NOU 1997: 16

Tilskuddssystemet for private skoler

Til innholdsfortegnelse

4 Forskrift om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for private skular som får statstilskot etter privatskulelova.

Fastsett av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 21. juni 1996 med heimel i lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova) § 28 og § 31.

Kapittel 1. Verkeområde og formål

§ 1. Forskrifta gjeld dei skulane som får statstilskot etter føresegnene i privatskulelova. Forskrifta skal vere med og sikre at grunnlaget for tilskot til den einskilde skulen er korrekt, og at private skular bruker statstilskotet i samsvar med føresetnadene.

Kapittel 2. Budsjett og rekneskap

§ 2. Ein søknad om godkjenning med rett til tilskot etter privatskulelova skal følgjast av eit realistisk budsjett som viser grunnlaget for finansiering av drifta og kva for kostnader som vil kome på.

Budsjettet skal dessutan sendast til departementet når det blir kravd i tilskotsreglane som grunnlag for tildeling av tilskot, eller når departementet ber om det.

Budsjettet skal leggje til grunn same spesifikasjon som kontoplanen for rekneskapen.

§ 3. Det skal årleg sendast rekneskap til departementet for skuleverksemd som har fått statstilskot.

Rekneskapen skal følgje krava til kontoplan for private skular, jf. § 5.

Dersom skuleverksemda inngår som ein del av ei større verksemd, skal rekneskapen førast med eigen kostnadsstad for skuledelen som er gitt tilskot. Ein rekneskap som blir ført med bruk av fleire dimensjonar, skal vise alle interne transaksjonar.

§ 4. Årsoppgjer, inkludert resultatrekneskap og balanserekneskap, sett opp i samsvar med god rekneskapsskikk, skal oversendast departementet.

Rekneskapsåret skal følgje kalenderåret eller skuleåret (1. august-31. juli). Årsoppgjer og revisjons­melding for skuledrifta skal kvart år vere oversende departementet innan 5 månader etter at rekneskapsåret er avslutta.

§ 5. Kontoplanen for private skular skal byggje på Norsk Standard 4102.

Innanfor ramma av NS 4102 er det laga utfyllande spesifikasjonar som går fram av eit særskilt vedlegg til forskrifta.

Tilleggsspesifikasjonane er rettleiande og bør brukast så langt dei høver.

Departementet skal godkjenne framlegg til kontoplan før skulane tek han i bruk første gong etter at forskrifta har teke til å gjelde.

Kapittel 3. Utrekningsgrunnlag for tilskot

§ 6. Det blir gitt statstilskot til vidaregåande skular på grunnlag av talet på heilårselevar. Med heilårselevar i vidaregåande skular er det meint elevar som følgjer undervisninga gjennom eit heilt skuleår med minst 30 undervisningstimar pr. veke i allmennfaglege studieretningar og 35 timar pr. veke i yrkesfaglege studieretningar. For elevar som følgjer heildagskurs for ein kortare periode enn eit heilt skuleår, og dessutan for elevar som følgjer andre deltidskurs, må det gjerast ei omrekning til heilårselevar i forhold til kor mange veketimar kurset har, og kor lenge det varer.

Statstilskot til grunnskular blir gitt for elevar som følgjer undervisninga i samsvar med godkjenning frå departementet gitt med heimel i privatskulelova § 4. Det føreset at elevane skal ha ei skuletid og undervisningstid slik det går fram av lov om grunnskolen § 14 nr. 2.

For skular som ikkje er omfatta av regelverk knytt til grunnskular eller vidaregåande opplæring, må reglane i skuleplanen for omfanget av undervisninga leggjast til grunn for korleis ein skal rekne ut kor mykje elevane skal vere til stades.

§ 7. Elevtalet ved skulen skal rapporterast til departementet på to teljetidspunkt, 1. oktober og 1. april kvart skuleår, på grunnlag av kriteria i § 6.

Det er eit vilkår at elevane følgjer undervisninga på teljetidspunktet, og at det kan dokumenterast. Skulen har ansvar for å syte for at det finst eit tilfredsstillande system for elevregistrering (t.d. ved fråværsprotokoll, karakterprotokoll eller på annan måte), at registreringa er à jour, og at dokumentasjonen er tilgjengeleg for revisor og departementet.

Omrekning av deltidskurs til heiltidselevar skal vere dokumentert av den einskilde skulen. Dokumentasjonen skal vise omrekninga for kvar einskild elev.

Dokumentasjon som blir kravd etter denne paragrafen, skal skulen ta vare på i minst 10 år etter utgangen av det skuleåret det gjeld.

§ 8. Det samla statstilskotet for eit heilt skuleår blir gitt som eit vekta beløp mellom teljetidspunkta 1. oktober og 1. april.

Kapittel 4. Revisjon og instruks for revisor

§ 9. Revisjonen skal utførast av ein statsautorisert eller registrert revisor i samsvar med god revisjonsskikk.

§ 10. Revisor skal i tillegg til rekneskapsrevisjonen særskilt føre kontroll med og attestere at det er gitt riktige opplysningar om talet på elevar i verksemd som har rett til tilskot. Revisor skal attestere elevtalet på skulen på grunnlag av føresegnene som er gitt i kapittel 3 i denne forskrifta om utrekningsgrunnlaget for tilskot. Revisor skal kontrollere at elevtala skulen rapporterer til departementet, er korrekte i forhold til den dokumentasjonen av at elevane er til stades, som blir kravd etter § 7. Det skal framgå av særattestasjonen frå revisor kva for revisjonshandlingar som er gjennomførte for å stadfeste at elevtalet er korrekt.

Revisor skal gi særattestasjon på om statstilskotet er brukt i samsvar med føresetnadene slik dei går fram av godkjenningsbrev og tildelingsbrev til skulen med heimel i privatskulelova.

I godkjenningsbrev og tildelingsbrev kan departementet krevje revisorattestasjon også av andre opplysningar som er nødvendige når departementet skal kontrollere korleis skulane bruker tilskotsmidlane.

Kontrollane skal utførast i samsvar med Anbefaling til god revisjonsskikk vedrørende revisors sær­attestasjoner eller andre standardar for same føremålet, fastsette av Norges Statsautoriserte Revisorers Forening.

§ 11. Når det blir valt revisor, pliktar skuleeigaren å gjere revisoren kjend med vilkåra i denne forskrifta.

Kapittel 5. Kontroll frå departementet og Riksrevisjonen

§ 12. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at skulane har oppgitt korrekt grunnlag for å rekne ut tilskot, og at skulane bruker tilskotet etter føresetnadene.

§ 13. Årsoppgjer og revisjonsmelding for skuledrifta skal sendast utan oppmoding til departementet innan dei fristane og ut frå dei vilkåra som går fram av forskrifta.

Departementet og Riksrevisjonen kan krevje å få lagt fram for seg rekneskapsvedlegg og annan dokumentasjon som underbyggjer årsoppgjeret og grunnlaget for tildeling av tilskot. Aktuell dokumentasjon kan mellom anna vere kontraktar, fråværsprotokollar for skulen, eksamensprotokollar og spesifisert hovudbok over betalte skulepengar.

Kapittel 6. Delegering

§ 14. Departementet kan delegere heilt eller delvis den styringsretten departementet har etter kapittel 5 i denne forskrifta, til statens utdanningskontor.

Kapittel 7. Ikraftsetjing

§ 15. Denne forskrifta blir sett i kraft straks, med unntak av kapittel 2, som gjeld frå byrjinga av neste rekneskapsår, høvesvis 1. august 1996 eller 1. januar 1997 avhengig av kva rekneskapsår skulane bruker.

Til forsiden