Inkludering av funksjonshemma i frivillige organisasjonar
Rapport 2011:2 Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor
Rapport | Dato: 30.03.2011 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kulturdepartementet
Rapporten er ei empirisk analyse av funksjonshemma si deltaking i frivillige organisasjonar i Noreg, samanlikna med funksjonsfriske.
Av Ivar Eimhjellen
Rapporten er ei empirisk analyse av funksjonshemma si deltaking i frivillige organisasjonar i Noreg, samanlikna med funksjonsfriske. Datagrunnlaget er individdata frå "Undersøkelse om frivillig innsats 2009".
Fyrste del går igjennom kven som er frivillige og medlemmer, kvar dei er det og kva som avgjer om ein er frivillig eller medlem. Ein ser og på forskjellar i økonomisk støtte til frivillige organisasjonar, samt haldningar og hindringar i forhold til deltaking i frivillige organisasjonar.
Andre del går inn i forskjellar mellom funksjonshemma og funksjonsfriske når det gjeld andre former for deltaking i sivilsamfunnet og forskjellar i sosial kapital, nettverk og tillit.