Det er gått 100 år sidan kvinner fekk ålmenn kommunal røysterett på lik line med menn, og samstundes det same høvet til å erobre kommunale verv, som folkevalde representantar. Lovvedtaket våren 1910 var ei viktig hending, ikkje berre i norsk kvinnehistorie, men i landets ålmenne politiske historie.