Status: På høyring

Høyringsfrist: 03.08.2026

Vår ref.: 26/1890

Finansdepartementet sender med dette på høyring eit framlegg om å utvide ordninga med aksjesparekonto til å omfatte aksjar og eigenkapitalbevis som vert handla på ein multilateral handelsfasilitet, slik som Euronext Growth. I dag må aksjar og eigenkapitalbevis vere noterte på ein børs eller annan regulert marknad for å kunne eigast gjennom aksjesparekonto.

Utvidinga som vert foreslått vil gjere ordninga med aksjesparekonto meir fleksibel for dei med aksjesparekonto. Ho vil òg leggje til rette for auka investeringar i aksjar i mindre og nystarta selskap, og auka kapitaltilgang for selskapa.

I høyringsnotatet vert det foreslått at utvidinga skal gjelde frå 1. januar 2027.

Departementet varslar i høyringsnotatet at dei greier ut moglegheita for å utvide aksjesparekontoordninga ytterlegare til òg å omfatte obligasjonar og partar i rente- og kombinasjonsfond.

Fristen for å sende inn høyringssvar er 3. august 2026.

For å gje høyringsfråsegn, gå til høyringa på www.regjeringen.no og bruk den digitale løysinga for høyringsfråsegn ved å klikke på «Send inn høyringssvar». Høyringsfråsegn er offentlege etter offentleglova og vert publiserte på nettsidene til Finansdepartementet.

Høyringsinstansar som ikkje står på høyringslista, kan òg gje høyringsfråsegn. Vi ber om at den einskilde høyringsinstans vurderer om saka bør sendast ut til underliggjande etatar eller verksemder, tilknytte verksemder, medlemsorganisasjonar og liknande.

Med helsing

Cecilie Beck Landet (e.f.)
avdelingsdirektør
                                                                               Thomas Oftedahl Næss
                                                                               rådgjevar

Justis- og beredskapsdepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Aksjonærforeningen i Norge
Den Norske Advokatforening
Den norske Revisorforening
Finans Norge (FNO)
Finanstilsynet
Finansieringsselskapenes Forening
Forbrukertilsynet
Forbrukerrådet
Forening for Finansfag Norge
Folketrygdfondet
Handelshøyskolen ved Universitetet i Stavanger
Handelshøyskolen BI
Nordic Association of Electricity Traders
Nordic Trustee
Norexeco
Norges Bank
Norges Handelshøyskole
Norsk Kapitalforvalterforening (NKFF)
Norsk Venturekapitalforening
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Oslo Børs ASA
Pensjonskasseforeningen
Regnskap Norge
Skattebetalerforeningen
Skattedirektoratet
SMB Norge
Sparebankforeningen i Norge
SSB
Storbedriftenes skatteforum
Tax Justice Network – Norge
Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet
Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultet
Universitetet i Tromsø, Det juridiske fakultet
Verdipapirforetakenes Forbund
Verdipapirfondenes forening
Verdipapirsentralen (VPS) ASA
ØKOKRIM
Økonomiforbundet