4 Utvikling i 2025 for pensjonar opptent som regjeringsmedlem
Ved utgangen av 2025 fekk totalt 106 personar ein pensjon frå pensjonsordninga på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som regjeringsmedlem (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).
4.1 Alderspensjon
Ved inngangen til 2025 var det 70 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore avgang på fem personar og tilgang på fire personar. Per 31. desember 2025 var talet på alderspensjonistar derfor 69 personar.
Gjennomsnittleg utbetalt alderspensjon var 14 169 kroner per månad. Kvinner fekk i gjennomsnitt 14 437 kroner, medan menn i gjennomsnitt fekk 13 915 kroner.
Gjennomsnittleg uttaksalder for statsrådane varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt.
Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 78 år for kvinner og 80,2 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 79,1 år.
4.2 Uførepensjon
Ved inngangen til 2025 var det éin uførepensjonist i ordninga. Det har ikkje vore avgang eller tilgang på personar med uførepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2025 var det derfor éin uførepensjonist i ordninga.
Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2025.
4.3 Etterlatnepensjon
Ved inngangen til 2025 var det 36 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore avgang på tre personar og tilgang på tre personar. Per 31. desember 2025 var talet på ektefellepensjonistar derfor 36 personar.
Gjennomsnittleg utbetalt ektefellepensjon var 11 115 kroner per månad. Kvinner fekk i gjennomsnitt 11 593 kroner, medan menn i gjennomsnitt fekk 8 997 kroner.
I 2025 blei tre personar innvilga ektefellepensjon. Gjennomsnittleg uttaksalder var 74,6 år.
Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 81,3 for kvinner og 76,8 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 80,5 år.
Ved inngangen til 2025 var det éin person som tok imot barnepensjon. Det har vore ein avgang i løpet av året. Per 31. desember 2025 var det derfor ingen som tok imot barnepensjon i ordninga.
4.4 Rekneskap for 2025
Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir gitt tilskot til under kapittel 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 17 987 025 kroner til pensjonar. Det er ein liten auke frå 2024. Administrasjonskostnadene utgjorde 337 592 kroner. Dette er også ein ein liten auke frå 2024.