Høyring - teknisk revisjon av forskriftene til petroleumsskattelova
Høyring | Dato: 16.10.2026 | Finansdepartementet
Finansdepartementet sender på høyring utkast til teknisk revisjon av forskriftene til petroleumsskattelova.
Høyringa følger opp framlegget om teknisk revisjon av petroleumsskattelovgivinga i Prop. 3 LS (2026–2027). Høyringsutkastet inneber i hovudsak at føresegna i forskriftene til petroleumsskattelova blir flytta til Finansdepartementets forskrift til skatteloven (FSFIN). Ein forskrift skal framleis bli fastsett av Energidepartementet.
Framlegget er reint teknisk, og departementet legg til grunn at det ikkje har provenyverknad.
Kvar høyringsinstans må vurdere om saka bør sendast til underliggjande etatar eller verksemder, tilknytte verksemder, medlemsorganisasjonar eller liknande.
Høyringsfristen er 30. november 2026. For å gje høyringsfråsegn, gå til høyringa på www.regjeringen.no og bruk den digitale løysinga for høyringsfråsegn ved å klikke på «Send inn høyringssvar». Høyringsfråsegner er offentlege etter offentleglova og vil bli publiserte på våre nettsider.
Med helsing
Kari Alice Frønsdal (e.f.)
avdelingsdirektør
Beate Bentzen
fagdirektør
Energidepartementet
Offshore Norge
Oljeskattekontoret
Skattedirektoratet