Høyring – endring av reglane i konsesjonsforskrifta om storleiksavgrensing for fartøy med pelagisk trålløyve

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 20.05.2009

Vår ref.:

1. Innleiing

Fiskeri - og kystdepartementet forslår i dette høyringsbrevet å endre § 2-7 i forskrift av 13. oktober 2006 nr. 1157 om spesielle tillatelser for å drive enkelte former for fiske og fangst (konsesjonsforskriften) om storleiksavgrensing for fartøy med pelagisk trålløyve.

Sør-Norges Trålerlag tok i brev 7. desember 2009 opp denne storleiksavgrensinga, og uttalte følgjande:

”Styret mener at det må foretas en endring i konsesjonsforskriften slik at fartøy med pelagisk tråltillatelse kan få bygge nye fartøy eller utvide eksisterende fartøy eller skifte ut fartøy, slik at faktisk lastekapasitet blir større enn 1.000 tonn, dvs. at fartøy med pelagisk tråltillatelse får anledning til en tilpasning av fartøyenes lastekapasitet i tråd med reglene for ringnotgruppen.”

Departementet vil i dette høyringsbrevet gjere framlegg om ei slik endring, som inneber at storleiksavgrensinga for fartøy med pelagisk trålløyve vert endra frå 1000 kbm lasteromsvolum til 2000 kbm.

Det blir også foreslått ei teknisk endring i § 1-1 i konsesjonsforskriften.

Høyringsfrist er sett til onsdag 20. mai 2009.

2. Gjeldande rett

Forskrift av 13.oktober 2006 nr. 1157 om spesielle tillatelser for å drive enkelte former for fiske og fangst § 2-7 lyder:
”Det kan ikke tildeles pelagisk tråltillatelse for fartøy som har større lasteromsvolum enn 1000 kbm.”

Denne regelen er altså ei avgrensing for den fysiske storleiken for det samla lasteromsvolumet for føring av fangst for fartøy som kan tildelast slikt løyve. Grensa på 1000 kbm vart i si tid grunngitt med at det ikkje var ønskjeleg med ein kapasitetsauke sidan det då var ei rekkje fiskeri som ikkje var regulerte med fartøykvotar, men blant anna ved maksimalkvotar og i fleire høve fritt fiske. Ei anna grunngiving for denne avgrensinga var at det vart gjort ei konkret vurdering av forholda i gruppa, og avgrensinga var i prinsippet meint å avspegle gruppas funksjon og behov.

Regelen set også eit skilje mellom den pelagiske trålgruppa på den eine sida og blant anna ringnotfartøygruppa på den andre sida. For fartøy med ringnotløyve er lasteromsavgrensinga 2000 kbm. Fartøy som har begge typar løyve, må då tilpasse seg den lågaste grensa.


3. Bakgrunnen for forslaget

Departementet meiner at fleire forhold no talar for at det er grunn til å vurdere ein auke i avgrensinga av lasteromsvolum for fartøy med pelagisk trålløyve, slik Sør-Norges Trålerlag har gjort framlegg om.

Pelagiske trålfartøy har eit driftsmønster som inneber at dei i mange høve må langt frå kysten for å hauste fangsten. På grunn av lasteromsavgrensinga som ligg på pelagiske trålfartøy, må fartøya ofte gå fleire turar ut på fiskefeltet for å få ført i land kvoten sin enn dei ville ha gjort dersom fartøya hadde hatt større lasteromsvolum. Ei slik avgrensing gjer det meir ressurskrevjande å få lande fangsten, noko som særlig gjeld for dei fartøya som går heilt vest for Irland for å hauste kolmule.

Såleis vil det å auke lasteromsavgrensinga, og dermed fartøyet sin faktiske lastekapasitet, føre til at bruken av drivstoff går ned, noko som også vil vere betre for miljøet. Likeeins som klimaomsyn talar for auka lasteromskapasitet, talar også driftsøkonomiske omsyn for ein slik auke. Fartøya vil blant anna spare driftskostnader ved mindre drivstoffbruk.

Ei anna side av dette er at grensa på 1000 kbm i praksis gjer det betydeleg vanskelegare å få fleire løyve på fartøyet fordi ein blir hindra av storleiksavgrensinga i og med at andre viktige konsesjonsgrupper har høgare lasteromsgrense. Med ein havfiskeflåte som er i konstant endring, vil denne regelen etter kvart slå uheldig ut for fartøyeigarane som får store utfordringar i å få til eit optimalt driftsmønster.


4. Forslag til endra storleiksavgrensing

Departementet ønskjer i større grad å leggje til rette for at fartøyeigarane sjølve kan bestemme korleis dei oppnår ei optimal og lønnsam drift av fartøyet. Sidan dei fleste store fiskeria i dag er regulerte med fartøykvotar, og dermed eit fast kvantum fisk per år som det enkelte fartøyet kan hauste, finn departementet at lasteromsavgrensinga for den pelagiske trålgruppa bør aukast. 

I spørsmålet om kor stor auken i tillaten lasteromsstorleik bør vere, meiner departementet at ein bør sjå hen til lasteromsavgrensinga for torsketrålløyve, seitrålløyve og ringnottrålløyve, som er på høvesvis 1500, 1500 og 2000 kbm.

På den eine sida er fartøy med pelagisk trålløyve nokså nær fartøy med torsketrålløyve og seitrålløyve når det gjeld utforminga av fartøyet. Eit alternativ kan difor vere at lasteromsavgrensinga blir endra slik at han også for den pelagiske trålgruppa er på 1500 kbm. Dette ville gjere det enklare å skifte fartøy mellom dei tre trålgruppene.

På den andre sida er det ein vanleg kombinasjon at ein eigar er tildelt både ringnotløyve og pelagisk trålløyve for same fartøy. Slike kombifartøy deltek òg til ein viss grad i strukturordninga til pelagisk trålgruppa. Ei storleiksavgrensing på 2000 kbm vil altså vere med å gjere det enklare for at eit fartøy kan ha både pelagisk trålløyve og ringnotløyve og vil innebere at desse kan få same storleiksavgrensing som dei andre ringnotfartøya, noko som kan ha praktisk interesse for fleire fartøyeigarar.

Ei storleiksavgrensing på 2000 kbm vil derfor vere meir fleksibel for fartøyeigarane, som sjølve er dei næraste til å sjå kva som medverkar til mest effektiv drift for fartøyet.

Ei storleiksavgrensing på 2000 kbm vil også effektivisere driftsmønsteret enda meir enn ei avgrensing på 1500 kbm, og dermed vere det mest positive både i høve til utslepp av klimagassar, NOx og i høve til driftsøkonomiske omsyn.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at storleiksavgrensinga for fartøy med pelagisk trålløyve blir sett til 2000 kbm.

Auken i lasteromsvolumet vil ikkje føre til endringar i kva for rom om bord i fartøyet som skal reknast med ved fastsetjing av lasteromsvolumet. Alle rom som eignar seg til føring av fangst skal framleis reknast med.


I medhald av konsesjonsforskriften § 2-8 er det fastsett ein konsesjonskapasitet for alle fartøy med pelagisk trålløyve. Det følgjer av § 2-8 siste ledd at det ”kan ikke fastsettes større konsesjonskapasitet for et fartøy enn 600 kbm, eller inntil 1000 kbm ved sammenslåing”. Sjølv om denne største konsesjonskapasiteten som kan fastsetjast ved samanslåing har samsvart med storleiksavgrensinga, vil departementet ikkje foreslå at denne vert endra nå. Dette skuldast at konsesjonskapasiteten vert nytta som grunnlag for fastsetjing av kvoter i enkelte av dei fiskeria fartøy i denne gruppa deltek i, og avgrensinga av største konsesjonskapasitet er difor i realiteten eit kvotetak i strukturordninga for desse fartøya. Denne har altså ikkje ein nødvendig samanheng med storleiksavgrensinga i § 2-7. Ei eventuell endring av føresegna i § 2-8 siste ledd fell dermed utanfor hensikta bak endringa i dette høringsbrevet og må eventuelt vurderast i samband med endring i strukturkvoteordninga.


5. Forslag til forskriftsendringar

Departementet gjer etter dette framlegg om følgjande endringar i konsesjonsforskriften:

§ 1-1 e) skal lyde:

fiske med snurrevad

Dette er ei reint teknisk endring, som skuldast at § 6-1 (krav om tillatelse til å drive fiske med snurrevad) vart lagt til i forskrifta 8. februar 2008, utan at § 1-1 (virkeområde) vart endra samstundes.

§ 2-7 skal lyde (endra):

Det kan ikke tildeles pelagisk tråltillatelse for fartøy som har større lasteromsvolum enn 2000 m3

Høyringsfristen er sett til onsdag 20. mai 2009.

Med helsing


Johán H. Williams
ekspedisjonssjef
Vidar Landmark
avdelingsdirektør

Fiskeridirektoratet
Sametinget
Norges Fiskarlag
Norges Kystfiskarlag
Sør-Norges Trålerlag
Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening
Norske Sjømatbedrifters Landsforening
Fiskekjøperens forenig
Norsk Sjømannsforbund
Norsk Sjøoffisersforbund
Det norske maskinistforbund
Innovasjon Norge
Finansnæringens hovedorganisasjon
Sparebankforeningen
Norsk Nærings og Nytelsesmiddelarbeiderforbund

Til toppen