Meld. St. 3 (2022–2023)

Statsrekneskapen 2022

Til innhaldsliste

1 Hovudtrekk i statsrekneskapen

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen for 2022.

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2021 til 2022 og overført løyving frå 2022 til 2023. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig. Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap for 2022. Budsjettutviklinga gjennom 2022 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 33 S (2022–2023) Ny saldering av statsbudsjettet 2022.

Året 2022 har som 2021 vore eit utfordrande år med store konsekvensar for norsk økonomi, personar og verksemder. Økonomiske tiltak er fremma og vedteken gjennom året knytte til pandemien, ekstraordinære høge straumprisar og krigen i Ukraina. Samla vart det i saldert budsjett 2022 og gjennom året budsjettert med eit oljekorrigert underskot som ligg noko under 2021 nivået. Til tross for eit framleis stort oljekorrigert underskot, dekt med overføring frå Statens pensjonsfond utland (SPU), syner fondet eit overskot i 2022 slik det vert presentert saman med statsbudsjettet. Det kjem mellom anna av ein auke i rente- og utbyteinntekter i fondet og ein kraftig auke i netto kontantstraum frå petroleum som følgje av eit historisk høgt prisnivå på gass sidan sommaren 2021 og som har haldt fram gjennom 2022. Rekneskapen til Statens pensjonsfond utland syner monaleg store realiserte og urealiserte tap, medan valutakurseffekten på investeringar i utanlandske verdipapir har vore positiv i 2022. Netto auke i kapitalen i Statens pensjonsfond utland, inkludert finanstransaksjonar til fondet, vart 58,3 milliardar kroner. Kapitalen i Statens pensjonsfond Noreg (SPN) minka med 14,7 milliardar kroner. Samla sett auka dermed kapitalen i Statens pensjonsfond med 43,6 milliardar kroner.

Rekneskapen og denne meldinga speglar statens ut- og innbetalingar og balanse til og med 31.12.2022, i tråd med prinsippa for føring av statsrekneskapen, sjå kapittel 4.4.

Kapittel 1 gjer greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalt. Kapittel 2 tek føre seg programområda til departementa kvar for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar og garantiar.

1.1 Hovudtal1

Tabell 1.1 syner statsrekneskapen 2022 etter postgrupper i statens kontoplan for høvesvis utgifter og inntekter. Dei samla utgiftene vart 3 196,7 mrd. kroner, medan inntektene før statslånemidlar vart 3 122,4 mrd. kroner. Overskot før lånetransaksjonar i statsrekneskapen og netto lånepostar (post 90-99) gjev eit brutto finansieringsbehov på 74,3 mrd. kroner. Samla inntekter medrekna statslånemidlar vert 3 196,7 mrd. kroner.

Tabell 1.1 Utgifter og inntekter 2022

Utgifter (mill. kroner)

Samla

Sum utan overføring SPU

Utan petroleum og overføring SPU

Kontantstraum petroleum

Overføring SPU

Driftsutgifter (post 01-29)

223 347

223 347

223 347

0

0

Investeringar (post 30-49)

79 787

79 787

51 409

28 378

0

Overføringar (post 50-89)

2 648 024

1 362 802

1 362 802

0

1 285 223

Sum utgifter utan lånetransaksjonar

2 951 158

1 665 936

1 637 557

28 378

1 285 223

Lånetransaksjonar (post 90-99)

245 527

162 030

162 030

0

83 496

Sum utgifter med lånetransaksjonar

3 196 685

1 827 966

1 799 588

28 378

1 368 719

Inntekter (mill. kroner)

Sal av varer og tenester (post 01-29)

563 085

563 085

34 365

528 720

0

Inntekter i samband med nybygg, anlegg m.m. (post 30-49)

30 685

30 685

4 371

26 314

0

Skattar, avgifter og andre overføringar (post 50-89)

2 384 521

2 074 646

1 316 079

758 567

309 875

Sum inntekter utan lånetransaksjonar

2 978 291

2 668 416

1 354 815

1 313 601

309 875

Tilbakebetalingar (post 90-99)

144 127

144 127

130 601

13 496

0

Sum inntekter før statslånemidlar

3 122 418

2 812 543

1 485 446

1 327 097

309 875

Netto post 01-89, utgifter og inntekter (underskot før lånetransaksjonar)

-27 133

-1 002 480

282 742

-1 285 223

975 348

+ Netto lånetransaksjonar (post 90-99), utgifter og inntekter

101 399

17 903

31 399

-13 399

83 496

= Brutto finansieringsbehov (statslånemidlar)

74 267

Sum inntekter med lånetransaksjonar

3 196 685

Det oljekorrigerte underskotet går fram av netto utgifter og inntekter (post 01-89) utanom kontantstraum frå petroleumsverksemda og overføringane til og frå Statens pensjonsfond utland (SPU). Underskotet vert dekt med ei overføring frå SPU til statsbudsjettet som svarer til det oljekorrigerte underskotet, slik det vart rekna i nysaldert budsjett.

Det oljekorrigerte underskotet i 2022 vart 282,7 mrd. kroner, som er 27,1 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Statsrekneskapen vart difor gjord opp med eit overskot på 27,1 mrd. kroner, jf. òg tabell 1.4

Tabell 1.2 syner samla eigedelar, gjeld og eigenkapital slik det går fram av kapitalrekneskapen. Eigenkapitalen auka i 2022 med 26,4 mrd. kroner. Utan finanspostar til fondet på 83,5 mrd. kroner minkar verdien på Statens pensjonsfond med 39,9 mrd. kroner. Overskotet før lånetransaksjonar aukar eigenkapitalen. Det same gjer minka avsetjing av overførte midlar. Anna endring i eigenkapitalen er nærare omtalt i kapittel 4, note 17.

Tabell 1.2 Eigedelar, gjeld og eigenkapital (mill. kroner)

2022

2021

Endring

Sum eigedelar

14 393 664

14 322 538

71 126

Sum gjeld

935 031

890 331

44 700

Avslutningskonto (eigenkapital)

13 458 633

13 432 208

26 426

Endring i eigenkapitalen:

Endra verdi Statens pensjonsfond utanom finanstransaksjonar

-39 938

Overskot før lånetransaksjonar

27 133

Minka avsetjing av overførte midlar

5 229

Anna endring i eigenkapitalen

34 002

Tabell 1.3 syner endring i kapitalen til Statens pensjonsfond i 2022 og samanhengen med overskot, valutakursregulering, realiserte og urealiserte vinstar og tap og inntekt frå nettofinanstransaksjonar, fordelt på høvesvis SPU og SPN (Statens pensjonsfond Noreg).

For 2022 syner Statens pensjonsfond eit overskot på 1 254,7 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 1 281,8 mrd. kroner i 2022.

Tabell 1.3 Statens pensjonsfond (mrd. kroner)

SPU

SPN

Samla

Netto kontantstraum

1 285,2

1 285,2

– Overført statsbudsjettet

309,9

309,9

Renter og utbyte

267,4

11,9

279,3

Overskot

1 242,8

11,9

1 254,7

Kapital per 31.12.2021

12 355,2

332,9

12 688,1

Overskot

1 242,8

11,9

1 254,7

Valutakursregulering

641,9

-

641,9

Realiserte/urealiserte vinstar/tap

-1 909,8

-26,6

-1 936,4

Inntekt frå netto finanstransaksjonar

83,5

83,5

Kapital per 31.12.2022

12 413,5

318,2

12 731,7

Endra verdi, fondskapital

58,3

-14,7

43,6

1.2 Budsjettpolitikken og det strukturelle, oljekorrigerte underskotet

Bruken av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. I utrekninga av dette underskotet tek ein mellom anna omsyn til at ein del av statens inntekter og utgifter varierer med konjunkturane og med endringar i rekneskapstilhøve.

Det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet vart ved nysalderinga av budsjettet rekna til 337,2 mrd. kroner som svarte til 2,7 prosent av kapitalen i Statens pensjonsfond utland og 9,7 prosent av trend-BNP for Fastlands Noreg. I saldert budsjett vart strukturelt, oljekorrigert underskot rekna til 322,4 mrd. kroner eller 2,6 prosent av fondskapitalen.

Av Prop. 33 S (2022–2023) Ny saldering av statsbudsjettet 2022 går det fram at Finansdepartementet vil gje oppdaterte anslag for det strukturelle oljekorrigerte budsjettunderskotet i 2022 i revidert nasjonalbudsjett for 2023. Meir fullstendige vurderingar og utgreiing av det strukturelle, oljekorrigerte underskotet basert på ein gjennomgang av utviklinga i norsk økonomi, vert lagt fram to gonger i året, i nasjonalbudsjettet og i revidert nasjonalbudsjett. I dette ligg òg vurderingar knytte til den langsiktige berekrafta i statsfinansane og oppfølginga av retningslinene for den økonomiske politikken. Mellom anna desse vurderingane vil liggje til grunn for forslag til statsbudsjett og endring i dette gjennom året.

1.3 Utviklinga i det oljekorrigerte underskotet

Tabell 1.4 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene, oljekorrigert overskot og overskotet i statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens pensjonsfond i 2021 og 2022.

Utviklinga i 2021 og gjennom 2022 frå saldert til nysaldert budsjett og til rekneskapen er prega av dei økonomiske tiltaka knytte til pandemien. I tillegg kjem tiltaka knytte til ekstraordinære høge straumprisar og krigen i Ukraina. Auken i inntektsløyvingane frå saldert til nysaldert budsjett kjem i stor grad av anslaga på skatte- og avgiftsinntektene slik dei vart vurderte ved nysalderinga av budsjettet på slutten av året. Som rekneskapen syner, vart desse inntektene òg høgare enn venta ved nysalderinga. Utsette fristar for skattemelding og seint skatteoppgjer har gjort at skatte- og avgiftsanslaga til nysaldert budsjett har vore unormalt usikre dei siste åra. Auken i utgiftene gjennom 2022 kjem i all hovudsak av dei ulike økonomiske tiltaka knytte til pandemien, ekstraordinære straumprisar og krigen i Ukraina

1.3.1 Utviklinga i rekneskapen frå 2021 til 2022

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond auka med 1 139,6 mrd. kroner, frå 142,2 mrd. kroner i 2021 til 1 281,8 mrd. kroner i 2022. Overskotet i statsbudsjettet før lånetransaksjonar auka med 6,0 mrd. kroner, medan overskotet i Statens pensjonsfond auka med 1 133,6 mrd. kroner. Auken i overskotet i Statens pensjonsfond kjem av at netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda auka med 997,7 mrd. kroner, overføringa til statsbudsjettet som vart 80,2 mrd. kroner mindre som følgje av lågare oljekorrigert underskot og rente- og utbyteinntektene i Statens pensjonsfond som auka med 55,6 mrd. kroner frå 2021.

Det oljekorrigerte underskotet minka med 86,2 mrd. kroner frå 369,0 mrd. kroner i 2021 til 282,7 mrd. kroner i 2022. Tabell 1.4 nedanfor syner at utgiftene utanom petroleum og lånetransaksjonar auka med 78,1 mrd. kroner, eller 5,0 prosent, frå 1 559,4 mrd. kroner i 2021 til 1 637,6 mrd. kroner i 2022. Inntektene auka med 164,3 mrd. kroner eller 13,8 prosent, frå 1 190,5 mrd. kroner i 2021 til 1 354,8 mrd. kroner i 2022. Det auka utgiftsnivået i 2022 er ein følgje av at økonomiske tiltak i møte med pandemien i nokon grad er førte vidare og av dei økonomiske tiltaka knytte til ekstraordinære straumutgifter og krigen i Ukraina.

Tabell 1.4 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond 2022 (tal i mill. kroner)

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Nysaldert budsjett 2022

Rekneskap 2022

1.

Statsbudsjettet

A

Inntekter i alt

1 502 720

1 558 997

2 675 248

2 668 416

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

312 245

304 011

1 343 569

1 313 601

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

1 190 476

1 254 986

1 331 680

1 354 815

B

Utgifter i alt

1 584 176

1 581 563

1 669 555

1 665 936

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

24 732

26 500

28 000

28 378

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 559 444

1 555 063

1 641 555

1 637 557

=

Overskot i statsbudsjettet før overføring til Statens pensjonsfond (A-B)

-81 456

-22 565

1 005 694

1 002 480

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1)

287 513

277 511

1 315 569

1 285 223

=

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2-B.2)

-368 969

-300 076

-309 875

-282 742

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

390 066

300 076

309 875

309 875

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar1)

21 097

0

0

27 133

2.

Statens pensjonsfond

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

287 513

277 511

1 315 569

1 285 223

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

390 066

300 076

309 875

309 875

=

Netto avsett i Statens pensjonsfond utland

-102 553

-22 565

1 005 694

975 348

+

Renteinntekter og utbyte i fondet2)

223 663

233 800

252 800

279 312

=

Overskot i Statens pensjonsfond1)

121 110

211 235

1 258 494

1 254 660

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

Samla overskot1)

142 207

211 235

1 258 494

1 281 793

1) Overskotet i statsbudsjettet, Statens pensjonsfond og samla overskot er i samsvar med definisjonane av nettofinansinvesteringar i nasjonalrekneskapen og utanriksrekneskapen, som Statistisk sentralbyrå set opp. Etter definisjonane i nasjonalrekneskapen er realiserte og urealiserte vinstar og tap ikkje rekna som netto finansinvestering, og difor er dei ikkje med i dette oppsettet, som er nytta i statsbudsjettet og statsrekneskapen.

2) For 2022 utgjer renter og utbyte i Statens pensjonsfond utland (SPU) 267,442 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg (SPN) 11,870 mrd. kroner. For 2021 var renter og utbyte i SPU 214,064 mrd. kroner og i SPN 9,599 mrd. kroner. I 2022 vart det eit overskot i Statens pensjonsfond på 1 254,7 mrd. kroner. Av dette var overskotet for SPU 1 242,8 mrd. kroner. I 2021 synte SPU eit overskot på 111,5 mrd. kroner. Kapittel 3 inneheld eit detaljert resultatoppsett for Statens pensjonsfond.

Finansdepartementet

Auken i inntektene følgjer særleg av skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg som auka med 141,2 mrd. kroner, renteinntekter og utbyte utanom Equinor som auka med 15,1 mrd. kroner og vederlag frå oppdrettskonsesjonar som auka med 4,2 mrd. kroner i 2022. Overføringa frå Noregs Bank minka med 4,1 mrd. kroner. Andre inntekter auka samla med 8,0 mrd. kroner.

1.3.2 Utviklinga frå saldert til nysaldert budsjett2

Inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar for 2022 vart 1 116,3 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftsløyvingane vart 88,0 mrd. kroner høgare. Utanom petroleumsverksemda vart inntektene 76,7 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene vart 86,5 mrd. kroner høgare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot på 309,9 mrd. kroner i nysaldert budsjett for 2022, som er 9,8 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett.

Av 76,7 mrd. kroner i høgare inntekter kjem 51,7 mrd. kroner av høgare anslag på skatte- og avgiftsinntekter og 11,1 mrd. kroner av høgare rente og utbyteinntekter. Vederlag frå oppdrettskonsesjonar vart 4,2 mrd. kroner høgare og inntekter under Forsvarsbygg vart 1,4 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett. Overføringa frå Noregs Bank vart 1,0 mrd. kroner høgare og inntektene under statens forretningsverksemd vart 0,6 mrd. kroner høgare. Andre inntekter under departementa vart 6,7 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett.

Utgiftene vart 86,5 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett. Statens renteutgifter gjekk ned med 2,0 mrd. kroner. Løyving til stønader under folketrygda auka med 9,9 mrd. kroner. Tiltak knytte til ekstraordinære straumutgifter for hushaldningar og næringsliv vart løyvd med 34,8 mrd. kroner. Løyvingar til dei regionale helseføretaka og helseberedskap auka med 9,2 mrd. kroner. Kjøp av materiell og drift av forsvaret auka med 6,0 mrd. kroner. I tillegg kjem løyving på 2,2 mrd. kroner til militær stønad til Ukraina. Utgifter til flyktningtiltak i Noreg og regionløyving til Ukraina og naboland vart løyvd med 8,1 mrd. kroner, medan løyvinga til busetting og opplæring av flyktningar i Noreg auka med 6,9 mrd. kroner. Annan netto auke i utgiftene var 11,2 mrd. kroner.

Budsjettutviklinga gjennom 2022 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 33 S (2022–2023) Ny saldering av statsbudsjettet 2022.

1.3.3 Utviklinga etter nysalderinga

I statsrekneskapen for 2022 er det oljekorrigerte underskotet 282,7 mrd. kroner. Dette er 27,1 mrd. kroner mindre enn i nysalderinga og 17,3 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett, jf. tabell 1.4. Som del av BNP for Fastlands-Noreg er endringane i det oljekorrigerte underskotet små, høvesvis -0,8 prosent og -0,5 prosent. Det vil alltid vere uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal, og endringane frå år til år skil seg normalt ikkje frå det som har vore normale avvik dei siste 30 åra. Dei økonomiske tiltaka i møte med pandemien i 2020 gav større endringar enn normalt, medan endringane i 2021 og 2022 er små. Sjå boks 1.1 om uvisse i budsjettanslaga.

Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkje det venta oljekorrigerte underskotet. Etter dette auka inntektene utanom petroleumsinntekter med 23,1 mrd. kroner, frå 1 331,7 mrd. kroner til 1 354,8 mrd. kroner. Utgiftene utanom petroleumsverksemda minka med 4,0 mrd. kroner, frå 1 641,6 mrd. kroner til 1 637,6 mrd. kroner. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 2022 gjord opp med eit overskot på 27,1 mrd. kroner. Sjå tabell 1.5 og 1.6 for detaljar. Auken i skatte- og avgiftsinntektene er nærare omtalt i kapittel 1.6.

Tabell 1.5 Endringar i inntektene etter nysalderinga

Endringar i inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

19 885

+

Renteinntekter og utbyte utan Equinor ASA

-49

+

Inntekter frå statens forretningsverksemd utanom renteinntekter

81

+

Ymse inntekter

1 491

+

Andre inntekter

410

=

Auka inntekter utan meirinntekter

21 818

+

Meirinntekter frå meirinntektsfullmakter

1 317

=

Samla endring, inntekter

23 135

Tabell 1.6 Endringar i utgiftene etter nysalderinga

Endringar i utgiftene utanom lånetransaksjonar og petroleumsutgifter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Momskompensasjon til kommunar, fylkeskommunar og frivillige, kap. 1632

636

+

Nettoordning statleg betalt MVA, kap. 1633

-62

+

Renteutgifter, statsgjeld, kap. 1650, post 89

-253

+

Stønader i folketrygda medrekna utgifter til dagpengar, kap. 2530-2790

428

+

Straumstøtte, hushaldningar

-6 779

+

Busetting og norskopplæring av innvandrarar, kap. 0670-0672

-1 429

+

Landbruksdirektoratet, kap. 1142

-1 421

+

Politidirektoratet, kap. 0440

1 326

+

Beredskap, kap. 0702

1 234

+

Ålmenne kulturføremål, kap. 0325

987

+

Statens vegvesen, kap. 1320

881

+

Kjøp av materiell m.m. under forsvaret, kap. 1760

-656

+

Innovasjon Noreg, kap. 2421

571

+

Jernbaneføremål, kap. 1352-1359

523

+

Forsvarsbygg, kap. 1710

-512

+

Vaksinar, kap. 0710

-501

+

Andre utgifter, netto

1 030

=

Samla endring, utgifter

-3 997

Standardrefusjonar som er førte som utgiftsreduksjonar i rekneskapen utgjorde om lag 3,8 mrd. kroner3, og er medrekna i desse tala. Dette er refusjonar frå mellom anna arbeids- og velferdsetaten og folketrygda som dekkjer utgifter til arbeidsmarknadstiltak i statlege verksemder, løn under fødsels- og adopsjonspermisjon, løn til lærlingar og løn under sjukdom. Meirinntekter på løyvingar med meirinntektsfullmakter som heimlar meirutgifter i departementa og forvaltninga er òg medrekna.

Av auken i ymse inntekter frå nysalderinga kjem 1,1 mrd. kroner av Noregs del av bot som ESA ila Telenor for brot på konkurransereglane og som vart rettskraftig i 2022. Departementa har rapportert 1,3 mrd. kroner i meirinntekter på ymse budsjettpostar som det er knytte meirinntektsfullmakter til. Meirinntektene er tilbake på 2020-nivå etter at dei i 2021 vart halvert samanlikna med rekneskapen 2020. Andre inntekter under departementa vart om lag som budsjettert.

Utgiftene vart 4,0 mrd. kroner mindre enn budsjettert. Ser ein bort frå straumstøtte til hushaldningar som vart 6,8 mrd. kroner lågare enn budsjettert, auka utgiftene med om lag 2,8 mrd. kroner.

Endringar i utgiftene må òg sjåast i samanheng med bruken av meirinntektsfullmakter i departementa og forvaltninga og nivået på overført, unytta løyving.

Frå 2021 til 2022 auka samla nivå på overført, unytta løyving med 845 mill. kroner til 26,8 mrd. kroner. Frå 2022 til 2023 minkar overført, unytta løyving med 5,1 mrd. kroner. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.

Ein kunne vente at dei store overførte, unytta midlane frå 2021 ville medføre meirutgifter i 2022. Nedgangen kan tyde på at forvaltninga i større grad har klart å følgje opp aktivitet som vart utsett som følgje av pandemien. Høgare prisvekst enn venta i 2022 kan òg forklare auka utgifter.

Overført, unytta løyving til 2023

Frå 2021 til 2022 vart det for verksemdene og departementa overført unytta løyvingar, utanom lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, på til saman 26,8 mrd. kroner, medan overførte løyvingar frå 2022 til 2023 er på 21,6 mrd. kroner. Det er ein netto nedgang på 5 119 mill. kroner.

Det er Justis- og beredskapsdepartementet (-2,0 mrd. kroner), Helse- og omsorgsdepartementet (-1,5 mrd. kroner), Samferdselsdepartementet (-1,7 mrd. kroner) og Arbeids- og inkluderingsdepartementet (-1,1 mrd. kroner) som har hatt størst nedgang i overført, unytta løyving. Fem departement har hatt ein auke i overført unytta løyving; Forsvarsdepartementet (1,7 mrd. kroner), Landbruks- og matdepartementet (1,2 mrd. kroner), Kommunal- og distriktsdepartementet (0,5 mrd. kroner), Finansdepartementet (0,2 mrd. kroner) og Utanriksdepartementet (0,1 mrd. kroner). Tabell 1.2 i vedlegg 1 gjev eit meir detaljert oversyn over endra overføring per departement.

Det vart overført 110 mill. kroner under kap. 0950, post 92 i unytta løyving på postar med lånetransaksjonar (90-postar) frå 2021 til 2022. Frå 2022 til 2023 er det ikkje overført midlar på lånepostar. Medrekna lånepostar var nedgangen i overført, unytta løyving 5 229 mill. kroner, jf. tabell 1.7.

Tabell 1.7 Overføring av unytta løyvingar utanom lånetransaksjonar dei siste fem åra (tal i mill. kroner)

År

Overført løyving

Auke/nedgang (-) frå året før

2018–2019

16 784

2 278

2019–2020

16 262

-522

2020–2021

25 923

9 660

2021–2022

26 768

845

2022–2023

21 648

-5 119

1.4 Veksten i utgiftene i statsbudsjettet

Utviklinga i utgiftene i statsbudsjettet frå år til år kjem til utrykk ved den reelle, underliggjande veksten. I den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det korrigert for utgifter til dagpengar, renter og petroleumsverksemda og for visse rekneskapstilhøve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik at talet er uttrykk for volumendringar knytte til driftsutgiftene, investeringane og overføringane i statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert utrekna, står i kapittel 3 i nasjonalbudsjettet.

For saldert budsjett 2022 vart den reelle, underliggjande veksten i utgiftene i statsbudsjettet rekna til -3,2 prosent. Etter vedtekne budsjettendringar 1. halvår 2022 vart han rekna til 0,8 prosent og i nysalderinga til 2,3 prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2022 er veksten rekna til 1,1 prosent. Tal for reell, underliggjande utgiftsvekst dei siste ti åra går fram av tabell 1.8.

Tabell 1.8 Reell, underliggjande utgiftsvekst

År

Årleg vekst i prosent

2013

2,5

2014

3,1

2015

2,8

2016

2,6

2017

1,9

2018

0,7

2019

1,7

2020

8,9

2021

-1,3

2022

1,1

Boks 1.1 Om uvisse i budsjettanslaga

Statsbudsjettet har både ein konstitusjonell, ein politisk og ein administrativ funksjon. Eit viktig føremål med budsjettet er at ressursane til fellesskapet vert nytta i samsvar med politiske prioriteringar og slik at ein får mest mogleg att for pengane. Finanspolitikken må stø opp under sysselsetjing, verdiskaping og rettferdig fordeling. Kor godt ein lukkast med dette, kan ikkje målast i rekneskapen.

Rekneskapen fortel kor godt ein har treft med anslaga ein gjorde ved byrjinga av året og gjennom året. For ei rekkje budsjettpostar er utfallet eit resultat av summen av avgjerdene til einskildmenneske, verksemder og andre aktørar innanlands og utanlands. Til dømes er skatteinntektene avhengige av utviklinga i sysselsetjing, privat forbruk og investeringar i bustader og verksemder. Utbetalingane av mellom anna arbeidsløysetrygd svingar med utviklinga i arbeidsmarknaden.

Når budsjettet vert laga, er det mykje av den faktiske økonomiske utviklinga i budsjettåret ein ikkje enda har informasjon om. Det er såleis mykje uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal. Rekneskapen er påverka både av endringar i det økonomiske opplegget og av eventuelle endringar i føringsmåte og oppstilling på postar i statsbudsjettet.

Statsbudsjettet spelar òg ei viktig rolle i stabiliseringspolitikken. I Noreg har skiftande regjeringar lagt stor vekt på at dei såkalla automatiske stabilisatorane skal få verka. Stabilisatorane dempar verknaden som brå endringar i økonomien har på den samla etterspurnaden og dermed på aktivitetsnivået i økonomien, men gjev tilsvarande stort utslag i offentlege budsjett. I ein konjunkturoppgang vil til dømes skatte- og avgiftsinntektene til staten auka. Så lenge andre budsjettpostar ikkje vert endra, dreg dette inn kjøpekraft frå husstandar og verksemder og dempar aktiviteten i økonomien. Samstundes aukar statens inntekter. I ein konjunkturnedgang vert skatteinntektene mindre og utgiftene til trygd større. Dette kan endre rekneskapsresultatet ved utgangen av året monaleg. Eit avvik vil då berre syne at stabilisatorane har verka slik dei skulle.

For å styre finanspolitikken må ein dessutan vite om endringane i økonomien er konjunkturelle, og vert borte etter ei stund, eller om dei er strukturelle og vert verande att når konjunkturane snur. Det strukturelle underskotet er berekna tal. Fyrst etter fleire år er det mogleg å slå fast om utslaga i økonomien kom av konjunkturane eller var eit uttrykk for underliggjande strukturelle endringar. Difor vert anslaga for den strukturelle budsjettbalansen reviderte i ettertid.

Figur 1.1.A syner totaltala for anslag og rekneskap for budsjettbalansen utanom inntekter og utgifter knytte til petroleumsverksemda, det vil seie den oljekorrigerte budsjettbalansen. Tala er målte i høve til BNP for Fastlands-Noreg. Figuren syner at budsjett og rekneskap følgjer kvarandre godt. Revisjonane av budsjettet gjennom året kan utgjera store kronebeløp, men er gjennomgåande små rekna i prosent. Revisjonane kan ha si årsak i ynskte endringar i politikken eller i at utviklinga på ulike område har vore annleis enn venta.

Dei store svingingane i den oljekorrigerte budsjettbalansen må fyrst og fremst sjåast i samanheng med konjunkturutviklinga i norsk økonomi. I dårlege år vert underskotet til staten større enn det elles ville ha vore. I gode år er det motsett. Dette kjem av dei automatiske stabilisatorane, men òg av korleis politikken vert innretta.

Figur 1.1.B syner avvik mellom budsjett og rekneskap for den oljekorrigerte budsjettbalansen. Der avviket er mindre enn null, har ein budsjettert med eit større oljekorrigert underskot enn det som vart resultatet i rekneskapen. Nokre år er avviket mindre enn null og andre år større enn null og i om lag 1/3 av åra var avviket frå saldert budsjett til rekneskap større enn null. Tala tyder på at det ikkje er systematiske over- eller undervurderingar.

Figuren syner òg at det er lettare å budsjettere seinare på året når uvissa har minka. Avvika er mindre i november enn tidleg på året. Etter 1992 har likevel ikkje avvika i gjennomsnitt vore større enn -0,3 prosentpoeng frå saldert budsjett til rekneskapen og -0,3 prosentpoeng frå nysaldert budsjett til rekneskapen.

Figur 1.1 Oljekorrigert1) underskot frå 1992 til 2022. Budsjett og rekneskap

Figur 1.1 Oljekorrigert1) underskot frå 1992 til 2022. Budsjett og rekneskap

1) For dei tidlegaste åra er det oljekorrigerte underskotet rekna ut frå dagens definisjon. Dei historiske BNP-tala er oppdatert etter SSB sin revisjon i 2019.

Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå.

1.5 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov

Tabell 1.9 syner utviklinga i finansieringsbehovet i statsbudsjettet. Samanlikna med rekneskapen for 2021 har brutto finansieringsbehovet auka med 12,0 mrd. kroner, frå 62,3 mrd. kroner i 2021 til 74,3 mrd. kroner i 2022. Utlån og aksjeteikning m.m. auka med 75,2 mrd. kroner, medan tilbakebetalingane minka med 7,3 mrd. kroner. Overskotet før lånetransaksjonar auka med 6,0 mrd. kroner slik at netto finansieringsbehovet vart 64,7 mrd. kroner som er 76,5 mrd. kroner meir enn i 2021. Det var ein nedgang i betalt avdrag på statsgjelda på 64,5 mrd. kroner i 2022 samanlikna med 2021. Endringane i gjeldsavdrag er påverka av avdragsprofilen på statsgjelda, førtidige oppgjer og reduksjon i eigenbehaldninga.

Tabell 1.9 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2022 (tal i mill. kroner)

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Nysaldert budsjett 2022

Rekneskap 2022

Lånetransaksjonar utan petroleumsverksemda

Utlån, aksjeteikning m.m.1)

147 283

210 661

227 555

222 487

-

Tilbakebetalingar

137 931

115 065

129 272

130 631

-

Overskot i statsbudsjettet

21 097

0

0

27 133

=

Netto finansieringsbehov

-11 744

95 596

98 283

64 724

+

Gjeldsavdrag

74 005

0

5 543

9 543

=

Brutto finansieringsbehov i statsbudsjettet

62 261

95 596

103 826

74 267

Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda

Sal av aksjar i Equinor ASA m.m.

0

0

13 496

13 496

-

Utlån, aksjeteikning m.m.

0

0

0

0

=

Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert overførte til Statens pensjonsfond utland2)

0

0

13 496

13 496

1) Medrekna tilbakeføring av 70 mrd. kroner frå statens kontantbehaldning til Statens pensjonsfond utland i 2022.

2) Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert overført til Statens pensjonsfond, jf. kap. 2800, post 96.

Finansdepartementet.

Det vart overført 83,5 mrd. kroner til Statens pensjonsfond utland, jf. kap. 2800 Statens pensjonsfond utland, post 96 Finanspostar overført til fondet. Av dette er 70 mrd. kroner tilbakeføring frå statskassa til Statens pensjonsfond utland og 13,5 mrd. kroner er inntekter knytte til Equinor sitt tilbakekjøp av aksjar, jf. kap. 3955 Equinor ASA, post 96 Sal av aksjar.

Utgiftene til utlån vart 5,1 mrd. kroner lågare enn venta ved nysalderinga. Endringar i utlån frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.10.

Tabell 1.10 Endringar i lånetransaksjonar, utgifter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Innovasjon Noreg, kap. 2421

-3 880

Eksportkredittordninga, kap. 2429

-1 363

Husbanken, kap. 2412

-775

Forskot på rammetilskot til kommunar, kap. 571

597

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 0614/0505

550

Eksportfinansiering Noreg, Utbetaling ifølge trekkfullmakt, kap. 2460

-440

Statens lånekasse for utdanning, kap. 2410

133

Eigenkapitalinnskot, kap. 0950

110

Samla endring utlån

-5 068

Samla mindreutgifter knytte til lånetransaksjonar svarer til 3,2 prosent av løyvinga. Størst endring utgjer mindreutgiftene under Innovasjon Noreg som svarer til 5,6 prosent av løyvinga og mindreutgifter knytte til Eksportfinansiering Noreg og utbetaling i følgje trekkfullmakt som svarer til 27,3 prosent av løyvinga.

Tilbakebetalingane vart 1,4 mrd. kroner høgare enn venta i nysalderinga. Endringar i tilbakebetalingar frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.11.

Tabell 1.11 Endringar i lånetransaksjonar, inntekter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Eksportfinansiering Noreg, Avdrag på uteståande ifølgje trekkfullmakt, kap. 5460

1 925

Eksportkredittordninga, kap. 5329

-622

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 3614/3505

585

Statens lånekasse for utdanning, kap. 5310

-414

Innovasjon Noreg, kap. 5325

-272

Husbanken, kap. 5312

140

Forskot på rammetilskot til kommunar, kap. 3571

16

Andre tilbakebetalingar, netto

1

Samla endring i tilbakebetalingane

1 360

Netto utlån vart dermed 6,4 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett. Sidan rekneskapen syner eit overskot før lånetransaksjonar på 27,1 mrd. kroner, vart netto finansieringsbehov 33,6 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett.

Avdrag på innanlandsk statsgjeld i 2022 vart 9,5 mrd. kroner som er 4,0 mrd. kroner meir enn i nysaldert budsjett, og brutto finansieringsbehov er dermed 29,6 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett.

Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter kan avvike frå finansieringsbehovet som går fram av tabell 1.9. Grunnen er at ein ved utforming av lånefullmakter tek omsyn til einskilde lånetransaksjonar som inngår i lånebehovet, men som ikkje har likviditetseffekt. Det gjeld til dømes ved overføring av kapital til og frå tilskotsfond. Dette er nærare omtalt i framlegg for Stortinget om fullmakt til å ta opp statslån. Det var i 2022 inga store overføringar av kapital til eller frå tilskotsfond. Fullmakt til å ta opp statslån i 2022 og endring i statsgjelda går fram av vedlegg 3, tabell 3.1.

1.6 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2022 syner at dei samla inntektene frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 1 240,7 mrd. kroner i 2022, ein auke på 141,2 mrd. kroner eller 12,8 prosent frå året før, jf. tabell 1.12.

Tabell 1.12 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg (tal i mrd. kroner)

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Nysaldert budsjett 2022

Rekneskap 2022

Skattar på formue og inntekt

286,4

322,1

355,1

373,7

Arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift

370,2

378,0

392,3

395,9

Tollinntekter

4,3

3,7

4,2

4,1

Meirverdiavgift

333,2

360,5

368,5

365,7

Avgifter på alkohol

18,0

15,5

16,4

16,4

Avgifter på tobakk

9,0

7,3

7,2

7,4

Avgifter på motorvogner

19,4

21,0

18,1

18,4

Andre avgifter

58,9

61,0

59,1

59,1

Sum skattar og avgifter

1 099,5

1 169,0

1 220,8

1 240,7

I statsrekneskapen for 2022 vart dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg 71,6 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett. Anslaget for faktisk betalte skatte- og avgiftsinntekter er auka gjennom 2022. Ved nysalderinga av 2022-budsjettet er berekna skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg 1 220,8 mrd. kroner, som er 51,7 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett. Samla inntekter frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg vart i statsrekneskapen 19,9 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Av dette gjeld 18,7 mrd. kroner skatt på formue og inntekt, 3,6 mrd. kroner arbeidsgjevaravgift. Innbetalt meirverdiavgifta vart 2,8 mrd. kroner lågare enn budsjettert. Andre skattar og avgifter vart om lag som budsjettert.

Mykje av auken i skatteinngongen i 2022 kan knytast til skatteoppgjeret for 2021. Utlikna skatt vart mykje høgare enn venta for både upersonlege og personlege skattytarar. For personlege skattytarar var det særleg kapitalinntekter utan eigarinntekter som vart mykje høgare enn venta. Normalt vil informasjon om skatteoppgjeret verte fanga opp i samband med nysaldert budsjett. Som følgje av utsette fristar for levering av skattemeldingar dei siste tre åra, har òg skatteoppgjeret kome seint på året. Det har gjort at skatte- og avgiftsanslaga til nysaldert budsjett har vore unormalt usikre de siste åra, også i 2022.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg på 1 240,7 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2022 utgjorde skatt på inntekt og formue medrekna finansskatten 373,7 mrd. kroner. Dette var 30,5 prosent høgare enn i 2021. Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 395,9 mrd. kroner i 2022, ein auke på 6,9 prosent frå året før. Inntektene frå meirverdiavgifta auka med 9,7 prosent, til 365,7 mrd. kroner i 2022. Frå 2021 til 2022 minka andre særavgifter og tollinntekter med 3,9 prosent, frå 109,6 mrd. kroner til 105,3 mrd. kroner. Sjå detaljar i vedlegg 1, tabell 1.1 og løyvingsrekneskapen i vedlegg 2, tabell 2.2.

1.7 Utgifter og inntekter frå petroleumsverksemda – Statens pensjonsfond utland

Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg frå investeringar i statens direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE). Inntektene frå petroleumsverksemda omfattar skattar og avgifter på utvinning, aksjeutbyte frå Equinor ASA og inntekter frå SDØE. Inntektene frå SDØE er for det meste driftsresultat og kalkulatoriske avskrivingar og renter. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart 1 285,2 mrd. kroner, som er 30,3 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett, jf. tabell 1.13.

Tabell 1.13 Endring i netto kontantstraum frå statleg petroleumsverksemd etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Nysaldert budsjett 2022

Rekneskap 2022

Endring

Petroleumsskattar og CO2-/NOx-avgift

721 102

720 931

-171

Inntekter frå statleg petroleumsverksemd (SDØE)

587 800

557 412

-30 388

Utbyte frå Equinor ASA

34 667

35 258

592

– Utgifter, statleg petroleumsverksemd

28 000

28 378

378

= Netto endring i petroleumsinntekter

1 315 569

1 285 223

-30 346

Det er 1 038,1 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett og må sjåast i samanheng med historisk høgt prisnivå på gass i 2022.

Overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet over kap. 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kap. 2800 er tilpassa netto kontantstraum frå petroleumsverksemda. Netto avsetjing til fondet i 2022 vart 975,3 mrd. kroner, som er overført frå statskassa til fondet. I 2022 var det òg netto finanstransaksjonar førte på kap. 2800, post 96 på i alt 83,5 mrd. kroner. Medrekna finanstransaksjonar vart det avsett 1 058,8 mrd. kroner i fondet. I kapittel 3 er det gjort nærare greie for resultat og verdiutvikling i Statens pensjonsfond utland.

Fotnotar

1.

I tabellane i statsrekneskapen kan det vere avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med rekneskapen.

2.

Nysaldert budsjett, vedteke av Stortinget desember 2022.

3.

3,8 mrd. kroner er rapportert som utgiftsreduksjon etter standard kontoplan.

Til forsida