Høringsbrev - Yrkesprøving

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 05.08.2002

Vår ref.: 02/2133

Høringsinstansane (etter liste i vedlegg)

 

Dykkar ref

Dykkar dato

Vår ref

Vår dato

   

02/2133

30.05.02

 

Vedlagt følgjer til høring Utdannnings- og forskingsdepartementets forslag til endringar av opplæringslovas § 4A-3 om å utvide ordninga for realkompetansevurdering og yrkesprøving. Forslaget går ut på at vaksne som i dag har rett til vidaregåande opplæring, også får rett til yrkesprøving med sikte på arbeid. Tidlegare har denne retten berre blitt gjort gjeldande for vaksne som grunnlag for opptak til vidaregåande opplæring. Nyleg komne innvandrarar skal kunne få tilbod om yrkesprøving ved at dei blir vist vidare frå kommunen. Registrerte arbeidssøkjarar som Aetat viser vidare til fylkeskommunen, vil også få tilbod om dette.

Ei liste over høringsinstansane er lagt ved. Send eventuelle merknader til utkastet til Utdannings- og forskingsdepartementet innen 05.08.2002

Kontaktpersonar i departementet er Astri Hildrum og Heidi Keseler Venner.

Med helsing

Dag Johnsen e.f.

fung. ekspedisjonssjef

Astri Hildrum

rådgjevar

Personar som manglar dokumentasjon på realkompetansen sin, har ofte vanskeleg for å finne arbeid i høve til sine kvalifikasjonar. Dette gjeld spesielt innvandrarar. Blant innvandrar frå ikkje-vestlege land er arbeidsløysa tre gonger så høg som i befolkninga totalt. I november 2001 låg arbeidsløysa for innvandrarar på 7,3 prosent mot 2,7 prosent i heile befolkninga. Blant afrikanske innvandrarar var arbeidsløysa på heile 13,5 prosent. Problem med å få godkjent dokumentert utdanning og yrkeserfaring frå utlandet fører til at mange anten må ta heile utdanninga på nytt i Noreg eller får tilbod om jobbar som ikkje samsvarar med deira kvalifikasjonar. Då St. meld. nr. 17 (2000-2001) Asyl- og flyktningpolitikken i Noreg blei behandla, uttalte Kommunalkomiteen i Innstilling S.nr.197 (2000-2001) at vi treng å styrkje arbeidet på godkjenningsområdet.

Innanfor det treårige Realkompetanseprosjektet har Oppland fylkeskommune og Oslo kommune prosjekt på yrkesprøving, som er ein metode for å vurdere realkompetanse. Erfaringar frå prosjektfylka viser at yrkesprøving som metode høver godt for målgruppa minoritetsspråklege, som på denne måten kan få vurdert og offentleg dokumentert sin kompetanse både i høve til arbeid og til vidare skolegang. Vurderinga av kompetansen skjer ved praktisk prøving og i høve til standarder i det norske systemet for fag/ sveinebrev eller andre yrkesfaglege opplæringsløp på vidaregåande nivå.

Realkompetanseprosjektet har som eit hovudmål å etablere eit nasjonalt system for å offentleg dokumentere kompetanse på vidaregåande skoles nivå, med legitimitet både i arbeidslivet og utdanningssystemet. Samstundes er retten til å få vurdert realkompetanse i gjeldande opplæringslov knytt til retten til vidaregåande opplæring. Dermed kan vaksne per i dag berre få realkompetansen sin vurdert med sikte på vidare opplæring, men ikkje om føremålet er å søkje arbeid.

Oppretting av ei ordning for å vurdere realkompetanse på vidaregåande skoles nivå med sikte på arbeid blei vurdert i ei arbeidsgruppe med deltaking frå forskjellige departement. Departementet har i samsvar med anbefalinga frå arbeidsgruppa vedteke å fremje ein ot.prp. hausten 2002 om endring av opplæringslova, slik at vaksne som i dag har rett til vidaregåande opplæring, også skal få rett til realkompetansevurdering utan å søkje opplæring på førehand. Det vil seie at personar som er fødde før 1. januar 1978, og som har fullført grunnskole eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, får rett til å få vurdert sin realkompetanse og rett til kompetansebevis. Dette skal vere uavhengig av om målsettinga med vurderinga er arbeid eller vidare utdanning. Målet er at ordninga skal tre i kraft seinast 1. januar 2003. Regjeringa ser ei utvida ordning for realkompetansevurdering som tenleg både for integrerings- og arbeidsmarknadspolitikken.

Fylkeskommunen skal tilretteleggje for og gjennomføre ei utvida ordning for realkompetansevurdering. Dette inneber å tilby vurdering av realkompetanse for dei som har rett til vidaregåande opplæring og for dei som blir vist til fylkeskommunen for realkompetansevurdering via kommune eller Aetat. Fylkeskommunen dekkjer utgiftene til vurdering av realkompetansen til dei som har rett til vidaregåande opplæring. Kommunen vil dekkje utgiftene til realkompetansevurdering for nyleg komne innvandrarar utan rett til vidaregåande opplæring og som etter ei individuell vurdering treng ei realkompetansevurdering. Registrerte arbeidssøkjarar utan rett til vidaregåande opplæring skal kunne få tilbod om ei realkompetansevurdering finansiert av Aetat etter ei arbeidsmarknadsfagleg vurdering.

Den kompetanse fylkeskommunen alt har i vurdering av vaksnes realkompetanse, vil bli brukt i ei utvida ordning for realkompetanse og yrkesprøving. Dette gjeld både dei vaksne som fylkeskommunen har ansvaret for gjennom opplæringslova, og dei som Aetat og kommunane viser vidare. Forslaget går ut på at fylkeskommunen blir ansvarleg for å tilby vurdering av realkompetanse og offentleg dokumentasjon i form av kompetansebevis på vidaregåande skoles nivå uavhengig av om dei vaksne har rett til vidaregåande opplæring eller er vist vidare via kommune eller Aetat. Denne ordninga skal sikre at vurderinga av realkompetansen skjer på einsarta vis.

Kommunane er i dag ansvarlege for å tilretteleggje og koordinere tiltak med sikte på at flyktningar som nyleg kom til landet så raskt som mogleg skal kunne starte i arbeid eller utdanning. Hovuddelen av desse vil ha rett til vidaregåande opplæring i tråd med opplæringslova og dermed bli omfatta av ordninga der kostnadene blir dekte av fylkeskommunen. Kommunane skal, om dei finn det føremålstenleg, kunne vise innvandrarar som nyleg kom til landet, og som deltar i introduksjonsprogram, til realkompetansevurdering. Det vil dermed være mogleg for desse personane å oppnå kompetansebevis gjennom yrkesprøving.

Aetat er ansvarleg for å rettleie arbeidssøkjarar og for tiltak som kan leie til at arbeidssøkjarar så raskt som mogleg kjem ut i jobb. Arbeidssøkjarar som er fødde før 1978, og som har rett til vidaregåande opplæring, har rett til realkompetansevurdering etter opplæringslova. Dei blir omfatta av ordninga som fylkeskommunen dekkjer. Unge arbeidssøkjarar er ei prioritert gruppe for arbeidsmarknadstiltak. Aetat vil kunne vise arbeidssøkjarar utan rett til vidaregåande opplæring vidare til fylkeskommunen for realkompetansevurdering etter ein arbeidsmarknadsfagleg vurdering.

Fylkeskommunen, Aetat og kommunane må samarbeide slik at ansvaret i høve til den enkelte brukar før og etter ei vurdering av realkompetanse er tydeleg. Fylkeskommunen skal følgje opp dei som har rett til vidaregåande opplæring. Aetat følgjer opp registrerte arbeidssøkjarar utan rett til vidaregåande opplæring. Kommunen følgjer opp flyktningar i introduksjonsprogram.

Andre administrative konsekvensar vil i hovudsak vere knytt til kapasitet og kompetanseutvikling. Kapasiteten må tilpassast etterspurnaden, slik at realkompetanse kan vurderast utan urimeleg ventetid.

3. Økonomiske konsekvensar

Det ligg til grunn at utvidinga av ordninga blir gjennomført utan tilførsel av friske midlar. Røynsle frå Realkompetanseprosjektet har vist at utgiftene til yrkesprøving ligg på 15 000 kr per prøve, inklusive administrasjonskostnader og tolketeneste. Det ligg vidare til grunn at utgiftene til realkompetansevurdering for dei som har rett til vidaregåande opplæring, blir dekte innanfor gjeldande rammer som overføring over inntektssystemet. Utvidinga vil truleg føre til at fylkeskommunen må gjennomføre fleire realkompetansevurderingar. Da det ikkje blir knytt opplæring til ei realkompetansevurdering, er det ikkje venta at dei samla kostnadene for fylkeskommunen vil bli høgre enn i dag. Fylkeskommunen vil kunne spare kostnader som er knytt til å gi vidaregåande opplæring for dei som ynskjer å gå direkte ut i arbeid etter yrkesprøving.

Forslaget går ut på at utgifter til realkompetansevurdering for flyktningar som nyleg kom til landet, og som ikkje har rett til vidaregåande opplæring, blir dekte av kommunen gjennom integreringstilskot. Dette vil innebere ein utgift for kommunen i arbeidet med kvalifisering av flyktningar og dermed gå inn i Beregningsutvalets årlege kartlegging. Samstundes får kommunen eit nytt verkemiddel som kan gjere flyktningar raskare økonomisk sjølvberga.

Utgifter til realkompetansevurdering for registrerte arbeidssøkjarar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring, blir dekte av Aetat. For registrerte arbeidssøkjarar blir realkompetansevurdering dekt gjennom tiltaksmidlar, slik at dette blir eit verkemiddel for Aetat på linje med andre tiltak for å få arbeidssøkjarar raskt ut i jobb. Dei personane som kommunen og Aetat får ansvar for, vil vere ungdom som er fødde etter 1978 med nok arbeidserfaring og kompetanse til at ei realkompetansevurdering er aktuelt.

4. Utkast til endring som vil innebere ei utvida ordning for realkompetansevurdering og yrkesprøving i opplæringslovas § 4A-3

4.1 Gjeldande rett

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa av 17. juli 1998 (opplæringslova) fastsett kven som har rett til vidaregåande opplæring, og forskrift til opplæringslova av 28. juni 1999 gir regler for å skrive ut offentleg dokumentasjon.

Opplæringslovas § 4A-3 lyder som følgjer:

"§ 4A-3. Rett til vidaregåande opplæring for vaksne

Vaksne som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring. Første punktum gjeld vaksne som er fødde før 1. januar 1978. Opplæringa for vaksne skal tilpassast behovet til den enkelte. Retten kan oppfyllast mellom anna ved fjernundervisningstilbod. Departementet gir nærmare forskrifter, mellom anna om kven retten omfattar, om inntak, rangering og førerett.

Vaksne som er tekne inn til vidaregåande opplæring, har rett til å fullføre opplæringsløpet. Dette gjeld sjølv om dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter første leddet.

I fag der læreplanen føreset lengre opplæringstid enn tre år, har dei vaksne rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen.

Opplæringa er gratis. Fylkeskommunen kan påleggje vaksne som får vidaregåande opplæring, å halde seg med undervisningsmateriell og utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha, til eige bruk. Fylkeskommunen kan krevje betaling for utgifter til å kopiere slikt materiell. Departementet gir nærmare forskrifter.

(Føydd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (i kraft 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645)."

Endringane i Opplæringslova av 30. juni 2000 gir vaksne som er fødde før 1. januar 1978 og som har fullført grunnskole eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring (§ 4A-3), rett til slik opplæring. Kravet til fullført grunnskole eller tilsvarande blir praktisert liberalt.

Av forskrift til opplæringslova går det fram at vaksne med rett til vidaregåande opplæring har rett til å få kartlagt og vurdert realkompetansen sin, slik at han kan danne grunnlag for søknad om inntak. Forskrifta §§ 4-63 til 4-66 omtalar kva typar dokumentasjon fylkeskommunen kan gi; vitnemål, fag/sveinebrev eller kompetansebevis.

I Ot.prp. nr. 44 (1999-2000) er det lagt vekt på at "Opplæringa skal byggje på den formal- og realkompetansen den enkelte vaksne har frå før, dvs. gi eit avkorta tilbod som gjer det mogleg å halde fram utdanninga frå det nivå der den vaksne står." Tilbodet vil derfor ofte bli både eit avkorta og eit tilpassa læringsløp. Dette har til føresetnad at fylkeskommunen gjennomfører ei kartlegging og vurdering av den enkeltes kompetanse, jf. også veiledningsplikta i forvaltningslova § 11.

Retten til realkompetansevurdering er per i dag knytt til retten for vaksne til vidaregåande opplæring og til retten til å få realkompetansen sin vurdert ved opptak til vidaregåande opplæring. Retten er heimla i forskrift av 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova, jf. forskrifta § 6-27 om kartlegging og vurdering av realkompetanse for vaksne med rett til vidaregåande opplæring. Paragrafen lyder som følgjer:



"§ 6-27. Kartlegging og vurdering av realkompetanse for vaksne med rett til vidaregåande opplæring

Fylkeskommunen har plikt til å sørgje for at vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter § 4A-3 får kartlagt og vurdert realkompetansen sin, slik at denne kompetansen kan danne grunnlag for søknad om inntak, jf. § 6-10, § 6-22 og § 6-23. Kartlegginga og vurderinga av realkompetansen skal oppsummerast skriftleg.

Med realkompetanse er meint den formelle og uformelle kompetansen den vaksne har.

Vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter § 4A-3, skal til vanleg få tilbod om opplæring i samsvar med den sluttkompetansen dei ønskjer. I vurderinga skal det leggjast avgjerande vekt på kva moglegheiter den enkelte har for å oppnå yrkes- eller studiekompetanse.

Endra ved forskrift 19 jan 2001 nr. 71 (i kraft 1 februar 2001)."

Det er i dag ikkje lovheimel for å påleggje fylka å vurdere realkompetansen til dei som ikkje søkjer opptak til vidaregåande opplæring. Retten til å få vurdert realkompetanse er såleis knytt til retten til inntak til vidaregåande opplæring, med den følgje at vaksne som ønskjer å få realkompetansen sin vurdert med sikte på å søkje ein jobb, ikkje vidaregåande opplæring, i dag fell utanfor ordningane. Det er heller ingen heimel for å påleggje fylka å gi kompetansebevis til dei som ikkje har fullført nødvendig utdanning etter realkompetansevurderinga, jf. forskrifta § 6-27.

Dei som har fullført vidaregåande opplæring, har ikkje rett til opplæring på vidaregåande skoles nivå og har såleis heller ikkje rett til realkompetansevurdering. Sjå forskriftene § 6-28 som lyder slik:

"§ 6-28. Inntak og rangling av vaksne med og utan rett til vidaregåande opplæring

Vaksne søkjarar skal primært takast inn til opplæringstilbod som er organiserte for vaksne.

Vaksne kan søkje om inntak til ordinær opplæring i vidaregåande skole. Vaksne søkjarar skal da prioriterast etter ungdom med rett etter opplæringslova § 3-1.

Vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring går framfor søkjarar utan rett.

I tilfelle fylkeskommunen har oppretta eit kurs med eit avgrensa tal på plassar, skal plassane tidlegast søkjarar med rett etter tidspunktet for registreringa av søknaden. Dette gjeld både inntak til enkelte opplæringstilbod organiserte for vaksne og inntak til ordinær opplæring i vidaregåande skole. Dersom rangling etter registreringstidspunkt fører til at den enkelte vaksne ikkje får opplæring tilpassa behovet sitt, jf. opplæringslova § 4A-3, må fylkeskommunen gjere unntak etter konkret vurdering.

Dersom det er fleire søkjarar utan rett enn det er ledige plassar, skal dei som ikkje tidlegare har fullført vidaregåande opplæring gå framfor søkjarar med fullført studie- eller yrkeskompetanse. Dei vaksne innanfor desse to gruppene skal få tilbod etter kvart som søknadene blir registrerte i fylkeskommunen.

0 Endra ved forskrift 19 jan 2001 nr. 71 (i kraft 1 feb 2001)."

4.2 Forslag til endring av opplæringslovas § 4A-3

4.2.1 § 4A-3 forslag til nytt 5. ledd: "Vaksne som i dag har rett til vidaregåande opplæring har rett til vurdering av realkompetansen sin og til offentleg kompetansebevis, også når føremålet med vurderinga er arbeid. Personar som ikkje har rett til vidaregående opplæring, kan få vurdert realkompetansen sin om dei blir vist til dette av kommune eller Aetat."

Merknad til nytt 5. ledd:

Leddet inneber at vaksne med rett til vidaregåande opplæring som søkjer arbeid, er likestilte med vaksne som søker vidare opplæring når det gjeld behov for vurdering og offentleg dokumentasjon av realkompetanse. Det skal dokumenterast kva ein person kan i forhold til gjeldande læreplanar, uavhengig av om dokumentasjonen skal nyttast til opptak i vidaregåande opplæring eller ved søking av arbeid. Fylkeskommunen skal også tilby realkompetansevurdering til personar som blir viste frå kommune eller Aetat sjølv om dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring.

4.2.2 § 4A-3 forslag til nytt 6. ledd:

"Fylkeskommunen skal gi offentleg kompetansebevis på grunnlag av realkompetansevurdering på vidaregåande skoles nivå. "

Merknad til nytt 6. ledd:

Fylkeskommunen skal etter ei realkompetansevurdering gi eit offentleg kompetansebevis.

VEDLEGG:

Utkast til ny ordlyd i opplæringslovas § 4A-3

§ 4A-3. Rett til vidaregåande opplæring for vaksne

Vaksne som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring. Første punktum gjeld vaksne som er fødde før 1. januar 1978. Opplæringa for vaksne skal tilpassast behovet til den enkelte. Retten kan oppfyllast mellom anna ved fjernundervisningstilbod. Departementet gir nærmare forskrifter, mellom anna om kven retten omfattar, om inntak, kriteria for å rangere og førerett.

Vaksne som er tekne inn til vidaregåande opplæring, har rett til å fullføre opplæringsløpet. Dette gjeld sjølv om dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter første leddet.

I fag der læreplanen føreset lengre opplæringstid enn tre år, har dei vaksne rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen.

Opplæringa er gratis. Fylkeskommunen kan påleggje vaksne som får vidaregåande opplæring, å halde seg med undervisningsmateriell og utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha, til eige bruk. Fylkeskommunen kan krevje betaling for utgifter til å kopiere slikt materiell. Departementet gir nærmare forskrifter.

Vaksne som i dag har rett til vidaregåande opplæring har rett til vurdering av realkompetansen sin og til offentleg kompetansebevis, også når føremålet med vurderinga er arbeid. Personar som ikkje har rett til vidaregående opplæring, kan få vurdert realkompetansen sin om dei blir vist til dette av kommune eller Aetat.

Fylkeskommunen skal gi offentleg kompetansebevis på grunnlag av realkompetansevurdering på vidaregåande skoles nivå.

Til toppen