonane kan ramme hardt, og tilbakekall vil gjerne også ramme tredjemann som er avhengig av fiskeriaktiviteten for å drive si eiga verksemd. Å bruke mindre inngripande reaksjonar som lovbrotsgebyr og tvangsmulkt kan vere med på å avkriminalisere mindre brot og gjere sanksjoneringa meir effektiv. Ei meir effektiv sanksjonering kan igjen verke preventivt på potensielle lovbrytarar. Bruk av lovbrotsgebyr og tvangsmulkt kan også motverke ei konkurransevriding til fordel for aktørar som ikkje innrettar seg etter lova eller dei vilkåra som er fastsette etter lova.

Departementet meiner at det er fleire høve på brot på deltakarlova som bør verte gjenstand for avkriminalisering ved at forvaltninga kan nytte lovbrotsgebyr i staden for tvangsmulkt. Lovforarbeida nemner mellom anna fangst levert i strid med leveringsvilkår, framferd i strid med konsesjonsvilkår, forbodet mot å nytte leigefartøy utan eige løyve og proforma-avtalar om eigarandelar i fiskefartøy, som handlingar der straff ikkje alltid er ein eigna reaksjon, jf. Ot.prp. nr. 70 (2003-2004) pkt. 5.5.6.2. I tillegg kan vi nemne fiske utan nødvendig ervervsløyve, konsesjon, rett til å delta i lukka gruppe eller rett til å delta i open gruppe. Vi gjer ein grundigare gjennomgang av relevante føresegner i kommentarane til LBG-forskrifta § 4 nedanfor.

3.2       Lovbrotsgebyr ved brot på leveringsplikta mv.

Sanksjonssystemet i deltakarlova eignar seg spesielt dårleg i samband med brot på leveringsplikta. Leveringsplikta inneber at enkelte reiarlag som eig fartøy med torsketrålløyve har ei plikt til å tilby en viss del av fangsten til bestemte fiskeindustribedrifter i Nord-Noreg i samsvar med vilkåra som er fastsett i torsketrålløyvet. Formålet med leveringsplikta er å sikre råstoff til den nord-norske fiskeindustrien. Generelle reglar om leveringsplikta er fastsett i ”forskrift 12. september 2003 nr. 1131 om leveringsplikt for fartøy med torsketråltillatelse (leveringspliktforskriften)”. Forskrifta har mellom anna reglar om subsidiær leveringsplikt, om                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                          kor stor del av fangsten som skal bli tilbydd som leveringspliktig fangst, om fiskeindustribedrifta si plikt til å bearbeide ein del av fangsten mv. Ved motstrid mellom vilkåra i torsketrålløyvet og leveringspliktforskrifta går vilkåra i løyvet framom.

Fiskeridirektoratet har etter at leveringspliktforskrifta vart vedtatt, gjennomført årlege kontrollar av leveringsplikta. I fleire av sakene har fiskeriforvaltninga funne at brotet er så alvorleg at ein har trekt tilbake ervervsløyvet til fiskefartøyet for ein periode på enten to veker eller ein eller to månader. Dessutan har fleire fartøy fått åtvaringar og merknader for mindre brot. Den vanlegaste forma for brot er at reiarlaget ikkje har tilbydd eller levert tilstrekkeleg kvantum, men også at tidsfristar ikkje er haldne, at det er mangelfull informasjon og manglar ved føring av landingssetel.

Brot på leveringsplikta bør sanksjonerast dersom ordninga skal kunne verke slik vi ønskjer. Samtidig viser erfaring at den mest nytta reaksjonsforma, mellombels tilbakekall av ervervsløyve, har enkelte uheldige konsekvensar. Mellombels tilbakekall fører til stopp i  fiskeriaktiviteten til dei aktuelle torsketrålarane for ein periode. Dette rammar ikkje berre reiarlag og mannskap på fartøyet, men også fiskeindustribedrifta og arbeidsplassane der, som leveringsplikta skal ta vare på. Tilbakekall av ervervsløyve kan såleis verke direkte mot formålet med ordninga i saker som gjeld leveringsplikt.

Departementet vurderer det også slik at straff ikkje utan vidare er ein eigna reaksjon ved brot på leveringsplikta. Det dreiar seg gjerne om tekniske brot på eit bransjespesifikt regelverk gjort av større føretak. I slike tilfelle vil lovbrotsgebyr eigne seg betre enn straff, sjølv om vi ikkje kan sjå bort frå at enkelte brot har ein slik karakter og er så alvorlege at det bør vurderast å melde saka til politiet. Tvangsmulkt er også ein mogleg reaksjon, til dømes ved brot på industrivilkåra som inneber at det må vere ein viss aktivitet ved foredlingsbedrifta som er tilgodesett gjennom leveringsplikta.

Lovbrotsgebyret kan i dag ikkje vere høgre enn 100 000 kroner. I meir alvorlege tilfelle skal brotet meldast til politiet. Men dette taket på lovbrotsgebyret eignar seg dårleg ved brot på leveringsplikta. Leveringsplikta gjeld i praksis for større føretak som eig torsketrålarar med leveringsplikt. Desse føretaka vil ofte måtte ha eit særleg unntak frå kravet i deltakarlova om at berre aktive fiskarar kan eige fiskefartøy som skal nyttast i ervervsmessig fiske og fangst. Skal lovbrotsgebyr ha ein preventiv funksjon og vere eit reelt alternativ til tilbakekall og straff for desse føretaka ved brot på leveringsplikta, må taket på lovbrotsgebyret setjast langt høgre enn gjeldande grense på 100 000 kroner. Departementet foreslår i dette høyringsnotatet eit tak på 3 millionar kroner, jf. kommentarane til § 5 nedanfor.

3.3       Tvangsmulkt og lovbrotsgebyr ved brot på økonomiske sonelova

Økonomiske sonelova fekk lovheimel for tvangsmulkt og lovbrotsgebyr i 2013. Lova har eit verkeområde som overlappar med havressurslova, men har likevel praktisk verknad for utlendingar i dei aktuelle områda. På grunn av praktiske utfordringar knytt til å krevje inn lovbrotsgebyret, har fiskeriforvaltninga førebels ikkje pålagt utlendingar lovbrotsgebyr eller tvangsmulkt sjølv om forholdet gjeld brot på havressurslova som er omfatta av LBG-forskrifta. Det har derfor ikkje vert noko stort behov for å praktisere tvangsmulkt og lovbrotsgebyr ved brot på økonomiske sonelova.

Departementet vurderer det framleis slik at det ikkje er formålstenleg å nytte tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr overfor utlendingar og dermed heller ikkje ved brot på økonomiske sonelova. Det er fleire årsaker til dette. Det dreier seg om relativt få saker da dei fleste sakene mot utlendingar er av eit slikt omfang at straff er den mest eigna reaksjonen. Det er vidare slik at styresmaktene manglar rettsgrunnlag for inndraging av administrative beløp frå personar busette i utlandet, og vi har dessutan svakare grunnlag for å nytte tvangsmiddel overfor utlendingar som oppheld seg i Noreg dersom det ikkje skjer ei strafferettsleg forfølging. Departementet legg derfor opp til at ein framleis ikkje skal nytte lovbrotsgebyr eller tvangsmulkt ved mindre brot på fiskerilovgivinga frå utlendingar, men i staden vurdere melding til politiet. Det er derfor ikkje behov for bruk av tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr ved brot på økonomiske sonelova.

4         Utforming av forslag til forskriftsendringar

4.1       Forslag til endringar i LBG-forskrifta

4.1.1     Verkeområde, § 1

LBG-forskrifta § 1 inneheld ei føresegn om verkeområdet til forskrifta som fell saman med det personelle og stadlege verkeområdet til havressurslova. Som følgje av at forskrifta blir utvida til også å gjelde brot på deltakarlova må ordlyden i denne føresegna endrast.

Vi viser til forslag til endringar i LBG-forskrifta § 1.

4.1.2     Tvangsmulkt, § 2

LBG-forskrifta § 2 regulerer i dag bruk av tvangsmulkt ved brot på havressurslova. Føresegna forutset at tvangsmulkt skal brukast for å sikre at pålegg gitt i eller i medhald av havressurslova blir følgt og har elles reglar om når tvangsmulkta tek til å løpe.

Departementet foreslår å vidareføre føresegna slik som ho står i dag, likevel slik at det går fram at ho også gjeld ved brot på deltakarlova og føresegner gitt i medhald av desse lovene. Dette inneber mellom anna at det ikkje vil vere nokon avgrensingar for kva brot på føresegner i eller i medhald av havressurslova og deltakarlova som kan vere grunnlag for tvangsmulkt.

Det vil likevel i praksis vere avgrensa kva for brot som eignar seg for tvangsmulkt. I forarbeida til deltakarlova er det lagt vekt på at tvangsmulkt kan vere aktuelt for å tvinge fram etterleving av konsesjonsvilkår, og for å tvinge fram at det blir etablert eit reelt eigarskap til fartøyet i samsvar med det som er godkjent eller i samsvar med reglane i lova. Departementet reknar med at tvangsmulkt framleis kan vere aktuelt i desse tilfella. I tillegg kan det vere aktuelt å vurdere tvangsmulkt overfor reiarlaget dersom industrivilkår som er knytt til torsketrålløyve med leveringsplikt blir brotne. Slike industrivilkår vil normalt innebere at reiarlaget er ansvarleg for at industrianlegget kan halde fram med ein viss foredlingsaktivitet.

Fiskeridirektoratet vil uansett etter ei konkret vurdering kunne påleggje tvangsmulkt ved brot på andre føresegner fastsette i eller i medhald av havressurslova og deltakarlova.

Vi viser til forslag til endringar i LBG-forskrifta § 2.

4.1.3     Lovbrotsgebyr, § 4

LBG-forskrifta § 4 regulerer bruk av lovbrotsgebyr ved brot på havressurslova. Første ledd inneheld ei fullstendig liste over kva for brot på føresegner i og i medhald av havressurslova som kan vere grunnlag for lovbrotsgebyr. Både lovføresegner, forskrifter og forskriftsføresegner er nemnd. Fleire av føresegnene gjeld rapportering av fangst og fartøyet sin posisjon, sidan slike føresegner er særleg veleigna for sanksjonering med lovbrotsgebyr.

Departementet vil i denne samanhengen presisere at § 4 første ledd bokstav g) og h) viser til høvesvis ”bestemmelser om rapportering … i diverse reguleringsforskrifter” og ”bestemmelser om bifangst i diverse reguleringsforskrifter”. Med ”reguleringsforskrifter” blir det her sikta ikkje berre til dei årlege forskriftene som enten kvoteregulerer eller forbyr fiske på eitt eller fleire fiskeslag i løpet av kvoteåret, men også tilsvarande forskrifter som gjeld med ein lengre tidshorisont eller utan tidsavgrensing.

Departementet foreslår enkelte endringar i lista i § 4 første ledd over føresegner i eller i medhald av havressurslova som skal kunne danne grunnlag for lovbrotsgebyr. Vi foreslår også å utvide lista slik at ho også omfattar føresegnene i eller i medhald av deltakarlova som skal kunne danne grunnlag for lovbrotsgebyr. Desse føresegnene foreslår vi å ta inn i nye andre og tredje ledd i § 4.

Vi foreslår at føresegner i eller i medhald av havressurslova som berre gjeld for utlendingar vert tekne ut av lista fordi vi ikkje legg opp til bruk av lovbrotsgebyr overfor utlendingar. Samtidig foreslår vi å ta inn i lista føresegner om bruk av sorteringsrist i ulike fiskeri da lovbrotsgebyr er eigna som sanksjon ved brot på desse.

Spørsmålet blir så kva for brot på føresegner i eller i medhald av deltakarlova som bør vere grunnlag for lovbrotsgebyr.

Forarbeida nemner mellom anna fangst levert i strid med leveringsvilkår, framferd i strid med konsesjonsvilkår, forbodet mot å nytte leigefartøy utan eige løyve og proforma-avtalar om eigarandelar i fiskefartøy, jf. Ot.prp. nr. 70 (2003-2004) pkt. 5.5.6.2. Vi meiner at lovbrotsgebyr kan vere ei eigna sanksjonsform for alle desse brota.

Departementet foreslår at lovbrotsgebyr skal kunne nyttast overfor reiarlaget både ved brot på leveringsplikta (tilbodsplikta) og andre vilkår fastsett i torsketrålløyve med leveringsvilkår, og ved brot på føresegnene i leveringspliktforskrifta. Men reiarlaget bør ikkje påleggjast lovbrotsgebyr for brot på bearbeidingsplikta då dette er ei plikt det er meir naturleg at fiskeindustribedrifta hefter for. Vi legg derfor ikkje opp til at bearbeidingsplikta blir omfatta av lista i § 4.

Vi foreslår vidare at alt fiske utan nødvendig ervervsløyve, konsesjon, rett til å delta i lukka gruppe eller rett til å delta i open gruppe skal kunne sanksjonerast med lovbrotsgebyr. Det same gjeld fiske utan, eller i strid med, leigefartøyløyve. Derimot meiner vi at lovbrotsgebyr ikkje bør nyttast i dei tilfelle der fartøyet er tildelt nødvendig ervervsløyve, konsesjon, rett til å delta eller leigefartøyløyve, men der det i ettertid viser seg at tildelinga er ugyldig. I slike tilfelle vil tilbakekall vere ein meir naturleg reaksjon. Fartøyeigar vil ikkje alltid kunne lastast for at tildelinga er ugyldig.

Andre brot på regelverket der lovbrotsgebyr kan vere ein eigna sanksjon er bustadkravet i deltakarlova § 5 a, føresegnene i deltakarforskrifta om at fartøyeigar ikkje kan delta med fleire fartøy i eit fiskeri, og heller ikkje skifte gruppetilhøyrsle i løpet av året, forbodet mot ombordproduksjon av kongekrabbe, føresegnene om eigarkonsentrasjon i konsesjonsforskrifta, kravet om førehandsgodkjenning eller melding ved eigarendringar i fiskefartøy i deltakarlova § 9 og ervervsløyveforskrifta kapittel II a og føresegnene i forskrift om adgang til å drive fiske og fangst i farvann underlagt andre lands fiskerijurisdiksjon. Departementet foreslår derfor at det blir opna for lovbrotsgebyr også i desse tilfella.

Den løpande handteringa av leveringsplikta og andre vilkår fastsett i torsketrålløyvet ligg i dag hos Fiskeridirektoratet. Vi meiner derfor at Fiskeridirektoratet, ikkje regionkontora, bør vere første instans i saker om lovbrotsgebyr ved brot på desse føresegnene. I alle andre saker bør regionkontora vere første instans.

Vi viser til forslag til endringar i LBG-forskrifta § 4.

4.1.4     Utmåling av og tak på lovbrotsgebyr, § 5

LBG-forskrifta § 5 inneheld føresegner om utmåling av og tak på lovbrotsgebyr. Det går fram av første ledd at gebyr skal fastsetjast konkret i kvar enkelt sak, og at det skal leggjast vekt på kor alvorleg brotet er, fortenesta og den potensielle fortenesta ved lovbrotet, om det gjeld eitt eller fleire brot av same type, graden av skuld og ekstra kostnader som kontrolltiltak og handtering av saka har ført med seg.

Det går fram av § 5 andre ledd at det kan påleggjast lovbrotsgebyr på inntil 100 000 kroner per rettssubjekt. Denne beløpsgrensa er meint å medverke til ei avkriminalisering av mindre alvorlege brot som etter tidlegare strafferettspraksis kunne ha ført til bot på inntil 100 000 kroner. Etter at LBG-forskrifta vart vedtatt blir desse sakene forfølgde administrativt, medan meir alvorlege saker framleis blir melde til politiet.

Departementet foreslår at gjeldande reglar om utmåling av og tak på lovbrotsgebyr i utgangspunktet også skal gjelde for brot på deltakarlova. Dette vil medverke til at også mindre brot på desse føresegnene kan forfølgjast administrativt med pålegg av lovbrotsgebyr og slik bidra til ei avkriminalisering. Det vil også leggje til rette for ei meir effektiv handheving av brot på deltakarlova.

Departementet ser at det er behov for eit høgre tak på lovbrotsgebyr ved brot på leveringsplikta (tilbodsplikta) og andre vilkår fastsette i torsketrålløyve med leveringsvilkår, og ved brot på føresegner i leveringspliktforskrifta unntatt bearbeidingsplikta. Dette dreiar seg om relativt tekniske bransjespesifikke reglar som i hovudsak vil bli brukt overfor større føretak som eig fartøy med torsketrålløyve med leveringsvilkår. Lovbrotsgebyr vil her ikkje først og fremst vere grunngitt i eit ønskje om å avkriminalisere mindre brot utført av aktive fiskarar, men vere eit alternativ til å kalle tilbake fiskeløyve for føretak med unntak frå aktivitetskravet. Skal lovbrotsgebyr kunne ha ein verkeleg preventiv verknad i slike saker er det etter departementet si vurdering nødvendig at taket for utmåling blir sett betydeleg høgre enn 100 000 kroner. Vi viser også til vår vurdering av behov for endringar i LBG-forskrifta i pkt. 3 ovanfor.

Fiskeridirektoratet gjennomfører ein årleg kontroll av om dei aktuelle torsketrålarane held leveringsplikta. Det vil derfor vere naturleg at lovbrotsgebyr for brot på leveringsplikta blir vurdert for dei enkelte fartøya i samband med den årlege kontrollen. Tilsvarande er det naturleg at taket for utmåling av lovbrotsgebyr gjeld for alle brot på leveringvilkår per kalenderår for den enkelte torsketrålar.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at den øvre grensa for lovbrotsgebyr ved brot på vilkåra i torsketrålløyvet og leveringspliktforskrifta, bortsett frå bearbeidingsplikta, blir sett til 3 millionar kroner per torsketrålløyve per kalenderår. Dette vil etter vår meining gi eit tilstrekkeleg handlingsrom for forvaltninga til å påleggje lovbrotsgebyr med preventiv verknad. Samanlikna med havbruksnæringa er reiarlaga som eig fartøy med leveringsplikt ei noko meir einsarta gruppe. Dette er eit moment som inneber at det kan vere tenleg med et høgre tak enn etter akvakulturlova. Dersom brota på leveringsvilkår mv. knytt til eitt bestemt fartøy i løpet av eit kalenderår har eit slikt omfang at lovbrotsgebyr på 3 millionar kroner ikkje har tilstrekkeleg preventiv verknad, er tilbakekall eller å melde saka til politiet aktuelle som alternative reaksjonar. Tilbakekall og melding til politiet vil etter tilhøva heller ikkje vere utelukka ved mindre alvorlege brot.

Vi viser til forslag til endringar i LBG-forskrifta § 5.

4.1.5     Vedtakskompetanse, § 6

Det går fram av LBG-forskrifta §§ 2 og 4 at Fiskeridirektoratet er vedtaksmyndigheit i saker om tvangsmulkt, og Fiskeridirektoratets regionkontor er vedtaksmyndigheit i saker om lovbrotsgebyr. Fiskeridirektoratet bestemmer kva for regionkontor som skal kunne påleggje lovbrotsgebyr. Vidare går det fram av § 6 at departementet er klageinstans i saker om tvangsmulkt og direktoratet er klageinstans i saker om lovbrotsgebyr.

I dette høyringsnotatet legg vi opp til at Fiskeridirektoratet framleis skal vere vedtaksmyndigheit i saker om tvangsmulkt, og at regionkontora framleis skal vere vedtaksmyndigheit i saker om lovbrotsgebyr, likevel slik at Fiskeridirektoratet skal vere vedtaksinstans i saker om lovbrotsgebyr ved brot på leveringsplikta mv., jf. omtale ovanfor av forslag til nytt tredje ledd i § 4.

Departementet foreslår at Fiskeridirektoratet framleis skal vere klageinstans for saker der regionkontora er første instans, og at departementet framleis skal vere klageinstans for saker der direktoratet er første instans. På denne bakgrunn foreslår vi enkelte endringar i § 6.

Vi viser til forslag til endringar i LBG-forskrifta § 6.

4.2       Forslag til endringar i andre forskrifter

Føresegnene om lovbrotsgebyr i deltakarlova § 28 krev at det går fram av forskrifta at det skal kunne påleggjast lovbrotsgebyr. Dette inneber at det ikkje er tilstrekkeleg for å påleggje lovbrotsgebyr at forskriftsføresegna som er broten er omfatta av lista i LBG-forskrifta. Det er også nødvendig at forskrifta som inneheld den forskriftsføresegna som er broten har ei eiga føresegn om lovbrotsgebyr. Dette skal medverke til at det blir enklare for næringsaktørane å få oversikt over kva for brot på føresegner som kan vere grunnlag for lovbrotsgebyr. Departementet foreslår på denne bakgrunn endringar i enkelte andre forskrifter enn LBG-forskrifta.

Vi viser til forslag til endringar i diverse forskrifter.

5         Administrative og økonomiske konsekvensar, konsekvensar for det samiske folk

Høyringsforslaget vil leggje til rette for utvida bruk av lovbrotsgebyr og tvangsmulkt i fiskeriforvaltninga. Dette vil krevje auka ressursbruk i forvaltninga. Omfanget av den auka ressursbruken er avhengig av forvaltninga sine prioriteringar.

Samtidig vil forslaget føre til at det ikkje lenger vil vere aktuelt å straffeforfølgje ein del mindre brot på fiskeriregelverket, og det vil spare både politi og næring for ein god del ressursbruk. Forslaget kan også medverke til meir effektiv handheving av fiskeriregelverket, både generelt og meir spesielt overfor utlendingar og reiarlag med leveringspliktige torsketrålarar. Dette vil igjen kunne motverke ei konkurransevriding i disfavør av næringsaktørar som held seg til regelverket.

Vi kan ikkje sjå at forslaget har spesielle konsekvensar for det samiske folk.

6         Forslag til forskriftsendringar

6.1       Forslag til forskrift om endring av forskrift om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressurslova

 

I forskrift 20. desember 2011 nr. 1477 om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressurslova gjøres følgende endringer:

 

 

Navnet på forskriften skal lyde:

 

Forskrift 20. desember 2011 nr. 1477 om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyrved brudd på havressurslova og deltakerloven

 

 

Hjemmelshenvisningen skal lyde:

Fastsatt av Fisker- og kystdepartementet (nå Nærings- og fiskeridepartementet) 20. desember 2011 med hjemmel i lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven) § 28 og § 29 og lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova) § 5, § 58 og § 59.

 

 

§ 1 skal lyde:

§ 1. Virkeområde

Forskriften gjelder bruk av overtredelsesgebyr og tvangsmulkt ved brudd på havressurslova, deltakerloven eller bestemmelser gitt i medhold av disse.

 

§ 2 første ledd skal lyde:

For å sikre at pålegg gitt i eller i medhold av havressurslova eller deltakerloven blir fulgt, kan Fiskeridirektoratet ilegge løpende tvangsmulkt.

 

§ 4 skal lyde:


§ 4. Overtredelsesgebyr

Fiskeridirektoratets regionkontor kan ilegge overtredelsesgebyr til foretak og til den som med forsett eller uaktsomhet bryter følgende bestemmelser i eller i medhold av havressurslova:

a)      forskrift 21. desember 2009 nr. 1743 om posisjonsrapportering og elektronisk rapportering for norske fiske- og fangstfartøy kapittel I–III

b)     forskrift 19. desember 2014 nr. 1822 om elektronisk rapportering for norske fiske- og fangstfartøy under 15 meter § 6

c)      forskrift 22. desember 2004 nr. 1878 om utøvelse av fisket i sjøen (utøvelsesforskriften) kapittel VII, VIII og XVI

d)     bestemmelser om rapportering i utøvelsesforskriften og i diverse reguleringsforskrifter

e)      bestemmelser om bifangst i diverse reguleringsforskrifter

f)       forskrift 6. mai 2014 nr. 607 om landings- og sluttseddel §§ 8, 9, 10, 11, 13 og 16

g)     havressurslova § 16 bokstav a, c og g, samt §§ 22 og 23

h)     forskrift 17. mars 2010 nr. 396 om rapporteringsplikt ved fangst av kongekrabbe med ikke-merkeregistrerte fartøy eller fra land

i)      forskrift 26. november 2012 nr. 1104 om utforming og innmontering av sorteringsrist i reketrål

j)       forskrift 26. november 2012 nr. 1105 om utforming og innmontering av sorteringsrist i direkte fiske etter sjøkreps

k)     forskrift 20. desember 2010 nr. 1786 om bruk av sorteringsristsystem i fiske med stormasket trål

l)       forskrift 30. april 2009 nr. 471 om utforming og innmontering av sorteringsrist i fisket etter kolmule og øyepål med småmasket trål

Fiskeridirektoratets regionkontor kan ilegge overtredelsesgebyr til foretak og til den som med forsett eller uaktsomhet bryter bestemmelser i eller i medhold av deltakerloven på følgende måte

a)     fisker uten nødvendig ervervstillatelse, spesiell tillatelse, deltakeradgang eller adgang til å delta i åpen gruppe i medhold av deltakerloven §§ 4, 12 og 21 og bestemmelser gitt i medhold av disse

b)     benytter leiefartøy uten eller i strid med leiefartøytillatelse

c)      deltar i ett fiskeri med flere fartøy enn deltakerforskriften åpner for, eller skifter gruppetilhørighet i løpet av reguleringsåret i strid med deltakerforskriften

d)     overtrer forbudet mot ombordproduksjon i forskriftene om fangst av kongekrabbe i og utenfor kvoteregulert område

e)      overtrer bestemmelsene om eierkonsentrasjon i konsesjonsforskriften og deltakerforskriften

f)       overdrar aksje eller part i selskap eller sammenslutning som direkte eller indirekte eier merkeregistrert fartøy uten at det på forhånd er gitt nødvendig tillatelse etter deltakerloven § 9 eller sendt pliktig melding etter ervervstillatelsesforskriften kapittel II a

g)     overtrer bostedskravet i deltakerloven § 5 a

h)     overtrer forskrift 25. juli 2016 nr. 943 om adgang til å drive fiske og fangst i farvann underlagt annen stats fiskerijurisdiksjon

Fiskeridirektoratet kan ilegge overtredelsesgebyr til foretak og til den som med forsett eller uaktsomhet bryter følgende bestemmelser i medhold av deltakerloven

a)     forskrift 12. september 2003 nr. 1131 om leveringsplikt for fartøy med torsketråltillatelse unntatt bestemmelsene om bearbeidingsplikt

b)     vilkår som er stilt ved tildeling av torsketråltillatelse til fartøy med leveringsplikt

Fiskeridirektoratet bestemmer hvilke av Fiskeridirektoratets regionkontor som skal kunne ilegge overtredelsesgebyr i førsteinstans.

 

Ny § 5 annet ledd annet punktum skal lyde:

Ved overtredelse av bestemmelser nevnt i § 4 tredje ledd kan det ilegges overtredelsgebyr på inntil 3 000 000 kroner per fartøy med torsketråltillatelse per kalenderår.

 

§ 6 skal lyde:

§ 6. Vedtakskompetanse

Departementet er klageinstans for Fiskeridirektoratets vedtak om tvangsmulkt etter § 2 og overtredelsesgebyr etter § 4 tredje ledd. Fiskeridirektoratet kan delegere sin kompetanse til å ilegge tvangsmulkt til Fiskeridirektoratets regionkontor. Fiskeridirektoratet er da klageinstans.

Fiskeridirektoratet er klageinstans for Fiskeridirektoratets regionkontors vedtak om overtredelsesgebyr etter § 4 første og annet ledd.

 

6.2       Forslag til endringar i andre forskrifter

I

I forskrift 13. oktober 2006 nr. 1157 om spesielle tillatelser til å drive enkelte former for fiske og fangst (konsesjonsforskriften) gjøres følgende endringer:

§ 9-2 skal lyde:

§ 9-2. Overtredelsesgebyr

Foretak og den som forsettlig eller uaktsomt overtrer bestemmelser i eller i medhold av forskriften, kan ilegges overtredelsesgebyr i henhold til deltakerloven § 28 og forskrift 20. desember 2011 nr. 1477 om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressurslova og deltakerloven og økonomiske soneloven.

 


§ 9-3 oppheves.

 

II

I forskrift 8. desember 2015 nr. 1418 om adgang til å delta i kystfartøygruppens fiske for 2016 (deltakerforskriften) gjøres følgende endringer:

§ 51 skal lyde:

§ 51. Overtredelsesgebyr

Foretak og den som forsettlig eller uaktsomt overtrer bestemmelser i eller i medhold av forskriften, kan ilegges overtredelsesgebyr i henhold til deltakerloven § 28 og forskrift 20. desember 2011 nr. 1477 om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressurslova og deltakerloven.

 

§ 52 oppheves.

 

 

III

 

I forskrift 12. september 2003 nr. 1131 om leveringsplikt for fartøy med torsketråltillatelse gjøres det følgende endringer:

 

Ny § 7 skal lyde:

§ 7. Overtredelsesgebyr

Foretak og den som forsettlig eller uaktsomt overtrer bestemmelser i eller i medhold av denne forskriften, kan ilegges overtredelsesgebyr i henhold til deltakerloven § 28 og forskrift 20. desember 2011 nr. 1477 om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressursloven og deltakerloven.

 

 

Gjeldende §§ 7 og 8 blir §§ 8 og 9.

 

IV

I forskrift 7. desember 2012 nr. 1144 om ervervstillatelse, registrering og merking av fiskefartøy mv. (ervervstillatelsesforskriften) gjøres følgende endringer:

Ny § 25 skal lyde:

§ 25. Overtredelsesgebyr

Foretak og den som forsettlig eller uaktsomt overtrer bestemmelser i eller i medhold av forskriften, kan ilegges overtredelsesgebyr i henhold til deltakerloven § 28 og forskrift 20. desember 2011 nr. 1477 om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressurslova og deltakerloven.

 

 

Gjeldende §§ 25-27 blir §§ 26-28.

 

 

V

 

I forskrift 2. mars 2007 nr. 232 om konsesjonsordning for fiske utenfor norsk fiskerijurisdiksjon gjøres følgende endringer:

§ 8 skal lyde:

§ 8. Overtredelsesgebyr

Foretak og den som forsettlig eller uaktsomt overtrer bestemmelser i eller i medhold av forskriften, kan ilegges overtredelsesgebyr i henhold til deltakerloven § 28 og forskrift 20. desember 2011 nr. 1477 om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressurslova og deltakerloven.

 

§ 9 oppheves.

 

 

VI


I forskrift 22. desember 2004 nr. 1878 om utøvelse av fiske i sjøen gjøres følgende endringer:

§ 99 skal lyde:

 

§ 99. Overtredelsesgebyr

 

Foretak og den som forsettlig eller uaktsomt overtrer bestemmelser gitt i eller i medhold av forskriften kan ilegges overtredelsesgebyr i henhold til havressurslova § 59 og forskrift 20. desember 2011 nr. 1437 om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressurslova og deltakerloven.

 

 

VII

 

I forskrift 25. juli 2016 nr. 943 om adgang til å drive fiske og fangst i farvann underlagt annen stats fiskerijurisdiksjon gjøres følgende endringer:

Ny § 2 a skal lyde:

§ 2 a. Overtredelsesgebyr

Foretak og den som forsettlig eller uaktsomt overtrer bestemmelser gitt i eller i medhold av forskriften kan ilegges overtredelsesgebyr i henhold til deltakerloven § 28 og forskrift 20. desember 2011 nr. 1437 om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressurslova og deltakerloven.

 

VIII

I tillegg foreslår departementet å oppdatere alle føresegner om lovbrotsgebyr i fiskeriregelverket som viser til havressurslova § 59 eller deltakarlova § 28 og til forskrift 20. desember 2011 nr. 1437 om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressurslova og deltakerloven.

 



[1] Lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova)

[2] Lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven)

[3] Lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone (økonomiske sonelova)

Det norske maskinistforbund

Postboks    2000 Vika

0125

OSLO

Finans Norge

Postboks 2473

0202

OSLO

Fiskebåt

Postboks 67

6001

ÅLESUND

Fiskekjøpernes    Forening

Strandveien 106

9006

TROMSØ

Fiskeridirektoratet

Postboks 185 Sentrum

5804

BERGEN

Innovasjon Norge

Postboks 448 Sentrum

0104

OSLO

Kystvakten

Postboks 800    Postmottak

       

       

Landsorganisasjonen i    Norge

Youngsgt. 11

0181

OSLO

Norges Fiskarlag

Postboks 1233 Sluppen

7462

TRONDHEIM

Norges Kystfiskarlag

Postboks 97

8380

RAMBERG

Norsk nærings- og    nytelsesmiddelarbeiderforbund

Postboks 8719    Youngstorget

0028

OSLO

Norsk Sjømannsforbund

Postboks 2000 Vika

0125

OSLO

Norsk Sjøoffisersforbund

Postboks 2000 Vika

0125

OSLO

Norske Sjømatbedrifters Landsforening

    

       

    

Pelagisk Forening

Slottsgaten 3

5003

BERGEN

Rogaland statsadvokatembeter

    

       

    

Sametinget

Ávjovárgeaidnu 50

9730

KARASJOK

Sjømat Norge

Postboks 5471    Majorstuen

0305

OSLO

Troms og Finnmark statsadvokatembeter

    

       

    

Regelrådet

Justis- og beredskapsdepartementet