Høyring - utkast til endringar i forskrift 1. juli 2009 nr. 956 om samtykke til overdraging av løyve og interesseoverføring etter petroleumsskattelova § 10 m.m.
Høring | Dato: 02.10.2026 | Finansdepartementet
Finansdepartementet sender på høyring utkast til endringar i forskrift 1. juli 2009 nr. 956 om samtykke til overdraging av løyve og interesseoverføring etter petroleumsskattelova § 10 (§10-forskrifta).
Departementet føreslår å utvide verkeområdet for §10-forskrifta slik at reglane i forskrifta erstattar individuell sakshandsaming for fleire typar transaksjonar, noko som gjev kortare sakshandsamingstid og er meir føreseieleg for selskapa. For å imøtekome kommersielle behov selskapa har hatt i praksis føreslår departementet endringar i forskrifta når det gjeld vilkårsbunden betaling. Departementet føreslår å justere reglane om effektiv dato og samtykkeår, samt å klargjere pliktene til å gi opplysningar og sende inn dokumentasjon ved overdragingar. Departementet legg til grunn at framlegget ikkje har provenyverknad.
Vi vil trekkje fram at kvar høyringsinstans må vurdere om saka bør sendast til underliggjande etatar eller verksemder, tilknytte verksemder, medlemsorganisasjonar eller liknande.
Høyringsfristen er 2. januar 2027. For å gje høyringsfråsegn, gå til høyringa på www.regjeringen.no og bruk den digitale løysinga for høyringsfråsegn ved å klikke på «Send inn høyringssvar». Høyringsfråsegner er offentlege etter offentleglova og vil bli publiserte på våre nettsider.
Med helsing
Kari Alice Frønsdal (e.f.)
avdelingsdirektør
Ingvild Brandal Gaasemyr
lovrådgivar
Den norske advokatforening
Den norske Revisorforening
Energidepartementet
Handelshøyskolen ved Universitetet i Stavanger
Justis- og beredskapsdepartementet
Norges Bank
Norges handelshøyskole
Nærings- og fiskeridepartementet
Offshore Norge
Oljeskattekontoret
Petoro AS
Regnskap Norge
Skattebetalerforeningen
Skatteetaten
Skatteforsk – Centre for Tax Research
Sokkeldirektoratet
Storbedriftenes skatteforum
Universitet i Bergen, Det juridiske faktultet
Universitet i Oslo, Det juridiske faktultet
Universitet i Tromsø, Det juridiske faktultet
Universitetet i Stavanger