Høring - Forskrift om konkurranseavgrensande verksemd i skogbruket

Status: Under behandling

Høringsfrist: 18.01.2007

Vår ref.:

Høringsinstanser  

Høringsnotat - utkast til forskrift om konkurranseavgrensande verksemd i skogbruket

Deres ref

Vår ref

Dato

 

200601317-/ASU

18.10.2006

Høyring - Forskrift om konkurranseavgrensande verksemd i skogbruket

Departementet sender med dette utkast til forskrift om konkurranseavgrensande verksemd i skogbruket på høyring. Frist for å komme med uttale er 18.01.07.

Norsk næringspolitikk byggjer på utganspunktet om at konkurranse er eit viktig verkemiddel for å oppnå effektiv ressursbruk, og også skogbrukspolitikken har som mål å fremje konkurranse. Og hovudregelen er også at det meste av samarbeidet i skogbruksnæringa er i tråd med konkurranselovgjevinga. Samstundes er mange norske skogeigedomar små, og det har vakse fram eit behov for samarbeidsformer som kan komme i konflikt med konkurranselovgjevinga. I forslaget til forskrift som no sendast på høyring gis reglar om kva for samarbeid skogeigarane og deira organisasjonar kan foreta seg utan at dette kjem i strid med konkurranselova sine reglar. Dette er i samsvar med Stortingets føresetnader i forbindelse med behandling av ny konkurranselov.

Bakgrunn
Lov om konkurranse mellom foretak og kontroll med foretakssammenslutninger av 5.3.2004 nr.12 forbyr samarbeid som set grenser for konkurransen og utilbørlig utnytting av dominerande stilling. I samband med handsaminga av konkurranselova forutsatte Stortinget at landbruksunntaket etter tidligere konkurranselov, for skogbruket sin del skulle videreføres i skogbrukslova, som då var under arbeid. På denne bakgrunn fekk lov om skogbruk av 27.5.2005 nr. 31, som trådde i kraft 1.1.2006, heimel i § 18 til at departementet kan fastsetje forskrift om at skogeigarane og deira organisasjonar skal ha rett til konkurranseavgrensande samarbeide om produksjon og omsetning av landbruksprodukt.

Vi viser til Ot.prp. nr. 28 (2004-2005) kapittel 6.2.2 til skogbrukslova der det heiter at: ” Forskrifta skal gjere klart kva for samarbeidsformer som det er nødvendig å nytte som verkemiddel i skogpolitikken utan at den nasjonale konkurranselovgjevinga om prissamarbeid eller anna skal vere til hinder for slikt samarbeid for nærare avgrensa produktgrupper. Forskrifta må kunne tilpassast utviklinga i skogpolitikken utan at slike endringar fører til at det blir gjort endringar i skogbrukslova. ”

Konkurranselova sine reglar inneber eigentleg at delar av det samarbeidet som finn stad i skogsektoren i dag i utgangspunktet er forbode, men konkurransestyresmaktene har ikkje handheva regelverket på dei aktuelle omsetjingsordningane i påvente av unntaksforskrift, jf. AID sitt brev av 3.5.2004 til Noregs skogeierforbund.

Konkurranselova
Konkurranselova § 10 regulerer konkurranseavgrensande avtaler mellom føretak, og svarar etter nasjonale tilpassingar til EØS-avtalen artikkel 53. Konkurranselova § 11 regulerer utilbørlig utnytting av dominerande stilling, og regelen svarar etter nasjonale tilpassingar til EØS-avtalen artikkel 54. Reglene følgjer med som vedlegg.

Behovet for unntak frå konkurranselova
Skogbruket og skogindustrien i Noreg representerer ein årlig verdiskaping på ca. 40 milliardar. Råstoffproduksjon skjer på rundt 100.000 eigedomar og bransjen sysselset rundt 30 000 personar og i tillegg arbeider mange menneske i tilknytte verksemd som transport, møbelproduksjon o.l. Skogbruket er i dei seinare år sterkt rasjonalisert, og manuelt arbeid er erstatta med leigde entreprenørar. Skogeigarorganisasjonen har ei samvirkebasert leverandørorganisering og fellesomsetning gjennom regionale skogeigarandelslag som deler landet geografisk mellom seg for å få til meir effektiv omsetjing av tømmer.

Småskalapreget i norsk skogbruk har gjort det nødvendig for skogeigarane å samarbeide. I dei seinare tiåra har behovet for samarbeidsløysingar vorte større og meir mangesidig på grunn av auka verdiskaping og fleire krav til forvaltinga av skogressursane og miljøet. Samtidig har stadig fleire skogeigarar anna arbeid utanom bruket og næringa er avhengig av løysingar der andre kan drive skogen og gje skogeigarane råd og rettleiing.

Tradisjonelt har den viktigaste oppgåva for skogeigarorganisasjonane vore å organisere omsetjing av skogsvirke. Dette er fortsatt ei hovudoppgåve , men som følgje av den sterke driftstekniske rasjonaliseringa, er organisering og gjennomføring av hogst, transport frå skog til fabrikk og ansvar for at skogsdrifta er i samsvar med sertifiseringskrava etter standardar for berekraftig skogbruk blitt viktige oppgåver for samvirket. Skogeigarorganisasjonane sel også tenester som etablering og stell av skog, arbeid knytt til vegnettet; nybygging, ombygging, opprusting og vedlikehald og skogbruksplanlegging med miljøregistreringar. Det er i første rekkje når dette seljast som føljetenester til hogst at samarbeidet vil rammast av konkurranselovgjevinga. Samarbeid om marknadsføring i samanheng med vidaresal har naturleg samanheng med samarbeid om sal. I tillegg samarbeidast det om forsking - og utvikling, som til dømes kan være konkurransevridande i den utstrekning berre medlemmene får nytte av utfallet av forskinga. Utan samarbeidet gjennom skogeigarorganisasjonane ville mykje av dette - som er prioriterte oppgåver i skogpolitikken - ikkje vore mogleg å gjennomføre på ein økonomisk og praktisk måte. Å stimulere til hogst er avgjerande for å oppretthalde arbeidsplassane og verdiskapinga i næringa.

I landbrukspolitikken er det ei auka satsing på anna næringsverksemd som bioenergitiltak og næringsverksemd i utmarka, slik som sal av jakt, fiske og opplevingsturisme med basis i landskap, skog og utmark. Dette er tradisjonelle samarbeidsområde for norske skogeigarar, og det er nødvendig å stimulere til ei utvikling der enkelteigarane i større grad vil samarbeide om fellesløysingar ut over eigedomsgrensene på desse områda, ikkje minst på grunn av eigedomstilhøve og eigedomsstorleik. Til dømes er ein gjennomsnittleg eigedom rundt 600 dekar, mens ein for eksempel i mange distrikt må disponere 2000 dekar for å få fellingsløyve på elg. Dette illustrerer behovet for samarbeid og derfor også unntak for konkurranselova på dette område.

For å gjere forskrifta brukarvennleg spesifiserast sentrale former for samarbeid. Samstundes må forskrifta kunne tilpassast utviklinga i skogpolitikken utan at den må endrast. Forslaget til forskrift opnar derfor for å omfatta andre typar samarbeid som ”tener til å gjennomføre norsk skogbrukspolitikk og som vanskeleg lar seg gjennomføre av ein skogeigar aleine.”

Avslutning
Departementet har satt fristen for innspel frå høyringsinstansane til 18.01.07. Departementet bed samtidig høyringspartene om synspunkt på om desse føresegnene bør stå i ei eiga forskrift eller om det er meir naturleg å innarbeide desse føresegnene i forskrift om berekraftig skogbruk. Høyringsuttale kan gjerne sendes elektronisk til postmottak@lmd.dep.no

Med hilsen

Ellen Hambro e.f.
ekspedisjonssjef

 

Ivar Ekanger
avdelingsdirektør

  • Den Norske Turistforening
  • Departement
  • Det Norske Skogselskap
  • Forbrukerrådet
  • Friluftslivets Fellesorganisasjon (FRIFO)
  • Friluftsrådenes Landsforbund (FL)
  • Fylkeslandbruksstyra
  • Fylkesmenn
  • Kommunenes Sentralforbund
  • Konkurransetilsynet
  • Landsorganisasjonen i Norge
  • Maskinentreprenørenes Forbund (MEF)
  • Miljøstiftelsen Bellona
  • Natur og Ungdom
  • Norges Bondelag
  • Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF)
  • Norges Naturvernforbund
  • Norges Skogeierforbund og skogeierforeningene
  • Norsk Almenningsforbund, c/o Romedal Almenning, v/Rune Brenna
  • Norsk Bioenergiforening (NoBio)
  • Norsk Bonde- og Småbrukarlag
  • Norsk industri
  • Norsk institutt for skog og landskap
  • Norsk Virkesmåling
  • NORSKOG Norsk Skogbruksforening
  • Næringslivets Hovedorganisasjon
  • Samarbeidsrådet for biologisk mangfold (SABIMA)
  • Skogbrukets Landsforening
  • Statens landbruksforvaltning (SLF)
  • Statskog SF
  • Transportbrukernes Fellesorganisasjon
  • Treindustrien
  • Tømmermålernes Landsforbund v/ Arnfinn Stubrud
  • WWF-Norge

Alle høringssvar legges ut i PDF-format

Høringsuttalelser

Departement

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Uttalelse

Barne- og likestillingsdepartementet

Uttalelse

Finansdepartementet

Uttalelse

Forsvarsdepartementet

Uttalelse

Helse- og omsorgsdepartementet

Uttalelse

Justis- og politidepartementet

Uttalelse

Kultur- og kirkedepartementet

Uttalelse

Kunnskapsdepartementet

Uttalelse

Nærings- og handelsdepartementet

Uttalelse

Olje- og energidepartementet

Uttalelse

Samferdselsdepartementet

Uttalelse

Utenriksdepartementet

Uttalelse

Fellesforbundet

Uttalelse

Fylkeslandbruksstyre i:

Buskerud

Uttalelse

Rogaland

Uttalelse

Sogn og Fjordane

Uttalelse

Sør-Trøndelag

Uttalelse

Fylkesmannen i:

Buskerud

Uttalelse

Hedmark

Uttalelse

Nord-Trøndelag

Uttalelse

Oslo og Akershus

Uttalelse

Vest-Agder

Uttalelse

Østfold

Uttalelse

Landsorganisasjonen i Norge

Uttalelse

Norges Bondelag

Uttalelse

Norges Skogeierforbund og skogeierforeningene

Uttalelse

Norsk industri

Uttalelse

Norsk institutt for skog og landskap

Uttalelse

NORSKOG Norsk Skogbruksforening

Uttalelse

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

Uttalelse

SB Skog

Uttalelse

Transportbrukernes Fellesorganisasjon

Uttalelse

Treindustrien

Uttalelse