Høyringsbrev – framlegg om endring i merverdiavgiftsloven om transport av postsendingar frå meirverdiavgiftsområdet
Høyring | Dato: 17.06.2026 | Finansdepartementet
Finansdepartementet sender med dette på høyring framlegg om å endre reglane om meirverdiavgift på transport av postsendingar ut frå meirverdiavgiftsområdet.
Etter gjeldande rett er det fritak for meirverdiavgift for omsetting av transporttenester som finn stad i meirverdiavgiftsområdet, når transporten skjer direkte til eller frå stader utanfor meirverdiavgiftsområdet, jf. merverdiavgiftsloven (mval.) § 6-28 fyrste ledd. I sjette ledd er det stilt opp eit unntak: «Fritaket gjelder ikke for Posten Norge AS' transport av brev fra merverdiavgiftsområdet, med mindre det gjelder masseforsendelser av slike brev.» Merverdiavgiftsforskriften § 6-28-3 stiller opp krav til dokumentasjon, som må vere oppfylte for at tenesta skal vere friteken etter mval. § 6-28 fyrste ledd.
Høyringsnotatet gjer framlegg om å endre ordlyden av mval. § 6-28 sjette ledd, slik at avgiftsplikta i sjette ledd skal omfatte postsendingar som er frankerte med frankeringsmiddel påført «Norge» eller «Noreg», men framleis med unntak for massesendingar. Etter departementets syn er dette tilfelle som uansett ikkje oppfyller krava til dokumentasjon. Framlegget inneber at fleire tilfelle av transport av postsendingar vil vere omfatta av fritaket i fyrste ledd.
Verknadstidspunktet vert vurdert nærare etter høyringa, men departementet tek sikte på at endringane får verknad frå 1. januar 2027.
Høyringsinstansar som ikkje står på høyringslista, kan òg gje høyringsfråsegn. Den einskilde høyringsinstansen vert oppmoda til å vurdere om saka bør sendast til underliggjande etatar eller verksemder, tilknytte verksemder, medlemsorganisasjonar mv.
For å gje høyringsfråsegn, gå til høyringa på www.regjeringen.no og bruk den digitale løysinga for høyringsfråsegn ved å klikke på «Send inn høyringssvar». Høyringsfråsegner er offentlege etter offentleglova og vil bli publisert på nettsidene våre.
Høyringsfristen er 29. juli 2026.
Med helsing
Frédéric Wilt (e.f.)
avdelingsdirektør
Sandra Craig
fyrstekonsulent
Arbeids- og inkluderingsdepartemente
Barne- og familiedepartementet
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Energidepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet
Kultur- og likestillingsdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Samferdselsdepartementet
Utenriksdepartementet
Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
SMB Norge
Den Norske Advokatforening
Den norske Revisorforening
Hovedorganisasjonen Virke
KS
Landsorganisasjonen i Norge
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Regelrådet
Regnskap Norge
Skattebetalerforeningen
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Tolletaten
Unio, hovedorg. for universitets- og høyskoleutdannede
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund YS
Økonomiforbundet
Forbrukerrådet
Longyearbyen lokalstyre
Aktiv Norgesdistibusjon
Amedia Distribusjon Viken as
Bypost AS
ColliCare Logistics As
DHL International AS
Distribution Innovation AS
Easy2you
Fagpressen
Forbrukertilsynet
FedEx
Glåmdal Distribusjon AS
Grafisk bransjeforening
Helthjem Delivery AS
Instabox Norway AS
JetPak
Konkurransetilsynet
Landslaget for Lokalaviser
Mediaconnect AS
MediaPost AS
Mediebedriftenes Landsforening
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
NHO Logistikk og Transport
NHO Service og handel
Nordmøre Distribusjon AS
Nordnorsk Distribusjon AS
Norsk Bibliotektransport AS
Norsk tidsskriftforening
Pakkepost.no
Posten Bring AS
Polaris Distribusjon Midt Norge AS
Polaris Distribusjon - Sor AS
Polaris Distribusjon Nord-Norge AS
Polaris Distribusjon Nordvestlandet AS
Polaris Media ASA
Porterbuddy Norge AS
PostNord AS
Romerike Mediadistribusjon AS
DSV Road AS
Samisk forelegger- og avisforening
Schibsted ASA
Sunnhordaland Distribusjon AS
Telemark Distribusjon AS
Tollit Norge AS
Trønder-Distribusjon AS
UPS Norway AS
Valdres Media AS
Østfold Distribusjon AS