Status: På høyring

Høyringsfrist: 10.07.2026

Vår ref.: 26/2668

Finansdepartementet sender med dette på høyring framlegg om ei mindre endring i reglane om skatteplikt og frådragsrett ved realisasjon av bustad og fritidsbustad mottekne i arv eller gåve.

Framlegget inneber at det ikkje skal vere skatteplikt for gevinst eller frådragsrett for tap ved sal av bustad og fritidsbustad mottekne i arv eller gåve i ein periode på eit år etter arve- eller gåvetidspunktet.

Høyringsfristen er 10. juli 2026. For å gje høyringsfråsegn, gå til høyringa på www.regjeringen.no og bruk den digitale løysinga for høyringsfråsegn ved å klikke på «Send inn høyringssvar». Høyringsfråsegner er offentlege etter offentleglova og vert publiserte på nettsidene til Finansdepartementet.

Høyringsinstansar som ikkje står på høyringslista, kan òg gje høyringsfråsegn. Vi ber om at den einskilde høyringsinstans vurderer om saka bør sendast ut til underliggjande etatar eller verksemder, tilknytte verksemder, medlemsorganisasjonar og liknande.  

Med helsing
Martin Børresen (e.f.)                                 Edvard Madsen Fridtjofsen           avdelingsdirektør                                       fyrstekonsulent  

Barne- og familiedepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet
Akademikerne
Den Norske Advokatforening
Den norske Revisorforening
Landsorganisasjonen i Norge
Norges Bondelag
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Regnskap Norge
Skattebetalerforeningen
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Økonomiforbundet