Meld. St. 19 (2010–2011)

Samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2010

Til innhaldsliste

1 Det politiske samarbeidet

Samarbeidet i OSSE i 2010 var prega av toppmøtet i Astana i desember og førebuingane til dette. Det var det første toppmøtet i organisasjonen sidan 1999. Deltakarlanda på toppmøtet vart samde om ei erklæring som stadfestar og forsterkar tidlegare inngåtte forpliktingar og erklærte at dei vil arbeide for betre oppfølging og etterleving innanfor alle dei tre dimensjonane i OSSE. Hovudvekta ligg på forpliktingane innanfor den menneskelege dimensjonen, der utviklinga dei seinare åra har vore lite oppmuntrande i mange av deltakarlanda i OSSE. Også forhandlingane om ein handlingsplan var nær ved å lukkast, men stranda på omtalen av dei langvarige konfliktane, og særleg Georgia. Det vil difor vere ei viktig oppgåve for dei neste formannskapa (Litauen i 2011, Irland i 2012 og Ukraina i 2013) å vidareføre dette arbeidet slik at det gjev konkrete resultat.

Under førebuingane til toppmøtet stod Noreg saman med likesinna land bak fleire forslag om å forbetre krisehandteringsevna til OSSE, styrkje forpliktingane når det gjeld mediefridom og ytringsfridom, styrkje vernet av nasjonale minoritetar og betre oppfølginga av tilrådingane etter valobservasjon. Noreg rapporterte grundig til OSSE-organa om oppfølginga etter stortingsvalet i 2009, i nært samarbeid med ODIHR. I samband med kommunevalet til hausten skal OSSE/ODIHR gjennomføre ein «særskild» valobservasjon av førebuingane til gjennomføring av elektronisk stemmegjeving i utvalde kommunar. På ein europarådskonferanse i Oslo i mars 2010 vart det mellom anna diskutert korleis prosessane og tilnærmingsmåtane for valobservasjon ved bruk av datateknologi ved stemmegjeving må justerast.

Arbeidet med tillits- og tryggleiksskapande tiltak, mellom anna gjensidig utveksling av informasjon om forsvarsplanlegging, stridskrefter, våpensystem og aktivitetar, står sentralt i OSSE. Ei viktig plattform for dette arbeidet er Wien-dokumentet frå 1999. I 2010 kom deltakarlanda i gang med ei høgst nødvendig oppdatering av Wien-dokumentet. Arbeidet vil halde fram i 2011.

Ved inngangen til 2010 vart det innleidd ein diskusjon blant NATO-landa om korleis avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa frå 1992 (CFE-avtalen) kunne få nytt liv. Bakgrunnen var særleg at Russland sidan desember 2007 har «suspendert» CFE-avtalen. NATO presenterte i juni 2010 eit utkast til «nytt rammeverk for konvensjonell rustingskontroll i Europa». Utspelet vart starten på ei rekkje møte i Wien i såkalla «36-format» (dei 30 statspartane til CFE-avtalen og dei seks nyaste NATO-landa: Albania, Estland, Kroatia, Latvia, Litauen og Slovenia). I tillegg vart den bilaterale dialogen mellom USA og Russland om konvensjonell rustingskontroll langt meir intensiv etter sluttføringa av START-avtalen. Dei pågåande forhandlingane i Wien gjeld i første omgang eit kortfatta mandat for vidare forhandlingar om eit modernisert regime for konvensjonell rustingskontroll i Europa. Det er likevel ikkje semje om vidare forhandlingar skal dreie seg om ein revisjon av den juridisk bindande CFE-avtalen eller sikte mot eit nytt politisk forpliktande regime for konvensjonell rustingskontroll i Europa som kan erstatte CFE-avtalen. Andre sentrale stridspunkt i forhandlingane gjeld dels spørsmålet om vertslandssamtykke ved utstasjonering av styrkar og omtalen av aktuelle politiske konfliktar, dels kravet frå NATO-landa om russisk iverksetjing av den gjeldande CFE-avtalen i forhandlingsfasen. Det ser ut til å vere semje om at dei tre komponentane i CFE-avtalen – restriksjonar på konvensjonelle styrkar, innsyn gjennom utveksling av informasjon om militær struktur, materiell og personell og høve til verifikasjon ved inspeksjonar av militære avdelingar – har hatt stor tillitsskapande verdi og bør førast vidare.

Regjeringa har gjeve arbeidet med å gje nytt liv til CFE-avtalen høg prioritet og har samarbeidd nært med dei andre allierte i NATO. For å styrkje den norske innsatsen i forhandlingane er det oppretta ei eiga stilling som spesialutsending for europeiske tryggings- og rustingskontrollspørsmål.

Den kasakhstanske formannskapen synte stor handleevne i handteringa av krisa i Kirgisistan våren 2010. Allereie dagen etter at uroa braut ut, vart det utnemnd ein spesialrepresentant for Kirgisistan, og formannskapen stod sentralt i arbeidet med å overtale presidenten til å gje opp makta og forlate landet. Ei overgangsregjering under leiing av opposisjonsleiar Rosa Otunbajeva lovde ei ny grunnlov basert på eit parlamentarisk styresett og snarlege val. Men dei påfølgjande parlamentsvala, som vart haldne i samsvar med den nye lova, gav eit valresultat som gjorde det vanskeleg å få ei styringsdyktig regjering. Landet treng framleis omfattande internasjonal bistand for å kunne utvikle eit levedyktig demokrati. OSSE har bidrege med eksperthjelp, men ut over den første, formannskapsstyrte hurtiginnsatsen har den vidare praktiske oppfølginga vist seg å verte vanskeleg. Det har likevel vore mogeleg å samle konsensus om utplassering av ei felles politirådgjevingsgruppe som hjelper nasjonale kirgisiske politistyresmakter med å vareta tryggleiken for befolkninga og bidreg til det nasjonale politireformprogrammet. Frå norsk side bidreg vi òg bilateralt til det nasjonale dialogarbeidet. Dette arbeidet har som målsetting å utvikle samarbeid mellom ulike trusretningar for å fremje toleranse og samarbeid.

Presidentvalet i Kviterussland i 2010, særleg den brutale handteringa av opptøya som oppstod utover valdagen, og vedtaket landet gjorde om å ikkje gå med på ei forlenging av mandatet for OSSE-kontoret, var eit tilbakesteg for utviklinga av demokrati, rettsstat og grunnleggjande menneskerettar. Det autoritære styret i Kviterussland har ikkje synt teikn til svekking. Forfølging og trakassering av journalistar, opposisjonspolitikarar og andre representantar for det sivile samfunnet auka i omfang att i 2010. Avrettinga av to personar i mars 2010 stadfesta at Kviterussland er det einaste landet i Europa som framleis nyttar dødsstraff. Regjeringa beklagar den kviterussiske avgjerda om å avvikle sendelaget, noko som gjer det vanskelegare for det internasjonale samfunnet å påverke utviklinga i landet.

Regjeringa legg vekt på å oppretthalde det omfattande feltnærværet til OSSE. I dag er det 17 feltkontor på Vest-Balkan, i Kaukasus, i Aust-Europa og i Sentral-Asia som i stor grad arbeider for vern av menneskerettar og minoritetsrettar. Regjeringa beklagar at det ikkje har vore mogeleg å få gjenoppretta eit OSSE-nærvær i Georgia. OSSE vart nøydd til å avslutte verksemda i 2009 då Russland ikkje kunne godta ei vidareføring av sendelaget utan at det skjedde innanfor rammer som innebar ei direkte eller indirekte godkjenning av utbrytarregionane Abkhasia og Sør-Ossetia. Noreg støttar suvereniteten og den territoriale integriteten til Georgia og oppfordrar partane til å overhalde våpenkvileavtalen frå 12. august 2008 og tilleggsavtalen frå 8. september same året. I mangel av eit OSSE-nærvær på bakken ser regjeringa eit særskilt behov for aktivt engasjement frå dei ulike OSSE-institusjonane, mellom andre OSSEs høgkommissær for nasjonale minoritetar.

Dei fem landa i Sentral-Asia er framleis i ein nasjonsbyggingsfase, og alle er – om enn i ulik grad – prega av eit autoritært styresett med ei til dels negativ utvikling når det gjeld demokrati og menneskerettar. Regionen har i OSSE-samanheng fått stor merksemd på grunn av den kasakhstanske OSSE-formannskapen, naboskapen til Afghanistan og OSSE-vedtaket om å styrkje samarbeidet med dette partnarlandet innanfor grensekontroll, politi og kamp mot narkotika. Sendelaga i regionen speler ei viktig rolle, og regjeringa vil arbeide for at mandata deira skal vere så robuste som mogeleg. Kasakhstan er den fremste partnaren til Noreg i regionen. Landet gjennomførte nokre forsiktige demokratiske reformer i forkant av OSSE-formannskapen i 2010, men utviklinga i 2010 har på nytt gått i feil retning. Naboskapen til Afghanistan gjev òg særleg grunn til å følgje utviklinga i Tadsjikistan, Usbekistan og Turkmenistan. Regjeringa vil vidareføre innsatsen for grensetryggleik i Tadsjikistan, gje auka støtte til reformpolitikk og stabilisering i Kirgisistan og bidra til arbeidet OSSE gjer i Turkmenistan.

Når det gjeld Vest-Balkan, står utviklinga i Kosovo og rolla det internasjonale samfunnet speler der, framleis sentralt for OSSE. Arbeidet, ikkje minst for å sikre rettane til minoritetane, vert vidareført og utfyller den innsatsen EUs politi- og justisoperasjon (EULEX) gjer. Regjeringa vil framleis arbeide for eit mindre, men meir fokusert OSSE-nærvær i Kosovo. Det er òg ønskeleg at det omfattande engasjementet til OSSE i Serbia vert vidareført. Hovudoppgåva til sendelaget der er å støtte reformarbeidet, mellom anna politi- og tryggingssektorreform, fremje minoritets- og menneskerettar, kjempe mot korrupsjon og organisert kriminalitet og støtte kapasitetsbygginga i domstolane slik at dei kan gjennomføre krigsforbrytarsakar i samsvar med internasjonale standardar. Det er òg behov for å vidareføre det robuste engasjementet i Bosnia-Hercegovina der den politiske situasjonen framleis er vanskeleg og uoversiktleg.

I Aust-Europa (Moldova, Ukraina og særleg Kviterussland) og i Sør-Kaukasus har OSSE mykje ugjort arbeid. Situasjonen i Moldova var òg i 2010 prega av uløyste konstitusjonelle spørsmål, men reformpolitikken som vart innleidd etter regjeringsskiftet i 2009, har lagt grunnlaget for ein ny giv i reforminnsatsen, der OSSE deltek med viktige bidrag. Mandatet for OSSE-nærværet i Ukraina har lenge vore underlagt sterke restriksjonar, samtidig som behovet for eit aktivt sendelag ikkje har vorte mindre etter presidentskiftet i 2010. I Sør-Kaukasus gjev særleg utviklinga i Aserbajdsjan grunn til auka uro med omsyn til etterlevinga av forpliktingane landet har som OSSE-deltakarland. Også Armenia har ein lang veg å gå før det kan seiast at landet oppfyller forpliktingane sine innanfor den menneskelege dimensjonen i OSSE-samarbeidet. Georgia har behov for ytterlegare bistand frå OSSE til reformarbeidet, men dette vert vanskeleg å gjennomføre sidan det ikkje finst nokon lokal OSSE-representasjon.

OSSE er involvert som forhandlar og observatør i dei uløyste konfliktane om Transnistria i Moldova og Nagorno-Karabakh i Aserbajdsjan. I Transnistria ser det ut til å vere visse signal om potensiell framgang i forhandlingane. Når det gjeld Nagorno-Karabakh, er det positivt at presidentane i Armenia og Aserbajdsjan har møttest regelmessig òg i 2010, men retorikken ber ikkje bod om kompromissvilje. Regjeringa støttar innsatsen til formannskapen for å skape framgang i dei uløyste konfliktane. Samtidig vil Noreg gjennom bilateral bistand støtte prosjekt som bidreg til fredsbygging og tillitsskapande tiltak mellom partane. Samarbeidet med norske frivillige organisasjonar, FN-organ, Europarådet, Høgkommissæren for nasjonale minoritetar (HCNM) og sendelaga vil vere viktig her.

Regjeringa ser det som viktig å støtte OSSE-kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR) og sikre den uavhengige rolla til kontoret. Arbeidet i OSSE for å fremje frie og demokratiske val står sentralt her. Regjeringa vil framleis prioritere norsk deltaking i valobservasjonslaga. Vidare vil regjeringa halde fram å arbeide for at OSSE skal styrkje dialogen med det sivile samfunnet, og for at menneskerettsforsvararar i deltakarlanda i OSSE får eit betre vern. Høgkommissæren for nasjonale minoritetar (HCNM) har ein sentral førebyggjande funksjon og varetek tilsynsoppgåvene OSSE har overfor nasjonale minoritetar. Innsatsen til HCNM i Kirgisistan etter krisa stadfesta at institusjonen har ei viktig rolle å spele i alle fasar av ei krise som involverer nasjonale minoritetar, noko som gjeld dei aller fleste konfliktane i OSSE-området. Representanten for frie medium (FOM) har ei viktig tilsynsrolle som skal sikre ei fri og uavhengig presse og i samband med dette vareta rettstryggleiken for journalistar og arbeide med problemstillingar knytte til informasjonsutveksling via Internett. Noreg har støtta initiativ for å styrkje integriteten og autoriteten til institusjonen.

Det er viktig at OSSE konsentrerer arbeidet om kjerneoppgåvene innanfor det utvida tryggleiksomgrepet, mellom anna respekt for dei grunnleggjande menneskerettane. Vidare bør OSSE framleis rette merksemda mot dei utfordringane som etniske og regionale konfliktar, organisert kriminalitet, handel med menneske, våpen og narkotika og internasjonal terrorisme utgjer. Det er positivt at organisasjonen er oppteken av energitryggleik og drøfter samanhengen mellom klimaendringar, miljø og tryggleik.

Regjeringa er oppteken av å styrkje samarbeidet mellom OSSE, FN, EU, Europarådet og NATO og av å sjå dette i samanheng med det bilaterale engasjementet til Noreg. Arbeidet i dei multilaterale organisasjonane er avgjerande for å fremje norsk utanriks- og tryggingspolitikk.

Noreg er engasjert i spørsmål knytte til tryggingssektorreform både innanfor OSSE, NATO, FN og bilateralt. OSSE bidreg til politi- og justissektorreform i fleire land. Regjeringa vil vidareføre støtta til dette arbeidet, mellom anna gjennom ytterlegare støtte til grensesamarbeid i sentralasiatiske land. Noreg finansierer òg to-tre juristar som er knytte til sendelaget i Baku for å fremje justissektorreform, medan vi i andre land i regionen bidreg gjennom bilaterale program.

Det er viktig at hovudprioriteringane og dei politiske vedtaka i OSSE vert følgde opp med tilstrekkelege ressursar til gjennomføring. Regjeringa er oppteken av at budsjettet må reflektere dei faktiske behova til organisasjonen, slik at han kan utføre arbeidet sitt på ein effektiv måte. I denne samanhengen er institusjonane svært viktige for den samla slagkrafta til organisasjonen. I tråd med dette har Noreg arbeidd for ei styrking av budsjetta til Representanten for frie medium og Høgkommissæren for nasjonale minoritetar. Det same gjeld feltarbeidet i Sentral-Asia, med særleg vekt på Kirgisistan etter krisa. Noreg bidreg dessutan utanom dei ordinære driftsbudsjetta med prosjektbistand gjennom OSSE-systemet til arbeidet med menneskerettar, bygging av rettsstaten, valspørsmål, innsats på politisektoren inkludert grensekontroll, handvåpen og destruksjon av ammunisjon, kampen mot menneskehandel og arbeidet med likestilling. Det vert teke sikte på at ein rammeavtale for slik støtte til OSSE skal inngåast i 2011.